Meter over havet

Multi tool use

Morfologisk kart over Alpane der høgdenivå i meter over havet er gjevne med fargar.

Kart over øya Amutka i Alaska der høgd i meter over havet er gjeve med kotar. Tellekotar er påført brune tal, og enkelte punkt er gjeve med svarte tal.
Omgrepet meter over havet (forkorta moh.) vert brukt for å definere høgda til eit punkt i høve til havnivået, målt i meter. Nemninga meter under havet vert på liknande vis nytta om stader som ligg lågare enn havnivået. I somme land er det vanleg å oppgi måla i fot istaden for meter.

Repère Pierre du Niton, avkorta RPN, eit fastmerke på ein steinblokk i hamna i Genéve er referansepunktet for høgdemålingane i Sveits.
På kart er høgda over havet gjerne markert med fargar eller kotar. Høgda til innsjøar, fjell, åsar, søkk i terrenget og andre topografisk interessante punkt kan òg bli markert med tal.
Høgda vert rekna frå middelvasstanden langs kysten på eit fastsett tidspunkt, ein normalnull, som for det nasjonale høgdemålingssystemet i Noreg er året 1954 og knytt til eit fastmerke som finst ved Tregde vasstandsmålar i nærleiken av Mandal. Den høgda dette fastmerket er plassert i, er fastsett i 1954 på grunnlag av ei utjamning av utrekningar av middelvasstanden for vasstandsmålingar gjort frå 18 til 53 år i Oslo, Nevlunghavn, Tregde, Stavanger, Bergen, Kjølsdal og Heimsjø.
Hypsografi er skildringa av høgdeforholda på jorda. Ei hypsografisk kurve er ei grafisk framstilling av korleis arealet på jordoverflata i middel er fordelt på dei ulike høgdenivåa.
Kjelder |
- Hypsografisk kurve. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 21. november 2013 frå http://snl.no/hypsografisk_kurve.
5l8rYIek3TaYa,yzV eVM5wb6a9rrcgb8RtZxL2fQFQKb4EQRX6 dckH,R sPG 0nEdMw1JGpIhtLIft,u84HbNzQOBwX q,bSyg,M6KX776