Assasinar






Kunstnerisk attgjeving av Hassan-i Sabbah.


Assasinarane er den etablerte nemninga på tilhengarane av Hassan-i Sabbah, grunnleggjaren av ei Nazari-grein av ismailiretninga av sjiaislam. Namnet er ei europeisering av det arabiske hashshashin, som sekta vart kalla av motstandarar, og som er trudd å vere opphavet til det latinske ordet assassin, snikmordar.




Innhaldsliste






  • 1 Opphavet til namnet


  • 2 Historie og verksemd


  • 3 Sjå òg


  • 4 Kjelder





Opphavet til namnet |


Sekta refererte til seg sjølv som al-Då'wa al-Jadīdå (arabisk الدعوة الجديدة), som tyder nytt kall (til konvertering) i motsetnad til Fatimide-kalifatet sitt gamle kall til konvertering. Det finst difor ei rekkje teoriar om opphavet til hashshashin-namnet. Den utbreidde orientalistiske segna om opphavet til kallenamnet er at det stammar frå hash-ishiyun, hasj-røykar, fordi medlemmane skal ha kome i ekstase med hjelp av dette rusmiddelet. Det er likevel ingen kjelder som tyder på at gruppa brukte psykoaktive stoff, og ein meir plausibel tolking kan difor vere at det var eit nedsettande uttrykk brukt i forståinga av at dei oppførte seg galne, som om dei var påverka av hasj. Ei allmenn motstridande teori om opphavet til kallenamnet er at det heilt enkelt tyder tilhengjarar av Hassan, etter namnet på leiaren til gruppa.



Historie og verksemd |


Leiaren av sekta, misjonæren Hassan-i Sabbah (ca.1050-1124), budde på fjellfestninga Alamut (Ørnereiret) i Persia. Sekta, som ikkje hadde høve til å reise ein konvensjonell hær, fremja dei religiøse-politiske måla sine med snikmord (derfor assassin), truslar og intrigar. Dei vart med tida kjent som ein av dei dugelegaste spionane i historia og leigemordarar, og dei opererte i mange land. Dei hadde tyding under det tredje krosstoget i 1194, og Rikard Løvehjarte skal etter sigande ha hyra dei for å ta livet av Konrad av Montferrat. Krossfararane kalla leiaren i Syria for Den gamle på fjellet. Det vert trudd at det er frå desse eller Marco Polo at orda assassin har kome inn i det latinske språket.


Mongolane og mamelukkane knuste sekta i løpet av 1200-talet, men dei har dei religiøse etterfølgjarane sine i ismaili-muslimar i ei rekkje land, seinast leia av Aga Khan IV, den 49. imamen deira.



Sjå òg |



  • Sjiaislam

  • Attentat

  • Ninja



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Assasiner» frå Wikipedia på bokmål, den 21. mai 2014.





Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum