Tom Levorstad
























Tom Levorstad

Statsborgarskap Noreg
Fødd
5. juli 1957
Noreg
Idrett
skihopping
Yrke
skihoppar

Tom Levorstad (fødd 5. juli 1957) er ein norsk tidlegare skihoppar som var medlem av Kråkstad Idrettslag. Han vann bronsemedaljen under VM i skiflyging i Oberstdorf i 1981. Same sesongen fekk han sølv under NM i stor bakke, bak Roger Ruud.


Levorstad gjorde det relativt sett best i store hoppbakkar. Ti gongar var han mellom dei ti beste i verdenscuprenn, og heile ni av desse var i storbakkerenn. Beste verdscupplasseringa var ein tredjeplass i St. Nizier i Frankrike i februar 1980. I den første sesongen med verdscup, 1979/80, kom Levorstad på 12. plass totalt. Same sesongen hoppa han 105 m og sette bakkerekord i Holmenkollbakken.


Levorstads største prestasjon var bronsemedaljen i verdsmeisterskapen i skiflyging i 1981, der han berre hadde finnen Jari Puikkonen og austerrikaren Armin Kogler framom seg på resultatlista.




Innhaldsliste






  • 1 Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn


  • 2 Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap


  • 3 Kjelder


  • 4 Bakgrunnsstoff





Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn |



  • 1980: Tredjeplass i St. Nizier

  • 1981: Bronsemedalje under verdsmeiesterskapen i skiflyging i Oberstdorf

  • 1982: Nr 14 i Lahti



Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap |



  • 1978: Nr 7 i både normalbakken på Konnerud og i storbakken på Lillehammer

  • 1979: Nr 6 i storbakken i Bærum

  • 1980: Nr 7 i normalbakken i Asker

  • 1981: Sølvmedalje i storbakken på Odnes

  • 1982: Nr 7 i både normalbakken på Raufoss og i storbakken på Rena



Kjelder |



  • Sportsboken, aktuelle årgangar


Bakgrunnsstoff |



  • Resultatoversikt hos FIS (engelsk)



Popular posts from this blog

Bruad Bilen | Luke uk diar | NawigatsjuunCommonskategorii: BruadCommonskategorii: RunstükenWikiquote: Bruad

What is the offset in a seaplane's hull?

How were these pictures of spacecraft wind tunnel testing taken?