Marskland
Marskland er ei slags myr i det litorale området mellom land og salt- eller brakkvatn, område som vert tørrlagt når det er fjøre sjø. Området er dominert av saltplanter. Historisk har marskland vorte rekna som «audeland», i lag med andre våtmarksområde. Marskland er nokre av dei mest biologisk produktive leveområda på jorda, nesten på nivå med tropiske regnskogar. Det daglege tidvatnet fører med seg næringsstoff, som legg seg til rundt røtene til plantene i marsklandet. Den naturlege kjemiske aktiviteten til saltvatn (eller brakkvatn) og tendensen algene har til å bløme opp i det grunne, uskjerma vatnet, fører òg med seg stort biologisk mangfald.
Marskland har vist seg nyttig som vern mot uvêr. Tidlegare vart store marsklandsområde tørrlagte og nytta til jordbruk og urban utvikling, men i USA og Europa vert desse områda i dag verna. Stadig fleire marsklandsområde vert gjenoppretta slik dei ein gong var.
Innhaldsliste
1 Nødvendige tilhøve
2 Vegetasjon
3 Sjå òg
4 Bakgrunnsstoff
5 Kjelder
Nødvendige tilhøve |
Marskland oppstår berre langs kysten, i bukter og estuar der tidvasstraumen er relativt svak, og der anna erosjon er liten slik at vegetasjonen klara å slå rot. Dei er vanlege langs estuar, i lukka bukter og fjordar.
Vegetasjon |
Plantemangfaldet er relativt lågt sidan plantene må tole salt, kunne vere heilt eller delvis dekt av vatn og oksygenfattig gjørme. Dei mest vanlege marsklandsplantene er salturt og spartina, som finst over heile verda. Dei er ofte dei første plantene ein finn på ei slamflate og via økologisk rekkefølgje flyttar dei seg inn på marsklandet. Skota deira flyttar tidvasstraumen over slamflata, medan røtene deira set seg ned i gjørma og stabiliserer ho, samt at dei fører oksygen ned i gjørma som andre planter kan nytte seg av seinare. Planter som strandrisp, vassgro og forskjellige starr og siv veks så snart dei første plantene har slått seg ned.
Sjå òg |
- Bayou
- Myr
- Mangrovesump
- Myrland
- Saltplante
- Sjøgras
- Sump
- Tidvassmyr
Bakgrunnsstoff |
Salt Marsh Nature Center i Marine Park i Brooklyn i New York i USA
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Salt marsh» frå Wikipedia på engelsk, den 18. desember 2009.