Michael Getz





















Michael Getz

Michael Getz.jpg

Fødd
15. januar 1816
Trondheim
Død

13. august 1875
Verdal


Yrke
handelsmann, politikar

Michael Getz på Commons

Michael Getz (15. januar 1816–13. august 1875) var ein norsk handelsmann og politikar frå Trondheim.


Getz var son til ein kjøpmann i Trondheim. Sjølv var han handelsfullmektig i fødebyen. Han var i mange år medlem av bystyret i Trondheim, tidvis som ordførar. Getz var elles styreformann i den lokale sparebanken frå 1868 og medlem av styret i Noregs Bank frå 1869. I 1872 var han med i den skandinaviske komiteen som drøfta myntstellet, eit arbeid som resulterte i overgangen til kroner i myntsystemet i staden for dalar.


Getz representerte valkrinsen Trondhjem og Levanger på Stortinget både i 1865-66 og 1871-73, dessutan vart han vald til 1. representant frå same krinsen for perioden 1874-76. Grunna sjukdom møtte han korkje i 1873-sesjonen, eller seinare. Han var medlem av Lagtinget og sekretær i bankkomiteen både i 1865-66 og 1871-72. I tillegg var han medlem av jarnbanekomiteen i 1871-72 og med i Stortinget sin deputasjon til 1000-årsfeiringa i Haugesund sommaren 1872.


Sommaren 1875 døydde han under eit opphald på Sandvika fjellstue ved svenskegrensa i Verdal.



Kjelder |




  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914





Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum