Surnadal kommune


































































Surnadal kommune

kommune





kommunevåpen


Land

Flag of Norway.svg Noreg

Fylke

Møre og Romsdal


Adm.senter

Skei

Areal
1 365 km²
 - land
1 322 km²
 - vatn
43 km²

Folketal
5 978 (1. januar 2018)
Folketettleik

5 / km²



Målform
nynorsk

Ordførar
Lilly Gunn Nyheim (Ap)


Kommunenr.
1566




NO 1566 Surnadal.svg




Wikimedia Commons: Surnadal

Nettstad: www.surnadal.kommune.no


Surnadal er ein kommune på Nordmøre i Møre og Romsdal. Kommunen grensar til Halsa og Hemne i nord, Rindal i aust, og Sunndal i sør. Over fjorden ligg Tingvoll kommune.


Surnadal kommune ligg ved foten av Trollheimen. Han er sett saman av fleire dalar, med Surnadalen som den viktigaste. Dei mindre dalane er Bæverfjord, Bæverdalen, Bøfjorden, Østbødalen, Søyådalen, Todalen, Kvanne og Stangvik.


Frå Surnadal strekkjer det seg fleire seter- og fjelldalar langt inn i sentrum av Trollheimen. Det høgaste fjellet her er Snota, 1668 moh. Elva Surna renn gjennom Surnadal frå Rindal og vestover. Her blir elva forma i det største deltaområdet i Nord-Europa før ho renn ut i Surnadalsfjorden[treng kjelde]. Surna er rik på laks og er eit trekkplaster for bygda.


Det milde klimaet og jordsmonet gjer Surnadal til ein god jordbrukskommune. Økonomien er bygd på jordbruk, skogsdrift, industri og meir. Administrasjonssentrumet heiter Skei.
Surnadal har ferjesamband med Sunndal over Kvanne–Rykkjem, og riksveg 65 går til Trondheim.


Surnadal er heimbygda til den nasjonalkjende diktaren Hans Hyldbakk, som har vore med på å gje bygda sterke kulturtradisjonar.




Innhaldsliste






  • 1 Folketalsutvikling


  • 2 Kjende personar frå Surnadal


  • 3 Bilete


  • 4 Kjelder


  • 5 Bakgrunnsstoff





Folketalsutvikling |


Folketalsutvikling for noverande Surnadal kommune frå 1920:



























1.12.1920[1]
1.12.1930[2]
3.12.1946[2]
1.1.1951[3][4][5]
1.1.1961[3]
1.1.1971[3]
1.1.1981[3]
1.1.1991[3]
1.1.2001[3]
1.1.2010[3]
5887a
6135a
6703a
6760a
6554a
5979
6259
6391
6248
5956


aTalet omfattar krinsen Ålvundfjord og grendene Åsprong og Sandnes, som var del av gamle Stangvik kommune fram til kommunesamanslåinga i 1965. Ålvundfjord vart då overført til Sunndal kommune og Åsprong og Sandnes til Tingvoll kommune. Desse områda hadde då 534 innbyggjarar til saman.


Kjende personar frå Surnadal |




  • Henning Sommerro, (1952- ), musikar, komponist og musikklærar.


  • Hans Hyldbakk, (1898–2001), diktar og bygdebokforfattar


  • Ole Andreas Lindeman, (1769–1857), organist og musikkpedagog


  • Hallvard Ørsal, (1876-1943), spelemann


  • Trygve Brøske, (1973- ), pianist og komponis


  • Kaare Espolin Johnson, (1907–1994), biletkunstnar og illustratør.



Bilete |




Kjelder |





  1. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)


  2. 2,02,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)


  3. 3,03,13,23,33,43,53,6 Folkemengd i Surnadal 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå


  4. Folkemengd i Stangvik 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå


  5. Folkemengd i Åsskard 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå




Bakgrunnsstoff |


  • Surnadal kommune




















Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum