Operativsystem





Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.



Pingvinen Tux er rekna som maskott og symbol for operativsystemet Linux


Eit operativsystem er eit grunnleggjande program som blir køyrd på ei datamaskin. Dette programmet lèt deg køyre andre dataprogram. Eit operativsystem (ofte kalla OS) held orden på dei dataprogram som brukaren køyrer og styrer grunnleggande funksjoner som kontroll over filsystemet på harddisken, skriving til skjerm osb.




Innhaldsliste






  • 1 Ulike operativsystem


  • 2 Bakgrunn


  • 3 Historie


  • 4 Oppbygging


  • 5 Kjelder





Ulike operativsystem |


Det finst mange ulike operativsystem. UNIX er blant de eldste operativsystema som framleis er i bruk. Linux er ein avart av UNIX. Mellom andre UNIX-avarter finn ein Berkeley Software Distribution (BSD) og versjonar av denne som FreeBSD, NetBSD og OpenBSD


Seinare kom òg MS-DOS og DR-DOS der DOS står for Disk Operating System. Det mest brukte operativsystemet i dag er truleg Microsoft Windows i fleire ulike versjonar. IBM hadde ein periode suksess med sitt OS/2, og Macintosh-maskiner brukar Mac OS. Nye Mac’ar køyrer Mac OS X, som er basert på UNIX.


I tillegg til desse, som er de mest kjende, finst det også fleire alternative operativsystem. Mellom desse er BeOS som ikkje lenger blir utvikla. Men det er fleire nye operativsystem under utvikling som er klonar av eller inspirert av BeOS. Eitt av desse er Haiku. Andre alternative operativsystem under utvikling er Syllable og SkyOS.


Også samtidas store teknologiske nyhende mobiltelefonen brukar operativsystem. Tidlegare var desse ganske primitive, men etter kvart som mobilane har vorte kraftigare og fått fleire bruksområde har òg mobiltelefonoperativsystema òg vorte meir utbygde. Dette er særleg noko som har kome med inntoget av fargeskjermen og kameramobilane. Døme på operativsystem for mobil er: Android, Symbian, Windows CE og Linux.



Bakgrunn |


Eit moderne datasystem er bygd opp av komponentar som prosessor, hovudminne, inn- og uteiningar, lagringseiningar med meir. Operativsystemet held styr på komponentane og gjer applikasjonsprogramma tilgang til dei. På denne måten treng ikkje alle programmarar å kjenne til detaljane ved å nytte dei ofte komplekse einingane, eller korleis eit program skal dele desse med andre program. Operativsystemet kan bli sett på som eit lag som skil applikasjonsprogramvara frå den ofte meir komplekse maskinvaren.


Forskjellige datamaskiner nyttar ofte ulike typar maskinvare. Ein applikasjon skriven til ein type datamaskin vil då ikkje nødvendigvis køyre på ein anna. Men eit operativsystem kan nytast til fleire typar maskiner, noko som gjer at operativsystemet verkar som ein felles plattform utviklaren av ein applikasjon kan nytte seg av, utan å tenkje på dei ulike typane maskinvare ulike brukarar har.[1]



Historie |


Verdens fyrste datamaskin, Charles Babbage mekaniske «analytiske maskin» frå 1800-talet, nytta ikkje eit operativsystem. Babbage brukte mesteparten av sitt liv og sin formue på å få denne til å fungere, men utan større suksess, da datidens mekaniske element ikkje hadde presisjonen som skulle til. Etter dette var det lita utvikling fram til rundt andre verdskrig, der mellom anna Howard Aiken, John von Neumann, J. Presper Eckert og William Mauchley i USA og Konrad Zuse i Tyskland laga datamaskiner som fylte heile rom med titusenvis av vakuumrør. Desse datamaskinene blei utvikla, bygga, programmert og drifta av den same gruppa menneskjer, og hadde heller ikkje noko operativsystem å snakke om. All programmering skjedde i maskinspråk, ved å til dømes å plugge inn leidningar i riktige hull. Så å si alle problema desse maskinene løyste bestod av enkel aritmetikk, som til dømes å lage store tabellar av sinus og cosinus.


På 1950-talet blei transistoren utvikla, og bilete endra seg radikalt. No blei det ulike menneskjer som stod for utvikling, bygging, programmering og drift av datamaskinene, og programmer blei lagra på holkort som dei forskjellige utviklarane kunne ta med seg ned i datarommet og køyre. Programmeringsspråk som Fortran dukka òg opp. Sidan mykje tid gjekk med til å bytte holkort, handsama utskrifter og liknande, såg ein snøggt at eit betre system var naudsynt. Ein gjekk over til å lesa inn ein stabel holkort på magnetband, som vart køyrde som datamaskina vart ledig. Ofte var det fleire datamaskiner involvert, éin som kopierte informasjonen frå holkort til magnetband og éin som køyrde programkoden (til dømes IBM 1401 og IBM 7094)[2]




En typisk batchjobb under FMS


Ein typisk jobb er illustrert i figuren til høgre. Den bestod av et innkort, eit kort med instruksjonar om kva som skulle lastast, ei rekke kort som inneheldt programmkode, eit kort som fortalte datamaskina at programmet som akkurat var kompilert skulle lastast inn i minnet, eit kort som fortalte datamaskina at programmet skulle køyre, eit sett kort med data som skulle nyttast under køyringa og eit kort som fortalte at stabelen med kort var slutt. Kontrollkorta kan bli sett på som ein forgjengar til dagens skriptspråk og kommandotolkarar.


Operativsystem på denne typen inkluderte FMS (Fortran Monitor System) og IBSYS, IBM sitt operativsystem for 7094-modellen. [3]



Oppbygging |








Brukargrensesnitt

Programvare

Kjerne

Maskinvare

Eit operativsystem er bygd opp slik som det er vist i figuren til høgre. I botnen ligg Maskinvaren som eigentleg ikkje er ein del av operativsystemet, men som er det operativsystemet opererer på. Heilt på toppen ligg programvaren og vindaugshandsamaren, det programmet som organiserer programma i vindauge og sørgjer for at meir enn eitt program kan synast på skjermen samstundes. Det er desse to delane av systemet som brukaren merkar noko til. I mellom programma og maskinvaren ligg kjernen. Kjernen er den sentrale delen i eit operativsystem, sjølve fundamentet. Det er kjernen som bestemmer korleis programvaren skal ha tilgang til maskinvaren. Den er eit bindeledd mellom maskinvaren og resten av systemet.





Kjelder |




  1. Davis s. 3


  2. Tanenbaum s. 6


  3. Tanenbaum s. 7





Popular posts from this blog

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Slayer Innehåll Historia | Stil, komposition och lyrik | Bandets betydelse och framgångar | Sidoprojekt och samarbeten | Kontroverser | Medlemmar | Utmärkelser och nomineringar | Turnéer och festivaler | Diskografi | Referenser | Externa länkar | Navigeringsmenywww.slayer.net”Metal Massacre vol. 1””Metal Massacre vol. 3””Metal Massacre Volume III””Show No Mercy””Haunting the Chapel””Live Undead””Hell Awaits””Reign in Blood””Reign in Blood””Gold & Platinum – Reign in Blood””Golden Gods Awards Winners”originalet”Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Looks Back On 37-Year Career In New Video Series: Part Two””South of Heaven””Gold & Platinum – South of Heaven””Seasons in the Abyss””Gold & Platinum - Seasons in the Abyss””Divine Intervention””Divine Intervention - Release group by Slayer””Gold & Platinum - Divine Intervention””Live Intrusion””Undisputed Attitude””Abolish Government/Superficial Love””Release “Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer” by Various Artists””Diabolus in Musica””Soundtrack to the Apocalypse””God Hates Us All””Systematic - Relationships””War at the Warfield””Gold & Platinum - War at the Warfield””Soundtrack to the Apocalypse””Gold & Platinum - Still Reigning””Metallica, Slayer, Iron Mauden Among Winners At Metal Hammer Awards””Eternal Pyre””Eternal Pyre - Slayer release group””Eternal Pyre””Metal Storm Awards 2006””Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Bullet-For My Valentine booed at Metal Hammer Golden Gods Awards””Unholy Aliance””The End Of Slayer?””Slayer: We Could Thrash Out Two More Albums If We're Fast Enough...””'The Unholy Alliance: Chapter III' UK Dates Added”originalet”Megadeth And Slayer To Co-Headline 'Canadian Carnage' Trek”originalet”World Painted Blood””Release “World Painted Blood” by Slayer””Metallica Heading To Cinemas””Slayer, Megadeth To Join Forces For 'European Carnage' Tour - Dec. 18, 2010”originalet”Slayer's Hanneman Contracts Acute Infection; Band To Bring In Guest Guitarist””Cannibal Corpse's Pat O'Brien Will Step In As Slayer's Guest Guitarist”originalet”Slayer’s Jeff Hanneman Dead at 49””Dave Lombardo Says He Made Only $67,000 In 2011 While Touring With Slayer””Slayer: We Do Not Agree With Dave Lombardo's Substance Or Timeline Of Events””Slayer Welcomes Drummer Paul Bostaph Back To The Fold””Slayer Hope to Unveil Never-Before-Heard Jeff Hanneman Material on Next Album””Slayer Debut New Song 'Implode' During Surprise Golden Gods Appearance””Release group Repentless by Slayer””Repentless - Slayer - Credits””Slayer””Metal Storm Awards 2015””Slayer - to release comic book "Repentless #1"””Slayer To Release 'Repentless' 6.66" Vinyl Box Set””BREAKING NEWS: Slayer Announce Farewell Tour””Slayer Recruit Lamb of God, Anthrax, Behemoth + Testament for Final Tour””Slayer lägger ner efter 37 år””Slayer Announces Second North American Leg Of 'Final' Tour””Final World Tour””Slayer Announces Final European Tour With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Tour Europe With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Play 'Last French Show Ever' At Next Year's Hellfst””Slayer's Final World Tour Will Extend Into 2019””Death Angel's Rob Cavestany On Slayer's 'Farewell' Tour: 'Some Of Us Could See This Coming'””Testament Has No Plans To Retire Anytime Soon, Says Chuck Billy””Anthrax's Scott Ian On Slayer's 'Farewell' Tour Plans: 'I Was Surprised And I Wasn't Surprised'””Slayer””Slayer's Morbid Schlock””Review/Rock; For Slayer, the Mania Is the Message””Slayer - Biography””Slayer - Reign In Blood”originalet”Dave Lombardo””An exclusive oral history of Slayer”originalet”Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Jeff Hanneman”originalet”Thinking Out Loud: Slayer's Kerry King on hair metal, Satan and being polite””Slayer Lyrics””Slayer - Biography””Most influential artists for extreme metal music””Slayer - Reign in Blood””Slayer guitarist Jeff Hanneman dies aged 49””Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer””Gateway to Hell: A Tribute to Slayer””Covered In Blood””Slayer: The Origins of Thrash in San Francisco, CA.””Why They Rule - #6 Slayer”originalet”Guitar World's 100 Greatest Heavy Metal Guitarists Of All Time”originalet”The fans have spoken: Slayer comes out on top in readers' polls”originalet”Tribute to Jeff Hanneman (1964-2013)””Lamb Of God Frontman: We Sound Like A Slayer Rip-Off””BEHEMOTH Frontman Pays Tribute To SLAYER's JEFF HANNEMAN””Slayer, Hatebreed Doing Double Duty On This Year's Ozzfest””System of a Down””Lacuna Coil’s Andrea Ferro Talks Influences, Skateboarding, Band Origins + More””Slayer - Reign in Blood””Into The Lungs of Hell””Slayer rules - en utställning om fans””Slayer and Their Fans Slashed Through a No-Holds-Barred Night at Gas Monkey””Home””Slayer””Gold & Platinum - The Big 4 Live from Sofia, Bulgaria””Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Kerry King””2008-02-23: Wiltern, Los Angeles, CA, USA””Slayer's Kerry King To Perform With Megadeth Tonight! - Oct. 21, 2010”originalet”Dave Lombardo - Biography”Slayer Case DismissedArkiveradUltimate Classic Rock: Slayer guitarist Jeff Hanneman dead at 49.”Slayer: "We could never do any thing like Some Kind Of Monster..."””Cannibal Corpse'S Pat O'Brien Will Step In As Slayer'S Guest Guitarist | The Official Slayer Site”originalet”Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Kerrang! Awards 2006 Blog: Kerrang! Hall Of Fame””Kerrang! Awards 2013: Kerrang! Legend”originalet”Metallica, Slayer, Iron Maien Among Winners At Metal Hammer Awards””Metal Hammer Golden Gods Awards””Bullet For My Valentine Booed At Metal Hammer Golden Gods Awards””Metal Storm Awards 2006””Metal Storm Awards 2015””Slayer's Concert History””Slayer - Relationships””Slayer - Releases”Slayers officiella webbplatsSlayer på MusicBrainzOfficiell webbplatsSlayerSlayerr1373445760000 0001 1540 47353068615-5086262726cb13906545x(data)6033143kn20030215029