Bob Dylan
Bob Dylan | |
På scenen i Toronto, april 1980 | |
Fødd | 24. mai 1941 (77 år) Duluth i Minnesota i USA |
---|---|
Fødestad | Duluth i Minnesota |
Fødenamn | Robert Allen Zimmerman |
Alias | Elston Gunnn,[1] Tedham Porterhouse, Blind Boy Grunt, Lucky Wilbury/Boo Wilbury, Elmer Johnson, Sergei Petrov, Jack Frost, Jack Fate, Robert Milkwood Thomas |
Opphav | USA |
Aktiv | 1959 til i dag |
Sjanger | Rock, folk, folkrock, blues, country, gospel |
Instrument | Vokal, gitar, munnspel, keyboard, bass |
Tilknytte artistar | The Band, Traveling Wilburys, Grateful Dead, Tom Petty & the Heartbreakers |
Plateselskap | Columbia, Asylum |
Verka som | Låtskrivar, musikar, forfattar, poet, filmmanuskriptforfattar, platepratar |
Gift med | Sara Dylan, Carolyn Dennis |
Sambuar med | Suze Rotolo, Joan Baez |
Born | Jakob Dylan, Jesse Dylan |
Prisar | National Medal of Arts, Presidentens fridomsmedalje, Grammy Lifetime Achievement Award, Fyrsten av Asturias' pris for kunst, Rock and Roll Hall of Fame, Ridder av Æreslegionen, Oscar for beste sang, Nobelprisen i litteratur, Kennedy Center Honors, æresdoktor ved Universitetet i St. Andrews, æresdoktor ved Princeton University, Polar Music Prize, kommandør av Ordre des Arts et des Lettres, Grammy Award for Album of the Year, Grammy Award for Best Male Rock Vocal Performance, Grammy Award for Best Rock Performance by a Duo or Group with Vocal, Grammy Award for Best Traditional Folk Album, Grammy Award for Best Contemporary Folk Album, Grammy Award for Album of the Year, Grammy Award for Best Male Rock Vocal Performance, Grammy Award for Best Contemporary Folk Album, Grammy Award for Best Solo Rock Vocal Performance, Grammy Award for Best Americana Album |
Bob Dylan (fødd Robert Allen Zimmerman, 24. mai 1941) er ein amerikansk låtskrivar, musikar og kunstmålar som har vore ein av dei viktigaste personane i popverda i over fem tiår.[2] Dei mest kjende og viktigaste songane hans er frå 1960-åra då han starta som ein motvillig frontmann for samfunnsuroa. Fleire av songane hans, som «Blowin' in the Wind» og «The Times They Are a-Changin'» vart temasongar for både amerikanske borgarrettsrørsler[3] og krigsmotstand (særleg mot Vietnamkrigen).[4]
Tekstane i dei tidlege songane til Dylan synte påverknad frå både politikk, samfunn, filosofi og litteratur. Tekstane trassa dei eksisterande vedtekne formene for korleis tekstane i popmusikk skulle vere og appellerte stort til den blømande motkulturen. Samstundes som han utvida og personifiserte sjangrar, utforska han òg mange tradisjonelle amerikanske sjangrar, frå folkemusikk, blues og country, til gospel, rock and roll og rockabilly til engelsk, skotsk og irsk folkemusikk og til og med jazz og swing.[5]
Dylan spelar gitar, piano og munnspel. Han har hatt med seg mange forskjellige musikarar og har turnert jamt og trutt sidan slutten av 1980-åra. Det han har oppnådd som plateartist og musikar har vore sentralt i karrieren hans, men det er likevel låtskrivinga hans han vert aller mest hugsa for.[6]
Han har fått mange prisar gjennom åra, som Grammy, Golden Globe og Oscar, han er innlemma i Rock and Roll Hall of Fame, Nashville Songwriters Hall of Fame og Songwriters Hall of Fame. Juryen for Pulitzerprisen i 2008 gav han ein spesialpris for det dei kalla den inngåande påverknaden hans på popmusikken og amerikansk kultur ved «lyriske komposisjonar med usedvanlig poetisk kraft».[7] I 2016 vart Dylan tildelt Nobelprisen i litteratur.[8]
Innhaldsliste
1 Liv og karriere
1.1 Dei første åra
1.2 1960-åra
1.2.1 New York og platekontrakt
1.2.2 Protest og Another Side
1.2.3 Elektriske Dylan
1.2.4 Highway 61 Revisited og Blonde on Blonde
1.2.5 Motorsykkelulykke og tilbaketrekking
1.3 1970-åra
1.3.1 Tilbake til turnelivet
1.3.2 Fødd på ny
1.4 1980-åra
1.5 1990-åra
1.6 2000-åra
2 Ettermæle
3 Diskografi
3.1 Med Traveling Wilburys
4 Bakgrunnsstoff
5 Fotnotar
6 Kjelder
Liv og karriere |
Dei første åra |
Robert Allen Zimmerman (hebraisk namn Shabtai Zisel ben Avraham)[9][10] vart fødd i St. Mary's Hospital den 24. mai 1941 i Duluth i Minnesota,[11] og voks opp her og i Hibbing i Minnesota vest for Lake Superior. Besteforeldra hans på farssida, Zigman og Anna Zimmerman, emigrerte frå Odessa i Det russiske imperiet (i dag Ukraina) til USA etter pogromen i 1905.[12] Besteforeldra på morssida, Benjamin og Lybba Edelstein, var litauiske jødar som kom til USA i 1902.[12]
Foreldra til Dylan, Abram Zimmerman og Beatrice «Beatty» Stone, var del av eit lite, tett jødisk samfunn. Robert Zimmerman budde i Duluth til han var seks år. Faren vart då råka av polio og familien reiste til heimbyen til mora, Hibbing, der Zimmerman levde resten av barndomen sin. Mykje av barndomen brukte Robert Zimmerman til å høyre på radio, først blues og country frå stasjonar i Shreveport i Louisiana og seinare til tidleg rock and roll.[13] Han danna fleire band på vidaregåande skule: The Shadow Blasters var kortvarige, men det neste bandet, The Golden Chords,[14] varte lenger og spelte populære songar av andre artistar. I 1959 såg han Buddy Holly på Winter Dance Party-turneen og Zimmerman skreiv at ein av draumane hans var «å bli med Little Richard».[15] Same året, med namnet Elston Gunnn[sic], spelte han to konsertar med Bobby Vee, der han spelte piano og klappa hender.[1][16][17]
Zimmerman flytta til Minneapolis i september 1959 og tok inn på University of Minnesota. Fokuset på rock and roll gjekk gradvis over til ei interesse i amerikansk folkemusikk. I 1985 forklarte Dylan kva som tiltrekte han mot folkemusikk: «Saka med rock and roll for meg er at det ikkje var nok... Det var flotte slagord og drivande rytmar, men songane var ikkje seriøse eller reflekterte livet på ein realistisk måte. Eg visste at då eg tok til med folkemusikk, så var det noko meir seriøst noko. Songane vart fylt med meir håpløyse, meir sorgmod, meir trimuf, meir tru i det overnaturlege, mykje djupare kjensler.»[18] Like etter byrja han å spele på 10 O'clock Scholar, ein kafe eit par blokker frå universitetsområde og vart aktivt ein del av det lokale folkemusikkmiljøet Dinkytown.[19][20]
I Dinkytown-dagane starta Zimmerman å introdusere seg sjølv som «Bob Dylan».[14] I eit intervju i 2004 forklarte Dylan: «Du vert fødd, veit du, feil namn, feil foreldre. Slikt skjer veit du. Du kan kalle deg sjølv det du vil kalle deg sjølv. Dette er fridomens land.»[21]Chronicles: Volume One, Dylan forklarar i sjølvbiografien sin at han kjende til dikta til Dylan Thomas.[22]
1960-åra |
New York og platekontrakt |
Dylan slutta på universitetet mot slutten av første året. I januar 1961 flytta han til New York City og håpte der på å få møte og spele i lag med det musikalske idolet sitt, Woody Guthrie, som var alvorleg sjuk med Huntingtons sjukdom i Greystone Park Psychiatric Hospital.[23] Guthrie hadde vore ei openberring for Dylan og var den som hadde størst påverknad på den tidlege Dylan-perioden. Dylan sa seinare om songane til Guthrie at «du kunne lytte til songane hans og faktisk lære å leve livet».[20] I tillegg til at han vitja Guthrie på sjukehuset, vart Dylan ven med følgjesveinen til Guthrie, Ramblin' Jack Elliott. Det meste av repertoaret til Guthrie vart faktisk kanalisert gjennom Elliott og Dylan hylla Elliott på Chronicles (2004).[24]
Frå februar 1961 spelte Dylan på forskjellige klubbar rundt i Greenwich Village. I september vart han omsider lagt merke til offentleg då Robert Shelton skreiv ei positiv melding i The New York Times om ein konsert ved Gerde's Folk City.[25] Den same månaden spelte Dylan munnspel på det tredjealbumet til visesongaren Carolyn Hester, som var kalla opp etter artisten sjølv. Talentet hans vart då oppdaga av produsenten på albumet, John Hammond.[26] Hammond signerte ein platekontrakt med Dylan for Columbia Records i oktober. Songane på det første albumet hans på Columbia, Bob Dylan (1962), bestod av kjende folke-, blues- og gospelsongar i tillegg til to originale songar. Albumet vart ikkje lagt særleg merke til og selde berre 5000 eksemplar det første året, akkurat nok til at det ikkje gjekk i tap.[27] I Columbia Records kalla enkelte songaren for «Hammond's Folly» og føreslo å sei opp kontrakten hans.[28] Hammond forsvarte Dylan med alt han hadde og Johnny Cash vart òg ein mektig støttespelar.[27] Medan han arbeidde for Columbia spelte Dylan òg inn fleir songar under psevdonymet Blind Boy Grunt, for Broadside Magazine, eit folkemusikkmagasin og plateselskap.[29]
Dylan gjorde to viktige karrieresteg i august 1962. Han endra offisielt namnet sitt til Robert Dylan og tilsette Albert Grossman som manager. Grossman var manager for Dylan fram til 1970 og var kjend for både stundom vere konfronterande og for å vere særs lojal mot klienten sin.[30] Dylan skildra seinare Grossman slik: «Han var ein slags Colonel Tom Parker-type ... du kunne lukte han kome».[20] Gnissingar mellom Grossman og John Hammond førte til at Hammond vart erstatta som produsent for det andre albumet til Dylan av den unge afroamerikanske jazzprodusenten Tom Wilson.[31]
Frå desember 1962 til januar 1963 reiste Dylan for første gong til Storbritannia.[32] Han hadde vorte invitert av TV-regissøren Philip Saville for å bli med i fjernsynsdramet The Madhouse on Castle Street, som Saville regisserte for BBC Television.[33] Mot slutten av programmet spelte Dylan «Blowin' in the Wind», ein av dei første store offentlege framføringane av songen.[34] Medan han var i London spelte han på fleire folkeklubbar, som Les Cousins, The Pinder Of Wakefield,[35] og Bunjies.[32] Han lærte òg nye songar frå fleire britiske artistar, som Martin Carthy.[32]
Det andre albumet til Dylan, The Freewheelin' Bob Dylan, kom ut i mai 1963, og han hadde då starta å gjere seg kjend som både songar og låtskrivar. Mange av songane på albumet vart merka som protestsongar, inspirert delvis av Guthrie og påverka av lidenskapen Pete Seeger hadde for høvessongar.[36] «Oxford Town» var til dømes ei spotsk forteljing om James Meredith som var den første svarte studenten som prøvde å melde seg inn på University of Mississippi.[37]
Den mest kjende songen hans på denne tida, «Blowin' in the Wind», vart delvis skapt av melodien frå ein tradisjonell slavesong, «No More Auction Block», medan teksten stilte spørsmål ved stillstanden i samfunnet og politikken.[38] Songen har vorte spelt av mange andre og vart ein internasjonal hit for Peter, Paul and Mary, og mange andre artistar skulle seinare få sine hittar av Dylan-songar.«A Hard Rain's a-Gonna Fall» var basert på folkevisa «Lord Randall». Med dei tilslørte referansane til kjernefysisk apokalypse fekk han langt større gjenklang då Cuba-krisa utvikla seg berre eit par veker etter Dylan spelte songen første gong.[39] Som «Blowin' in the Wind», markerte «A Hard Rain's a-Gonna Fall» ei viktig ny retning i moderne låtskriving og blanda medvitsstraum, imagistisk lyrisk åtak med tradisjonelt folkeviseformat.[40]
Sjølv om høvessongane til Dylan sementerte det tidlege omdømet hans, inneheldt Freewheelin' òg ei blanding av kjærleikssongar og spøkefulle, surrealistiske bluessongar. Humor var ein stor del av personlegdomen til Dylan,[41] og variasjonen på albumet imponerte mange lyttarar, mellom anna The Beatles. George Harrison sa, «Me berre spelte det, sleit plata ut. Innhaldet i tekstane og berre haldninga - det var utruleg originalt og vedunderleg»[42]
Den røffe vokalstilen til Dylan gjorde enkelte av dei tidlege lyttarane urolege, men trekte samstundes til seg andre. Joyce Carol Oates skreiv korleis dette var for ho og mannen hennar: «Då vi først høyrde denne rå, unge og tilsynelatande utrente stemma, oppriktig nasal, som om sandpapir kunne synge, var effekten dramatisk og oppeldande.»[43] Mange av dei mest kjende av dei tidlege songane hans nådde først eit større publikum gjennom versjonar av andre artistar, som Joan Baez, som var ein stor støttespelar for Dylan og kjærasten hans.[14] Baez var viktig ved å gjere Dylan nasjonalt og internasjonalt kjend då ho spelte inn fleire av dei tidlege songane hans og inviterte han med seg på scenen under konsertane sine.[44]
Andre som spelte og hadde hittar med songane til Dylan tidleg og midt i 1960-åra var The Byrds, Sonny and Cher, The Hollies, Peter, Paul and Mary, Manfred Mann og The Turtles. Dei fleste gjorde songane meir popaktige og la på meir rytme, medan Dylan og Baez spelte dei som enkle viser. Coverversjonane vart så vanlege at CBS starta å reklamere for Dylan med setninga «Nobody Sings Dylan Like Dylan» («Ingen syng Dylan som Dylan»)[45]
«Mixed Up Confusion» vart spelt inn under innspelinga av Freewheelin' med akkompagnement og gjeve ut som singel, men så raskt trekt tilbake. I motsetnad til dei flest akustiske songane hans på albumet, flytta singelen seg mot rockabilly. Cameron Crowe skildra han som «eit fascinerande blikk på ein visesongar med tankar mot Elvis Presley og Sun Records.»[46]
Protest og Another Side |
I mai 1963 vart den politiske profilen til Dylan forsterka då han gjekk frå The Ed Sullivan Show. Under øvingane vart Dylan informert av CBS Television om at songen han planla å spele, «Talkin' John Birch Society Blues», potensielt var ærekrenkande for John Birch Society. I staden for å jenke seg for sensuren, nekta Dylan å spele på programmet.[f 1]
På denne tida var Dylan og Baez begge framtredande i borgarrettsrørsla og song i lag under marsjen til Washington den 28. august 1963.[f 2] Det tredje albumet til Dylan, The Times They Are a-Changin', synte ein meir politisk og kynisk Dylan.[47] Songane omhandla ofte dagsaktuelle emne, soger frå verkelegheita, med «Only A Pawn In Their Game» om drapet på borgarrettsforkjemparen Medgar Evers; og den Brech-aktige «The Lonesome Death of Hattie Carroll» om drapet på den svarte barjenta Hattie Carroll av den unge kvite William Zantzinger.[48] Songar med meir generelle tema var «Ballad of Hollis Brown» og «North Country Blues» som omhandla fortvilinga som nedlegginga av jordbruks- og gruvesamfunn skapte. Desse politiske songane kom i lag med to personlege kjærleikssongar, «Boots of Spanish Leather» og «One Too Many Mornings».[49]
Mot slutten av 1963 følte Dylan seg både manipulert og hemma av folke- og protestrørsler.[50] Desse spaningane kom til offentleg skode då han tok i mot «Tom Paine-prisen» frå National Emergency Civil Liberties Committee like etter drapet på John F. Kennedy. Ein rusa Dylan sette spørsmålsteikn med rolla til komiteen og skildra medlemmene som gamle og skalla, og hevda å sjå noko av seg sjølv (og alle andre) i den påståtte drapsmannen til Kennedy, Lee Harvey Oswald.[f 3]
Another Side of Bob Dylan vart spelt inn i løpet av ein kveld i juni 1964,[14] og hadde ei lettare stemning enn føregjengaren. Den surrealistiske og spøkefulle Dylan tredde fram på «I Shall Be Free #10» og «Motorpsycho Nightmare». «Spanish Harlem Incident» og «To Ramona» er romantiske lidenskaplege kjærleikssongar, medan «Black Crow Blues» og «I Don't Believe You (She Acts Like We Never Have Met)» inneheldt teikn på at rock and roll snart skulle kome til å dominere musikken til Dylan. «It Ain't Me Babe», som på overflata var ein song om forsmådd kjærleik, har vorte skildra som ei avvising av rolla omdømet hans hadde lagt på han.[51] Den nyaste retninga kom til syne i to lengre songar: den impresjonistiske «Chimes of Freedom», som nyttar element av samfunnskommentarar mot eit tettare metaforisk landskap, ein stil Allen Ginsberg seinare skildra som «rekkjer av glimtvise bilete»,[52] og «My Back Pages», som går til åtak på på den enkle og særs seriøse stilen på dei tidlege høvessongane hans og som ser ut til å føresjå den kraftige reaksjonen han skulle få frå dei tidlegare tilhengjarane sine når han tar ei ny musikalsk retning.[53]
På siste halvdel av 1964 og i 1965 endra framføringa og den musikalske stilen til Dylan seg raskt. Han fjerna seg frå den leiande låtskrivaren i visemiljøet til ei stjerne innan folkrock. Dei slitte buksene og arbeidsskjortene vart byta ut med Carnaby Street-klede, solbriller dag og natt, og spisse «Beatle-støvlar». Ein reporter frå London skreiv: «Hår som vil stresse tennene på ein kam. Ei skrikande skjorte som ville ha gjort neonlysene på Leicester Square svake. Han ser ut som ein underernært kakadue.»[54] Dylan starta òg å verte stadig meir surrealistisk i intervju. På fjernsynsshowet Les Crane vart han spurt om ein film han planla å lage. Han fortalte Crane at det skulle verte ein cowboy-skrekkfilm. Då han vart spurt om han skulle spele cowboyen svarte han, «Nei, eg skal spele mor mi».[55]
Elektriske Dylan |
I mars 1965 kom albumet Bringing It All Back Home som var nok eit stilmessig sprang for Dylan,[56] og som inneheldt dei første innspelingane hans med elektriske instrument. Den første singelen, «Subterranean Homesick Blues» var sterkt inspirert av Chuck Berry sin «Too Much Monkey Business»[57] og kom i lag med ein tidleg musikkvideo av D. A. Pennebaker.[58] Den frie assosiasjonen i teksten gjekk både tilbake til den maniske energien til beat-rørsla og var ein forgjengar for rap og hip-hop.[59]
B-sida til albumet inneheldt fire lange songar med Dylan aleine på akustisk gitar og munnspel.[60] «Mr. Tambourine Man» hadde alt vore ein hit for The Byrds og skulle verte ein av dei mest kjende songane hans, medan «It's All Over Now Baby Blue» og «It's Alright Ma (I'm Only Bleeding)» skulle verte ein av dei viktigaste songane hans skreiv.[60][61]
Sommaren 1965 var han hovudattraksjonen på Newport Folk Festival og Dylan heldt den første elektriske konserten sin sidan dagane på vidaregåande skule. Bandet bestod hovudsakleg av medlemmer av Paul Butterfield Blues Band, med Mike Bloomfield (gitar), Sam Lay (trommer) og Jerome Arnold (bass), samt Al Kooper (orgel) og Barry Goldberg (piano).[62] Dylan hadde spelt på Newport i 1963 og 1964, men i 1965 vart Dylan møtt med ei blanding av jubel og buing, og forlet scenen etter berre tre songar. Ei utgåve av denne segna er at visetilhengjarane bua fordi Dylan uventa dukka opp på scenen med elektrisk gitar. Ei anna soge hevdar at publikum berre var oppgitt over dårleg lydkvalitet og ein overraskande kort konsert.[63]
Dylan-konserten på Newport i 1964 gjorde folkemusikkmiljøet rasande.[64]Ewan MacColl skreiv i Sing Out!, «våre tradisjonelle songar og balladar er skapt av særs talentfulle artistar som skapar musikalske tradisjonar utarbeidd gjennom mange år ... Men kva med Bobby Dylan? ... eit ungt middelmådig talent. Berre eit ikkje-kritisk publikum, vokse opp på den grautaktige popmusikken kunne ha falle for eit slikt vrøvl.»[65] Den 29. juli, berre fire dagar etter den kontroversielle framføringa på Newport, var Dylan tilbake i studioet i New York og spelte inn «Positively 4th Street». Teksten omhandla bilete av hemn og paranoia,[66] og vert ofte tolka som Dylan vonbroten av dei tidlegare venene sine i folkemusikkmiljøet, vener han hadde kjend i klubbar langs West 4th Street.[67]
Highway 61 Revisited og Blonde on Blonde |
I juli 1965 gav Dylan ut singelen «Like a Rolling Stone», som nådde andreplassen i USA og fjerdeplassen i Storbritannia. Songen er over seks minutt lang og har fått mykje av æra for å endre haldningane til musikkbransjen om kva ein popsingel kunne vere. Bruce Springsteen heldt tale då Dylan vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame og fortalte om då han først høyrde songen, «den skarptromma høyrdest ut som nokon sparka open ei dør i sinnet ditt».[68] I 2004 plasserte musikkmagasinet Rolling Stone songen på førsteplassen på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.[69] Songen var òg opningssongen på det neste albumet til Dylan, Highway 61 Revisited, kalla opp etter vegen mellom Dylans Minnesota og det musikalske senteret New Orleans.[70] Songane på albumet var i same stil som hitsingelen, med Mike Bloomfield på bluesgitar og Al Kooper på orgel. «Desolation Row» var eit akustisk unntak med Dylan sine surrealistiske henvisingar til figurar i vestleg kultur. Andy Gill skreiv «'Desolation Row' er ein 11 minuttar lang episk song om entropi som tar form som ein Fellini-aktig parade av groteskheit og kuriositetar og ein haug med ikoniske karakterar, somme historiske (Albert Einstein, Nero), nokre bibelske (Noah, Kain og Abel), somme oppdikta (Ophelia, Romeo, Cinderella), somme litterære (T.S. Eliot og Ezra Pound) og somme som ikkje høver inn i nokre av desse kategoriarne, som Dr. Filth og den tvilsame sjukepleiaren hans» [71]
For å støtte albumsalet spelte Dylan to amerikanske konsertar og sette saman eit band. Mike Bloomfield ønskte ikkje å forlate the Butterfield Band, så Dylan blanda Al Kooper og Harvey Brooks frå studioinnspelinga med musikarar frå eit barband, Robbie Robertson og Levon Helm, som då var mest kjend for å ha vore ein del av støttebandet til Ronnie Hawkins, The Hawks.[72] 28. august på Forest Hills Tennis Stadium, vart gruppa plaga av ein i publikummet som framleis var misnøgd med den elektriske stilen til Dylan. I Hollywood Bowl den 3. september vart bandet betre motteke[73]
Medan Dylan og the Hawks vart stadig betre møtt av publikum på turneen, hadde dei vanskar i studio. Produsent Bob Johnston overtalte Dylan til å gå i studio i Nashville i februar 1966 og omgav seg med ei kjerne av førsteklasses studiomusikarar. Dylan insisterte på at Robertson og Kooper skulle komme ned frå New York City for å spele med dei.[74] Nashville-inspelingane førte til det doble Blonde on Blonde (1966) med det som Dylan seinare kalla «den tynne, ville kvikksølvlyden»[75]Al Kooper skildra albumet som «å ta to kulturar og knuse dei saman i ein stor eksplosjon»: Den musikalske verda i Nashville og den hippe musikalske verda i New York.[76]
Den 22. november 1965 gifta Dylan seg i løyndom med den 25 år gamle modellen Sara Lownds.[14][77] Somme av venene til Dylan (som Ramblin' Jack Elliott) hevdar at Dylan nekta for at han var gift like etter.[77] Journalisten Nora Ephron var den første som gjorde dette offentleg i New York Post i februar 1966 med overskrifta
«Hush! Bob Dylan is wed» («Hysj! Bob Dylan er gift»).[78]
Dylan la ut på verdsturne våren 1966. Kvar del av showet var delt i to. Han spelte aleine den første halvdelen, med berre akustisk gitar og munnspel. Den andre halvdelen fekk han støtte av the Hawks, og spelte høglydt elektrisk musikk. Denne kontrasten provoserte mange tilhengjarar, som håna han og klappa seint.[79] Turneen kulminerte med den kjende konfrontasjonen mellom Dylan og publikummet hans i Manchester Free Trade Hall i England. Rolling Stone skreiv om konsertalbumet frå konserten at «dette er ikkje rock and roll, det er krig».[80]. Ei innspeling av konserten er gjeven ut som Bob Dylan Live 1966 og kom ut i 1998. Mot slutten av konserten ropar ein sint tilhengjar: «Judas!» og Dylan svarar, «I don't believe you ... You're a liar!» («Eg trur deg ikkje, du er ein løgnar»). Dylan snudde seg så til bandet og sa «Play it fucking loud!»,[81] og dei set i gang siste songen for kvelden, «Like a Rolling Stone».
Motorsykkelulykke og tilbaketrekking |
Etter den europeiske turneen hans kom Dylan tilbake til New York, men presset på han auka stadig. ABC Television hadde betalt forskot for eit TV-show dei skulle vise.[82] Forleggaren hans, Macmillan, kravde eit ferdig manuskript for diktet/romanen Tarantula. Manageren Albert Grossman hadde alt planlagt ein omfattande turne for den komande sommaren og hausten.
29. juli 1966 kræsja Dylan på motorsykkelen sin på ein veg nær heimen sin i Woodstock i New York, og han vart kasta i bakken. I følgje eit intervju fleire år seinare hadde Dylan vore vaken tre dagar i strekk før ulukka.[83] Hendinga skjedde òg tidleg på morgonen,[83] og Dylan hevda han vart blenda av sola på ein bakketopp.[83]
Sjølv om skadeomfanget aldri har vore heilt kjend, har Dylan sagt at han braut fleire nakkevirvlar.[84] Det er framleis mystikk rundt ulukka[85] sidan det ikkje vart tilkalt ambulanse og Dylan ikkje vart lagt inn på sjukehus.[84] Dylan uttrykte seinare uro for kvar karrieren og privatlivet hans var på veg før ulukka: «Eg hadde den motorsykkelulukka ... Eg vakna opp og kjende på kjenslene mine, eg forstod at eg hadde berre arbeidd for alle desse blodsugarane. Og eg ville ikkje det lenger. I tillegg hadde eg ein familie og ønskte berre å vere med barna mine»[86] Mange biografar meiner at ulukka gav Dylan høvet til å kome seg bort frå presset som hadde bygd seg opp rundt han.[84][87] Etter ulukka trekte Dylan seg tilbake frå ålmenta, og bortsett frå eit par utvalde framføringar, turnerte han ikkje igjen på åtte år.[85]
Då Dylan var frisk nok til å halde fram å lage musikk, starta han å klippe filmopptak frå turneen hans i 1966 for Eat the Document, ein sjeldan vist oppfølgjar til Don't Look Back. I 1967 starta han å spele inn musikk igjen med the Hawks i heimen sin og i kjellaren i the Hawks sitt hus i nærleiken, som vart kalla «Big Pink».[88] Desse songane, som først vart laga som demoar som andre artistar skulle spele, gav hitsinglar for Julie Driscoll («This Wheel's on Fire»), The Byrds («You Ain't Goin' Nowhere», «Nothing Was Delivered») og Manfred Mann (Quinn the Eskimo («The Mighty Quinn»). Columbia gav seinare ut eit utval av desse innspelingane i 1975 som The Basement Tapes. Gjennom åra har fleire og fleire av desse songane dukka opp på forskjellige bootlegalbum, og vart samla i ein fem-CD-bootlegboks kalla The Genuine Basement Tapes med 107 songar og alternative opptak.[89] Dei neste månadane spelte the Hawks inn albumet Music from Big Pink med songar som dei først hadde arbeidd på i kjellaren deira i Woodstock, og dei skifta namn til The Band,[90] og starta slik ei lang og suksessrik karriere for seg sjølv.
I oktober og november 1967 kom Dylan tilbake til Nashville.[91] Tilbake i platestudio etter ein 19 månader lang pause hadde han berre med seg Charlie McCoy på bass,[92]Kenny Buttrey på trommer ,[93] og Pete Drake på steelgitar.[94] Resultatet vart John Wesley Harding, ei roleg, tankefull plate med kortare songar, i eit landskap med trekk frå både Vest-USA og Bibelen. Den enkle strukturen og instrumenteringa som tok den jødisk-kristne tradisjonen seriøst, markerte ikkje berre eit skifte frå den tidlegare stilen til Dylan, men òg frå den stadig veksande psykedeliske gløden i musikkulturen på denne tida.[95] På albumet var «All Along the Watchtower», med tekstar frå Jesajaboka (21:5–9). Songen vart seinare spelt inn av Jimi Hendrix, som Dylan sjølv seinare sa var den definitive utgåva.[18]
Woody Guthrie døydde 3. oktober 1967 og Dylan gjorde den første framføringa på 20 månader på minnekonserten for Guthrie i Carnegie Hall den 20. januar 1968. Mai same året mista Dylan faren i eit hjarteattak[96]
Det neste albumet til Dylan var Nashville Skyline (1969) og det var eit nesten mainstream countryalbum med musikarar frå Nashville med Dylan på fyldig vokal, ein duett med Johnny Cash og hitsingelen «Lay Lady Lay». Denne songen hadde første vorte skriven for filmen Midnight Cowboy , men vart i siste augneblikk fjerna.[97] I mai 1969 var Dylan med i første episode av det nye fjernsynsprogammet til Johnny Cash i ein duett med Cash på «Girl from the North Country», «I Threw It All Away» og «Living the Blues». Dylan reiste så til England og var hovudattraksjonen på Isle of Wight-festivalen den 31. august 1969, etter å ha avslått Woodstockfestivalen, som var langt nærare heimen hans.[98]
1970-åra |
Tidleg i 1970-åra fekk Dylan kritikk for at musikken hans hadde altfor varierande kvalitet. Journalist i musikkmagasinet Rolling Stone Greil Marcus vart kjend for å skrive «What is this shit?» («Kva er denne skiten?») om albumet Self Portrait frå 1970.[99][100] Generelt vart Self Portrait, ei dobbelplate med få originale songar, dårleg motteke.[14] Seinare gav Dylan ut New Morning, som enkelte meinte var eit langt betre album.[101] I november 1968 hadde Dylan skrive «I'd Have You Anytime» i lag med George Harrison;[102] Harrison spelte både «I'd Have You Anytime» og Dylan sin «If Not For You» på det tredoble soloalbumet hans All Things Must Pass i 1970. Dylan dukka overraskande opp på Harrison sin Konsert for Bangladesh i 1971 og fekk ein del mediaomtale, sidan Dylan sjeldan heldt konsertar på denne tida.[103]
Mellom 16. og 19. mars 1971 reserverte Dylan tre dagar i Blue Rock Studios, eit lite studio i Greenwich Village i New York. Desse innspelingane resulterte i singelen «Watching The River Flow» og songen «When I Paint My Masterpiece».[49] Den 4. november 1971 spelte Dylan inn «George Jackson» som han gav ut ei veke seinare.[49] For mange var singelen ei overraskande tilbakevending til protestformatet, der han sørgjer over drapet på Black Panther-medlemmet George Jackson i San Quentin fengsel same sommaren.[104]
I 1972 spelte Dylan inn songar og bakgrunnsmusikk til filmen Pat Garrett and Billy the Kid av Sam Peckinpah og spelte rolla som «Alias», eit medlem i gjengen til Billy.[105] Trass i at filmen selde dårleg vart songen «Knockin' on Heaven's Door» ein av dei mest kjende og mest innspelte Dylan-songane.[106][f 4]
Tilbake til turnelivet |
Dylan signerte i 1973 til eit nytt plateselskap, David Geffen sitt Asylum Records, då kontrakten med Columbia Records gjekk ut. På det neste albumet hans, Planet Waves, nytta han The Band som støtteband, medan dei øvde til ein omfattande turne. Albumet inneheldt to utgåver av «Forever Young», som vart ein av dei mest populære songane hans.[107]Christopher Ricks har knytt refrenget i denne songen med John Keats sitt «Ode on a Grecian Urn», som inneheld linja «For ever panting and for ever young.»[108] Som ein kritikar skildra songen, «syner han noko salmeaktig og hjarteleg som talte til faren i Dylan»,[109] og Dylan sjølv kommenterte: «Eg skreiv han medan eg tenkte på ein av gutane mine og ønskte ikkje å vere altfor sentimental».[110] Biografen Howard Sounes skreiv at Jakob Dylan trudde songen var om han.[107]
Columbia Records gav samstundes ut albumet Dylan, ei lemfeldig samling av studioinnspelingar (nesten berre andre sine songar), som vart tolka som eit surt svar til at Dylan signerte platekontrakt med ein av rivalane.[111] I januar 1974 la Dylan og The Band ut på ein omfattande turne i Nord-Amerika. Eit dobbelt konsertalbum, Before the Flood, kom ut på Asylum Records.
Etter turneen vart det kjend at Dylan og kona hans hadde ein anstrengt forhold. Han fylte ei lita raud notisbok med songar om forhold og brot og spelte raskt inn det nye albumet Blood on the Tracks i september 1974.[112] Dylan venta med å gje ut albumet og spelte inn halvparten av songane att i Sound 80 Studios i Minneapolis og fekk produksjonshjelp av broren David Zimmerman.[113] På denne tida gjekk Dylan tilbake til Columbia Records som etter kvart gav ut Asylum-album hans.
Blood on the Tracks kom ut tidleg i 1975 og fekk blanda kritikk. I NME skildra Nick Kent akkompagnementa på albumet som så slurvete at dei høyrdest ut som det berre var øvingar.[114] I Rolling Stone, skreiv Jon Landau at albumet vart laga på ein typisk slurvete måte.[115] Med tida har albumet etterkvart vorte trekt fram som eit av dei beste albuma til Dylan, og kanskje berre trilogien på midten av 60-åra vert verdsett høgare. I Salon.com skreiv Bill Wyman «Blood on the Tracks er det einaste feilfrie albumet hans og det beste han produserte; songane, kvar og ein av dei, er skapt på ein disiplinert måte. Det er det mest godhjarta albumet hans og det mest nedslåande, og ser i ettertid ut til å ha oppnådd ein perfekt balanse mellom dei lange tekstane frå midten av 60-talet og den sjølvmedvitne enkle komposisjonen i tida etter ulukka hans.»[116] Forfattaren Rick Moody kalla albumet «den mest sanne og ærlegaste skildringa frå starten til slutten av eit kjærleiksforhold som nokon gong er festa til lydband»[117]
Denne sommaren skreiv Dylan den første suksessrike «protestsongen» hans på 12 år og kjempa for boksaren Rubin «Hurricane» Carter, som hadde vorte fengsla for eit trippeldrap i Paterson i New Jersey. Etter å ha vitja Carter i fengsel, skreiv Dylan songen «Hurricane», der han meinte Carter var uskuldig dømd. Trass i at songen er åtte og eit halvt minutt lang, vart han gjeve ut som singel og nådde 33. plass i USA på Billboard-lista og han vart spelt på kvar einaste av konsertane til Dylan i 1975, ein turne kalla Rolling Thunder Revue.[118] Turneen var eit varierande underhaldningsprogram der om lag hundre artistar medverka[119] frå folkemusikkmiljøet i Greenwich Village, inkludert T-Bone Burnett, Ramblin' Jack Elliott, Joni Mitchell,[120]David Mansfield, Roger McGuinn, Mick Ronson, Joan Baez og fiolinisten Scarlet Rivera, som Dylan oppdaga då ho gjekk på gata med fiolinkassen på ryggen.[121]Allen Ginsberg var med i truppen og sette opp scener for filmen som Dylan samstundes filma. Sam Shepard vart hyrt inn til å skrive manuset til filmen, men enda opp som ein uoffisiell kronikør for turneen.[122]
Turneen varte frå seint i 1975 til tidleg i 1976 og undervegs kom albumet Desire, der mange av dei nye songane nesten var reiseskildringar og synte påverknad frå den nye samarbeidspartnaren, skodespelforfattaren Jacques Levy.[123][124] Våren 1976 vart halve turneen dokumentert som ein TV-spesial, Hard Rain og eit album frå turneen vart gjeven ut i 2002 som Live 1975.[125]
Hausten 1975 vart scenar frå turneen òg nytta i den nesten fire timar lange Dylan-filmen Renaldo and Clara, ei flytande og improvisert forteljing, blanda med konsertopptak og minner. Han kom ut i 1978 og fekk generelt dårleg, stundom skarp, kritikk og vart berre vist på kino ein kort periode.[126][127] Seinare på året fekk Dylan laga ei utgåve som var klipt ned til to timar med fokus på konsertopptaka.[128]
I november 1976 dukka Dylan opp på «avskjedskonserten» til The Band, i lag med andre gjesteartistar som Joni Mitchell, Muddy Waters, Van Morrison og Neil Young. Martin Scorsese filma showet, The Last Waltz, som vart gjeven ut i 1978 og inkluderte om lag halve settet til Dylan.[129] I 1976 skreiv òg Dylan songen «Sign Language» i ein duett med Eric Clapton på albumet No Reason To Cry[130].
I 1978 kom albumet Street-Legal, som vart spelt inn med eit stort pop-rock-band, med kvinnelege koristar. Tekstmessig var albumet eit av dei meir komplekse og bindekraftige han lagde.[131] Det leid derimot av dårleg lydmiks,[132] og mykje av instrumenta drukna før albumet vart nymastra på CD nesten 25 år seinare.
Fødd på ny |
Seint i 1970-åra vart Dylan fødd på ny som kristen[133][134][135] og han gav ut to album med kristen gospelmusikk. På Slow Train Coming (1979) spelte Mark Knopfler (frå Dire Straits) gitar og det vart produsert av R&B-produsenten Jerry Wexler. Wexler hugsa at Dylan hadde forkynna til han under innspelinga og han svarte: «Bob, du talar til ein sekstito år gammal jødisk ateist. La oss berre lage eit album.»[136] Dylan vann ein Grammy-pris for «Beste mannlege vokalist» for songen «Gotta Serve Somebody». Eit anna evangelisk album, Saved (1980), fekk blanda kritikk, men Kurt Loder i Rolling Stone hevda at albumet var musikalsk langt betre enn forgjengaren.[137] Under turneen frå hausten 1979 til våren 1980 nekta Dylan å spele dei eldre songane sine og han erklærte ofte trua si frå scenen.[138]
Det nye livsendringa til Dylan var ikkje populær hos alle tilhengjarane og musikarvenene hans.[139] Kort tid før John Lennon vart drepen, spelte han inn «Serve Yourself» som eit svar til Dylan sin «Gotta Serve Somebody».[140]
1980-åra |
Hausten 1980 gjorde Dylan ein kort turne kalla «A Musical Retrospective», der han spelte fleire av dei populære songane sine frå 1960-åra. Shot of Love vart spelt inn våren etter og inneheldt mellom anna dei første ikkje-kristne songane Dylan hadde spelt på over to år, blanda med meir kristne songar. «Every Grain of Sand» minna enkelte kritikarar på dikt av William Blake.[141]
I 1980-åra varierte kvaliteten på Dylan-platene stort, frå den kritikarroste Infidels i 1983 til Down in the Groove i 1988 som fekk dårleg kritikk. Kritikarar som Michael Gray fordømde albuma til Dylan i 1980-åra fordi han virka likegyldig i studio og for han ikkje gav ut dei beste songane.[142] Innspelinga av Infidels etterlet til dømes fleire songar som seinare vart gjeven ut på The Bootleg Series Volumes 1-3 (Rare & Unreleased) 1961-1991. Dei best likte av desse var «Blind Willie McTell» (ein hyllest til ein død bluesartist)[143], «Foot of Pride» og «Lord Protect My Child».[144]
Mellom juli 1984 og mars 1985 spelte Dylan inn det neste studioalbumet sitt, Empire Burlesque.[145]Arthur Baker, som hadde miksa hittar for Bruce Springsteen og Cyndi Lauper, vart bedt om å vere lydteknikar og mikse albumet. Baker har sagt at han følte han vart brakt inn for å gjere stilen på albumet «litt meir moderne».[145]
Dylan song på singelen «We Are the World». Den 13. juli 1985 spelte han på Live Aid på JFK Stadium i Philadelphia. Med seg hadde han Keith Richards og Ronnie Wood og spelte ein ujamn utgåve av «Hollis Brown», ein ballade om fattigdom, og sa til publikumet frå heile verda: «Eg håpar dei tar noko av pengane ... kanskje dei kan berre ta litt av dei kanskje ... ein million eller to, kanskje ... og bruke dei til å betale låna til nokre av bøndene her, som skuldar stort til bankane.»[146] Det heile vart kraftig kritisert som upassande, men inspirerte Willie Nelson til å organisere ei rekkje konsertar, Farm Aid, for å støtte opp om gjeldstynga amerikanske bønder.[147]
I april 1986 gav Dylan seg ut på rap-musikk, då han la vokal på versa i Kurtis Blow sin «Street Rock» frå Blow-albumet Kingdom Blow. I juli 1986 gav Dylan ut Knocked Out Loaded, eit album med tre coversongar (av Little Junior Parker, Kris Kristofferson og den tradisjonelle gospelsalmen «Precious Memories»), tre samarbeid med andre låtskrivarar (Tom Petty, Sam Shepard og Carole Bayer Sager) og to solosongar av Dylan. Albumet fekk generelt dårleg kritikk; Rolling Stone kalla det «ei depressiv sak»,[148] og det var det første Dylan-albumet sidan Freewheelin' (1963) som ikkje nådde Topp 50 i USA.[149] Sidan den gong har enkelte kritikarar kalla den 11 minuttar lange songen «Brownsville Girl» ein genial song.[150] I 1986 og 1987 turnerte Dylan i lag med Tom Petty og The Heartbreakers, og delte vokal med Petty på fleire songar kvar kveld. Dylan turnerte òg med The Grateful Dead i 1987, og dette resulterte i konsertalbumet Dylan & The Dead. Dette albumet fekk mellom anna særs dårleg kritikk: Allmusic sa, «Dette er truleg det verste albumet av både Bob Dylan og the Grateful Dead».[151] Etter desse turneane la Dylan sjølv ut på ein turne den 7. juni 1988 som etter kvart fekk namnet «Never Ending Tour», «turneen som aldri sluttar». Med eit stramt støtteband med gitaristen G. E. Smith skulle Dylan turnere meir eller mindre konstant dei neste 20 åra.[49]
I 1987 spelte Dylan i Richard Marquand-filmen Hearts of Fire, der han spelte Billy Parker.[152] Dylan spelte òg inn to originale songar for filmen, «Night After Night» og «I Had a Dream About You, Baby», samt ei utgåve av John Hiatt sin «The Usual». Filmen vart ein kommersiell fiasko og fekk dårleg kritikk.[153]
Dylan vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i januar 1988. Bruce Springsteen helt talen: «Bob frigjorde sinnet på same måte som Elvis frigjorde kroppen. Han viste oss at berre fordi musikk var naturleg fysisk, så betydde ikkje det at han ikkje var intellektuell.»[154] Dylan gav så ut albumet Down in the Groove, som selde enn dårlegare enn dei førre albuma hans.[155] Songen «Silvio» fekk ein viss suksess som singel.[156] Seinare på våren danna Dylan Traveling Wilburys i lag med George Harrison, Jeff Lynne, Roy Orbison og Tom Petty og dei gjekk inn på albumlista med eit brak med Traveling Wilburys Vol. 1.[155] Trass i at Orbison døydde i desember 1988, spelte dei fire andre inn eit nytt album i mai 1990, som fekk den uventa tittelen Traveling Wilburys Vol. 3.[157]
Dylan avslutta tiåret med det kritikarroste Oh Mercy produsert av Daniel Lanois. Rolling Stone kalla albumet «både utfordrande og tilfredsstillande».[158][159] Songen «Most of the Time», ein song om tapt kjærleik, vart seinare nytta i filmen High Fidelity, medan «What Was It You Wanted?» har vorte tolka som både ei rekkje spørsmål og ein ironisk kommentar til forventingane til kritikarar og tilhengjarar.[160] Dei religiøse bileta i «Ring Them Bells» slo kritikarar som ei ny stadfesting av trua hans.[161]
1990-åra |
Dylan byrja 1990-åra med Under the Red Sky (1990), ei heilomvending frå det seriøse Oh Mercy. Albumet inneheld tilsynelatande fleire enkle songar, «Under the Red Sky» og «Wiggle Wiggle». Albumet var dedisert til «Gabby Goo Goo»; dette vart seinare forklart som kallenamnet på dottera til Dylan og Carolyn Dennis, Desiree Gabrielle Dennis-Dylan, som var fire år på denne tida.[162] Med seg på albumet hadde han mellom anna George Harrison, Slash frå Guns N' Roses, David Crosby, Bruce Hornsby, Stevie Ray Vaughan og Elton John. Trass i stjernelaget fekk albumet dårleg kritikk og selde dårleg. Dylan lagde ikkje eit nytt studioalbum med nye songar på sju år.[163]
I 1991 vart Dylan æra av plateindustrien med Grammy Lifetime Achievement Award.[164] Hendinga skjedde samstundes som Golfkrigen mot Saddam Hussein starta og Dylan spelte songen «Masters of War».[165] Dylan heldt så ein kort tale som overraska mange i publikum.[f 5]
Dei neste få åra gjekk Dylan tilbake til røtene med to album med gamle folke- og bluessongar: Good as I Been to You (1992) og World Gone Wrong (1993), med tolkingar og akustisk gitar. Mange kritikarar og tilhengjarar trekte særleg fram songen «Lone Pilgrim» som særs vakker,[166] skriven av ein lærar på 1800-talet. Eit unntak frå denne roots-perioden var eit samarbeid i 1991 med Michael Bolton og songen «Steel Bars» på Bolton-albumet Time, Love & Tenderness. I november 1994 spelte Dylan inn to konsertar for MTV Unplugged. Han ønskte å spele tradisjonelle songar, men styret i Sony insisterte på at han skulle spele eit utval av dei beste songane hans.[167] Resultatet vart albumet MTV Unplugged, med songen «John Brown» frå 1963 som ikkje var gjeven ut tidlegare.
Med ein del songar som visstnok vart skriven medan han var nedsnødd på ranchen sin i Minnesota,[168] tinga Dylan studiotid med Daniel Lanois i Criteria Studios i Miami i januar 1997. Innspelinga var visstnok lada med musikalske gnissingar.[169] Seint same våren, før albumet kom ut, vart Dylan lagt inn på sjukehus med ein livstruande hjarteinfeksjon, perikarditt, som kom av histoplasmose. Den komande europaturneen vart avlyst, men Dylan kom seg raskt att og då han forlet sjukehuset sa han: «Eg trudde verkeleg eg kom til å få sjå Elvis snart».[170] Han var tilbake på turne i løpet av sommaren og tidleg på hausten spelte han føre pave Johannes Paul II på World Eucharistic Conference i Bologna i Italia. Paven heldt ei preike for publikummet på 200 000 folk basert på teksten til Dylan sin «Blowin' in the Wind».[171]
I september dette året kom albumet Time Out of Mind. Med bitre kjærleikssongar og makabre funderingar, var dette det første Dylan-albumet med originale songar på sju år og vart særs kritikarrost. Rolling Stone sa «Dødstemaet går sterkt igjen, medan galgenhumoren skin igjennom»[172] Dei komplekse songane gjorde at han vann Grammy-prisen for årets album . Kjærleikssongen «Make You Feel My Love» vart ein stor countryhit for Garth Brooks.[14]
I desember 1997 gav den amerikanske presidenten Bill Clinton Dylan Kennedy Center-prisen i Det kvite huset og sa: «Han har truleg hatt større innverknad på folk i min generasjon enn nokon annan artist. Stemma hans og tekstane hans har ikkje alltid vore ein fryd å høyre på, men gjennom heile karrieren hans har heller ikkje dette vore målet hans. Han forstyrra freden og gjorde dei mektige ukomfortable»[173]
2000-åra |
Dylan starta det nye år-tusenet med å vinne den første Oscar-prisen sin, for songen «Things Have Changed» for filmen Wonder Boys, samt ein Golden Globe-pris for same song.[174]
"Love and Theft" vart gjeven ut 11. september 2001. Det vart spelt inn med turnebandet hans og Dylan produserte albumet sjølv med psevdonymet Jack Frost.[175] Albumet fekk god kritikk og vart nominert til fleire Grammy-prisar.[176] Kritikarar merka seg at Dylan utvida den musikalske horisonten med rockabilly, Western swing, jazz og til og med lounge-balladar.[177]
I 2003 gjekk Dylan attende til dei evangeliske songane og deltok i prosjektet Gotta Serve Somebody: The Gospel Songs of Bob Dylan. Same året kom filmen Masked & Anonymous, eit samarbeid med TV-produsenten Larry Charles der Dylan spelte i lag med fleire kjende skodespelarar som Jeff Bridges, Penelope Cruz og John Goodman. Filmen fekk dårleg kritikk.[178][179]; men eit par såg på det som eit seriøst kunstverk.[180][181]
I oktober 2004 gav Dylan ut den første delen av sjølvbiografien sin, Chronicles: Volume One.
Martin Scorsese sin kritikarroste[182] filmdokumentar No Direction Home vart sendt i september 2005.[183]
3. mai 2006 var det premiere på Dylan si karriere som DJ og han hadde eit vekentleg radioprogram kalla Theme Time Radio Hour for XM Satellite Radio, med songar frå eit særskild tema.[184][185] Dylan spelte klassiske og obskure plater frå 1930-åra og fram til i dag med artistar så varierte som Blur, Prince, L.L. Cool J og The Streets. Showet vart kritikarrost og Dylan fortalde soger med sardonisk humor.[186][187] I april 2009 vart den 100. sendinga til Dylan sendt. Temaet var «Farvel» og den siste songen som vart spelt av Woody Guthrie sin «So Long, It's Been Good To Know Yuh», noko som førte til spekulasjonar om at det var den aller siste sendinga hans.[188]
29. august 2006 gav Dylan ut Modern Times. Trass i noko kritikk av vokalen hans[189] var dei fleste kritikarar positive og mange skildra det som det siste albumet i ein suksessrik trilogi i lag med Time Out of Mind og "Love and Theft".[190]Modern Times gjekk til topps på albumlista i USA, den første til Dylan sidan Desire i 1976.[191]. Albumet vart nominert til tre Grammy-prisar og vann prisen for beste moderne folkealbum og Dylan vann prisen for beste solo rockevokal. Albumet vart kåra til årets album for 2006 av musikkmagasinet Rolling Stone,[192] og av Uncut i Storbritannia.[193] Same dag som Modern Times kom ut vart Bob Dylan: The Collection gjeven ut på iTunes Music Store, ein digital boks med alle albuma hans (773 songar i alt), samt 42 sjeldne og uutgjevne songar.[194]
I august 2007 kom den prisvinnande filmen I'm Not There,[195][196] skriven og regissert av Todd Haynes med taglinja «inspirert av musikken og dei mange liva til Bob Dylan».[197] Filmen nyttar seks forskjellige roller til å skildre forskjellige sider i livet til Dylan, spelt av Christian Bale, Cate Blanchett, Marcus Carl Franklin, Richard Gere, Heath Ledger og Ben Whishaw.[197][198]. Filmmusikken er Dylan-songar spelt av mange forskjellige artistar, som Eddie Vedder, Stephen Malkmus, Jeff Tweedy, Willie Nelson, Cat Power, Richie Havens og Tom Verlaine.[199]
I oktober 2007 opna ei kunstutstilling, The Drawn Blank Series, i Kunstsammlungen i Chemnitz i Tyskland med kunst av Bob Dylan.[200] Utstillinga bestod av meir enn 200 akvarellar og gouache-måleri, gjort i 2007 frå dei originale teikningane.[200][201]
Bob Dylan gav ut albumet Together Through Life den 28. april 2009.[202][203] Prosjektet hadde starta då Dylan skulle lage ein song for den franske filmregissøren Olivier Dahan for filmen My Own Love Song. Det heile utvikla seg til eit fullt album. Med seg hadde Dylan Mike Campbell, gitaristen i Tom Petty and the Heartbreakers og David Hidalgo, trekkspelar i Los Lobos.[204] Albumet fekk generelt god kritikk[205] men enkelte kritikarar meinte det ikkje var det største bidraget han hadde kome med. I Rolling Stone skreiv David Fricke «albumet manglar den umiddelbare klassiske kjensla som Love and Theft og Modern Times hadde, men har likevel mange flotte augeblikk.»[206]. Albumet nådde førsteplassen på Billboard 200 i USA same veka det kom ut[207] og Dylan vart dermed den eldste artisten (68 år gammal) som gjekk rett til tops på Billboard-lista.[207] Han nådde òg førsteplassen i Storbritannia, 39 år sidan sist gong då New Morning gjorde det same.[208]
13. oktober 2009 gav Dylan ut eit julealbum, Christmas In The Heart, som bestod av tradisjonelle julesongar som «Little Drummer Boy», «Winter Wonderland» og «Here Comes Santa Claus».[209] Inntektene frå albumet gjekk til den veldedige organisasjonen Feeding America.[210]. Albumet fekk generelt god kritikk.[211]
Ettermæle |
Bob Dylan har vore skildra som ein av dei viktigaste personane på 1900-talet, både musikalsk og kulturelt. Dylan vart nemnd i Time 100: The Most Important People of the Century, Time magazine si liste over dei 100 viktigaste personane på 1900-talet. Der vart han skildra som ein «meisterpoet, ein skarp samfunnskritikar og ein uredd, berande kraft for motkulturgenerasjonen».[212] I 2004 vart han rangert på andreplass av musikkmagasinet Rolling Stone på lista deira over dei største artistane gjennom tidene.[213]
I starten etterlikna han stilen til Woody Guthrie,[214] og bluesartisten Robert Johnson,[215] men la stadig meir sofistikerte tekstar til visene sine tidleg i 1960-åra og blanda inn intellektualisme frå klassisk litteratur og dikting.[216]Paul Simon meiner at dei tidlege songane til Dylan i praksis tok over heile visesjangeren: «Dei tidlegare songane til Dylan var særs rike, med sterke melodiar. Han definerte visesjangeren ein periode.»[217]
Då Dylan gjekk frå akustisk musikk til rock, vart blandinga meir komplisert. For mange kritikarar er dei tre albuma han gjorde på midten av 60-talet det største han gjorde: Bringing It All Back Home, Highway 61 Revisited og Blonde on Blonde.[218]
Mange litteraturkritikarar merka seg tekstane hans og analysar av tekstane plasserte han på lik linje med Eliot, Keats og Tennyson,[219][220] Sidan 1996 har akademikarar prøvd å nominere Dylan til nobelprisen i litteratur.[221][222][223][224]
Stemma til Dylan er på mange måtar like merkverdig som tekstane hans. Då ein ung Bobby Womack fortalte Sam Cooke at han ikkje forstod vokalstilen til Dylan, forklarte Cooke at «frå no av er det ikkje snakk om kor vakker stemma er, men om ein trur at stemma fortel sanninga»[225]Rolling Stone rangerte Dylan på sjuandeplass på lista deira over dei 100 største songarane gjennom tidene i 2008.[226]
Dylan har påverka mange musikksjangrar. Edna Gundersen skreiv i USA Today at det musikalske DNAet til Dylan er å finne i nesten alle former for pop sidan 1962.[227] Mange musikarar har nemnt Dylan som ei inspirasjonskjelde, som Joe Strummer[228], John Lennon,[229]Paul McCartney,[230]Neil Young,[f 6][231]Bruce Springsteen,[232]David Bowie,[233]Bryan Ferry,[f 7]Syd Barrett,[234]Nick Cave,[f 8][235]Patti Smith,[236]Joni Mitchell,[237]Cat Stevens[238] og Tom Waits.[239]
Diskografi |
- For meir om dette emnet, sjå diskografien til Bob Dylan.
Diskografien til Bob Dylan består av 37 studioalbum, 58 singlar, 13 konsertalbum, ni album i The Bootleg Series og 14 samlealbum.
Bob Dylan (1962)
The Freewheelin' Bob Dylan (1963)
The Times They Are a-Changin' (1964)
Another Side of Bob Dylan (1964)
Bringing It All Back Home (1965)
Highway 61 Revisited (1965)
Blonde on Blonde (1966)
John Wesley Harding (1967)
Nashville Skyline (1969)
Self Portrait (1970)
New Morning (1970)
Pat Garrett & Billy the Kid (1973)
Dylan (1973)
Planet Waves (1974)
Blood on the Tracks (1975)
The Basement Tapes (1975)
Desire (1976)
Street Legal (1978)
Slow Train Coming (1979)
Saved (1980)
Shot of Love (1981)
Infidels (1983)
Empire Burlesque (1985)
Knocked Out Loaded (1986)
Down in the Groove (1988)
Oh Mercy (1989)
Under the Red Sky (1990)
Good as I Been to You (1992)
World Gone Wrong (1993)
Time Out of Mind (1997)
Love and Theft (2001)
Modern Times (2006)
Together Through Life (2009)
Christmas in the Heart (2009)
Tempest (2012)
Shadows in the Night (2015)
Fallen Angels (2016)
Triplicate (2017)
Med Traveling Wilburys |
Album gjeven ut med bandet Traveling Wilburys.
Traveling Wilburys Vol. 1 (1988)
Traveling Wilburys Vol. 3 (1990)
Bakgrunnsstoff |
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bob Dylan
- Offisiell side
- Norsk side
- Side med oppdateringer kvar dag
Fotnotar |
↑ Dylan had spelt inn «Talkin' John Birch Society Blues» for Freewheelin, men songen vart erstatta av andre songar, mellom anna «Masters of War». Bob Dylan: Behind the Shades Revisited, s. 114–115.
↑ Dylan spelte «Only a Pawn in Their Game» og «When the Ship Comes In» Bob Dylan: A Life In Stolen Moments, s. 49.
↑ Delar av talen til Dylan var slik: «There's no black and white, left and right to me any more; there's only up and down and down is very close to the ground. And I'm trying to go up without thinking of anything trivial such as politics.»; No Direction Home, s. 200–205.
↑ Artistar som har spelt inn denne songen er mellom anna Bryan Ferry, Wyclef Jean og Guns 'n' Roses. «Dylan's Legacy Keeps Growing, Cover By Cover». NPR Music. 26. juni 2007. Henta 16. oktober 2009.
↑ Heylin, Bob Dylan: Behind the Shades Revisited, s. 664-665. «Far min sa ein gong til meg, 'Son, det kan hende at du vert så skjemd i denne verda at mor di og far din forlet deg. Om det skjer, vil Gud tru på dugleiken din til å verte eit betre menneske'»
↑ «Bob Dylan, I'll never be Bob Dylan. He's the master. If I'd like to be anyone, it's him. og he's a great writer, true to his music og done what he feels is the right thing to do for years og years og years. He's great. He's the one I look to.» Time-intervju med Neil Young, 28. september 2005. Tyrangiel, Josh (28. september 2005). «Resurrection of Neil Young». Time. Henta 17. oktober 2009.
↑ I 2007 gav Ferry ut eit heilt album med Dylan-songar, Dylanesque
↑ Mojo: What, if push comes to shove, is your all-time favourite album? Nick Cave: "I guess it's Slow Train Coming by Bob Dylan. That's a great record, full of mean-spirited spirituality. It's a genuinely nasty record, certainly the nastiest 'Christian' album I've ever come across." Mojo, januar 1997
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Bob Dylan» frå Wikipedia på engelsk, den 14., 16. og 17. oktober 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
↑ 1,01,1 Bobby Vee-intervju juli 1999, Goldmine«Early alias for Robert Zimmerman». Expecting Rain. 11. august 1999. Henta 14. oktober 2009.
↑ Siegel, Ed (2007-11-04). «Attempts to grasp Dylan». New York Times. Henta 14. oktober 2009.
↑ Dylan song «Blowin’ in the Wind» på ein konsert i Washington D.C. den 20. januar 1986, som markerte innføringa av Martin Luther King Day. Gray, 2006, The Bob Dylan Encyclopedia, s. 63–64.
↑ «Dylan 'reveals origin of anthem'». BBC News. 11. april 2004. Henta 14. oktober 2009.
↑ Browne, David (10. september 2001). «Melding av Love and Theft». Entertainment Weekly. Henta 14. oktober 2009.
↑ Gates, David (6. oktober 1997). «Dylan Revisited». Newsweek. Henta 14. oktober 2009.
↑ «The Pulitzer Prize Winners 2008: Special Citation». Pulitzer. 7. mai 2008. Henta 14. oktober 2009.
↑ Prize Announcement, nobelprize.org, 13. oktober 2016
↑ Sounes, Down The Highway: The Life Of Bob Dylan, s. 14
↑ «Singer/Songwriter Bob Dylan Joins Yom Kippur Services in Atlanta». Chabad.org News. 24. september 2007. Henta 14. oktober 2009.
↑ Sounes, Down The Highway: The Life Of Bob Dylan, s. 14
↑ 12,012,1 Sounes, Down The Highway: The Life Of Bob Dylan, s. 12–13.
↑ Shelton, No Direction Home, s. 38–39.
↑ 14,014,114,214,314,414,514,6 Updated from The Rolling Stone Encyclopedia of Rock & Roll (Simon & Schuster, 2001). «Bob Dylan: Biography». Rolling Stone. Henta 23. september 2008.
↑ Shelton, No Direction Home, s. 39–43.
↑ Sounes, Down The Highway: The Life Of Bob Dylan, s. 41–42.
↑ Heylin, Bob Dylan: Behind the Shades Revisited, s. 26–27.
↑ 18,018,1 Biograph, 1985, Platehefte av Cameron Crowe.
↑ Shelton, No Direction Home, s. 65–82.
↑ 20,020,120,2 Dette vert omtalt i dokumentarfilmen No Direction Home, regissør Martin Scorsese
↑ Leung, Rebecca (12. juni 2005). " «Dylan Looks Back». CBS News. Henta 17. oktober 2009.
↑ Dylan, Chronicles, Volume One, s. 78–79.
↑ Dylan, Chronicles, Volume One, s. 98.
↑ Dylan, Chronicles, Volume One, s. 250–252.
↑ Robert Shelton, New York Times, 21. september 1961, "Bob Dylan: A Distinctive Stylist": Robert Shelton (21. september 1961). «Bob Dylan: A Distinctive Stylist». Bob Dylan Roots. Henta 14. oktober 2009.
↑ Richie Unterberger (8. oktober 2003). «Carolyn Hester Biography». All Music. Henta 14. oktober 2009.
↑ 27,027,1 Scaduto, Bob Dylan, s. 110.
↑ Gilliland, John (1969). «Show 31 – Ballad in Plain D: An introduction to the Bob Dylan era» (audio). Pop Chronicles. Digital.library.unt.edu.
↑ Shelton, No Direction Home, s. 157–158.
↑ Gray, The Bob Dylan Encyclopedia, s. 283–284.
↑ Heylin, Bob Dylan: Behind the Shades Revisited, s. 115–116.
↑ 32,032,132,2 Heylin, 1996, Bob Dylan: A Life In Stolen Moments, s. 35–39.
↑ «Dylan in the Madhouse». BBC TV. 14. oktober 2007. Henta 14. oktober 2009.
↑ Sounes, Howard. Down the Highway: The Life Of Bob Dylan. Doubleday 2001. s. 159. ISBN 0-552-99929-6
↑ Web Guardian newspaper © Guardian News and Media Limited 2009
↑ Shelton, No Direction Home, s. 138–142.
↑ Shelton, No Direction Home, s. 156.
↑ Heftet av John Bauldie som følgde med The Bootleg Series Volumes 1–3 (Rare & Unreleased) 1961–1991 (1991) s. 6–8.
↑ Heylin, Bob Dylan: Behind the Shades Revisited, s. 101–103.
↑ Ricks, Dylan's Visions of Sin, s. 329–344.
↑ Scaduto, Bob Dylan, s. 35.
↑ Mojo, desember 1993.
↑ Hedin (ed.), 2004, Studio A: The Bob Dylan Reader, s. 259.Joyce Carol Oates (24. mai 2001). «Dylan at 60». University of San Francisco. Henta 14. oktober 2009.
↑ Joan Baez entry, Gray, The Bob Dylan Encyclopedia, s. 28–31.
↑ Meacham, Steve (15. august 2007). «It ain't me babe but I like how it sounds». The Sydney Morning Herald. Henta 14. oktober 2009.
↑ Biograph, 1985, Platehefte og tekst av Cameron Crowe.
↑ Gill, My Back Pages, s. 37–41.
↑ Ricks, Dylan's Visions of Sin, s. 221–233.
↑ 49,049,149,249,3 «Bob Dylan Timeline». BBC. Henta 16. oktober 2009.
↑ Shelton, No Direction Home, s. 200–205.
↑ Shelton, No Direction Home, s. 222.
↑ Life «Online Interviews With Allen Ginsberg». University of Illinois i Urbana Champaign. 8. oktober 2004. Henta 14. oktober 2009.
↑ Shelton, No Direction Home, s. 219–222.
↑ Shelton, No Direction Home, s. 267–271; s. 288–291.
↑ Heylin, Bob Dylan: Behind the Shades Revisited, s. 178–181.
↑ Heylin, Bob Dylan: Behind the Shades Revisited, s. 181–182.
↑ Heylin, 2009, Revolution In The Air, The Songs of Bob Dylan: Volume One, s. 220–222.
↑ Gill, My Back Pages, s. 68–69.
↑ Marqusee, Wicked Messenger, s. 144.
↑ 60,060,1 Sounes, Down The Highway: The Life Of Bob Dylan, s. 168–169.
↑ Shelton, 2003, No Direction Home, s. 276–277.
↑ Heylin, Bob Dylan: Behind the Shades Revisited, s. 208–216.
↑ «Exclusive: Dylan at Newport—Who Booed?». Mojo. 25. oktober 2007. Henta 14. oktober 2009.
↑ Shelton, No Direction Home, s. 305–314.
↑ Sing Out, september 1965, sitert i Shelton, No Direction Home, s. 313.
↑ «You got a lotta nerve/To say you are my friend/When I was down/You just stood there grinning»Bob Dylan. «Positively 4th Street». bobdylan.com. Henta 14. oktober 2009.
↑ Sounes, Down The Highway: The Life Of Bob Dylan, s. 186.
↑ Wanted Man, s. 191.
↑ «The RS 500 Greatest Songs of All Time». Rolling Stone. 9. desember 2004. Henta 14. oktober 2009.
↑ Gill, 1999, My Back Pages, s. 87–88.
↑ Gill, My Back Pages, s. 89.
↑ Palmer, Robert (1. november 1987). «Recordings; Robbie Robertson Waltzes Back Into Rock». The New York Times. Henta 27. september 2008.
↑ Sounes, Down The Highway: The Life Of Bob Dylan, s. 189–90.
↑ Heylin, Bob Dylan: Behind the Shades Revisited, s. 238–243.
↑ Playboy, mars 1978; Cott, Dylan on Dylan: The Essential Interviews, s. 204.Ron Rosenbaum (28. februar 1978). «Playboy-intervju med Bob Dylan, mars 1978». interferenza.com. Henta 14. oktober 2009.
↑ Gill, My Back Pages, s. 95.
↑ 77,077,1 Sounes, Down The Highway: The Life Of Bob Dylan, s. 193.
↑ Shelton, No Direction Home, s. 325.
↑ Heylin, Bob Dylan: Behind the Shades Revisited, s. 244–261.
↑ Fricke, David (6. oktober 1998). «Bob Dylan: Live 1966». Rolling Stone. Henta 14. oktober 2009. Text "Rolling Stone" ignored (hjelp)
↑ Dialogen er vist i Martin Scorsese-dokumentaren No Direction Home
↑ Sounes, Down The Highway: The Life Of Bob Dylan, s. 215.
↑ 83,083,183,2 Heylin, Bob Dylan: Behind the Shades Revisited, s. 267.
↑ 84,084,184,2 Sounes, Down The Highway: The Life Of Bob Dylan, s. 217–219.
↑ 85,085,1 «The Bob Dylan Motorcycle-Crash Mystery». American Heritage. 29. juli 2006. Henta 14. oktober 2009.
↑ Cott, Dylan on Dylan: The Essential Interviews, s. 300.
↑ Heylin, Bob Dylan: Behind the Shades Revisited, s. 268.
↑ Sounes, Down The Highway: The Life Of Bob Dylan, s. 222–225.
↑ Marcus, The Old, Weird America, s. 236–265.
↑ Helm, Levon og Davis, This Wheel's on Fire, s. 164; s. 174.
↑ «Bob Dylan's 1967 recording sessions». Bjorner's Still On the Road. Henta 14. oktober 2009.
↑ «Charlie McCoy's Bio». www.charliemccoy.com. Henta 14. oktober 2009.
↑ Wadey, Paul (23. september 2004). «Kenny Buttrey :'Transcendental' drummer for artists from Elvis Presley to Bob Dylan and Neil Young». The Independent. Henta 14. oktober 2009.
↑ Harris, Craig. «Pete Drake: Biography». Country Music Television. Henta 14. oktober 2009.
↑ Heylin, Bob Dylan: Behind the Shades Revisited, s. 282–288.
↑ Shelton, No Direction Home, s. 395–399.
↑ Gill, My Back Pages, s. 140.
↑ Sounes, Down The Highway: The Life Of Bob Dylan, s. 248–253.
↑ Vites, Paolo. «Bob Dylan's Invisible Republic Intervju med Greil Marcus (Jam magazine)». interferenza.com. Henta 16. oktober 2009.
↑ Male, Andrew (26. november 2007). «Bob Dylan—Disc of the Day: Self Portrait». Mojo. Henta 16. oktober 2009.
↑ Shelton, No Direction Home, s. 482.
↑ Heylin, 2009, Revolution In The Air, The Songs of Bob Dylan: Volume One, s. 391–392.
↑ Heylin, Bob Dylan: Behind the Shades Revisited, pp. 328–331.
↑ Gray, The Bob Dylan Encyclopedia, s. 342–343.
↑ Like a Bullet of Light: The Films of Bob Dylan, s. 66–67.
↑ «Bob Dylan cover versions». Bjorner.com. 16. april 2002. Henta 16. oktober 2009.
↑ 107,0107,1 Sounes, 2001, Down The Highway: The Life Of Bob Dylan, s. 273–274.
↑ Ricks, Dylan's Visions of Sin, s. 453.
↑ Heylin, Bob Dylan: Behind the Shades Revisited, s. 354.
↑ Dylan sin kommentar i heftet til Biograph, 1985, CBS Records.
↑ Heylin, Bob Dylan: Behind the Shades Revisited, s. 358.
↑ Heylin, Bob Dylan: Behind the Shades Revisited, s. 368–383.
↑ Heylin, Bob Dylan: Behind the Shades Revisited, s. 369–387.
↑ Heylin, Bob Dylan: Behind the Shades Revisited, s. 383.
↑ Landau, Jon (13. mars 1975). «Blood On the Tracks review». Rolling Stone. Henta 16. oktober 2009.
↑ «Bob Dylan». Salon.com. 5. mai 2001. Henta 16. oktober 2009.
↑ Hedin, Studio A: The Bob Dylan Reader, s. 109.
↑ «Log of every performance of «Hurricane»». Bjorner's Still on the Road. 20. august 2006. Henta 16. august 2009.
↑ Kokay, Les via Olof Björner (2000). «Songs of the Underground: a collector’s guide to the Rolling Thunder Revue 1975-1976». Henta 16. oktober 2009.
↑ Sloman, Larry (2002). On The Road with Bob Dylan. Three Rivers Press. ISBN 1400045967.
↑ Gray, The Bob Dylan Encyclopedia, s. 579.
↑ Shepard, Rolling Thunder Logbook, s. 2–49.
↑ Heylin, Bob Dylan: Behind the Shades Revisited, s. 386–401,
↑ Gray, The Bob Dylan Encyclopedia, s. 408.
↑ Erlewine, Stephen (12. desember 2002). «Bob Dylan Live 1975—The Rolling Thunder Revue». allmusic. Henta 16. oktober 2009.
↑ Janet Maslin (26. januar 1978). «Renaldo and Clara Film av Bob Dylan». The New York Times. Henta 16. oktober 2009.
↑ Sounes, Down The Highway: The Life Of Bob Dylan, s. 313.
↑ Lee, Like a Bullet of Light: The Films of Bob Dylan, s. 115–116.
↑ «Reviews of The Last Waltz». Metacritic.com. 8. oktober 2007. Henta 16. oktober 2009.
↑ Bream, Jon (22. mai 1991). «50 fascinating facts for Bob Dylan's 50th birthday». Star Tribune. Henta 16. oktober 2009.
↑ Gray, The Bob Dylan Encyclopedia, s. 643.
↑ Heylin, Bob Dylan: Behind the Shades Revisited, pp. 480–481.
↑ Sounes, Down The Highway: The Life Of Bob Dylan, s. 323–337.
↑ Heylin, Bob Dylan: Behind the Shades Revisited, s. 490–526.
↑ Karen Hughes (21. mai 1980). «Karen Hughes Interview, Dayton, Ohio, May 21, 1980». interferenza.com. Henta 16. oktober 2009.
↑ Heylin, Bob Dylan: Behind the Shades Revisited, s. 501–503.
↑ Loder, Kurt (18. september 1980). «Bob Dylan's Saved». Rolling Stone. Henta 16. oktober 2009.
↑ Bjorner (8. juni 2001). «Omaha, Nebraska, January 25, 1981». Bjorner's Still On The Road. Henta 16. oktober 2009.
↑ Sounes, Down The Highway: The Life Of Bob Dylan, s. 334–336.
↑ «First Exhibition of John Lennon's Lyrics "Serve Yourself"—Reply song to Bob Dylan». John Lennon Museum. 20. juli 2005. Henta 16. oktober 2009.
↑ Gray, The Bob Dylan Encyclopedia, s. 215–221.
↑ Gray, Song & Dance Man III: The Art of Bob Dylan, s. 11–14.
↑ Gray, The Bob Dylan Encyclopedia, s. 56–59.
↑ Sounes, Down The Highway: The Life Of Bob Dylan, s. 354–356.
↑ 145,0145,1 Sounes, 2001, Down The Highway: The Life Of Bob Dylan, s. 362. Referansefeil: Ugyldig<ref>
-merke; namnet «Sounes362» er definert fleire gonger med ulikt innhald
↑ Sounes, Down The Highway: The Life Of Bob Dylan, s. 367.
↑ Sounes, Down The Highway: The Life Of Bob Dylan, s. 365–367.
↑ DeCurtis, Anthony (11. september 1986). «Knocked Out Loaded». Rolling Stone. Henta 16. oktober 2009.
↑ Heylin, Bob Dylan: Behind the Shades Revisited, s. 595.
↑ Gray, The Bob Dylan Encyclopedia, s. 95–100.
↑ Stephen Thomas Erlewine (27. juli 1989). «Dylan & The Dead». allmusic.com. Henta 16. oktober 2009.
↑ Sounes, Down The Highway: The Life Of Bob Dylan, s. 376–383.
↑ Heylin, Bob Dylan: Behind the Shades Revisited, s. 599–604.
↑ Springsteen, Bruce (20. januar 1988). «Speech at the Rock and Roll Hall of Fame induction dinner, New York City.». Bartleby.com. Henta 16. oktober 2009.
↑ 155,0155,1 Sounes, Down The Highway: The Life Of Bob Dylan, s. 385.
↑ «Hot Mainstream Rock Tracks: "Silvio"». Billboard. Henta 16. oktober 2009.
↑ Heylin, Bob Dylan: Behind the Shades Revisited, s. 638-640.
↑ DeCurtis, Anthony (21. september 1989). «Bob Dylan: Oh Mercy». Rolling Stone. Henta 16. oktober 2009.
↑ Dylan, Chronicles, Volume One, s. 145–221.
↑ Ricks, Dylan's Visions of Sin, s. 413–20.
↑ Scott Marshall, Restless Pilgrim, s. 103.
↑ Gray, The Bob Dylan Encyclopedia, s. 174.
↑ Sounes, Down The Highway: The Life Of Bob Dylan, s. 391.
↑ «Grammy Lifetime Achievement Award». Grammy.com. Henta 16. oktober 2009.
↑ Heylin, Bob Dylan: Behind the Shades Revisited, s. 664-665.
↑ Gray, The Bob Dylan Encyclopedia, s. 423.
↑ Sounes, Down The Highway: The Life Of Bob Dylan, s. 408–409.
↑ Heylin, Bob Dylan: Behind the Shades Revisited, s. 693.
↑ Drozdowski, Ted (2. januar 2008). «How Dylan's Time Out of Mind Survived Stormy Studio Sessions». Gibson Guitars. Henta 16. oktober 2009.
↑ Sounes, Down The Highway: The Life Of Bob Dylan, s. 420.
↑ Sounes, Down The Highway: The Life Of Bob Dylan, s. 426.
↑ Greg Kot (22. januar 2001). «Time Out of Mind». Rolling Stone. Henta 16. oktober 2009.
↑ «Remarks by the President at Kennedy Center Honors Reception». Clinton White House. 8. desember 1997. Henta 16. oktober 2009.
↑ «Dylan Wins Oscar». Rolling Stone. 26. mars 2001. Henta 16. oktober 2009.
↑ Gray, The Bob Dylan Encyclopedia, s. 556–557.
↑ «Love and Theft». MetaCritic.com. Henta 16. oktober 2009.
↑ «Love og Theft». Entertainment Weekly. 1. oktober 2001. Henta 16. oktober 2009.
↑ A. O. Scott (24. juli 2003). «Times They Are Surreal in Bob Dylan Tale». The New York Times. Henta 16. oktober 2009.
↑ Todd McCarthy (2. februar 2003). «Masked and Anonymous». Variety.com. Henta 16. oktober 2009.
↑ «Masked & Anonymous». The New Yorker. 24. juli 2003. Arkivert frå originalen 2012-06-28. Henta 16. oktober 2009.
↑ Motion, Andrew. «Masked and Anonymous». Sony Classics. Henta 16. oktober 2009.
↑ «Reviews of No Direction Home». Metacritic.com. 31. oktober 2005. Henta 16. oktober 2009.
↑ «No Direction Home: Bob Dylan A Martin Scorsese Picture». PBS. Henta 16. oktober 2009.
↑ «XM Theme Time Radio Hour». XM Satellite Radio. Henta 16. oktober 2009.
↑ «Theme Time Radio playlists». Not Dark Yet. Henta 16. oktober 2009.
↑ Sawyer, Miranda (31. desember 2006). «The Great Sound of Radio Bob». The Observer. Henta 16. oktober 2009.
↑ Watson, Tom (16. februar 2007). «Dylan Spinnin' Those Coool Records». New Critics. Henta 16. oktober 2009.
↑ Hinckley, David (19. april 2009). «Bob Dylan’s Theme Time Radio Hour: His time might be up». New York Daily News. Henta 16. oktober 2009.
↑ Petridis, Alex (8. august 2006). «Bob Dylan's Modern Times». The Guardian. Henta 16. oktober 2009.
↑ «Modern Times». Metacritic. Henta 16. oktober 2009.
↑ «Dylan gets first US number one for 30 years». NME. 7. september 2006. Henta 16. oktober 2009.
↑ «Modern Times, Album of the Year, 2006». Rolling Stone. 16. desember 2006. Henta 16. oktober 2009.
↑ «Modern Times, Album of the Year, 2006». Uncut. 16. desember 2006. Henta 16. oktober 2009.
↑ Gundersen, Edna (1. desember 2006). «Get The Box Set with 'One Push of a Button'». USA Today. Henta 16. oktober 2009.
↑ Hernandez, Eugene (1. september 2007). «Haynes' Dylan Stories Stir Telluride». indieWire. Henta 16. oktober 2009.
↑ «Blanchett wins top Venice Award». BBC News. 9. september 2007. Henta 16. oktober 2009.
↑ 197,0197,1 Todd McCarthy (4. september 2007). «I'm Not There». Variety. Henta 16. oktober 2009.
↑ A. O. Scott (7. november 2007). «I'm Not There». The New York Times. Henta 16. oktober 2009.
↑ «Dylan covered by... very long list.». Uncut. 1. oktober 2007. Henta 16. oktober 2009.
↑ 200,0200,1 Macintyre, James (10. august 2007). «Dylan's drawings to go on display—alongside Picasso's». The Independent. Arkivert frå originalen 2009-10-10. Henta 16. oktober 2009.
↑ «The Drawn Blank Series». Prestel Verlag. 31. oktober 2007. Henta 16. oktober 2009.
↑ «Together Through Life». Amazon. 14. mars 2009. Henta 16. oktober 2009.
↑ Fricke, David (4. mars 2009). «Dylan Records Surprise 'Modern Times' Follow-up». Rolling Stone. Henta 16. oktober 2009.
↑ Flanagan, Bill (16. mars 2009). «Bob Dylan talks about the new album with Bill Flanagan» (PDF). bobdylan.com. Henta 16. oktober 2009.
↑ «Together Through Life». Metacritic. 29. april 2009. Henta 16. oktober 2009.
↑ Fricke, David (13. april 2009). «Together Through Life». Rolling Stone. Henta 16. oktober 2009.
↑ 207,0207,1 Caulfield, Keith (6. mai 2009). «Bob Dylan Bows Atop Billboard 200». Billboard. Henta 16. oktober 2009.
↑ «Dylan is in chart seventh heaven». BBC News. 3. mai 2009. Henta 16. oktober 2009.
↑ «Bob Dylan’s Holiday LP Christmas in the Heart Due October 13th». Rolling Stone. 25. august 2009. Henta 16. oktober 2009.
↑ Carroll, B. Jill (2001). The savage side: reclaiming violent models of God. Lanham, Md: Rowman & Littlefield. s. 374. ISBN 0-7425-1281-9. Henta 16. oktober 2009.
↑ «Christmas In the Heart». Metacritic. 16. oktober 2009. Henta 16. oktober 2009.
↑ Cocks, Jay (14. juni 1999). «The Time 100: Bob Dylan». Time. Arkivert frå originalen 2000-08-18. Henta 16. oktober 2009.
↑ Robertson, Robbie (15. april 2004). «The Immortals—The Greatest Artists of All Time: 2) Bob Dylan». Rolling Stone. Henta 16. oktober 2009.
↑ Dylan, Chronicles, Volume One, s. 243–246.
↑ Dylan, Chronicles, Volume One, s. 281–288.
↑ «Bob Dylan». Britannica Online. Henta 16. oktober 2009.
↑ Fong-Torres, The Rolling Stone Interviews, Vol. 2, s. 424. «Rolling Stone interview (1972)». Bob Dylan Roots. 6. juni 1972. Henta 17. oktober 2009.
↑ Marqusee, Wicked Messenger, s. 139.
↑ Ricks, Christopher (2003). Dylan's Visions of Sin. Penguin/Viking. ISBN 0-670-80133-X.
↑ MacLeod, Donald (13. juli 2004). «Ricks profile: Someone's gotta hold of his art». The Guardian. Henta 17. oktober 2009.
↑ «Finally and Formally Launched as a Candidate for the Nobel Prize for Literature, 1997». expectingrain.com. 24. mai 2002. Henta 17. oktober 2009.
↑ Ball, Gordon (7. mars 2007). «Dylan and the Nobel» (PDF). Oral Tradition. Henta 17. oktober 2009.
↑ «Dylan's Words Strike Nobel Debate». CBS News. 6. oktober 2004. Henta 17. oktober 2009.
↑ Borchert, Thomas (21. september 2009). «Clamour grows for Dylan to be awarded Nobel prize». Monsters & Critics. Arkivert frå originalen 2012-06-28. Henta 17. oktober 2009.
↑ Bono (13. november 2008). «100 Greatest Singers Of All Time: Bob Dylan». Rolling Stone. Henta 17. oktober 2009.
↑ «100 Greatest Singers Of All Time». Rolling Stone. 13. november 2008. Henta 17. oktober 2009.
↑ Gundersen, Edna (17. mai 2001). «Forever Dylan». USA Today. Henta 17. oktober 2009.
↑ «Bob Dylan: His Legacy to Music». BBC News. 29. mai 2001. Henta 17. oktober 2009.
↑ Beatles, (2000), The Beatles Anthology, s. 112–114.
↑ Siegel, Robert (27. juni 2007). «Paul McCartney interview». A.V. Club. Henta 17. oktober 2009.
↑ «Bob Dylan & Neil Young». Thrasher's Wheat — A Neil Young Archive. Henta 7. september 2008.
↑ [7. september 2008http://bartelby.org/66/81/55081.html «Bruce Springsteen on Bob Dylan»] Check|url=
value (hjelp). The Columbia World of Quotations. Bartleby.com. Henta 17. oktober 2009.
↑ «Song for Bob Dylan» på album Hunky Dory, David Bowie, 1971
↑ «Bob Dylan's Blues» av Syd Barrett Paytress, Mark (14. februar 2001). «Syd Barrett song unearthed». Rolling Stone. Henta 17. oktober 2009.
↑ Maes, Maurice (31. desember 2001). «Nick Cave and Bob Dylan». Nick Cave Colector's Hell. Henta 17. oktober 2009.
↑ Time Out-intervju med Patti Smith: "The people I revered in the late ’60s og the early ’70s, their motivation was to do great work og great work creates revolution. The motivation of Jimi Hendrix, Bob Dylan or The Who wasn’t marketing, to get rich, or be a celebrity."«Patti Smith: interview». Time Out. 16. mai 2007. Henta 17. oktober 2009.
↑ «Anything which moves me influences me». CBC Digital Archives. Henta 17. oktober 2009.
↑ Islam, Yusuf; Cat Stevens (2008). «Yusuf Islam Lifeline 1964». Official Website. Henta 17. oktober 2009. Cite uses deprecated parameter|coauthors=
(hjelp)
↑ «Tom Waits on his cherished albums of all time». Observer Music Monthly. Henta 17. oktober 2009.
Bob Dylan | |
---|---|
| |
Studioalbum | |
Konsertalbum | |
Samlealbum | The Best of Bob Dylan (1997) The Best of Bob Dylan (2005) |
The Bootleg Series | |
Piratkopiplater | |
Filmar | |
Bøker | |
Tilknytte artiklar | |
Familie | Sara Dylan (første kone) Carolyn Dennis (andre kone) Jesse Dylan (son) Jakob Dylan (son) |
Kategori |
Traveling Wilburys | |
---|---|
Bob Dylan · George Harrison · Jeff Lynne · Roy Orbison · Tom Petty | |
Studioalbum | Traveling Wilburys Vol. 1 · Traveling Wilburys Vol. 3 |
Veldedigheitsalbum | Nobody's Child: Romanian Angel Appeal |
Samlealbum | The Traveling Wilburys Collection |
Songar og singlar | «Handle with Care» · «Tweeter and the Monkey Man» · «End of the Line» · «Nobody's Child» · «She's My Baby» · «Wilbury Twist» |
Tilknytt | Jim Keltner · Dhani Harrison · Cloud Nine · Mystery Girl · Full Moon Fever · Armchair Theatre |
|