Miljøpartiet Dei Grøne





Sjå òg Miljöpartiet de Gröna.




















































Miljøpartiet Dei Grøne
Miljøpartiet Dei Grøne.svg

Ideologi Grøn ideologi
Oppretta 29. oktober 1988
Farge Grøn
Ungdomsorganisasjon Grøn Ungdom
Internasjonal tilknyting Global Greens
Europeisk tilknyting Det europeiske
grøne partiet
Ordførarar


0 / 428

Kommunestyre-
representantar


231 / 10 620

Fylkestings-
representantar


36 / 777

Stortings-
representantar


1 / 169

Medlemstal 7 477 (2016)
Nettstad mdg.no

Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) er eit norsk politisk parti. Det vart formelt stifta i 1988, men stilte til val også i kommunestyre- og fylkestingsvalet i 1987, då partiet fekk éin fylkestingsrepresentant i Akershus. I prinsipprogrammet til MDG frå 2013 heiter det at «partiets mål er eit medmenneskeleg samfunn i økologisk balanse. Økonomien skal underordnast sunne økologiske prinsipp, og fremje fred og rettferd både lokalt og globalt. Livskraftige lokalsamfunn basert på lokale ressursar er ein føresetnad for å nå målet.»


Ved stortingsvalet i 2017 fekk partiet 3,2 prosent oppslutning og omkring 95 000 stemmer på landsbasis. Den låge framgangen på 0,4 prosentpoeng frå 2013 stod i sterk kontrast til fleire meiningsmålingar i valkampen som varsla atskilleg større framgang og von for mandat i fleire fylke. Partiet fekk éin representant på Stortinget, som i 2013. Den eine av talspersonane til MDG, Une Aina Bastholm, vart valt inn på Oslo-lista med om lag 22 000 stemmer.


Ungdomsorganisasjonen til partiet, Grøn Ungdom, vart stifta i 1996 og har Ola Eian og Hulda Holtvedt som nasjonale talspersonar.




Innhaldsliste






  • 1 Hovudsaker


  • 2 Historie


    • 2.1 Opphav og dei to første tiåra


    • 2.2 Etter 2010




  • 3 Talspersonar


  • 4 Referansar


  • 5 Bakgrunnsstoff





Hovudsaker |


Valkampen i 2013 vart det nasjonale gjennombrotet til MDG. På ei rekkje meiningsmålingar var partiet inne på Stortinget med fleire mandat. Hovudsakene i valkampane både i 2013 og 2017 var at «ein treng eit samfunn med større fokus på livskvalitet, klimasmart samferdsel og at ein må førebu ei omstilling til ein meir berekraftig og fornybar økonomi». MDG presenterer seg som eit parti som er uavhengig av regjeringsalternativa, og som signaliserer at det kan samarbeide med alle parti på Stortinget med unntak av Framstegspartiet.


Meiningsmålingar har vist at MDG har særleg stor oppslutning hjå personar under 30 år. Partiet har nesten like stor oppslutning blant menn som blant kvinner. Geografisk er støtta spreidt utover Noreg, men med noko overrepresentasjon i Oslo.[1]



Historie |



Opphav og dei to første tiåra |


Oppslutninga om MDG i den første perioden til partiet var nokså låg – både i stortings- og lokalval. I det første stortingsvalet i 1989 fekk partiet litt over 10 000 stemmer (0,4 prosent).


Ein av hovudårsakene til at MDG ikkje fekk like stor oppslutnad som sitt svenske søsterparti, Miljöpartiet de gröna, var at både Sosialistisk Venstreparti og Venstre hadde etablert seg som miljøparti før MDG kom på banen. Det politiske rommet for eit nytt miljøparti i Noreg var dermed avgrensa.


Frå etableringsåret og fram til og med lokalvalet i 2007 fekk partiet mellom 0,1 og 0,3 prosents oppslutning ved stortings- og kommunevala. Partiet gjorde det alltid litt sterkare i kommunestyre- og fylkestingsval enn i stortingsval, men fekk aldri valt inn fleire enn åtte representantar (kommunestyre- og fylkestingsvalet i 1995).


I 2007 gjorde partiet det best i Vest-Agder og Sør-Trøndelag, der det fekk høvesvis 1,7 og 1,2 prosent av stemmene. Det var likevel ikkje nok til å få mandat i fylkestinga. På kommunalt nivå derimot vart partiet representert i kommunestyra i Halden, Nesodden, Trondheim, Kristiansand og Stjørdal.


Ved stortingsvalet i 2009 auka oppslutninga om partiet til 0,3 prosent på landsbasis. Best gjorde partiet det i dei folkerike fylka Oslo, Sør-Trøndelag, Hordaland og Akershus, men samanlikna med dei andre små partia var oppslutninga til MDG relativt lik over heile landet.




Frå venstre: Rasmus Hansson, Lan Marie Nguyen Berg og Une Aina Bastholm
Foto: Thomas Ekström




Etter 2010 |


Kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2011 vart på mange måtar eit gjennombrot for Miljøpartiet Dei Grøne. Partiet gjekk inn i valkampen med lister i 57 kommunar, ein vekst frå 15 i 2007. Det fekk nesten 22 000 stemmer (0,9 prosent) i kommunevalet og nesten 29 000 stemmer (1,3 prosent) i fylkestingsvalet. Talet på kommunestyrerepresentantar vart tredobla frå 6 til 18, og partiet vart representert i fylkestinget i Hordaland og i Oslo bystyre. Etter stortingsvalet 2013 fekk MDG 2,8 % av stemmene og fekk eitt mandat frå Oslo, representert av Rasmus Hansson.


Ved lokalvala i 2015 fekk MDG ytterlegare framgang. Partiet fekk både ved kommunestyre- og fylkestingsvalet ei oppslutning som var nesten på linje med dei konkurrerande miljøpartia Venstre og SV. Miljøpartiet Dei Grøne fekk over 101 000 stemmer ved kommunestyrevalet (4,2 prosent) og over 110 000 stemmer ved fylkestingsvalet (5,0 prosent). Partiet danna nytt byråd i Oslo saman med Arbeidarpartiet og SV, og fekk to byrådar. Hanna E. Marcussen fekk ansvar for byutvikling og Lan Marie Nguyen Berg for samferdsel. Den eine av dei dåverande talspersonane til partiet, Hilde Opoku, vart i eit samarbeid med mellom anna Arbeidarpartiet valt til varaordførar i Trondheim.[1] Etter stortingsvalet 2017 fekk MDG 3,2 % av stemmene og heldt på mandatet frå Oslo, denne gongen representert av Une Aina Bastholm.



Talspersonar |




Leiartrioen i 2014: Talspersonar Hilde Opoku og Rasmus Hansson og partisekretær Lars Gaupset
Foto: Øyvind Aukrust



Miljøpartiet Dei Grøne har ikkje partileiar. To personar frå landsstyret får nemninga talspersonar, av dei minst éi kvinne, og skal representere partiet utetter. Rasmus Hansson og Hilde Opoku vart valde som talspersonar på landsmøtet i Bærum i 2014. Frå 2018 er talspersonane til partiet Une Aina Bastholm og Arild Hermstad.


Jan Bojer Vindheim er den einaste personen som har hatt tittelen partileiar i Miljøpartiet Dei Grøne. Han sat frå 1993 til 1994.




  • Ove Braaten (1989–1991)

  • Olav Benestad (1991–1992)


  • Jan Bojer Vindheim (1993–1994, 2001–2004, 2007–2008)


  • Ane Aadland (1995–1997)


  • Arne Gravanes (1995–1997)


  • Birte Simonsen (1998–1999, 2002–2004, 2007–2008)


  • Brynmor Evans (1998–1999, 2004–2005)


  • Lisa Fröyland (1999–2002)


  • Gunter Scholz (1999–2000)


  • Tove Funderud Johansen (2000–2001)


  • Trude Malthe Thommasen (2004–2007)


  • Gaute Busch (2005–2006)


  • Mats Indrefjord Høllesli (2006–2007)


  • Hanna E. Marcussen (2008–2014)


  • Sondre Båtstrand (2008–2011)


  • Harald August Nissen (2011–2014)


  • Hilde Opoku (2014–2016)


  • Rasmus Hansson (2014–2018)


  • Une Aina Bastholm (2016–)


  • Arild Hermstad (2018–)



Referansar |





  1. 1,01,1 «Miljøpartiet De Grønne». Store norske leksikon. Henta 30. desember 2018. 




Bakgrunnsstoff |


  • Offisiell nettstad















Popular posts from this blog

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Slayer Innehåll Historia | Stil, komposition och lyrik | Bandets betydelse och framgångar | Sidoprojekt och samarbeten | Kontroverser | Medlemmar | Utmärkelser och nomineringar | Turnéer och festivaler | Diskografi | Referenser | Externa länkar | Navigeringsmenywww.slayer.net”Metal Massacre vol. 1””Metal Massacre vol. 3””Metal Massacre Volume III””Show No Mercy””Haunting the Chapel””Live Undead””Hell Awaits””Reign in Blood””Reign in Blood””Gold & Platinum – Reign in Blood””Golden Gods Awards Winners”originalet”Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Looks Back On 37-Year Career In New Video Series: Part Two””South of Heaven””Gold & Platinum – South of Heaven””Seasons in the Abyss””Gold & Platinum - Seasons in the Abyss””Divine Intervention””Divine Intervention - Release group by Slayer””Gold & Platinum - Divine Intervention””Live Intrusion””Undisputed Attitude””Abolish Government/Superficial Love””Release “Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer” by Various Artists””Diabolus in Musica””Soundtrack to the Apocalypse””God Hates Us All””Systematic - Relationships””War at the Warfield””Gold & Platinum - War at the Warfield””Soundtrack to the Apocalypse””Gold & Platinum - Still Reigning””Metallica, Slayer, Iron Mauden Among Winners At Metal Hammer Awards””Eternal Pyre””Eternal Pyre - Slayer release group””Eternal Pyre””Metal Storm Awards 2006””Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Bullet-For My Valentine booed at Metal Hammer Golden Gods Awards””Unholy Aliance””The End Of Slayer?””Slayer: We Could Thrash Out Two More Albums If We're Fast Enough...””'The Unholy Alliance: Chapter III' UK Dates Added”originalet”Megadeth And Slayer To Co-Headline 'Canadian Carnage' Trek”originalet”World Painted Blood””Release “World Painted Blood” by Slayer””Metallica Heading To Cinemas””Slayer, Megadeth To Join Forces For 'European Carnage' Tour - Dec. 18, 2010”originalet”Slayer's Hanneman Contracts Acute Infection; Band To Bring In Guest Guitarist””Cannibal Corpse's Pat O'Brien Will Step In As Slayer's Guest Guitarist”originalet”Slayer’s Jeff Hanneman Dead at 49””Dave Lombardo Says He Made Only $67,000 In 2011 While Touring With Slayer””Slayer: We Do Not Agree With Dave Lombardo's Substance Or Timeline Of Events””Slayer Welcomes Drummer Paul Bostaph Back To The Fold””Slayer Hope to Unveil Never-Before-Heard Jeff Hanneman Material on Next Album””Slayer Debut New Song 'Implode' During Surprise Golden Gods Appearance””Release group Repentless by Slayer””Repentless - Slayer - Credits””Slayer””Metal Storm Awards 2015””Slayer - to release comic book "Repentless #1"””Slayer To Release 'Repentless' 6.66" Vinyl Box Set””BREAKING NEWS: Slayer Announce Farewell Tour””Slayer Recruit Lamb of God, Anthrax, Behemoth + Testament for Final Tour””Slayer lägger ner efter 37 år””Slayer Announces Second North American Leg Of 'Final' Tour””Final World Tour””Slayer Announces Final European Tour With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Tour Europe With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Play 'Last French Show Ever' At Next Year's Hellfst””Slayer's Final World Tour Will Extend Into 2019””Death Angel's Rob Cavestany On Slayer's 'Farewell' Tour: 'Some Of Us Could See This Coming'””Testament Has No Plans To Retire Anytime Soon, Says Chuck Billy””Anthrax's Scott Ian On Slayer's 'Farewell' Tour Plans: 'I Was Surprised And I Wasn't Surprised'””Slayer””Slayer's Morbid Schlock””Review/Rock; For Slayer, the Mania Is the Message””Slayer - Biography””Slayer - Reign In Blood”originalet”Dave Lombardo””An exclusive oral history of Slayer”originalet”Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Jeff Hanneman”originalet”Thinking Out Loud: Slayer's Kerry King on hair metal, Satan and being polite””Slayer Lyrics””Slayer - Biography””Most influential artists for extreme metal music””Slayer - Reign in Blood””Slayer guitarist Jeff Hanneman dies aged 49””Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer””Gateway to Hell: A Tribute to Slayer””Covered In Blood””Slayer: The Origins of Thrash in San Francisco, CA.””Why They Rule - #6 Slayer”originalet”Guitar World's 100 Greatest Heavy Metal Guitarists Of All Time”originalet”The fans have spoken: Slayer comes out on top in readers' polls”originalet”Tribute to Jeff Hanneman (1964-2013)””Lamb Of God Frontman: We Sound Like A Slayer Rip-Off””BEHEMOTH Frontman Pays Tribute To SLAYER's JEFF HANNEMAN””Slayer, Hatebreed Doing Double Duty On This Year's Ozzfest””System of a Down””Lacuna Coil’s Andrea Ferro Talks Influences, Skateboarding, Band Origins + More””Slayer - Reign in Blood””Into The Lungs of Hell””Slayer rules - en utställning om fans””Slayer and Their Fans Slashed Through a No-Holds-Barred Night at Gas Monkey””Home””Slayer””Gold & Platinum - The Big 4 Live from Sofia, Bulgaria””Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Kerry King””2008-02-23: Wiltern, Los Angeles, CA, USA””Slayer's Kerry King To Perform With Megadeth Tonight! - Oct. 21, 2010”originalet”Dave Lombardo - Biography”Slayer Case DismissedArkiveradUltimate Classic Rock: Slayer guitarist Jeff Hanneman dead at 49.”Slayer: "We could never do any thing like Some Kind Of Monster..."””Cannibal Corpse'S Pat O'Brien Will Step In As Slayer'S Guest Guitarist | The Official Slayer Site”originalet”Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Kerrang! Awards 2006 Blog: Kerrang! Hall Of Fame””Kerrang! Awards 2013: Kerrang! Legend”originalet”Metallica, Slayer, Iron Maien Among Winners At Metal Hammer Awards””Metal Hammer Golden Gods Awards””Bullet For My Valentine Booed At Metal Hammer Golden Gods Awards””Metal Storm Awards 2006””Metal Storm Awards 2015””Slayer's Concert History””Slayer - Relationships””Slayer - Releases”Slayers officiella webbplatsSlayer på MusicBrainzOfficiell webbplatsSlayerSlayerr1373445760000 0001 1540 47353068615-5086262726cb13906545x(data)6033143kn20030215029