Sozialdemokratische Partei Deutschlands




































Sozialdemokratische Partei Deutschlands

(norsk: Tysklands sosialdemokratiske parti)



Sozialdemokratische Partei Deutschlands}}}
Grunnleggjande
Ideologi
Sosialdemokrati
Partileiar
Sigmar Gabriel
Ungdomsorganisasjon
Jusos
Statistikk
Representantar Forbundsdagen
193 / 631
Tilknytingar
Europeisk tilknyting:
ESP
Nettstad:
www.spd.de


Sozialdemokratische Partei Deutschlands (SPD) (på norsk Tysklands sosialdemokratiske parti) det eldste parlamentariske politiske partiet i Tyskland, og òg eitt av dei eldste politiske partia i verda. Formann er frå oktober 2008 Franz Müntefering.




Innhaldsliste






  • 1 Frå starten til første verdskrigen


  • 2 Frå første til andre verdskrigen


  • 3 Frå andre verdskrigen til i dag


  • 4 Sentrale SPD-politikarar


    • 4.1 SPD sine formenn


    • 4.2 Liste over kanslarar frå SPD


    • 4.3 Liste over presidentar frå SPD




  • 5 Sjå òg


  • 6 Bakgrunnsstoff





Frå starten til første verdskrigen |




August Bebel.


Partiet blei skipa i 1863 av den tysk-jødiske politikaren Ferdinand Lassalle i Leipzig som Allgemeine Deutsche Arbeiterverein (ADAV). I 1875 vart ADAV slått saman med Sozialdemokratische Arbeiterpartei (SDAP, grunnlagt 1869 i Eisenach av August Bebel og Wilhelm Liebknecht) til Sozialistische Arbeiterpartei Deutschlands (SAPD). I 1890 blei namnet endra til Sozialdemokratische Partei Deutschlands (SPD).


Den tyske rikskanslaren fyrst Otto von Bismarck prøvde å hindre oppslutning om partiet ved både å innføre visse sosiale tiltak og rett og slett å forby SPD. Forbodet betydde likevel ikkje masseterror mot sosialistane som under Hitler-regimet, berre eit lokk på den rørsla som likevel utvikla seg, og at leiande sosialdemokratar måtte opphalde seg i eksil til forbodet blei oppheva i 1890. Da var SPD alt blitt eit av dei største politiske partia i landet, noko som viste seg i vala dei følgjande åra.


Etter 1890 utvikla SPD den særeigne kombinasjonen av ortodoks marxisme i teorien og legalistisk reformisme i praksis som skulle bli partiet sitt kjennemerke og delvis prege den Andre Internasjonalen fram til utbrotet av første verdskrigen i 1914. Både partiet og dei sterke fagforeiningane med mange medlemmer utvikla eit stort behov for administrasjon, for lønna funksjonærar. Å oppretthalde apparatet blei meir og meir viktig, og måtte motverke viljen til revolusjonære eksperiment. Denne kombinasjonen av revolusjonær teori og reformistisk praksis er også blitt kalla "sentrisme", og er knytt til leiande tyske sosialdemokratar i denne perioden, som Wilhelm Liebknecht, August Bebel og Karl Kautsky. Opposisjonen mot denne dobbelthaldninga kom både frå Eduard Bernstein, som meinte SPD burde stå ope fram som reformparti, og Rosa Luxemburg, som ville ha ein meir revolusjonær praksis.



Frå første til andre verdskrigen |


Under første verdskrigen blei SPD splitta. Partileiinga hadde slutta seg til «fedrelandsforsvaret» under krigen, og krigsmotstandarane skipa i 1917 USPD, det Uavhengige Sosialdemokratiske Partiet i Tyskland. Der var både Eduard Bernstein, Karl Kautsky og Rosa Luxemburg med. I november 1918, da uroa i den krigstrøtte befolkninga og mytteri blant matrosar og soldatar gjorde at keisaren og regjeringa og generalstaben trekte seg, danna SPD og USPD ei mellombels regjering til val på grunnlovgivande nasjonalforsamling kunne haldast. I 1920 var USPD mesta like stort som SPD, men like etter blei USPD kløyvd, og om lag ein tredel av medlemmene gjekk tilbake til SPD, mens ein tredel gjekk til kommunistane og ein tredel "forsvann".


Under Weimar-republikken var SPD ein av den demokratiske republikken sine fremste forsvararar mot motstandarar både til venstre (kommunistane i KPD) og til høgre (dei nasjonalistiske høgrepartia og nazistpartiet). I 1931 blei SPD kløyvd igjen, fordi særleg ungdommen i rørsla meinte leiinga var blitt altfor forsiktig i kampen mot sosial urett og mot den nazistiske trusselen. Mellom andre den unge Willy Brandt gjekk ut og blei med i SAP, det Sosialistiske Arbeidarpartiet, som også trekte til seg moderate kommunistar som var ekskluderte frå kommunistpartiet KPD.


Våren 1933, etter riksdagsbrannen og arrestasjonen av dei kommunistiske riksdagsrepresentantane, var SPD sin riksdagsfraksjon den einaste som stemte mot å gi Hitler diktatoriske fullmakter. Alle borgarlege stemte for. SPD-gruppeleiar Otto Wels sin tale i denne debatten er blitt eit lysande døme på politisk ryggrad. Kort tid etterpå blei også sosialdemokratane arresterte, og partiet forbode. Fagorganisasjonane likeins. Dei borgarlege partia oppløyste seg sjølve.


Under nazismen var svært mange sosialdemokratar, venstresosialistar (frå SAP) og kommunistar innesperra i konsentrasjonsleirar. Titusenvis blei drepne i avrettingar og mishandlingar, titusenvis døydde av svolt og sjukdom. Eit visst motstandsarbeid blei drive under svært vanskeleg tilhøve, men for det meste måtte ein nøye seg med å prøve å oppretthalde sjølve miljøa, med formelt upolitiske songforeiningar og slikt noko.



Frå andre verdskrigen til i dag |


SPD tok opp att verksemda si etter andre verdskrigen, under leiing av den tidlegare konsentrasjonsleirfangen Kurt Schumacher. Det viste seg fort at SPD var det overlegent største sosialistiske partiet i dei vestlege okkupasjonssonene, mens det kommunistiske KPD ikkje reiste seg att som noka kraft å rekne med (partiet vart dessutan forbode i 1956). Også dei fleste tidlegare venstresosialistane i SAP hadde gått inn att i SPD, såleis mellom andre Willy Brandt.


Men i den sovjetiske okkupasjonssonen blei SPD tvangssamanslått med KPD til det Sosialistiske Einskapspartiet i Tyskland (SED), som blei det statsberande partiet i DDR frå 1949. Det var dette året okkupasjonssonene blei omgjorde til to tyske statar, Forbundsrepublikken Tyskland i vest, og den Tyske Demokratiske Republikken DDR i aust.


Den politiske linja til SPD i den første etterkrigstida var framleis prega av marxistisk samfunnsanalyse, men slett ikkje noka pro-kommunistisk haldning. Partiet blei av politiske motstandarar på borgarleg side skulda for «nasjonalisme» fordi det ville ha eit samla og nøytralt Tyskland, og var skeptisk til den politiske innblandinga frå alle okkupasjonsmaktene. Frå 1959, med Godesbergprogrammet, slo SPD inn på ei meir sentrumsorientert politisk linje, og definerte seg ikkje lenger som eit sosialistisk parti, men som eit pragmatisk folkeparti.


SPD var i opposisjon fram til det gjekk i koalisjonsregjering med dei liberale (Fridemokratane) i 1966. Denne alliansen hadde regjeringsmakta fram til 1982, og SPD hadde forbundskanslaren (regjeringssjefen) frå 1969, med Willy Brandt etterfølgd av Helmut Schmidt. Dei liberale skifta i 1982 side, og allierte seg med Kristelegdemokratane i CDU/CSU. I 1998 kom SPD tilbake til makta med Gerhard Schröder som kanslar, men no saman med partiet Dei Grøne.


Etter at DDR-regimet gjekk i oppløysing i 1989-1990, kunne SPD verke fritt att også i denne delen av Tyskland. Partiet blir utfordra frå venstre av det tidlegare kommunistpartiet i DDR, som no heiter Venstrepartiet.PDS, og av eit nytt Valalternativ for arbeid og sosial rettferd (WASG) som samarbeider med Venstrepartiet. Sjølv om SPD samarbeider med Venstrepartiet i to delstatsregjeringar, Berlin og Mecklenburg-Vorpommern, avviser den føderale leiinga i SPD kategorisk å samarbeide med partiet på føderalt nivå.


Etter at Sosialdemokratane og Dei grøne tapte det føderale valet i 2005 gjorde Gerhard Schröder klart at SPD ville freiste å få til samarbeid med alle parti bortsett frå Venstrepartiet. Etter vanskelege forhandlingar inngjekk partiet i ein storkoalisjon med CDU og CSU leidd av Angela Merkel.



Sentrale SPD-politikarar |



SPD sine formenn |




Sigmar Gabriel er formann frå 2009




  • August Bebel og Paul Singer 1892-1911


  • August Bebel og Hugo Haase 1911-1913


  • Friedrich Ebert og Hugo Haase 1913-1916


  • Friedrich Ebert 1916-1917


  • Friedrich Ebert og Philipp Scheidemann 1917-1919


  • Otto Wels og Hermann Müller 1919-1922


  • Arthur Crispien, Otto Wels og Hermann Müller 1922-1928


  • Arthur Crispien og Otto Wels 1928-1931


  • Arthur Crispien, Otto Wels og Hans Vogel 1931-1933


  • Otto Wels og Hans Vogel i eksil 1933-1939


  • Hans Vogel i eksil 1939-1945


  • Kurt Schumacher 1946-1952


  • Erich Ollenhauer 1952-1963


  • Willy Brandt 1964-1987


  • Hans-Jochen Vogel 1987-1991


  • Björn Engholm 1991-1993


  • Johannes Rau (fungerende) 1993


  • Rudolf Scharping 1993-1995


  • Oskar Lafontaine 1995-1999


  • Gerhard Schröder 1999-2004


  • Franz Müntefering 2004-2005


  • Matthias Platzeck 2005-2006


  • Kurt Beck 2006-2008


  • Franz Müntefering 2008-2009


  • Sigmar Gabriel 2009-



Liste over kanslarar frå SPD |




  • Friedrich Ebert 1918


  • Philipp Scheidemann 1919


  • Gustav Bauer 1919-1920


  • Hermann Müller 1920 og 1928-1930


  • Willy Brandt 1969-1974


  • Helmut Schmidt 1974-1982


  • Gerhard Schröder 1998-2005



Liste over presidentar frå SPD |




  • Friedrich Ebert 11. februar 1919 - 28. februar 1925


  • Gustav Heinemann 1969-1974


  • Johannes Rau 1999-2004



Sjå òg |



  • Tyskland

  • Tysk politikk

  • Politiske parti i Tyskland



Bakgrunnsstoff |


  • Offisiell side for SPD




Popular posts from this blog

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Slayer Innehåll Historia | Stil, komposition och lyrik | Bandets betydelse och framgångar | Sidoprojekt och samarbeten | Kontroverser | Medlemmar | Utmärkelser och nomineringar | Turnéer och festivaler | Diskografi | Referenser | Externa länkar | Navigeringsmenywww.slayer.net”Metal Massacre vol. 1””Metal Massacre vol. 3””Metal Massacre Volume III””Show No Mercy””Haunting the Chapel””Live Undead””Hell Awaits””Reign in Blood””Reign in Blood””Gold & Platinum – Reign in Blood””Golden Gods Awards Winners”originalet”Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Looks Back On 37-Year Career In New Video Series: Part Two””South of Heaven””Gold & Platinum – South of Heaven””Seasons in the Abyss””Gold & Platinum - Seasons in the Abyss””Divine Intervention””Divine Intervention - Release group by Slayer””Gold & Platinum - Divine Intervention””Live Intrusion””Undisputed Attitude””Abolish Government/Superficial Love””Release “Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer” by Various Artists””Diabolus in Musica””Soundtrack to the Apocalypse””God Hates Us All””Systematic - Relationships””War at the Warfield””Gold & Platinum - War at the Warfield””Soundtrack to the Apocalypse””Gold & Platinum - Still Reigning””Metallica, Slayer, Iron Mauden Among Winners At Metal Hammer Awards””Eternal Pyre””Eternal Pyre - Slayer release group””Eternal Pyre””Metal Storm Awards 2006””Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Bullet-For My Valentine booed at Metal Hammer Golden Gods Awards””Unholy Aliance””The End Of Slayer?””Slayer: We Could Thrash Out Two More Albums If We're Fast Enough...””'The Unholy Alliance: Chapter III' UK Dates Added”originalet”Megadeth And Slayer To Co-Headline 'Canadian Carnage' Trek”originalet”World Painted Blood””Release “World Painted Blood” by Slayer””Metallica Heading To Cinemas””Slayer, Megadeth To Join Forces For 'European Carnage' Tour - Dec. 18, 2010”originalet”Slayer's Hanneman Contracts Acute Infection; Band To Bring In Guest Guitarist””Cannibal Corpse's Pat O'Brien Will Step In As Slayer's Guest Guitarist”originalet”Slayer’s Jeff Hanneman Dead at 49””Dave Lombardo Says He Made Only $67,000 In 2011 While Touring With Slayer””Slayer: We Do Not Agree With Dave Lombardo's Substance Or Timeline Of Events””Slayer Welcomes Drummer Paul Bostaph Back To The Fold””Slayer Hope to Unveil Never-Before-Heard Jeff Hanneman Material on Next Album””Slayer Debut New Song 'Implode' During Surprise Golden Gods Appearance””Release group Repentless by Slayer””Repentless - Slayer - Credits””Slayer””Metal Storm Awards 2015””Slayer - to release comic book "Repentless #1"””Slayer To Release 'Repentless' 6.66" Vinyl Box Set””BREAKING NEWS: Slayer Announce Farewell Tour””Slayer Recruit Lamb of God, Anthrax, Behemoth + Testament for Final Tour””Slayer lägger ner efter 37 år””Slayer Announces Second North American Leg Of 'Final' Tour””Final World Tour””Slayer Announces Final European Tour With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Tour Europe With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Play 'Last French Show Ever' At Next Year's Hellfst””Slayer's Final World Tour Will Extend Into 2019””Death Angel's Rob Cavestany On Slayer's 'Farewell' Tour: 'Some Of Us Could See This Coming'””Testament Has No Plans To Retire Anytime Soon, Says Chuck Billy””Anthrax's Scott Ian On Slayer's 'Farewell' Tour Plans: 'I Was Surprised And I Wasn't Surprised'””Slayer””Slayer's Morbid Schlock””Review/Rock; For Slayer, the Mania Is the Message””Slayer - Biography””Slayer - Reign In Blood”originalet”Dave Lombardo””An exclusive oral history of Slayer”originalet”Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Jeff Hanneman”originalet”Thinking Out Loud: Slayer's Kerry King on hair metal, Satan and being polite””Slayer Lyrics””Slayer - Biography””Most influential artists for extreme metal music””Slayer - Reign in Blood””Slayer guitarist Jeff Hanneman dies aged 49””Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer””Gateway to Hell: A Tribute to Slayer””Covered In Blood””Slayer: The Origins of Thrash in San Francisco, CA.””Why They Rule - #6 Slayer”originalet”Guitar World's 100 Greatest Heavy Metal Guitarists Of All Time”originalet”The fans have spoken: Slayer comes out on top in readers' polls”originalet”Tribute to Jeff Hanneman (1964-2013)””Lamb Of God Frontman: We Sound Like A Slayer Rip-Off””BEHEMOTH Frontman Pays Tribute To SLAYER's JEFF HANNEMAN””Slayer, Hatebreed Doing Double Duty On This Year's Ozzfest””System of a Down””Lacuna Coil’s Andrea Ferro Talks Influences, Skateboarding, Band Origins + More””Slayer - Reign in Blood””Into The Lungs of Hell””Slayer rules - en utställning om fans””Slayer and Their Fans Slashed Through a No-Holds-Barred Night at Gas Monkey””Home””Slayer””Gold & Platinum - The Big 4 Live from Sofia, Bulgaria””Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Kerry King””2008-02-23: Wiltern, Los Angeles, CA, USA””Slayer's Kerry King To Perform With Megadeth Tonight! - Oct. 21, 2010”originalet”Dave Lombardo - Biography”Slayer Case DismissedArkiveradUltimate Classic Rock: Slayer guitarist Jeff Hanneman dead at 49.”Slayer: "We could never do any thing like Some Kind Of Monster..."””Cannibal Corpse'S Pat O'Brien Will Step In As Slayer'S Guest Guitarist | The Official Slayer Site”originalet”Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Kerrang! Awards 2006 Blog: Kerrang! Hall Of Fame””Kerrang! Awards 2013: Kerrang! Legend”originalet”Metallica, Slayer, Iron Maien Among Winners At Metal Hammer Awards””Metal Hammer Golden Gods Awards””Bullet For My Valentine Booed At Metal Hammer Golden Gods Awards””Metal Storm Awards 2006””Metal Storm Awards 2015””Slayer's Concert History””Slayer - Relationships””Slayer - Releases”Slayers officiella webbplatsSlayer på MusicBrainzOfficiell webbplatsSlayerSlayerr1373445760000 0001 1540 47353068615-5086262726cb13906545x(data)6033143kn20030215029