Michael Brecker























































Michael Brecker
Brecker @ jazz for kerry.jpg
Michael Brecker i juli 2004 under «Jazz for Kerry» på Manhattan.
Fødd
29. mars 1949
Fødestad
Cheltenham i Pennsylvania i USA
Død
13. januar 2007 (57 år)
Dødsstad
New York City i New York i USA
Fødenamn Michael Leonard Brecker
Opphav USA
Aktiv 1969–2007
Sjanger
Jazz, post-bop,[1][2]jazzfusion, funk, R&B, rock
Instrument
tenorsaksofon, EWI
Tilknytte artistar
Steps Ahead, Miles Davis, Charles Mingus, Pat Metheny, Jaco Pastorius, Steely Dan, Todd Rundgren, Horace Silver, Chick Corea, James Taylor, John Abercrombie, Billy Cobham, Herbie Hancock, George Benson, Quincy Jones, Eddie Gomez, Elvin Jones, Joni Mitchell, Parliament-Funkadelic
Plateselskap Impulse Records
Verka som
saksofonisten, komponist

Michael Leonard Brecker (29. mars 1949–13. januar 2007) var ein amerikansk jazz-saksofonisten og komponist. Han vart omtalt som «ein roleg, venleg musikar rekna som den viktigaste tenorsaksofonisten sidan John Coltrane»,[3] og vann 15 Grammy-prisar både som musikar og komponist. Han vart æresdoktor ved Berklee College of Music i 2004,[4] og vart innlemma i Down Beat Jazz Hall of Fame i 2007.


Med broren Randy Brecker studerte han ved Indiana University, før dei flytta til New York City og leia gruppene «Dreams» (1970-71) og Brecker Brothers (1975-82). Utover 80-talet spelte han med ei rekkje av dei leiande artistane i verda som James Taylor, Paul Simon og Joni Mitchell.


Den seinare tida (2001-) tok han del i turneen «Directions in Music» med Herbie Hancock piano, Roy Hargrove trompet, Brian Blade trommer og John Patitucci bass, dei gjesta Moldejazz 2002. Han gav ut Michael Brecker/Pat Metheny Special Quartet frå Kongsberg Jazzfestival (2000). Vidare var han hovudgjest ved Moldejazz 2003 der han innleidde eit lengre samarbeid med Farmers Market, og dessutan spelte med Urban Connection.




Innhaldsliste






  • 1 Biografi


    • 1.1 Tidleg liv og karriere


    • 1.2 Sidemann og leiar


    • 1.3 Seinare karriere




  • 2 Ettermæle


  • 3 Utvald diskografi


    • 3.1 Som leiar


    • 3.2 Som gjesteartist




  • 4 Kjelder


  • 5 Bakgrunnsstoff





Biografi |



Tidleg liv og karriere |


Han var fødd i Philadelphia i Pennsylvania og voks opp i Cheltenham Township, ein lokal forstad. Faren, som var ein amatør-jazzpianist, spelte tidleg jazz for Brecker. Han voks opp som ein del av ein generasjon jazzmusikarar som ikkje såg rock som fienden, men som eit levedyktig musikalsk alternativ. Brecker byrja å studere klarinett, og gjekk over til altsaksofon på skulen, før han slo seg til med tenorsaksofon som hovudinstrument. Han gjekk ut frå Cheltenham High School i 1967 og etter berre eitt år på Indiana University flytta han til New York City i 1969, der han sette seg på kartet som ein dynamisk og spanande jazz-solospelar. Han markerte seg først som 21 åring som medlem av jazz-rockbandet Dreams—eit band der han spelte med den eldre broren, trompetisten Randy Brecker, trombonist Barry Rogers, trommeslagaren Billy Cobham, klaverspelar Jeff Kent og bassist Doug Lubahn. Dreams vart kortvarig, berre eitt år, men Miles Davis vart sett på nokre av konsertane deira før innspelinga hans av Jack Johnson.[5]


Det meste av den tidlege musikken til Brecker var prega vel så mykje av rockegitar, som av R&B-saksofon. Etter Dreams, arbeidde han med Horace Silver og så Billy Cobham før han igjen slo seg saman broren Randy og danna Brecker Brothers. Bandet følgde jazz-rocktrenden på den tida, men med meir fokus på strukturerte arrangement, tyngre rytme og sterkare påverknad frå rock. Bandet heldt i lag frå 1975 til 1982, og hadde musikal suksess.



Sidemann og leiar |


Brecker var etterspurd som soloist og sidemann. Han spelte med band som spelte alt frå standard jazz til standard rock. I alt deltok han på over 700 album, anten som bandmedlem eller som gjesteartist. Han sette merket sitt på mange pop- og rockeinnspelignar som soloist. I 1972 spelte han til dømes på James Taylor-albumet One Man Dog, på songen «Don't Let Me Be Lonely Tonight» i lag med andre akustiske instrument og enkel vokal. I 1975 spelte han med Paul Simon på albumet Still Crazy After All These Years, der soloen på tittelsporet er dominerande. Solane hans er ofte nytta i mellomspelet, eller lagt til som avsluttande del. Denne kombinasjonen av musikalsk struktur og instrumentering er typisk (og til ein viss grad definerande) for denne jazzrockstilen. Andre kjende samarbeid var med Steely Dan, Lou Reed, Donald Fagen, Dire Straits, Joni Mitchell, Eric Clapton, Billy Joel, John Lennon, Aerosmith, Dan Fogelberg, Frank Sinatra, Frank Zappa, Bruce Springsteen og Parliament-Funkadelic.


Brecker spelte òg med leiande jazzmusikarar på denne tida, som Herbie Hancock, Chick Corea, Chet Baker, George Benson, Quincy Jones, Charles Mingus, Jaco Pastorius, McCoy Tyner, Pat Metheny, Elvin Jones og Claus Ogerman.



Seinare karriere |


Tidleg i 1980-pra var han òg medlem av Saturday Night Live Band. Brecker er mellom anna med i bakgrunnen under Eddie Murphy sin James Brown-parodi. Etter ein kort periode som medlem i supergruppa Steps Ahead med Mike Mainieri, spelte Brecker inn eit soloalbum i 1987. Debutalbumet er kalla opp etter han sjølv og består av meir tradisjonell jazz. Her spelar han mellom anna EWI (Electronic Wind Instrument), som Brecker tidlegare hadde nytta i Steps Ahead. I 1987 spelte han det nye albumet sitt på JVC Newport Jazz Festival, og nytta òg her EWI. Brecker heldt fram å spele inn eigne album gjennom 1990- og 2000-åra og vann fleire Grammy-prisar. Solo- og gruppeturneane hans var utselde verda over.[treng kjelde]


Han turnerte i 2001 med gruppa Hancock-Brecker-Hargrove. Denne turneen var tileigna jazzpionerane John Coltrane og Miles Davis. Brecker hylla Coltrane med å spele signaturstykket til Coltrane, «Naima». Denne komposisjonen er eit av dei definitive verka for tenorsaksofon og er ein krevjande solo, som synte dugleiken til Brecker på instrumentet.[treng kjelde] Konsertalbumet frå turneen, Directions in Music: Live At Massey Hall (2002), vann ein Grammy for beste jazzinstrumentalalbum i 2003.


På Mount Fuji Jazz Festival i 2004 opplevde Brecker ein sterk smerte i ryggen. Kort tid etter, i 2005, fekk han diagnosen myelodysplastisk syndrom (MDS). Trass i at det vart leita verda over, klarte ikkje Brecker å finne ein høvande stamcelledonor. I 2005 vart han operert med ein eksperimentell stamcelletransplantasjon. Seint i 2006 verka han å vere betre, men behandlinga synte seg å ikkje vere ein kur. Han heldt den siste konserten sin 23. juni 2006, då han spelte med Hancock i Carnegie Hall.


Den 13. januar 2007, døydde Brecker av leukemi i New York City. Gravferda hans vart halden 15. januar 2007 i Hastings-on-Hudson i New York.



Ettermæle |




Michael Brecker i München i juli 2001.


Den 11. februar 2007, fekk Brecker to posthume Grammy-prisar for albumet i lag med broren Randy frå 2005, Some Skunk Funk.


Den 22. mai 2007, vart den siste innspelinga hans, Pilgrimage, gjeve ut og fekk god kritikk. Det vart innspelt i august 2006 med Pat Metheny på gitar, John Patitucci på bass, Jack DeJohnette på trommer og Hancock og Brad Mehldau på piano. Brecker var kritisk sjuk då det vart spelt inn.[6] Brecker fekk igjen to posthume Gramm-prisar for albumet året etter og fekk dermed i alt 15 Grammy-prisar.



Utvald diskografi |




Michael Brecker i Hamburg (1981)



Som leiar |



  • 1975: Brecker Bros. med Randy Brecker

  • 1983: Cityscape (Michael Brecker & Claus Ogerman) med Marcus Miller, Eddie Gomez, Steve Gadd og Alex Acuña

  • 1983: Steps Ahead med Mike Mainieri, Eddie Gomez, Peter Erskine og Eliane Elias

  • 1987: Michael Brecker med Pat Metheny, Kenny Kirkland, Charlie Haden og Jack DeJohnette

  • 1988: Don't Try This at Home

  • 1990: Now You See It… (Now You Don't)

  • 1992: Return of The Brecker Brothers (Live i Barcelona)

  • 1996: Tales from the Hudson

  • 1998: Two Blocks from the Edge med Joey Calderazzo, James Genus, Jeff «Tain» Watts og Don Alias

  • 1999: Time Is of the Essence med Larry Goldings, Elvin Jones, Jeff «Tain» Watts og Bill Stewart

  • 2003: Wide Angles

  • 2007: Some Skunk Funk med Randy Brecker

  • 2007: Pilgrimage med John Patitucci, Jack DeJohnette, Pat Metheny, Herbie Hancock og Brad Mehldau



Som gjesteartist |



  • 1969 Score - Randy Brecker

  • 1972 Something/Anything? - Todd Rundgren

  • 1973 A Wizard, a True Star - Todd Rundgren

  • 1973 In Pursuit of the 27th Man - Horace Silver

  • 1974 Todd - Todd Rundgren

  • 1974 The Chicago Theme - Hubert Laws (CTI)

  • 1974 Cross Winds av Billy Cobham - Billy Cobham (Atlantic)

  • 1974 Journey – Arif Mardin (Atlantic)

  • 1975 The Rape of El Morro - Don Sebesky (CTI)

  • 1975 Good King Bad - George Benson (CTI)

  • 1975: A Funky Thide of Sings – Billy Cobham

  • 1976 The Main Attraction - Grant Green (Kudu)

  • 1976 End of a Rainbow - Patti Austin

  • 1976 Jaco Pastorius

  • 1976 Hear & Now Don Cherry

  • 1977 Ghost Writer (Garland Jeffreys)

  • 1977 Havana Candy - Patti Austin

  • 1978 Zappa in New York - Frank Zappa

  • 1978 Live at the Bottom Line - Patti Austin

  • 1979 Shadows and Light (Joni Mitchell) med Pat Metheny, Jaco Pastorius, Lyle Mays og Don Alias

  • 1979 In a Temple Garden (Yusef Lateef)

  • 1979 In Out and Around med Mike Nock (p), Mike Brecker (ts) og Al Foster (d)

  • 1980 80/81 - Pat Metheny

  • 1980 Scissors Cut - Art Garfunkel

  • 1981 Three Quartets - Chick Corea

  • 1984 L.A. Is My Lady - Frank Sinatra

  • 1984 Night - John Abercrombie

  • 1985 Mastertouch (Torsten de Winkel (g), med (b), Alphonse Mouzon (dr), Joachim Kühn (p))

  • 1987 Exiles (album) - Dan Fogelberg

  • 1987 The Camera Never Lies - Michael Franks

  • 1988 Times Like These (Gary Burton)

  • 1995 Young Lions & Old Tigers (Dave Brubeck)

  • 1996 The New Standard (Herbie Hancock)

  • 1996 Across America (Art Garfunkel)

  • 1997 West Side Story (Dave Grusin)

  • 1999 The Truth: Heard Live at the Blue Note - Elvin Jones (Half Note)

  • 2001 Hourglass (James Taylor)

  • 2002 Rendezvous in New York med Chick Corea's Three Quartets Band

  • 2002 American Dreams med Charlie Haden

  • 2003 Louis Bellson and His Big Band med Michael Brecker, Randy Brecker, Herb Geller, Benny Bailey, Howard Johnson og Lew Soloff[7]

  • 2004 Live from the Village Vanguard, Vol. 3 med the John Abercrombie Quartet

  • 2004 Horacio Hernandez: Live at the Modern Drummer Festival med Marc Quinones, Michael Brecker, John Patitucci og Hilario Duran

  • 2007 Gil Evans and His Orchestra med Gil Evans, Randy Brecker, Michael Brecker, Lew Soloff, Herb Geller, Mike Mainieri, Howard Johnson og Billy Cobham[8]

  • 2010 Kingston Morning - Dave Eggar



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Michael Brecker» frå Wikipedia på engelsk, den 5. juli 2014.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:





  1. «Michael Brecker 3/29/49 - 1/13/07 | Dusty Wright's Culture Catch». Culturecatch.com. 2007-01-16. Henta 5. juli 2014. 


  2. «Retnings In Music – Michael Brecker/ Herbie Hancock/ Roy Hargrove | Jazzbo Notes». Webcache.googleusercontent.com. 2012-06-09. Henta 5. juli 2014. 


  3. Gans, Charles J. (AP). «Saxophonist Completes Final Pilgrimage". The San Francisco Chronicle. mai 24, 2007. Henta 5. juli 2014.


  4. Small, Mark. «Saxophonist Michael Brecker—11-Time Grammy Winner, Session Player med Jazz and Pop Legends—to Welcome Entering Class, Accept Honorary Doctorate at Berklee College of Music Fall Convocation». Henta 22 august 2012. 


  5. «IN MEMORIUM – MICHAEL BRECKER – Jazz-Rock Artists». Jazz-rock.com. Henta 5. juli 2014. 


  6. Kilgannon, Corey (juni 2, 2007). «''New York Times'' «A Jazzman’s Farewell Album, All Heart and Soul» juni 2, 2007». Nytimes.com. Henta 5. juli 2014. 


  7. «VIEW DVD Listing». View.com. Henta 5. juli 2014. 


  8. «VIEW DVD Listing». View.com. Henta 5. juli 2014. 







Bakgrunnsstoff |



  • Offisiell nettstad

  • Konsertopptak

  • Komplett diskografi

  • Den gamle heimesida

  • The Independent - Obituary





Popular posts from this blog

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Slayer Innehåll Historia | Stil, komposition och lyrik | Bandets betydelse och framgångar | Sidoprojekt och samarbeten | Kontroverser | Medlemmar | Utmärkelser och nomineringar | Turnéer och festivaler | Diskografi | Referenser | Externa länkar | Navigeringsmenywww.slayer.net”Metal Massacre vol. 1””Metal Massacre vol. 3””Metal Massacre Volume III””Show No Mercy””Haunting the Chapel””Live Undead””Hell Awaits””Reign in Blood””Reign in Blood””Gold & Platinum – Reign in Blood””Golden Gods Awards Winners”originalet”Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Looks Back On 37-Year Career In New Video Series: Part Two””South of Heaven””Gold & Platinum – South of Heaven””Seasons in the Abyss””Gold & Platinum - Seasons in the Abyss””Divine Intervention””Divine Intervention - Release group by Slayer””Gold & Platinum - Divine Intervention””Live Intrusion””Undisputed Attitude””Abolish Government/Superficial Love””Release “Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer” by Various Artists””Diabolus in Musica””Soundtrack to the Apocalypse””God Hates Us All””Systematic - Relationships””War at the Warfield””Gold & Platinum - War at the Warfield””Soundtrack to the Apocalypse””Gold & Platinum - Still Reigning””Metallica, Slayer, Iron Mauden Among Winners At Metal Hammer Awards””Eternal Pyre””Eternal Pyre - Slayer release group””Eternal Pyre””Metal Storm Awards 2006””Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Bullet-For My Valentine booed at Metal Hammer Golden Gods Awards””Unholy Aliance””The End Of Slayer?””Slayer: We Could Thrash Out Two More Albums If We're Fast Enough...””'The Unholy Alliance: Chapter III' UK Dates Added”originalet”Megadeth And Slayer To Co-Headline 'Canadian Carnage' Trek”originalet”World Painted Blood””Release “World Painted Blood” by Slayer””Metallica Heading To Cinemas””Slayer, Megadeth To Join Forces For 'European Carnage' Tour - Dec. 18, 2010”originalet”Slayer's Hanneman Contracts Acute Infection; Band To Bring In Guest Guitarist””Cannibal Corpse's Pat O'Brien Will Step In As Slayer's Guest Guitarist”originalet”Slayer’s Jeff Hanneman Dead at 49””Dave Lombardo Says He Made Only $67,000 In 2011 While Touring With Slayer””Slayer: We Do Not Agree With Dave Lombardo's Substance Or Timeline Of Events””Slayer Welcomes Drummer Paul Bostaph Back To The Fold””Slayer Hope to Unveil Never-Before-Heard Jeff Hanneman Material on Next Album””Slayer Debut New Song 'Implode' During Surprise Golden Gods Appearance””Release group Repentless by Slayer””Repentless - Slayer - Credits””Slayer””Metal Storm Awards 2015””Slayer - to release comic book "Repentless #1"””Slayer To Release 'Repentless' 6.66" Vinyl Box Set””BREAKING NEWS: Slayer Announce Farewell Tour””Slayer Recruit Lamb of God, Anthrax, Behemoth + Testament for Final Tour””Slayer lägger ner efter 37 år””Slayer Announces Second North American Leg Of 'Final' Tour””Final World Tour””Slayer Announces Final European Tour With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Tour Europe With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Play 'Last French Show Ever' At Next Year's Hellfst””Slayer's Final World Tour Will Extend Into 2019””Death Angel's Rob Cavestany On Slayer's 'Farewell' Tour: 'Some Of Us Could See This Coming'””Testament Has No Plans To Retire Anytime Soon, Says Chuck Billy””Anthrax's Scott Ian On Slayer's 'Farewell' Tour Plans: 'I Was Surprised And I Wasn't Surprised'””Slayer””Slayer's Morbid Schlock””Review/Rock; For Slayer, the Mania Is the Message””Slayer - Biography””Slayer - Reign In Blood”originalet”Dave Lombardo””An exclusive oral history of Slayer”originalet”Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Jeff Hanneman”originalet”Thinking Out Loud: Slayer's Kerry King on hair metal, Satan and being polite””Slayer Lyrics””Slayer - Biography””Most influential artists for extreme metal music””Slayer - Reign in Blood””Slayer guitarist Jeff Hanneman dies aged 49””Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer””Gateway to Hell: A Tribute to Slayer””Covered In Blood””Slayer: The Origins of Thrash in San Francisco, CA.””Why They Rule - #6 Slayer”originalet”Guitar World's 100 Greatest Heavy Metal Guitarists Of All Time”originalet”The fans have spoken: Slayer comes out on top in readers' polls”originalet”Tribute to Jeff Hanneman (1964-2013)””Lamb Of God Frontman: We Sound Like A Slayer Rip-Off””BEHEMOTH Frontman Pays Tribute To SLAYER's JEFF HANNEMAN””Slayer, Hatebreed Doing Double Duty On This Year's Ozzfest””System of a Down””Lacuna Coil’s Andrea Ferro Talks Influences, Skateboarding, Band Origins + More””Slayer - Reign in Blood””Into The Lungs of Hell””Slayer rules - en utställning om fans””Slayer and Their Fans Slashed Through a No-Holds-Barred Night at Gas Monkey””Home””Slayer””Gold & Platinum - The Big 4 Live from Sofia, Bulgaria””Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Kerry King””2008-02-23: Wiltern, Los Angeles, CA, USA””Slayer's Kerry King To Perform With Megadeth Tonight! - Oct. 21, 2010”originalet”Dave Lombardo - Biography”Slayer Case DismissedArkiveradUltimate Classic Rock: Slayer guitarist Jeff Hanneman dead at 49.”Slayer: "We could never do any thing like Some Kind Of Monster..."””Cannibal Corpse'S Pat O'Brien Will Step In As Slayer'S Guest Guitarist | The Official Slayer Site”originalet”Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Kerrang! Awards 2006 Blog: Kerrang! Hall Of Fame””Kerrang! Awards 2013: Kerrang! Legend”originalet”Metallica, Slayer, Iron Maien Among Winners At Metal Hammer Awards””Metal Hammer Golden Gods Awards””Bullet For My Valentine Booed At Metal Hammer Golden Gods Awards””Metal Storm Awards 2006””Metal Storm Awards 2015””Slayer's Concert History””Slayer - Relationships””Slayer - Releases”Slayers officiella webbplatsSlayer på MusicBrainzOfficiell webbplatsSlayerSlayerr1373445760000 0001 1540 47353068615-5086262726cb13906545x(data)6033143kn20030215029