Senterpartiet




For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Senterpartiet (fleirtyding).
















































Senterpartiet
Senterpartiet.svg

Ideologi Sjå Verdigrunnlaget
Oppretta 1920
Farge
         Grøn
Partileiar Trygve Slagsvold Vedum
Ungdomsorganisasjon Senterungdommen
Ordførarar


103 / 428

Kommunestyre-
representantar


1 774 / 10 620

Fylkestings-
representantar


80 / 777

Stortings-
representantar


19 / 169

Medlemstal 19 080 (2017)[1]
Nettstad senterpartiet.no

Senterpartiet (SP) er eit norsk politisk parti med grunnlag i den norske primærnæringsrørsla (bonde- og fiskarrørsla) som vart stifta på landsmøtet i Noregs Bondelag i 1920. Partiet vart kalla Bondepartiet og var det andre klassepartiet i Noreg, etter Arbeidarpartiet. Partiet braut dei organisatoriske banda til bonderørsla allereie i 1922, og i 1959 endra dei namn til Senterpartiet, etter ei kort tid med namnet Folkestyrepartiet.


Senterpartiet er blant dei klåraste motstandarane mot norsk medlemskap i EU. Dei arbeider for desentralisering av statleg makt, og at økologiske (miljømessige)omnsyn må vere grunnleggande for staten og i samfunnet generelt.


Senterpartiet sat, frå 2005 til 2013, i fleirtalsregjeringa Stoltenberg II saman med Arbeidarpartiet og SV. Regjeringsforhandlingane vart gjort på Soria Moria.


Førre gong Senterpartiet sat i regjering, var det saman med KrF og Venstre i Sentrumsregjeringa. Det var den første regjeringa i norsk historie som gjekk av etter å ha møtt stor motstand i Stortinget mot ei miljøsak; gasskraftsaka.


Partileiar i Senterpartiet er Trygve Slagsvold Vedum, som tok over etter Liv Signe Navarsete i 2014. Nestleiarar er Ola Borten Moe og Anne Beate Tvinnereim, som saman med leiaren og generalsekretær Knut M. Olsen, utgjer arbeidsutvalet til partiet.


Ungdomsorganisasjonen til Senterpartiet heiter Senterungdomen, og partiavisa heiter Sentrum. Kvinnerørsla i partiet heiter Senterkvinnene og partiet har eit eige Samepolitisk Råd.




Innhaldsliste






  • 1 Senterpartiet sitt verdigrunnlag


  • 2 Historie


    • 2.1 1900–1920: Bonderørsla organiserer seg


    • 2.2 1920–1921: Bonderørsla får eit eige klasseparti: Bondepartiet


    • 2.3 1921–1945: Regjeringsmakt, samvirke, Keynes, og klassekamp


    • 2.4 1930-talet: Nasjonalisme i det gamle Bondepartiet


    • 2.5 1945–1965: Framveksten av Senterpartiet


    • 2.6 1971–1973: Regjeringskrise, EF-siger og ny regjeringskrise


    • 2.7 1973–1993: Ny politisk plattform; økologi og motstand mot materialisme


    • 2.8 1993–→: EU-kamp og eit moderne miljøparti




  • 3 Representantar i Regjeringa og Stortinget


    • 3.1 Regjeringa




  • 4 Statistikk


  • 5 Referansar


  • 6 Litteratur


  • 7 Bakgrunnsstoff





Senterpartiet sitt verdigrunnlag |


Senterpartiet legg ikkje nokon av dei kjende ideologiane frå det 20. århundret til grunn for sine program, men tek utgangspunkt i eit eige manifest. Senterpartiet sitt verdigrunnlag er delt inn i fire hovuddelar:



  • Motstand mot økonomisk liberalisering og frie marknadskrefter

  • Desentralisering av eigedomsrett, makt, busetjing og kapital


  • Større jamstilling mellom ulike grupper i samfunnet


  • Økonomisk måtehald og prioritering av ikkje-materielle verdiar, som til dømes miljøvern


Partiet reknar seg sjølv som ein garantist mot norsk EU-medlemskap.




Frå Senterpartiet si valkampanje før Stortingsvalet 2005. Bilete frå Rogaland fylke.
Foto: Gunnleiv Hadland



Historie |



1900–1920: Bonderørsla organiserer seg |


1896: Den første norske bondeorganisasjonen, Norges Landmandsforbund (Norges Bondelag), vart stifta.


Organisasjonen skulle gjere bøndene sine krav tydelegare, og skape alliansar med representantar i dei to rådande partirørslene; Høgre og Venstre. På stiftingsmøtet vart det gjort framlegg om å stifte eit eige parti for norske bønder, for å betre vilkåra for primærnæringane i Noreg, men det samla ikkje nok stønad.


I den her perioden kom det fram mange mange fleire interesseorganisasjonar for primærnæringane (og i arbeidarklassen) i Noreg.



1920–1921: Bonderørsla får eit eige klasseparti: Bondepartiet |


Bondepartiet vart stifta i 1920. Partiet vart oppretta som ein reaksjon på at Stortinget ikkje tok bøndene sine krav om sosial og geografisk utjamning på alvor.


Bondelaget var den best organiserte og mest slagkraftige av interesseorganisasjonane til dei norske primærnæringane, men dei klarte ikkje å få gjennomslag for sine hovudsaker gjennom dei rådande partia på Stortinget. 20-åra var ei nedgangstid for norsk jordbruk, og bonderørsla var prega av misnøye.


1920: Norges Bondelag vedtek å stifte eit eige politisk parti; Bondepartiet (no: Senterpartiet).


Hovudsakene for Bondepartiet i dei første åra:



  • Betra vilkår for kornbøndene i Noreg (kjend som kornsaka)

  • Stønad til nydyrking av jord

  • Lågare skattar for bønder.

  • Bondepartiet stilte seg i opposisjon til den økonomiske liberalismen som råda i både Venstre og Høgre med krav om tollvern og statstøtte for jordbruket, i tillegg til tollerstatting for fiskerinæringa


1921: Bondepartiet deltok i sitt første stortingsval, og overraska store delar av den politiske eliten med 15 % av røystene. Med det var Bondepartiet allereie eit parti å rekne med i den første stortingsperioden, noko som er veldig sjeldan i norsk og europeisk politisk historie.


1922: Noregs Bondelag hadde to representantar i styret til Bondepartiet, og koplinga mellom dei to var lik koplinga mellom LO og Arbeidarpartiet. Men allereie to år etter stiftinga, i 1922, braut Bondepartiet dei organisatoriske banda til Noregs Bondelag.



1921–1945: Regjeringsmakt, samvirke, Keynes, og klassekamp |


Til liks med det andre store klassepartiet i Noreg, Arbeidarpartiet, gjorde Bondepartiet det bra på 20- og 30-talet. Partiet gjorde det bra i Stortingsval og bygde ein landsdekkande organisasjon som var langt breiare enn det grunnlaget dei hadde frå det elitestyrte Bondelaget. I den her perioden festa Bondepartiet seg som det sterkaste interessepartiet for primærnæringane i Noreg.





Peder Kolstad var gruppesekretær dei første åra, seinare statsminister og finansminister.


Men samstundes som Bondepartiet styrkte sin eigen stønad i bonderørsla, utvikla partiet ein sjølvstendig politikk i den her perioden. Bondepartiet utvikla ein økonomisk politikk som mellom anna var sterkt inspirert av tankane til John Maynard Keynes, og gjekk heilt klårt i sosialliberal retning; med tru på at staten lyt vere ein regulerande aktør i marknaden; spesielt i krisetider. Bondepartiet sin økonomisk politikk var no grunna i ein teori om blandingsøkonomi.


Den her utviklinga danna grunnlaget for at Bondepartiet gjekk inn i eit kriseforlik med Arbeidarpartiet i 1935, som førte Arbeidarpartiet til makta. Forliket mellom dei to partia bygde truleg ikkje på ein brei meiningsfellesskap, men på at Bondepartiet ønskte at marknaden måtte leggast under ei viss statleg regulering, og noko betra vilkår for Bygde-Noreg. Slagordet frå det store kriseforliket vart By og land, hand i hand, eit av dei mest populære politiske slagorda i norsk historie; som òg markerte grunnlaget for forliket.


Med kriseforliket hadde dei to klassepartia i Noreg gått inn i eit samarbeid for første gong. Men sidan Arbeidarpartiet fekk so stor makt i Stortinget laut Bondepartiet trekke mot høgresida for å prøve å få gjennomslag for opposisjonspolitikken sin - og det gjekk difor lang tid før dei samarbeidde igjen.



1930-talet: Nasjonalisme i det gamle Bondepartiet |


Bondepartiet fekk regjeringsmakt for første gong mellom 1931 og 1933. Først under Peder Kolstad, fram til han døydde i 1932, og Jens Hundseid tok over statsministerposten. I den her perioden var nazismen på frammarsj i Europa, og nasjonalismen stod framleis sterkt i Noreg. Bondepartiet var ei av rørslene i Noreg som hadde spelt kraftig på nasjonalisme, og nokre delar av den nasjonalistiske fløya i partiet lét seg farge av fascistane og nazistane lenger sør i Europa. Det er tvilsamt at den dragninga var godt festa i partiet si grasrot.


Den første Bondepartiregjeringa var, og er framleis særs omstridd:



  • Bondepartiet hadde verva den militære fagmannen Vidkun Quisling som forsvarsminister (Quisling var sjølv ikkje Bondepartimann).

  • Kritikarar hevda at Jens Hundseid gjennomførte eit parlamentarisk statskupp då han gjekk til kongen og framstilte seg som den fremste statsministerkandidaten til Bondepartiet etter at Peder Kolstad døydde. Partileiinga ønskte at Einar Borch skulle ta statsministerposten.

  • Medan han sat i regjering, og heilt fram til krigen, markerte Jens Hundseid seg som ein krass politisk motstandar av Quisling. I 1940 skifta han brått og melde seg inn i Nasjonal Samling (NS), støtta okkupasjonsmakta og vart dømt til ti år i fengsel etter krigen. Det er endå ikkje oppklara kva som førte til at Hundseid melde seg inn i NS, men det vert spekulert i at det var eit pragmatisk og reint taktisk val for å kunne påverke styret av Noreg. Andre teoriar som har vorte framlagt går på at Hundseid frykta represaliar frå Quisling, som politisk motstandar, og melde seg inn for å verne seg sjølv. Ein tredje, og meir sjølvsagt teori, er at han var fascist, men på grunnlag av Hundseid sin tidlegare motstand mot Quisling sine haldningar er det lite sannsynleg.



1945–1965: Framveksten av Senterpartiet |


Frå 1945 og utover byrja Bondepartiet på ei stor omvelting. Dei stilte seg i opposisjon til Arbeiderpartiet si storsatsing på utanlandsk kapital og storindustri, samstundes som dei kravde sosial utjamning for å trygge levekåra i bygdene.




Landsmøte i Bygdefolkets Ungdomsfylking (skipa 1949) på Eidsvoll i 1951. Seinar under namnet Senterungdommen.


I 1959 endra partiet namn til Senterpartiet, etter at landsmøtet slo fast at partiet ikkje lenger var ei fagrørsle for bønder, men eit sjølvstendig parti med ein eigen politikk. Namneendringa var ei understreking av at partiet plasserte seg sjølv i sentrum, midt mellom høgre- og venstresida i norsk politikk.


Fanesaka for Senterpartiet låg ikkje lenger hos primærnæringane åleine; no var ein generell distriktspolitikk det grunnleggande temaet for partiet. I løpet av 60-talet vart konfliktlinene i desentraliseringspolitikken til Senterpartiet utarbeidd: sentralisering mot desentralisering - sentrum mot periferi


I 1965 hadde partiet bygd seg so mykje opp at senterpartileiaren Per Borten tok regjeringsmakta i ein brei koalisjon mellom alle partia som den gongen låg til høgre for Arbeidarpartiet; Senterpartiet, Venstre, Kristeleg Folkeparti og Høgre. På den måten braut Senterpartiet det Arbeidarparti-styret dei sjølve hadde vore med å legge grunnlaget for.



1971–1973: Regjeringskrise, EF-siger og ny regjeringskrise |




Partiet var engasjert på Nei-sida i 1972 og nei-fleirtalet var ein viktig siger for partiet.


I 1971 laut Per Borten gå av som statsminister etter ein påstand om at han hadde gjeve Nei-rørsla (No: Nei til EU) tilgang til interne regjeringsdokument om EF-forhandlingane. Borten innrømte lekkasjen, og regjeringa laut gå av. Denne saka er framleis særs omstridd, og i ettertid har det vist seg at det var ein sekretær som var ansvarleg for lekkasjen.


Nei-sida vann EF-avrøystinga i 1972, og Arbeidarparti-regjeringa til Trygve Bratteli gjekk av. Senterpartiet gjekk partiet inn i den første Sentrumsregjeringa i norsk historie saman med Kristeleg Folkeparti og EU-motstandarane i Venstre – ei rein nei-regjering under leiing av KrF-leiar Lars Korvald. Regjeringa sat berre eit år, fram til Stortingsvalet 1973. Senterpartiet fekk berre eitt mandat meir enn ved førre val, trass i å ha vore på den vinnande sida i EF-striden.



1973–1993: Ny politisk plattform; økologi og motstand mot materialisme |


I løpet av 70-talet vedtok Senterpartiet eit nytt prinsipprogram (verdigrunnlag), og økologi og miljøpolitikk vart ein grunnstein i partiprogrammet - saman med distriktspolitikk og desentralisering. Partiet gjekk til val på sterk kritikk mot materialisme og ukontrollert vekst midt under oljefeberen. Ved valet i 1977 mista Senterpartiet 10 mandat som følgje av den upopulære lina i ei tid då det var stor framgang i Noreg.


Gjennom 80-talet vart Senterpartiet kjent som eit særs pragmatisk parti. Partiet søkte sigrar i enkeltsaker og forsøkte å verne om hovudverdiane sine gjennom enkeltståande samarbeid med dei borgarlege partia på Stortinget. Partiet sat i to regjeringar saman med Høgre og KrF, under Høgre-leiarane Kåre Willoch frå 1983 til 1986 og Jan P. Syse frå 1989 til 1990. Oppslutnaden hos veljarane gjekk stadig nedover – og i ettertid har det vorte hevda at problemet til Senterpartiet var at dei såg ut som dei var ein del av høgresida.



1993–→: EU-kamp og eit moderne miljøparti |




Anne Enger


Då EU-striden blussa opp braut Senterpartiet med dei borgarlege partia, og gjekk ut av Regjeringa Syse i 1990, slik at denne regjeringa fall. Senterpartiet stilte seg igjen utan ryggdekning, korkje frå høgre- eller venstresida i norsk politikk, ein posisjon dei ikkje hadde hatt sidan før andre verdskrig. No hadde partiet bygd opp ein grundig plattform basert på desentralisering og økologisk tenking.


Ved kommunevalet i 1991 fekk Senterpartiet overraskande stor framgang. I stortingsvalet i 1993 var EU-striden fullstendig dominerande i media, noko Senterpartiet tente på. Partiet gjorde sitt beste val nokonsinne med 16,7 % av røystene, og vart det nest største partiet på Stortinget. Nei-sida vann EU-avrøystinga i 1994.


Etter «det store EU-valet» sokk oppslutninga til Senterpartiet. I 1997 gjekk det med i den andre norske Sentrumsregjeringa med SP, KrF og Venstre, der Kjell Magne Bondevik (KRF) var statsminister frå 1997–2000. Det var den første regjeringa i norsk historie som gjekk av etter eit kabinettspørsmål om ein miljøsak; gasskraftsaka.


Stortingsvalet i 2001 vart det dårlegaste stortingsvalet for Senterpartiet nokonsinne, med 5,6 % oppslutning. Ved Stortingsvalet i 2005 gjekk Senterpartiet for første gong til val på eit samarbeid med venstresida, Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti. Valet gav ein liten framgang for Senterpartiet, og fleirtal for dei tre såkalla raud-grøne partia, som overtok regjeringsmakta.



Representantar i Regjeringa og Stortinget |




Liv Signe Navarsete var partileiar 2008-2014 og medlem av Stoltenbergs regjering 2005-2013. Her til venstre med Jens Stoltenberg (i midten) og Kristin Halvorsen.



Regjeringa |


Frå 17. oktober 2005 til 16. oktober 2013 var Senterpartiet representert med fire statsrådar i den raudgrøne regjeringa, saman med Arbeidarpartiet og SV.




  • Samferdsleminister - Liv Signe Navarsete (nestleiar i partiet)


  • Landbruks- og Matminister - Terje Riis Johansen


  • Kommunal- og Regionalminister - Åslaug Marie Haga (partileiar)


  • Olje- og Energiminister - Odd Roger Enoksen


Dette vart endra etter kommunevalet i hausten 2007 og på ny i juni 2008:




  • Samferdsleminister - Liv Signe Navarsete (leiar i partiet)


  • Landbruks- og Matminister - Lars Peder Brekk (nestleiar i partiet)


  • Olje- og Energiminister - Terje Riis Johansen


  • Kommunal- og Regionalminister - Magnhild Meltveit Kleppa


Stortinget (etter endringar i løpet av Stortingsperioden)




  • Akershus - Åslaug Haga


  • Nord-Trøndelag - Anna Cecelie Brustad Moe


  • Oppland - Inger Enger


  • Rogaland - Magnhild Meltveit Kleppa


  • Buskerud - Per Olaf Lundteigen


  • Sør-Trøndelag - Ola Borten Moe


  • Sogn og Fjordane - Erling Sande


  • Nordland - Alf Ivar Samuelsen


  • Hordaland - Rune J. Skjælaaen


  • Hedmark - Trygve Slagsvold Vedum


  • Møre og Romsdal - Jenny Klinge



Statistikk |




Jens Hundseid




Nils Trædal




Per Borten




Trygve Vedum


Partileiarar
Johan E. Mellbye 1920–21
Kristoffer Høgset 1921–27
Erik Enge 1927–30
Jens Hundseid 1930–38
Nils Trædal 1938–48
Einar Frogner 1948–54
Per Borten 1955–67
John Austrheim 1967–73
Dagfinn Vårvik 1973–77
Gunnar Stålsett 1977–79
Johan J. Jakobsen 1979–91
Anne Enger Lahnstein 1991–99
Odd Roger Enoksen 1999–2003
Åslaug Haga 2003–2008
Liv Signe Navarsete 2008–14
Trygve Slagsvold Vedum 2014–-


Parlamentariske leiarar
Johan E. Mellbye 1922–30
Jens Hundseid 1931–32
Gabriel Moseid 1932–33
Jens Hundseid 1933–40
Rasmus Langeland 1945
Nils Trædal 1945–48
Elisæus Vatnaland 1948–58
Per Borten 1958–65
Lars Leiro 1965–69
John Austrheim 1969–71
Per Borten 1971–-73
Erland Steenberg 1973–77
Johan J. Jakobsen 1977–83
Johan Buttedahl 1983–89
Anne Enger Lahnstein 1989–91
Johan J. Jakobsen 1991–99
Odd Roger Enoksen 1999–2003
Marit Arnstad 2003–05
Magnhild Meltveit Kleppa 2005–07
Lars Peder Brekk 2007–08
Rune J. Skjælaaen 2008–09
Trygve Slagsvold Vedum 2009–14
Marit Arnstad 2014–-


Statsministrar
Peder Kolstad 1930–31
Jens Hundseid 1931–32
Per Borten 1965–71




Oppslutninga om Senterpartiet i dei ulike fylka ved stortingsvalet 2005


Regjeringar
Peder Kolstad 1930–31
Jens Hundseid 1931–32
Per Borten 1965–71 (saman med Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre)
Lars Korvald 1972–73 (saman med Kristeleg Folkeparti og Venstre)
Kåre Willoch 1983–86 (saman med Høgre og Kristeleg Folkeparti)
Jan P. Syse 1989–90 (saman med Høgre og Kristeleg Folkeparti)
Kjell Magne Bondevik 1997–2000 (saman med Kristeleg Folkeparti og Venstre)
Jens Stoltenberg 2005–13 (saman med Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti













Stortingval 1921–2009




































































































Årstal
Prosent av røystene

Mandat

1921
13,1%

1924
13,5%

1927
14,9%

1930
15,9%

1933
13,9%

1936
11,5%

1945
8,0%

1949
7,9% ¹

1953
9,0% ¹

1957
9,3% ¹

1961
9,3% ¹

1965
9,9% ¹

1969
10,5% ¹

1973
11,0% ¹

1977
8,6% ¹

1981
6,7% ¹

1985
6,6%

1989
6,5%

1993
16,7%

1997
7,9%

2001
5,6%

2005
6,5%
11

2009
6,2%
11

 
 
 

Kommuneval 1928–2003

























































































Årstal
Prosent av røystene

1928
8,4%

1931
9,1%

1934
7,1%

1937
6,8%

1945
3,9%

1947
5,3%

1951
6,0%

1955
6,9%

1959
7,8%

1963
8,2%

1967
9,3%

1971
11,5%

1975
10,7%

1979
8,5%

1983
7,5%

1987
7,1%

1991
11,5%

1995
11,6%

1999
8,3%

2003
7,9%

2007
8,0%

 
 
 

Fylkestingval 1974–2003









































Årstal
Prosent av røystene

1975
11,2%

1979
8,6%

1983
7,2%

1987
6,8%

1991
12,0%

1995
11,7%

1999
8,5%

2003
8,0%

2007
7,8%


¹ Ved desse vala stilte partiet felleslister med eit eller fleire av partia Det Nye Folkepartiet/Det Liberale Folkepartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti eller Venstre, dette talet er eit overslag med røystene til felleslistene fordelt på dei einskilde partia.



Referansar |





  1. «Fakta om Senterpartiet». senterpartiet.no. Henta 10. oktober 2018. 




Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!


Litteratur |



  • Nielsen, May-Brith Ohman: Bondekamp om markedsmakt; Senterpartiets historie 1920-1959, Oslo 2001 ISBN 82-521-5434-4

  • Madsen, Roar: Motstraums; Senterpartiets historie 1959-2000, ISBN 82-521-5435-2



Bakgrunnsstoff |



  • Offisiell nettstad for Senterpartiet

  • Offisiell nettstad for Senterungdomen

  • Offisiell nettstad for Senterkvinnene

  • Offisiell nettstad for Samepolitisk Råd i Senterpartiet

  • Partiavisa Sentrum

  • Valresultat for Senterpartiet i kommune- og fylkestingsvalet 2007 (NRK)

  • Valresultat for partiet i stortingsvalet 2009 (NRK)
















Popular posts from this blog

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Slayer Innehåll Historia | Stil, komposition och lyrik | Bandets betydelse och framgångar | Sidoprojekt och samarbeten | Kontroverser | Medlemmar | Utmärkelser och nomineringar | Turnéer och festivaler | Diskografi | Referenser | Externa länkar | Navigeringsmenywww.slayer.net”Metal Massacre vol. 1””Metal Massacre vol. 3””Metal Massacre Volume III””Show No Mercy””Haunting the Chapel””Live Undead””Hell Awaits””Reign in Blood””Reign in Blood””Gold & Platinum – Reign in Blood””Golden Gods Awards Winners”originalet”Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Looks Back On 37-Year Career In New Video Series: Part Two””South of Heaven””Gold & Platinum – South of Heaven””Seasons in the Abyss””Gold & Platinum - Seasons in the Abyss””Divine Intervention””Divine Intervention - Release group by Slayer””Gold & Platinum - Divine Intervention””Live Intrusion””Undisputed Attitude””Abolish Government/Superficial Love””Release “Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer” by Various Artists””Diabolus in Musica””Soundtrack to the Apocalypse””God Hates Us All””Systematic - Relationships””War at the Warfield””Gold & Platinum - War at the Warfield””Soundtrack to the Apocalypse””Gold & Platinum - Still Reigning””Metallica, Slayer, Iron Mauden Among Winners At Metal Hammer Awards””Eternal Pyre””Eternal Pyre - Slayer release group””Eternal Pyre””Metal Storm Awards 2006””Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Bullet-For My Valentine booed at Metal Hammer Golden Gods Awards””Unholy Aliance””The End Of Slayer?””Slayer: We Could Thrash Out Two More Albums If We're Fast Enough...””'The Unholy Alliance: Chapter III' UK Dates Added”originalet”Megadeth And Slayer To Co-Headline 'Canadian Carnage' Trek”originalet”World Painted Blood””Release “World Painted Blood” by Slayer””Metallica Heading To Cinemas””Slayer, Megadeth To Join Forces For 'European Carnage' Tour - Dec. 18, 2010”originalet”Slayer's Hanneman Contracts Acute Infection; Band To Bring In Guest Guitarist””Cannibal Corpse's Pat O'Brien Will Step In As Slayer's Guest Guitarist”originalet”Slayer’s Jeff Hanneman Dead at 49””Dave Lombardo Says He Made Only $67,000 In 2011 While Touring With Slayer””Slayer: We Do Not Agree With Dave Lombardo's Substance Or Timeline Of Events””Slayer Welcomes Drummer Paul Bostaph Back To The Fold””Slayer Hope to Unveil Never-Before-Heard Jeff Hanneman Material on Next Album””Slayer Debut New Song 'Implode' During Surprise Golden Gods Appearance””Release group Repentless by Slayer””Repentless - Slayer - Credits””Slayer””Metal Storm Awards 2015””Slayer - to release comic book "Repentless #1"””Slayer To Release 'Repentless' 6.66" Vinyl Box Set””BREAKING NEWS: Slayer Announce Farewell Tour””Slayer Recruit Lamb of God, Anthrax, Behemoth + Testament for Final Tour””Slayer lägger ner efter 37 år””Slayer Announces Second North American Leg Of 'Final' Tour””Final World Tour””Slayer Announces Final European Tour With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Tour Europe With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Play 'Last French Show Ever' At Next Year's Hellfst””Slayer's Final World Tour Will Extend Into 2019””Death Angel's Rob Cavestany On Slayer's 'Farewell' Tour: 'Some Of Us Could See This Coming'””Testament Has No Plans To Retire Anytime Soon, Says Chuck Billy””Anthrax's Scott Ian On Slayer's 'Farewell' Tour Plans: 'I Was Surprised And I Wasn't Surprised'””Slayer””Slayer's Morbid Schlock””Review/Rock; For Slayer, the Mania Is the Message””Slayer - Biography””Slayer - Reign In Blood”originalet”Dave Lombardo””An exclusive oral history of Slayer”originalet”Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Jeff Hanneman”originalet”Thinking Out Loud: Slayer's Kerry King on hair metal, Satan and being polite””Slayer Lyrics””Slayer - Biography””Most influential artists for extreme metal music””Slayer - Reign in Blood””Slayer guitarist Jeff Hanneman dies aged 49””Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer””Gateway to Hell: A Tribute to Slayer””Covered In Blood””Slayer: The Origins of Thrash in San Francisco, CA.””Why They Rule - #6 Slayer”originalet”Guitar World's 100 Greatest Heavy Metal Guitarists Of All Time”originalet”The fans have spoken: Slayer comes out on top in readers' polls”originalet”Tribute to Jeff Hanneman (1964-2013)””Lamb Of God Frontman: We Sound Like A Slayer Rip-Off””BEHEMOTH Frontman Pays Tribute To SLAYER's JEFF HANNEMAN””Slayer, Hatebreed Doing Double Duty On This Year's Ozzfest””System of a Down””Lacuna Coil’s Andrea Ferro Talks Influences, Skateboarding, Band Origins + More””Slayer - Reign in Blood””Into The Lungs of Hell””Slayer rules - en utställning om fans””Slayer and Their Fans Slashed Through a No-Holds-Barred Night at Gas Monkey””Home””Slayer””Gold & Platinum - The Big 4 Live from Sofia, Bulgaria””Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Kerry King””2008-02-23: Wiltern, Los Angeles, CA, USA””Slayer's Kerry King To Perform With Megadeth Tonight! - Oct. 21, 2010”originalet”Dave Lombardo - Biography”Slayer Case DismissedArkiveradUltimate Classic Rock: Slayer guitarist Jeff Hanneman dead at 49.”Slayer: "We could never do any thing like Some Kind Of Monster..."””Cannibal Corpse'S Pat O'Brien Will Step In As Slayer'S Guest Guitarist | The Official Slayer Site”originalet”Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Kerrang! Awards 2006 Blog: Kerrang! Hall Of Fame””Kerrang! Awards 2013: Kerrang! Legend”originalet”Metallica, Slayer, Iron Maien Among Winners At Metal Hammer Awards””Metal Hammer Golden Gods Awards””Bullet For My Valentine Booed At Metal Hammer Golden Gods Awards””Metal Storm Awards 2006””Metal Storm Awards 2015””Slayer's Concert History””Slayer - Relationships””Slayer - Releases”Slayers officiella webbplatsSlayer på MusicBrainzOfficiell webbplatsSlayerSlayerr1373445760000 0001 1540 47353068615-5086262726cb13906545x(data)6033143kn20030215029