Napoleon Murphy Brock
Napoleon Murphy Brock | |
Zappa Plays Zappa i 2006. | |
Fødd | 7. juni 1945 (73 år) |
---|---|
Fødenamn | Napoleon Murphy Brock |
Opphav | USA |
Sjanger | Eksperimentell musikk, rock, R&B, jazz, pop |
Instrument | Vokal, saksofon, fløyte, klarinett, gitar, synthesizerbass, Fender Rhodes |
Tilknytte artistar | Frank Zappa, Zappa Plays Zappa, George Duke, Captain Beefheart, The Grandmothers of Invention[1] |
Verka som | Musikar, låtskrivar, plateprodusent |
Prisar | Grammy Award for Best Rock Instrumental Performance |
Napoleon Murphy Brock (fødd 7. juni 1945) er ein amerikansk songar, saksofonist og fløytespelar som er mest kjend for arbeidet sitt med Frank Zappa i 1970-åra, inkludert albuma One Size Fits All, Roxy and Elsewhere og Bongo Fury. Mellom anna kan ein høyre stemma hans på songane «Village of the Sun» og «Florentine Pogen».
Innhaldsliste
1 Karriere
2 Filmar
3 Diskografi
3.1 Soloalbum
3.2 Med Frank Zappa
3.3 Med George Duke
4 Kjelder
5 Bakgrunnsstoff
Karriere |
Napoleon Murphy Brock starta musikkarrieren sin i San Francisco South Bay Area seint i 1960-åra med eit band han organiserte kalla Communication Plus. Han var frontmannen og låtskrivaren og arrangerte songar som vart sterkt inspirert av R&B. Han spelte òg saksofon og fløyte. Han spelte i forskjellige lokale klubbar som The Brass Rail, The Mecca og Gary R. Schmidt's, The Odyssey Room. Han vart oppdaga då han spelte for eit danseband på Hawaii tidleg i 1970-åra av turnémanageren til Zappa. Med press frå George Duke og Jean-Luc Ponty vart Brock overtydd til å bli med i bandet som vokalist.[2]
Av dei mange framførignane til Napoleon med Zappa finn ein rolla som «Evil Prince» på albumet Thing-Fish. Han har òg spelt med George Duke, Captain Beefheart og i nyare tid med Neonfire og Robert Kramer. Han spelar ofte på Zappanale.
Brock er med i filmen Rock School frå 2005, ein dokumentar om The Paul Green School of Rock Music.
I 2006 turnerte han med sonen til Frank Zappa, Dweezil i bandet Zappa Plays Zappa.[3] Han har òg spelt mykje med andre Zappa-musikarar som Ike Willis og Andre Cholmondeley på Project/Object.
I nyare tid har han fronta Grande Mothers Re-Invented i lag med Roy Estrada og Don Preston (frå Mothers of Invention).
I 2003 gav han ut albumet Balls.
Filmar |
Brock har delte i fleire dokumentar og filmar av Zappa, som
Baby Snakes (bakgrunn)- The Dub Room Special
- A Token of His Extreme
The Amazing Mr. Bickford (på ein fjernsynsskjerm i bakgrunnen)
The True Story of Frank Zappa's 200 Motels (bakgrunnen)
Diskografi |
Soloalbum |
År | Album | Instrument |
---|---|---|
2002 | Balls | Flute, piano, klaverinstrument, altsaksofon, tenorsaksofon, vokal, plystring, produsent, harmonivokal, Fender Rhodes, synthesizerbass, skrik |
Med Frank Zappa |
År | Album | Instrument |
---|---|---|
1974 | Apostrophe (') | Saksofon, vokal |
1974 | Roxy & Elsewhere | Tenor saksofon, fløyte, solovokal, medlåtskrivar på «Dummy Up» |
1975 | One Size Fits All | Fløyte og tenorsaksofon, solovokal på «Florentine Pogen» og «Andy», korvokal på andre songar, fløyte på «Inca Roads» |
1975 | Bongo Fury | Saksofon, vokal |
1976 | Zoot Allures | Saksofon, vokal |
1979 | Sleep Dirt | Saksofon |
1979 | Sheik Yerbouti | Saksofon, vokal, korvokal |
1984 | Them or Us | gitar, saksofon, vokal, harmonivokal |
1984 | Thing-Fish | Saksofon, vokal, rolle |
1988 | You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 1 | Saksofon, vokal |
1988 | You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 2 | Saksofon, vokal |
1989 | You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 3 | Saksofon, vokal |
1991 | You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 4 | Saksofon, vokal |
1991 | You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 6 | Saksofon, vokal |
1996 | Frank Zappa Plays the Music of Frank Zappa: A Memorial Tribute | |
1997 | Have I Offended Someone? |
Med George Duke |
År | Album | Instrument | |
---|---|---|---|
1976 | Liberated Fantasies | Vokal | |
1978 | Don't Let Go | Vokal | |
1979 | Follow the Rainbow | Vokal | |
1979 | Master of the Game | Vokal |
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Napoleon Murphy Brock» frå Wikipedia på engelsk, den 7. juni 2014.
Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
↑ Planetzappa interview
↑ «Project/Object Lessons Zappa Veterans Keep Rock Iconoclast's Music Alive.». Albany Times Union (Albany, NY). oktober 24, 2002. Arkivert frå originalen 2013-01-25.Zappa wanted Brock to be solovokalist. Brock wasn't interested -- until he found out jazz musikars George Duke and Jean-Luc Ponty were also in the band
↑ «Napoleon Murphy Brock recalls Zappa on 27-mai-2007». Archive.org. Henta 24. mai 2014.
Bakgrunnsstoff |
- Offisiell nettstad
IMDb om Napoleon Murphy Brock
Napoleon Murphy Brock på Allmusic
|