Stroma i Skottland
Stroma | |
|---|---|
| Geografi | |
| Stad | Atlanterhavet |
| Koordinatar | Koordinatar:
|
| Areal | 3,75 km²
|
| Høgaste punkt | Cairn Hill (53 moh.)
|
| Administrasjon | |
| Land | Skottland |
| Region | Highland |
| Største busetnad | Uppertown (fråreist)
|
| Demografi | |
| Folketal | 0
|
Stroma er ei utanfor nordkysten av Skottland. Ho er den sørlegaste av to øyar i Pentland Firth mellom Orknøyane og Caithness. Ho høyrer til Caithness (i dag i regionen Highland), medan naboøya Swona i nord høyrer til Orknøyane. Namnet har norrønt opphav og tyder «Straumøy». Det står eit fyr nord på øya for åtvare skip om dei sterke tidvasstraumane og malstraumane i området. Øya var ein gong busett, men er i dag folketom.
Stroma er om lag 3,5 km lang og 1,5 km brei. Det høgaste punktet på øya er Cairn Hill på 53 meter over havet.
Innhaldsliste
1 Busetnad
2 Farlege straumar
3 Kjelder
4 Bakgrunnsstoff
Busetnad |
Kvelvet og dueslag på Stroma
Tidlegare hadde Stroma rundt 550 innbyggjarar, men i 1901 hadde dette falle til rundt 375. Folketalet heldt fram å falle utover 1900-talet og dei siste to familiane forlet øya i 1962.
I dag finst mange forfalne hus på øya. Midt på øya står ei kyrkje og eit klokketårn. I dag vert øya nytta til sauehald.
Farlege straumar |
The Gloup på Stroma
Øya ligg midt i dei kraftige tidvasstraumane i Pentland Firth. Straumen på nordsida av øya vert kalla The Swilkie, og kan verte særleg kraftig. Ein malstraum med same namn i denne straumen vart i følgje ei vikingsegn skapt av havkongen Mysing. Han stal ei magisk handkvern frå kong Frode, men landområdet til Mysing sokk i havet nær Stroma på grunn av vekta til kverna. Kverna kvernar derimot enno salt på botn av havet og skapar malstraumen på overflata og gjer at havet er salt.[1]
Det finst om lag seksti kjende skipsvrak rundt Stroma. Det siste forliset var den danske lastebåten «Bettina Danica» som forliste i 1994.[2] Ingen liv gjekk tapt i forliset.
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Stroma, Scotland» frå Wikipedia på engelsk, den 22. mars 2010.
Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
↑ The Masks of Odin av Elsa-Brita Titchenell, Kapittel 20 Grottasongr - 'The Song of the Mill'.
↑ Caithness.org archive
Bakgrunnsstoff |
- Stroma
- Flyfoto av Stroma
Øyar i Skottland | ||
|---|---|---|
| Northern Isles | Shetland · Øyar i Shetlandsøyane · Orknøyane · Øyar i Orknøyane | |
| Hebridane | Ytre Hebridane · Øyar i Ytre Hebridane · Indre Hebridane · Øyar i Indre Hebridane · St Kilda | |
| Andre | Øyar i Firth of Clyde · Øyar i Firth of Forth | |
|