H.U. Sverdrupfjella
H. U. Sverdrupfjella | |
fjellkjede | |
Land | Antarktis |
---|---|
Stad | Dronning Maud Land |
- koordinatar | |
Høgaste punkt | Kvitskarvet |
- høgd | 2 655 moh. |
- koordinatar | |
Administrert under | Antarktistraktaten |
H.U. Sverdrupfjella (Antarktis) |
H. U. Sverdrupfjella er ei fjellrekkje like vest for the Gjelsvikfjella i Dronning Maud Land i Aust-Antarktis. Ho er kring 80 km olang og det massivet Kvitskarvet er det høgaste fjellet i fjellkjeda på 2655 moh.
Det vart først fotografert frå lufta og grovt kartlagd av Den tredje tyske antarktisekspedisjonen 1938–1939. Det vart kartlagd i detalj av norske kartografar frå landmålingar og flyfoto teken av Maudheimekspedisjonen (NBSAE), og igjen seinare av ein ny norsk ekspedisjon. Fjellkjeda er kalla opp etter Harald Sverdrup, styreleiar for den norskek komiteen under Maudheimekspedisjonen.[1]
Av fjell i fjellkjeda finn ein Alanpiggen, Barkleyfjella, Brattskarvet, Fuglefjellet, Gburekfjella, Hamartind, Isingen, Joungane, Jutulrøra, Kvithø, Kvithovden, Kvitkjolen, Kvitsvodene, Heddenberget, Kvitskarvet, Krügerfjellet, Roerkulten, Nupskåpa, Oppkuven, Brattskarvet, Rogstadbreen, Rømlingane, Salknappen, Snarbynuten, Sørhausane, Storjoen, Straumsvola, Tverrveggen, Tvora og Vendeholten.
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Sverdrup Mountains» frå Wikipedia på engelsk, den 26. februar 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «H.U. Sverdrupfjella» (innhald frå Geographic Names Information System).
↑ «H. U. Sverdrupfjella». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. Henta 27. februar 2013.
Bakgrunnsstoff |
- US Geological Survey, Geographic Names Information System (GNIS)
|