Norsk Industriarbeidermuseum
Norsk Industriarbeidermuseum | |
Norsk Industriarbeidermuseum i gamle Vemork kraftstasjon | |
Stad | Rjukan |
---|---|
Skipa | 1983 |
Opna | 20. juni 1988 |
Museumstype | Industrimuseum |
Direktør | Runar Lia (per 2016)[1] |
Nettstad | http://vemork.visitvemork.no/ |
Norsk Industriarbeidermuseum er eit industrimuseum på Rjukan i Telemark. Det opna 20. juni 1988 i den gamle Vemork kraftstasjon som tidlegare tilhøyrde Norsk Hydro.[2]
Sjølve stiftinga Norsk industriarbeidermuseum vart skipa 3. november 1983 av Landsorganisasjonen, Arbeidernes Opplysningsforbund, Norsk Kjemisk Industriarbeiderforbund, EL & IT Forbundet, Noregs vassdrags- og energidirektorat og Tinn kommune.
Museet fokuserer mellom anna på tungtvassaksjonen under andre verdskrig og historia til norsk arbeidarrørsle.
Konsolidering |
Norsk Industriarbeidermuseum er ei konsolidert eining av; Norsk Industriarbeidermuseum, Tinn museum, Heddal bygdetun og Rjukanbanen.[3]
Kjelder |
↑ «Kontakt oss (tilsette)». Norsk industriarbeidermuseum. Henta 9. februar 2016.
↑ «Historie». Norsk industriarbeidermuseum. Henta 9. februar 2016.
↑ «Organisasjon». Norsk industriarbeidermuseum. Henta 9. februar 2016.
|