Simon & Garfunkel
Simon & Garfunkel | |
Konsert i Dublin. | |
Opphav | Forest Hills i Queens i New York City i USA |
---|---|
Aktiv | 1957 til i dag |
Sjanger | Folkrock, verdsmusikk, softrock |
Plateselskap | Columbia |
Medlemmer | Paul Simon Art Garfunkel |
Prisar | Grammy Lifetime Achievement Award, Rock and Roll Hall of Fame |
Simon & Garfunkel er ein amerikansk duo som består av Paul Simon og Art Garfunkel. Dei anna gruppa Tom & Jerry i 1957 og hadde ein liten hit under dette namnet med «Hey, Schoolgirl». Som Simon & Garfunkel vart duoen kjende i 1965 med hitsingelen «The Sounds of Silence». Musikken deira vart nytta i den populære filmen The Graduate, som gjorde at dei vart ytterlegare kjend.
Dei er kjende for dei tette vokalharmoniane og var av dei mest populære artistar i 1960-åra. Av dei største hittane deira finn ein, i tillegg til «The Sounds of Silence», var «Bridge over Troubled Water», «I Am a Rock», «Homeward Bound», «A Hazy Shade of Winter», «Mrs. Robinson», «The Boxer», «Cecilia» og «Scarborough Fair/Canticle». Dei vann fleire Grammy-prisar og er innlemma i Rock and Roll Hall of Fame og Long Island Music Hall of Fame (2007).
Forholdet deira var ikkje alltid det beste og det siste albumet deira, Bridge over Troubled Water, vart utsett fleire gonger på grunn av usemjer, og duoen braut til slutt opp i 1970. Dei har derimot kome saman att fleire gonger sidan den gong for konsertar og turnear. Mellom anna spelte dei i 1981 Central Park i New York, føre eit publikum på om lag ein halv million.
Innhaldsliste
1 Historie
1.1 Tidleg historie
1.2 Første oppløysing
1.3 Suksess
1.4 Andre oppløysing
1.5 Gjenforeiningar
2 Diskografi
2.1 Studioalbum
2.2 Singlar som nådde Billboard Hot 100
3 Kjelder
4 Litteratur
5 Bakgrunnsstoff
Historie |
Tidleg historie |
Paul Simon og Art Garfunkel var nære vener gjennom barndommen og voks begge opp i Forest Hills i Queens i New York, berre nokre få kvartal frå kvarandre. Dei møttest på barneskulen i 1953, då dei begge var med i skodespelet Alice in Wonderland på skulen (Simon som White Rabbit, Garfunkel som Cheshire Cat). Dei var klassekameratar på Parsons ungdomsskule og Forest Hills High School og starta å spele i lag på ungdomsskulen som Tom and Jerry, med Simon som Jerry Landis (eit namn han lånte frå ei jente han gjekk ut med) og Garfunkel som Tom Graph (eit namn han tok fordi han likte å følgje («graphing») hittar på poplistene). Dei starta å skrive sine eigne songar i 1955 og gjorde den første profesjonelle innspelinga si, «Hey, Schoolgirl», for Sid Prosen frå Big Records i 1957. Han vart gjeven ut som singel med songen «Dancin' Wild» som B-side. Singelen selde 100 000 eksemplar og nådde 49. plass på singellista. Både Simon og Garfunkel har innrømt at The Everly Brothers hadde stor innverknad på stilen deira og det er merkbart på mange av dei tidlege songane deira (som «Hey, Schoolgirl»).
Seinare spelte dei hitten på American Bandstand, like etter at Jerry Lee Lewis hadde spelt «Great Balls of Fire».
Dei klarte ikkje å følgje opp suksessen i 1958 og etter high school gjekk duoen på forskjellige college, Simon på Queens College og Garfunkel på Columbia University.
I 1963 sprang dei fram som ein del av visemiljøet i Greenwich Village. Simon, som hadde gjort ferdig college, men som hadde droppa ut av Brooklyn juridiske fakultet, hadde, som Garfunkel, utvikla ei interesse for visemiljøet. Simon viste Garfunkel nokre nye viser han hadde skrive: «Sparrow», «Bleecker Street» og «He Was My Brother», som seinare vart tileigna Andrew Goodman, ein ven av både Simon og Garfunkel og ein klassekamerat av Simon på Queens College, som var ein av tre borgarrettsarbeidarar som vart myrda i Neshoba County i Mississippi den 21. juni 1964.
Desse tre songane var av dei fem originale songane som Simon skreiv for det første albumet deira for Columbia Records, Wednesday Morning, 3 A.M.. Albumet kom ut 19. oktober 1964, men var i starte mislukka.
Første oppløysing |
Kort tid etter at dei hadde spelt inn plata, vart duoen oppløyst og Simon flytta til Storbritannia, der han spelte på Les Cousins og The Troubadour i London og viseklubbar på landet. Medan han var i England spelte han inn soloalbumet The Paul Simon Songbook i 1965. Det vart spelt inn ved tre høve i juni og juli i Levy's Studio i London. Albumet vart gjeven ut som LP, men vart sletta kring 1979 etter ønske frå Simon, før det vart gjeven ut på CD med bonusspor i 2004.[1] Medan han var i London skreiv han fleire songar i lag med Bruce Woodley frå The Seekers, mellom anna «I Wish You Could Be Here», «Cloudy» og «Red Rubber Ball», som vart ein førsteplass i USA for The Cyrkle i 1966.
Medan Simon var i England sommaren 1964, byrja radiostasjonar rundt Cocoa Beach og Gainesville i Florida å motta ønske om å spele ein song frå albumet Wednesday Morning, 3 A.M. kalla «The Sounds of Silence». Songen vart òg stadig spelt på radio i Boston. Den amerikanske produsenten for duoen, Tom Wilson var inspirert av The Byrds sine særs populære elektriske versjonar av Bob Dylan-songar, og nytta studiobandet til Dylan (som hadde spelt i lag med Dylan på den store hitten «Like a Rolling Stone» same året) for å legge på elektriske gitarar, bass og trommer på den originale «Sounds of Silence» og gav han ut som singel med «We've Got a Groovy Thing Goin'».[2] Dette gjorde visa om til ein folkrock-song.
I september 1965 fekk Simon vite at songen hans hadde gått inn på listene i USA, like før han skulle på scenen på ein viseklubb i Danmark. Songen nådde førsteplassen på singellista i USA nyårsdag 1966.
Suksess |
Simon reiste med ein gong attende til USA og duoen starta opp att for å spele inn fleire songar i liknande stil, sjølv om ingen av dei godtok det Wilson hadde gjort med «The Sounds of Silence». Resultatet var fleire folkrock-plater som har halde seg godt innanfor sjangeren. Den 17. januar 1966 gav duoen ut albumet Sounds of Silence, som med hjelp av tittelsporet nådde 21. plass i USA, medan Wednesday Morning, 3 A.M. vart gjeven ut på ny og nådde 30. plass. Av songane på The Paul Simon Songbook vart fleire spelt inn på ny (somme med elektriske instrument) for Sounds of Silence. Desse var «I Am a Rock» (som vart gjeven ut som singel i USA og nådde tredjeplass), «Leaves That Are Green», «April Come She Will», «A Most Peculiar Man» og «Kathy's Song».
Andre hitsinglar følgde, som «Scarborough Fair/Canticle», basert på ein tradisjonell engelsk ballade med arrangementet til Martin Carthy og «Homeward Bound» (5. plass i USA), som omhandla turnelivet Simon hadde hatt i England i 1965. Songen skal visstnok ha vorte skriven då Simon måtte overnatte på ein togstasjon etter å ha mista toget på Widnes Central jernbanestasjon. I dag heng det ein plakett på stasjonen til minne om dette.
Fleire songar frå The Paul Simon Songbook vart spelt inn i lag med nyare songar for albumet Parsley, Sage, Rosemary and Thyme, som kom ut 10. oktober 1966. «Cloudy» var skriven tidlegare i lag med Bruce Woodley, men Woodley er ikkje tilskriven for dette på albumet. Året etter spelte bandet til Woodley, The Seekers songen for albumet deira Seen in Green, der Simon er tilskriven.
Tidleg i 1967 valte Pickwick Records, som hadde rykte for å vere eit selskap av låg kvalitet, å utnytte stjernestatusen duoen hadde fått og gav ut albumet The Hit Sounds of Simon and Garfunkel. Dette albumet inneheld ti songar frå slutten av 1950-åra og tidleg i 1960-åra, som duoen hadde spelt inn medan dei framleis kalla seg Tom & Jerry, mellom anna hitten «Hey, Schoolgirl» og B-sida «Dancin' Wild». Simon & Garfunkel saksøkte så Pickwick fordi selskapet presenterte musikken som noko som nyleg var spelt inn, ikkje som songar skriven og gjeven ut fem år tidlegare. Like etter trekte Pickwick The Hit Sounds of Simon and Garfunkel tilbake frå marknaden.
Den 16. juni 1967 spelte duoen på Monterey Pop Festival. Same året medverka dei stort til filmmusikken til Mike Nichols-filmen The Graduate, som kom ut i januar 1968. Albumet gjekk rett opp til førsteplassen. I følgje ein artikkel i Variety av Peter Bart i 2005, hadde Nichols vorte besett av musikken til Simon and Garfunkel då han filma filmen. Larry Turman, som var produsent for filmen, gjorde ein avtale med Simon om at han skulle skrive tre nye songar for filmen. Då dei var nesten ferdig å redigere filmen hadde Simon berre skrive ein ny song. Nichols bad han om fleire, men Simon, som stadig var på turne, svarte at han ikkje hadde tid. Han spelte då eit par tonar frå ein ny song han arbeidde på; «Han er ikkje for filmen...det er ein song om tidlegare tider, om Mrs. Roosevelt og Joe DiMaggio og slikt.» Nichols gav Simon råd om at «Han er no om Mrs. Robinson, ikkje Mrs. Roosevelt.»[3]
The Graduate vart følgd opp i mars 1968 av Bookends, som omhandlar kompliserte tema som alderdom og tap. Frå albumet fekk dei hitsinglane «A Hazy Shade of Winter», «Fakin' It», «At the Zoo», «America» og ein full versjon av «Mrs. Robinson», den klassiske førsteplassen frå The Graduate. Simon and Garfunkel reiste attende til England hausten 1968 og heldt ein konsert i Kraft Hall som vart sendt på BBC. Her spelte òg Ed Simon, bror til Paul, på instrumentalen «Anji».[4]
I mars 1969 vann «Mrs. Robinson» Grammy-pris som årets plate, medan Simon fekk Grammy for beste filmmusikkalbum.
Andre oppløysing |
I 1969 byrja suksessen til duoen å slite på dei. Garfunkel hadde starta ei skodespelarkarriere og spelte i rolla som Nately i Nichols-filmen Catch-22. Dette medførte at innspelinga av det neste albumet til duoen vart forseinka. Rolla i filmen som Simon opphavleg hadde vorte lovd, vart kutta frå manuskriptet.
Forholdet mellom Garfunkel og Simon vart gradvis dårlegare gjennom turneen deira seint i 1969. 30. november vart det vist klipp frå turneen som ein del av fjernsynsspesialen Songs of America, som mange TV-kanalar nekta å vise på grunn av dei klåre meldingane mot Vietnamkrigen.
Innspelinga av det som vart det siste albumet deira, Bridge over Troubled Water, gjekk ikkje lett føre seg. Albumet skulle visstnok bestå av tolv songar, men duoen klarte ikkje å verte samde om den tolvte songen. Simon nekta å spele inn eit korstykke av Bach som Garfunkel ville ha med, medan Garfunkel nekta å spele inn ein song Simon hadde skrive kalla «Cuba Si, Nixon No». Dei vart ikkje samde, og albumet vart berre gjeven ut med elleve songar.
Bridge over Troubled Water kom ut 26. januar 1970. Tittelsporet, med den svevande vokalen til Garfunkel, vart ein massiv hit og ein av dei mestseljande platene i heile 70-åra. Songen låg på førsteplassen i USA i seks veker og låg langt lengre på lista. Albumet inneheldt tre andre hittar: «El Cóndor Pasa» (18. plass i USA), «Cecilia» (4. plass i USA) og «The Boxer», som nådde sjuandeplassen i 1969, samt ei konsertinnspeling av Everly Brothers sin «Bye Bye, Love» frå ein konsert i 1969.
I mars 1971 vart albumet og singelen kåra til årets album og årets singel på Grammy-utdelinga, og dei vann òg prisar for beste lydteknikar, beste kontemporære song, årets song og beste arrangement for vokalistar. Samleplata deira Greatest Hits i 1972 har seld over 14 millionar eksemplar berre i USA og vart ein ny førsteplass for duoen.
Duoen vart oppløyst i 1970 på grunn av mykje krangling.
Simon heldt fram å skrive musikk og la ut på ei særs suksessrik solokarriere. Han spelte inn fleire klassiske album som There Goes Rhymin' Simon, Still Crazy After All These Years and Graceland, der han samarbeidde med Zulu-koret Ladysmith Black Mambazo.
Garfunkel har òg spelt inn soloplatar, men har òg arbeidd mykje som skodespelar. Det mest kritikarroste albumet hans var frå 1977, Watermark, der neste alle songane var skrivne av Jimmy Webb.
Gjenforeiningar |
Den første gjenforeininga til Simon and Garfunkel kom alt i juni 1972 for ein veldedigheitskonsert i Madison Square Garden for presidentkandidat George McGovern. Den 18. oktober 1975 spelte duoen i den andre epsioden av det nye showet Saturday Night Live. Dei spelte då «The Boxer», «Scarborough Fair» og «My Little Town». Den siste songen var den einaste nye Simon and Garfunkel-innspelinga på fem år, som finst på begge sine soloalbum frå 1975, (Simon sitt Still Crazy After All These Years og Garfunkel sitt Breakaway) og nådde niandeplass i USA.
Simon, i lag med James Taylor, song harmonivokal på Garfunkel si utgåve av Sam Cooke-songen «Wonderful World» på albumet hans Watermark i 1977. Singelen nådde førsteplassen på Billboard Adult Contemporary-lista og 17. plass på poplista. Simon song òg korvokal på songen «In Cars» på Garfunkel-albumet Scissors Cut i 1981.
Simon and Garfunkel kom igjen i saman for ein gratiskonsert i Central Park i New York City den 19. september 1981. Konserten hadde eit publikum på over 500 000 menenske og vart innspelt og gjeven ut som eit konsertalbum. Utgåva deira av «Wake Up Little Susie» vart gjeven ut som singel. Eit videoopptak vart sendt av HBO og seinare gjeven ut på video. Suksessen med Central Park-konserten gjorde at duoen la ut på ein verdsturne i 1982–1983.
Simon and Garfunkel gjekk så i studio for å spele inn det første nye studioalbumet deira på meir enn ti år. Det hadde tittelen Think Too Much og hadde nye songar, som dei mellom anna hadde spelt av på konsertane sine. Musikalske skilnader mellom Simon og Garfunkel, samt at plateselskapet var negative til albumet fordi dei meinte det ikkje høyrdest ut som eit Simon & Garfunkel-album, gjorde at Simon fjerna vokalen til Garfunkel og omarbeidde songane på eiga hand. Han gav det så ut som soloalbumet Hearts and Bones i 1983, noko som førte til at forholdet mellom dei to var kjølig i lang tid framover.
Neste gong dei spelte i lag var i 1990, då dei vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame. Simon and Garfunkel spelte igjen i lag i 1993 for 21 utselde konsertar i New York, der halve showet var Paul Simon solo med bandet sitt, og den andre halvdelen var Simon and Garfunkel. Seinare same året spelte dei nokre veldedigheitskonsertar i lag, mellom anna Bridge School Benefit og ein konsert for United Way Children's Charities i SkyDome i Toronto.
I juli 2002 gav Columbia Legacy ut ei plate med konsertopptak som tidegare ikkje var gjevne ut, Live from New York City, 1967. Han inneheld ei neste komplett innspeling av ein konsert duoen gav i Philharmonic Hall i Lincoln Center i New York City den 22. januar 1967. Albumet inneheld ei utgåve av «A Church Is Burning», ein av songane som opphavleg vart gjeven ut på soloalbumet til Paul Simon frå 1965, The Paul Simon Songbook.
23. februar 2003 spelte Simon and Garfunkel i lag for første gong på over ti år då dei song «The Sound of Silence» under opninga av Grammy-prisen. Før showet fekk duoen Grammy Lifetime Achievement Award. Dei vart introdusert av Dustin Hoffman, som debuterte som skodespelar i The Graduate.
Den gode kjensla dei fekk etter denne framføringa gjorde at dei valte å leggje ut på ein to månader lang turne i USA (og Toronto i Canada). Turneen vart kalla Old Friends og var den første turneen deira på over 20 år. Dei hadde med seg The Everly Brothers som gjesteartistar.
I juni og juli 2004 spelte dei over 25 konsertar i Europa. Turneen enda med ein enorm konsert ved Colosseum i Roma. I følgje borgarmeisteren i Roma var det meir enn 600 000 menneske i publikum, meir enn den kjende Central Park-konserten i 1981.[5][6] Eit konsertalbum og ein DVD frå Old Friends-turneen vart gjeven ut seint i 2004. Denne inneheldt ein «ny» studiosong, «Citizen of the Planet», som var ein av songane frå gjenforeiningsalbumet som aldri vart noko av i 1983.
I 2007 gav Columbia/Legacy ut Live 1969, som inneheld opptak frå turneen deira i 1969. 13. februar 2009 gjenopna Simon og bandet hans legendariske Beacon Theatre i New York, som hadde vore lukka i fleire månader på grunn av renovasjon. Som ekstranummer song Art Garfunkel i lag med Simon på tre songar: «Sound of Silence», «The Boxer» og «Old Friends». I juni og juli 2009 gjorde dei ein turne i Australia, New Zealand og Japan.[7] 29. og 30. oktober 2009 spelte dei på 25-årsjubileumet til Rock and Roll Hall of Fame i Madison Square Garden i New York. Andre artistar som spelte same kveld var Bruce Springsteen & The E Street Band, U2, Metallica, Aretha Franklin, Stevie Wonder og Crosby, Stills & Nash.[8]
Våren 2010 spelte Simon & Garfunkel fleire konsertar i Canada og det nordlege USA.[9]
Diskografi |
Studioalbum |
- 1964: Wednesday Morning, 3 A.M.
- 1966: Sounds of Silence
- 1966: Parsley, Sage, Rosemary and Thyme
- 1968: Bookends
- 1970: Bridge over Troubled Water
Singlar som nådde Billboard Hot 100 |
- 1965: «The Sounds of Silence» (#1) / «We've Got a Groovey Thing Goin'»
- 1966: «Homeward Bound» (#5) / «Leaves That Are Green»
- 1966: «I Am a Rock» (#3)/ «Flowers Never Bend with the Rainfall»
- 1966: «The Dangling Conversation» (#25)/«The Big Bright Green Pleasure Machine»
- 1966: «A Hazy Shade of Winter» (#13) / «For Emily, Whenever I May Find Her»
- 1967: «At the Zoo» (#16) / «The 59th Street Bridge Song (Feelin' Groovy)»
- 1967: «Fakin' It» (#23) / «You Don't Know Where Your Interest Lies»
- 1968: «Scarborough Fair/Canticle» (#11) / «April Come She Will»
- 1968: «Mrs. Robinson» (#1) / «Old Friends» / «Bookends»
- 1969: «The Boxer» (#7) / «Baby Driver» (#101)
- 1970: «Bridge over Troubled Water» (#1) / «Keep the Customer Satisfied»
- 1970: «Cecilia» (#4) / «The Only Living Boy in New York»
- 1970: «El Cóndor Pasa» (#18) / «Why Don't You Write Me»
- 1972: «For Emily, Whenever I May Find Her» (konsertutgåve) (#53) / «America» (#97)
- 1975: «My Little Town» (#9) / «Rag Doll (Art Garfunkel)» / «You're Kind» (Paul Simon)
- 1982: «Wake Up Little Susie» (#27) / «Me and Julio Down by the Schoolyard»
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Simon & Garfunkel» frå Wikipedia på engelsk, den 3. november 2010.
Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
↑ Paul Simon Songbook on Amazon.com confirming re-release date
↑ «The Rolling Stone 500 Greatest Songs of All Time: Sounds of Silence». Rolling Stone. Henta 3. november 2010.
↑ Mrs. Robinson av Simon and Garfunkel Songfacts
↑ Simon and Garfunkel, The Kraft Hall Concert, BBC 1968 på http://www.youtube.com/watch?v=E21lzfpt8Dg&feature=related
↑ Simon & Garfunkel Conquer: Art Garfunkel : Rolling Stone
↑ Paul Simon News on Yahoo! Music
↑ «Australia and New Zealand snare the world's only confirmed concerts for Simon & Garfunkel in 2009».
↑ «The Rock & Roll Hall of Fame celebrates its 25th anniversary with to groundbreaking concerts».
↑ «Simon and Garfunkel Confirm Spring North American Tour».
Litteratur |
- Charlesworth, Chris, The Complete Guide to the Music of Paul Simon og Simon & Garfunkel, Omnibus Press 1996.
Bakgrunnsstoff |
- Offisiell side
- Paul Simon si offisielle side
- Art Garfunkel si offisielle side
- Illustrativ diskografi for Simon & Garfunkel
Intervju (2004) med Art Garfunkel og Paul Simon
Simon & Garfunkel | |
---|---|
Paul Simon · Art Garfunkel | |
Studioalbum | Wednesday Morning, 3 A.M. · Sounds of Silence · Parsley, Sage, Rosemary and Thyme · Bookends · Bridge over Troubled Water |
Konsertalbum | The Concert in Central Park · Live from New York City, 1967 · Old Friends: Live on Stage · Live 1969 |
Andre album | The Graduate · Simon and Garfunkel's Greatest Hits · Collected Works · Old Friends · The Best of Simon and Garfunkel · Tales from New York: The Very Best of Simon & Garfunkel · The Columbia Studio Recordings (1964-1970) · The Essential Simon & Garfunkel |
|