Lionel Messi
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Lionel Andrés Messi | ||
Fødd | 24. juni 1987 (32 år) | ||
Fødestad | Rosario | ||
Høgd | 169 cm | ||
Posisjon | Ving /spiss | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Barcelona | ||
Nummer | 10 | ||
Ungdomsklubbar | |||
1995-2000 2000-04 | Newell's Old Boys Barcelona | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
2004-05 2004- | Barcelona B Barcelona | 22 (6) 406 (369) | |
Landslag | |||
2005- | Argentina | 123 (61) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 11. november 2017 ‡ Landslagsmål oppdatert 11. november 2017 |
Lionel Andrés Messi (fødd 24. juni 1987 i Rosario i Santa Fe-provinsen) er ein argentinsk fotballspelar som spelar som angrepsspelar for Barcelona i spansk Primera Division, og på Argentina sitt landslag.
Messi begynte å spela fotball i ung alder, og talentet hans vart raskt oppdaga av Barcelona. Han forlet Rosario-klubben Newell's Old Boys sitt ungdomslag i 2000 og flytta til Europa med familien, då Barcelona tilbaud han behandling for veksthormonsjukdommen hans. Han debuterte for Barcelona i 2004/05-sesongen og sette ny rekord for yngste fotballspelar i ein spansk ligakamp, og dessutan yngstemann til å skåra ligamål. Han fekk gjennombrotet sitt i 2006/07-sesongen då han vart fast på førstelaget, skåra hat-trick i det klassiske oppgjeret mot Real Madrid og enda sesongen med 14 mål på 26 ligakampar. I 2008/09-sesongen skåra Messi 38 mål då Barcelona vann tre ulike meisterskap. Han har vore med på å vinna den spanske seriemeisterskapen med Barcelona i 2005, 2006, 2009, 2010, 2011 og 2013, den europeiske Meisterligaen i 2006, 2009 og 2011 og VM for klubblag i 2009 og 2011. Dei fem siste sesongane, frå 2009/10-sesongen av, har han vore klubben sin toppskårar i serien.
Messi var toppskårar i ungdomsverdsmeisterskapen i 2005, med seks mål. Ikkje lenge etterpå vart han eit fast innslag på Argentina sitt A-landslag. I 2006 vart han yngste argentinar som hadde spelt i VM i fotball. I 2008 var han med på å vinna fotballkonkurransen under sommar-OL i Beijing.
Han vart kåra til årets fotballspelar i verda av FIFA i 2009, 2010, 2011, 2012 og 2015.
Kjelder |
- Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå engelsk wikipedia 16. mars 2010.
Argentina sin tropp – VM i fotball 2006 | ||
---|---|---|
1 Abbondanzieri • 2 Ayala • 3 Sorín (kaptein) • 4 Coloccini • 5 Cambiasso • 6 Heinze • 7 Saviola • 8 Mascherano • 9 Crespo • 10 Riquelme • 11 Tévez • 12 Franco • 13 Scaloni • 14 Palacio • 15 Milito • 16 Aimar • 17 Cufré • 18 Rodríguez • 19 Messi • 20 Cruz • 21 Burdisso • 22 González • 23 Ustari • Trenar: Pekerman |
Argentina sin tropp – VM i fotball 2010 | ||
---|---|---|
1 Pozo • 2 Demichelis • 3 C. Rodríguez • 4 Burdisso • 5 Bolatti • 6 Heinze • 7 di María • 8 Verón • 9 Higuaín • 10 Messi • 11 Tévez • 12 Garcé • 13 Samuel • 14 Mascherano • 15 Otamendi • 16 Agüero • 17 Jonás • 18 Palermo • 19 Milito • 20 M. Rodríguez • 21 Andújar • 22 Romero • 23 Pastore • Trenar: Maradona |
Argentina sin tropp – VM i fotball 2014 (sølvmedalje) | ||
---|---|---|
1 Romero • 2 Garay • 3 Campagnaro • 4 Zabaleta • 5 Gago • 6 Biglia • 7 di María • 8 Pérez • 9 Higuaín • 10 Messi • 11 Rodríguez • 12 Orión • 13 A. Fernández • 14 Mascherano • 15 Demichelis • 16 Rojo • 17 F. Fernández • 18 Palacio • 19 Álvarez • 20 Agüero • 21 Andújar • 22 Lavezzi • 23 Basanta • Trenar: Sabella |
Argentina sin tropp – VM i fotball 2018 | ||
---|---|---|
1 Guzmán • 2 Mercado • 3 Tagliafico • 4 Ansaldi • 5 Biglia • 6 Fazio • 7 Banega • 8 Acuña • 9 Higuaín • 10 Messi (c) • 11 Di María • 12 Armani • 13 Meza • 14 Mascherano • 15 Pérez • 16 Rojo • 17 Otamendi • 18 Salvio • 19 Agüero • 20 Lo Celso • 21 Dybala • 22 Pavón • 23 Caballero • Trenar: Sampaoli |
|