Marvin Gaye
Marvin Gaye | |
Gaye i 1973 | |
Fødd | 2. april 1939(1939-04-02) |
---|---|
Fødestad | Washington, D.C. |
Død | 1. april 1984 (44 år) |
Dødsstad | Los Angeles i California |
Fødenamn | Marvin Pentz Gay Jr. |
Opphav | USA |
Aktiv | 1959–1984 |
Sjanger |
|
Instrument |
|
Stemmetype | tenor |
Tilknytte artistar |
|
Plateselskap |
|
Verka som |
|
Mor | Alberta Gay |
Far | Marvin Gay, Sr. |
Gift med | Anna Gordy Gaye, Denise Gordy |
Born | Nona Gaye |
Prisar | Grammy Lifetime Achievement Award |
Marvin Pentz Gay jr., meir kjend som Marvin Gaye (2. april 1939–1. april 1984)[1] var ein USA-amerikansk songar, låtskrivar og plateprodusent. Gaye var med å forme Motown-stilen i 1960-åra og var den første faste studiomusikaren for studioet, og seinare soloartist, med ei rekkje hittar. Av hittane hans finn ein «Ain't That Peculiar», «How Sweet It Is (To Be Loved By You)» og «I Heard It Through the Grapevine», og duettar med Mary Wells, Kim Weston, Diana Ross og Tammi Terrell. Seinare fekk han kallenamnet «Prinsen av Motown» og «Soulprinsen».
I 1970-åra spelte han inn konseptalbuma What's Going On og Let's Get It On og vart ein av dei første artistane på Motown (i lag med Stevie Wonder) som braut med eit produksjonsselskap.
Dei seinare innspelingane til Gaye inspirerte fleire undersjangrar innan moderne R&B, som quiet storm og neo soul.[2] Etter ei tid i skatteeksil i Europa tidleg i 1980-åra, gav Gaye i 1982 ut den prisvinnande hitten «Sexual Healing» og albumet Midnight Love.
1. april 1984 vart Gaye skoten og drepen av far sin, Marvin Gay Sr., i huset deira i West Adams i Los Angeles.[3][4] Etter han døydde har mange institusjonar gjeve Gaye posthume prisar, som Grammy Lifetime Achievement Award, Rhythm and Blues Music Hall of Fame, Songwriters Hall of Fame og Rock and Roll Hall of Fame.[5]
Innhaldsliste
1 Diskografi
2 Filmar
3 Kjelder
4 Bakgrunnsstoff
Diskografi |
- Studioalbum
The Soulful Moods of Marvin Gaye (1961)
That Stubborn Kinda Fellow (1963)
When I'm Alone I Cry (1964)
Hello Broadway (1964)
How Sweet It Is to Be Loved by You (1965)
A Tribute to the Great Nat «King» Cole (1965)
Moods of Marvin Gaye (1966)
I Heard It Through the Grapevine (1968)
M.P.G. (1969)
That's the Way Love Is (1970)
What's Going On (1971)
Trouble Man (1972)
Let's Get It On (1973)
I Want You (1976)
Here, My Dear (1978)
In Our Lifetime (1981)
Midnight Love (1982)
- Posthume album
Dream of a Lifetime (1985)
Romantically Yours (1985)
Vulnerable (1997)
- Samarbeidsalbum
Together (med Mary Wells) (1964)
Take Two (med Kim Weston) (1966)
United (med Tammi Terrell) (1967)
You're All I Need (med Tammi Terrell) (1968)
Easy (med Tammi Terrell) (1969)
Diana & Marvin (med Diana Ross) (1973)
Filmar |
- 1965: T.A.M.I. Show (dokumentarfilmar)
- 1969: The Ballad of Andy Crocker (fjernsynsfilm)
- 1971: Chrome and Hot Leather (fjernsynsfilm)
- 1973: Save the Children (dokumentarfilm)
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Marvin Gaye» frå Wikipedia på engelsk, den 24. februar 2018.
Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
↑ Simmonds 2008, s. 190–192.
↑ Weisbard, Eric; Marks, Craig (October 10, 1995). Spin Alternative Record Guide (Ratings 1–10) (1st edi. utg.). New York: Vintage Books. s. 202–205. ISBN 0-679-75574-8. OCLC 32508105.
↑ «Marvin Gaye House». Henta June 18, 2012.
↑ Communications, Emmis (January 1998). Dial Them For Murder. Los Angeles Magazine. Henta 24. februar 2018.
↑ «Marvin Gaye Timeline». The Rock and Roll Hall of Fame. January 21, 1987. Henta 24. februar 2018.
Bakgrunnsstoff |
Marvin Gaye på Allmusic
IMDb om Marvin Gaye
Marvin Gaye på Find a Grave
Marvin Gaye intervjua på Pop Chronicles (1969)
|
Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.