Themsenestuaret

Multi tool use
Multi tool use






Themsenestauaret




Flyfoto av Blackwater-estauaret, ved kysten av Essex, den nordlege delen av Themsen-estauaret. Mersea Island til høgre.


Themsenestuaret er estuaret til Themsen, der denne elva munnar ut i Nordsjøen.


Det er ikkje letter å definere grensene til estuaret,[1] sjølv om den fysiske botn av sjøområdet, nær Canvey Island ved kysten av Essex kystlengd er truleg den vestlege grensa. Den austlege grensa, som foreslått av Hydrological Survey av 1882-9, er ei linje trekt frå North Foreland i Kent via Kentish Knock fyr til Harwich i Essex. Det er til her dei typiske sandbankane langs estuaret strekkjer seg til.[2] Estauaret har den nest største tidvassrørsla i verda, der vatnet kan stige med fire meter med ein snøggleik på 12-13 km/t.


Estuaret er eit av dei største av 170 slike bukter langs kysten av Storbritannia. Det er ei stor skipsrute med tusenvis av rørsler kvart år som oljetankarar, containerskip, bulkskip og lekterskip på veg mot Port of London og Medway Ports i Sheerness, Chatham og Thamesport.


Ein av dei største vindfarmane i Storbritannia er under utvikling i estuaret, 8,5 km nord for Herne Bay. Farmen består av 30 vindturbinar som genererer totalt 82,4MW elektrisitet. Den mykje større London Array med ein kapasitet på 1GW er òg planlagt.



Greater Thames-estauaret |


Omgrepet Greater Thames-estauaret [3] vert nytta om kysten og dei lågtliggande områda som grensar til sjølve estuaret. Dette er kjenneteikna med marskland, mudderflater og opne strender, særleg North Kent Marshes og Essex Marshes. Stigande havnivå somme stader kan gjere det naudsynt å legge noko av desse landområda under vatn for å ta trykket av verneverka. Isle of Sheppey, Foulness Island og Mersea Island er ein del av kystlinja.


På høgareliggande landområde er det nokre store busetnader, som Clacton-on-Sea (nord i Essex), Herne Bay i Kent, og Southend-on-Sea-området.



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Thames Estuary» frå Wikipedia på engelsk, den 25. juli 2011.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:





  1. Countryside Agency definition of the Greater Thames-estauaret


  2. Part of the Admiralty chart showing the sandbanks


  3. The Thames-estauaret Partnership






Koordinatar: 51°30′N 0°35′E





hEcSrASP mnQEPi6TH5K a2a,mWzz9FR8YE8Q9ideUHBYe511QpF,Ct8u,OAQEV0ZeiKWdG9k,ACgD,gs47fztNd09ChAMZRp7
1LmM9wJmv0dR4pXpG6P6zPGB5Yixmb o e92r3JD8dI6j

Popular posts from this blog

Bruad Bilen | Luke uk diar | NawigatsjuunCommonskategorii: BruadCommonskategorii: RunstükenWikiquote: Bruad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum

Chléb Obsah Etymologie | Pojmy při krájení bochníku nebo pecnu chleba | Receptura a druhy | Typy českého chleba | Kvalita chleba v České republice | Cena chleba | Konzumace | Postup výroby | Odkazy | Navigační menuDostupné onlineKdo si mastí kapsu na chlebu? Pekaři to nejsouVývoj spotřebitelských cen – Český statistický úřadDostupné onlineJak se co dělá: Chleba4008364-08669