Smoke on the Water














































Smoke on the Water
Singel av Deep Purple
frå albumet Machine Head


B-side
«Smoke on the Water» (live)
(frå Made in Japan)

Utgjeve
mai 1973

Innspelt
desember 1971

Sjanger

Hardrock, heavy metal[1]

Lengd
5:42 (album)
3:54 (singel)

Selskap

EMI (UK)
Warner. Bros (U.S.)

Låtskrivar(ar)

Ritchie Blackmore
Ian Gillan
Roger Glover
Jon Lord
Ian Paice

Produsent

Deep Purple

Deep Purple-kronologi
«Never Before»
(1972)

Smoke on the Water
«Woman from Tokyo»
(1973)




«Smoke on the Water» er ein song av det engelske rockebandet Deep Purple. Songen vart først gjeven ut på albumet Machine Head i 1972. I 2004 var songen rangert på 434. plass på lista til musikkmagasinet Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene,[2] og på 4. plass i Total Guitar si liste over dei beste gitarriffa gjennom tidene,[3] og i mars 2005 på 12. plass på lista til Q magazine over dei 100 beste gitarsongane.[4]




Innhaldsliste






  • 1 Komposisjon


  • 2 Historie


  • 3 Innverknad


    • 3.1 Listeplasseringar


    • 3.2 Coverversjonar




  • 4 I populærkulturen


  • 5 Medverkande


  • 6 Kjelder





Komposisjon |


«Smoke on the Water» er mest kjend for det sentrale temaet, ein «bluesskala»-melodi på fire tonar. Riffet vert spelt på ein Fender Stratocaster elektrisk gitar av Ritchie Blackmore, før ein hi-hat og eit forvrengd orgel kjem inn, så trommer, så elektrisk bass før det første verset startar med Ian Gillan på vokal.










Jon Lord doblar gitardelen på eit Hammond C3 Orgel spelt gjennom ein Marshall-forsterkar, som skapar ein tone som liknar på ein gitar. Blackmore nyttar to fingrar for å plukke strengane[5].



Historie |


Teksten omhandlar ei sann soge. Den 4. desember 1971 hadde Deep Purple reist til Montreux i Sveits for å spele inn eit album med eit mobilt studio (lånt av the Rolling Stones og kjend som Rolling Stones Mobile Studio—kalla «Rolling truck Stones thing» og «the mobile» i teksten) i eit underhaldningskompleks som var ein del av Montreux Casino (kalla «the gambling house» i teksten). Kvelden før innspelinga skulle byrje heldt Frank Zappa og The Mothers of Invention konsert i kasinoet. Under ein synthesizersolo av Don Preston på «King Kong», fyrte ein kar i publikum av eit bluss i taket, som i teksten er nemnd som «some stupid with a flare gun».[6][7] Taket tok fyr og heile kasinokomplekset brann ned, i lag med alt utstyret til the Mothers. «Smoke on the water», som vart tittelen på songen (tilskriven bassgitarist Roger Glover, som har sagt at tittelen kom til han i ein draum nokre dagar seinare), syner ril røyken frå brannen som spreidde seg over Genfersjøen frå det brennande kasinoet som Deep Purple såg frå hotellet sitt. «Funky Claude» som vert nemnd i teksten er Claude Nobs, direktøren for Montreux Jazz Festival som var til stades under brannen.





Claude Nobs (2006), «Funky Claude» som er nemnd i teksten.


Bandet hadde eit dyrt mobilt studio og ingen stad å spele inn albumet, så bandet måtte sjå seg om etter ein annan stad. Nobs fann eit lokalt teater for dei kalla Pavilion, men etter klagar på støy frå naboane, måtte dei finne nok ein ny stad. Men det var i Pavilion at Blackmore første gongen spelte riffet, som fekk namnet Title n°1.


Til slutt tok dei inn på det nesten tomme Montreux Grand Hotel og sette opp studio i ein korridor der. Her spelte dei inn albumet Machine Head.


Den einaste songen frå Machine Head som ikkje vart spelt inn på Grand Hotel var «Smoke on the Water» sjølv, som hadde vorte spelt inn i Pavilion. Teksten til «Smoke on the Water» vart skriven seinare og vokalen vart spelt inn på Grand Hotel.


Det er laga ein skulptur i Montreux til minne om songen (like ved statuen av Freddie Mercury, frontmann i Queen) med namnet til bandet, tittelen på songen og notane av riffet.



Innverknad |


«Smoke on the Water» kom ut på Machine Head, som kom ut tidleg i 1972, men vart ikkje gjeven ut som singel før eit år seinare, i mai 1973. Bandet har sagt at dei ikkje venta at songen skulle verte ein hit, men singelen nådde fjerdeplassen i på singellista i USA sommaren 1973 og andreplassen i Canada, og dreiv albumet inn på Topp 10-lista. Konsertopptak av songen, med utvida samspel mellom Blackmore sin gitar og Jon Lord sitt hammondorgel vart midtpunktet på Deep Purple-konsertane, og ein versjon av songen frå konsertalbumet Made in Japan vart ein liten hit på eigahand i 1973.


Dei som hadde medverka mest til songen spelte songen på sine solokonsertar etter Deep Purple vart oppløyst. Særleg Ian Gillan spelte ein jazz-aktig versjon på sine tidlege solokonsertar. Bandet Gillan nytta ein feedback-fylt versjon, med Bernie Torme på gitar. Songen vart òg spelt på konsertar av Ritchie Blackmore-bandet Rainbow på turneane deira i 1981–83, og igjen etter at Rainbow hadde ein kort periode i lag på midten av 1990-talet.


Under den korte tida Ian Gillan spelte i Black Sabbath i 1983, spelte dei «Smoke on the Water» som ekstranummer. Det er ein av dei få coverversjonane Black Sabbath nokon gong har spelt på konsertane sine.


Songen er populær hos mange som prøver å lære gitar, men Blackmore sjølv har vist at dei fleste som prøver å spele songen spelar han feil.[8]



Listeplasseringar |







































Liste (1977)
Plassering
Canada
2
USA - Billboard Hot 100
4
Austerrike
11
Nederland
11
Tyskland
20
Storbritannia
21
Australia
54
Frankrike
64


Coverversjonar |


Nyinnspelingar av songen er gjort av Ian Gillan, Ritchie Blackmore, Brian May, David Gilmour, Bruce Dickinson, Tony Iommi, Keith Emerson, Chris Squire, Roger Taylor, Paul Rodgers, Bryan Adams og Alex Lifeson, for Rock Aid Armenia.


Songen er spelt av mange band, som Black Sabbath, Soulfly, Metalium, Acid Drinkers, Crash, Nash the Slash, Angra, Sepultura,Iron Maiden, G3, «Weird Al» Yankovic, Pat Boone, Uwe Schmidt, CJ Crew and The Firelighters Showgroup og Carlos Santana.



I populærkulturen |


I 1994 samla 1322 gitaristar seg i Vancouver i Canada for å spele det verdskjende riffet samstundes for ei plassering i Guinness Rekordbok. Den 3. juni 2007 vart denne rekorden slått i Kansas City i USA med 1721 gitaristar[9] og berre 20 dagar seinare i den tyske byen Leinfelden-Echterdingen av gruppa 'Party Blues In Bb' med over 1800 andre folk involvert.[10] Denne rekorden vart igjen slått 1. mai 2009 i Wrocław i Polen, då 6 346 gitaristar spelte songen, i lag med Deep Purple-gitarist Steve Morse, under Thanks Jimi Festival.[11][12]


Songen er nytta i fleire videospel, som Guitar Hero, Guitar Hero II, Guitar Hero: Smash Hits og Rock Band 3 , samt SingStar Rocks! og Daigasso! Band Brothers.



Medverkande |




  • Ritchie Blackmore – gitarar


  • Ian Gillan – vokal


  • Roger Glover – bassgitar


  • Jon Lord – hammondorgel


  • Ian Paice – trommer



Kjelder |





  • Denne artikkelen bygger på «Smoke on the Water» frå Wikipedia på engelsk, den 3. juni 2012.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:



  • Christe, Ian (2003). Sound of the Beast: The Complete Headbanging History of Heavy Metal. HarperCollins. ISBN 0-380-81127-8


  • Smoke On The Water - the story Deep-Purple.net.





  1. Christe (2003), pg. 13, « Though Deep Purple's «Smoke on the Water» was a bona fide metal anthem and the first basic riff of a longhairded guitarist's repertoire, the band did not consider itself heavy metal.»


  2. 500 Greatest Songs of All Time: Deep Purple, 'Smoke on the Water' Rolling Stone.


  3. Guns N' Roses top rock riff poll, BBC News, 2 May 2004 


  4. Tracks 100 Greatest Guitar Tracks Ever! Q Magazine.


  5. Classic Albums - Machine Head. BBC. 


  6. "The Real Frank Zappa Book» by Frank Zappa with Peter Occhiogrosso, pg. 112, ISBN 0-671-63870-X


  7. "Bang Your Head» by David Konow, page 26, ISBN 0-609-80732-3


  8. Youtube video of Ritchie talking about the riff


  9. Spread Firefox, Crazy Records


  10. «Die Geschichte des Gitarrenweltrekords». Henta 28. mai 2012. 


  11. «Official Steve Morse Blog». Henta 28. mai 2012. 


  12. «"Thanks Jimi Festival» 2009 and Gitar Guinness Record». Henta 28. mai 2012. 
























Popular posts from this blog

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Slayer Innehåll Historia | Stil, komposition och lyrik | Bandets betydelse och framgångar | Sidoprojekt och samarbeten | Kontroverser | Medlemmar | Utmärkelser och nomineringar | Turnéer och festivaler | Diskografi | Referenser | Externa länkar | Navigeringsmenywww.slayer.net”Metal Massacre vol. 1””Metal Massacre vol. 3””Metal Massacre Volume III””Show No Mercy””Haunting the Chapel””Live Undead””Hell Awaits””Reign in Blood””Reign in Blood””Gold & Platinum – Reign in Blood””Golden Gods Awards Winners”originalet”Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Looks Back On 37-Year Career In New Video Series: Part Two””South of Heaven””Gold & Platinum – South of Heaven””Seasons in the Abyss””Gold & Platinum - Seasons in the Abyss””Divine Intervention””Divine Intervention - Release group by Slayer””Gold & Platinum - Divine Intervention””Live Intrusion””Undisputed Attitude””Abolish Government/Superficial Love””Release “Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer” by Various Artists””Diabolus in Musica””Soundtrack to the Apocalypse””God Hates Us All””Systematic - Relationships””War at the Warfield””Gold & Platinum - War at the Warfield””Soundtrack to the Apocalypse””Gold & Platinum - Still Reigning””Metallica, Slayer, Iron Mauden Among Winners At Metal Hammer Awards””Eternal Pyre””Eternal Pyre - Slayer release group””Eternal Pyre””Metal Storm Awards 2006””Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Bullet-For My Valentine booed at Metal Hammer Golden Gods Awards””Unholy Aliance””The End Of Slayer?””Slayer: We Could Thrash Out Two More Albums If We're Fast Enough...””'The Unholy Alliance: Chapter III' UK Dates Added”originalet”Megadeth And Slayer To Co-Headline 'Canadian Carnage' Trek”originalet”World Painted Blood””Release “World Painted Blood” by Slayer””Metallica Heading To Cinemas””Slayer, Megadeth To Join Forces For 'European Carnage' Tour - Dec. 18, 2010”originalet”Slayer's Hanneman Contracts Acute Infection; Band To Bring In Guest Guitarist””Cannibal Corpse's Pat O'Brien Will Step In As Slayer's Guest Guitarist”originalet”Slayer’s Jeff Hanneman Dead at 49””Dave Lombardo Says He Made Only $67,000 In 2011 While Touring With Slayer””Slayer: We Do Not Agree With Dave Lombardo's Substance Or Timeline Of Events””Slayer Welcomes Drummer Paul Bostaph Back To The Fold””Slayer Hope to Unveil Never-Before-Heard Jeff Hanneman Material on Next Album””Slayer Debut New Song 'Implode' During Surprise Golden Gods Appearance””Release group Repentless by Slayer””Repentless - Slayer - Credits””Slayer””Metal Storm Awards 2015””Slayer - to release comic book "Repentless #1"””Slayer To Release 'Repentless' 6.66" Vinyl Box Set””BREAKING NEWS: Slayer Announce Farewell Tour””Slayer Recruit Lamb of God, Anthrax, Behemoth + Testament for Final Tour””Slayer lägger ner efter 37 år””Slayer Announces Second North American Leg Of 'Final' Tour””Final World Tour””Slayer Announces Final European Tour With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Tour Europe With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Play 'Last French Show Ever' At Next Year's Hellfst””Slayer's Final World Tour Will Extend Into 2019””Death Angel's Rob Cavestany On Slayer's 'Farewell' Tour: 'Some Of Us Could See This Coming'””Testament Has No Plans To Retire Anytime Soon, Says Chuck Billy””Anthrax's Scott Ian On Slayer's 'Farewell' Tour Plans: 'I Was Surprised And I Wasn't Surprised'””Slayer””Slayer's Morbid Schlock””Review/Rock; For Slayer, the Mania Is the Message””Slayer - Biography””Slayer - Reign In Blood”originalet”Dave Lombardo””An exclusive oral history of Slayer”originalet”Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Jeff Hanneman”originalet”Thinking Out Loud: Slayer's Kerry King on hair metal, Satan and being polite””Slayer Lyrics””Slayer - Biography””Most influential artists for extreme metal music””Slayer - Reign in Blood””Slayer guitarist Jeff Hanneman dies aged 49””Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer””Gateway to Hell: A Tribute to Slayer””Covered In Blood””Slayer: The Origins of Thrash in San Francisco, CA.””Why They Rule - #6 Slayer”originalet”Guitar World's 100 Greatest Heavy Metal Guitarists Of All Time”originalet”The fans have spoken: Slayer comes out on top in readers' polls”originalet”Tribute to Jeff Hanneman (1964-2013)””Lamb Of God Frontman: We Sound Like A Slayer Rip-Off””BEHEMOTH Frontman Pays Tribute To SLAYER's JEFF HANNEMAN””Slayer, Hatebreed Doing Double Duty On This Year's Ozzfest””System of a Down””Lacuna Coil’s Andrea Ferro Talks Influences, Skateboarding, Band Origins + More””Slayer - Reign in Blood””Into The Lungs of Hell””Slayer rules - en utställning om fans””Slayer and Their Fans Slashed Through a No-Holds-Barred Night at Gas Monkey””Home””Slayer””Gold & Platinum - The Big 4 Live from Sofia, Bulgaria””Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Kerry King””2008-02-23: Wiltern, Los Angeles, CA, USA””Slayer's Kerry King To Perform With Megadeth Tonight! - Oct. 21, 2010”originalet”Dave Lombardo - Biography”Slayer Case DismissedArkiveradUltimate Classic Rock: Slayer guitarist Jeff Hanneman dead at 49.”Slayer: "We could never do any thing like Some Kind Of Monster..."””Cannibal Corpse'S Pat O'Brien Will Step In As Slayer'S Guest Guitarist | The Official Slayer Site”originalet”Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Kerrang! Awards 2006 Blog: Kerrang! Hall Of Fame””Kerrang! Awards 2013: Kerrang! Legend”originalet”Metallica, Slayer, Iron Maien Among Winners At Metal Hammer Awards””Metal Hammer Golden Gods Awards””Bullet For My Valentine Booed At Metal Hammer Golden Gods Awards””Metal Storm Awards 2006””Metal Storm Awards 2015””Slayer's Concert History””Slayer - Relationships””Slayer - Releases”Slayers officiella webbplatsSlayer på MusicBrainzOfficiell webbplatsSlayerSlayerr1373445760000 0001 1540 47353068615-5086262726cb13906545x(data)6033143kn20030215029