Tungtvassaksjonen




Tungtvassaksjonen eller «Operasjon Gunnerside», var ein militær, sabotasjeaksjon under andre verdenskrigen for å sprenge Norsk Hydros fabrikk på Vemork ved Rjukan i Telemark. Fabrikken produserte tungtvatn som var viktig for tysk atomforskning og eventuell produksjon av atomvåpen. Vemork-stasjonen vart øydelagt 27. februar 1943. Hydros anlegg lå framfor Vemork kraftstasjon, der Norsk Industriarbeidermuseum no held til.





Innhaldsliste






  • 1 Operasjon Grouse og Operasjon Freshman


  • 2 Operasjon Gunnerside


  • 3 Senkinga av D/F «Hydro»


  • 4 Deltakarane i aksjonane


  • 5 Filmar


  • 6 Referansar


  • 7 Litteratur


  • 8 Bakgrunnsstoff







Vemork kraftstasjon om vinteren.


Tungtvassaksjonen omfatta også Tinnsjøaksjonen, der jernbaneferga DF «Hydro» vart senka på Tinnsjø 20. februar 1944[1] for å hindre utskiping av tungtvasshaldig lut som vart produsert etter at fabrikken kom i gang igjen.


Vemork-anlegget vart bomba frå fly 16. november 1943 utan resultat, etter at tungtvannsproduksjonen igjen var komen i gang. Produksjonen vart sidan flytta til Tyskland.



Operasjon Grouse og Operasjon Freshman |





Horsa glidefly vart brukt i den mislykka Operasjon Freshman som kravde 41 menneskeliv.


Det første forsøket på å øydelegge fabrikken vart gjort i november 1942. Planen hadde to operasjonar, den første var å sleppe lokalkjente norske fallskjermsoldatar som skulle fungere som en fortropp (Operasjon Grouse). Etter dei skulle det følge ei gruppe engelske ingeniørsoldatar i


glidefly for å gå til åtak på sjølve fabrikken.

19. oktober 1942 vart den fire mann store gruppa frå Norwegian Independent Company no 1, senere kalla Kompani Linge, slept over Telemark. Fra droppunktet måtte dei gå eit godt stykke på ski for å komme seg til Møsvatn, et der dei skulle ta imot glideflya. Det vart derfor planlagt slik at de hadde rikeleg med tid.


19. november skulle dei britiske ingeniørsoldatane frå 1st British Airborne Division komme (Operasjon Freshman). To Halifax bombefly som tauet kvart sitt Horsa glidefly kom inn over Noreg. Det første trekket sirkla over målområdet, men måtte på grunn av dårleg sikt gjere vendereis. Over Rogaland tok begge flya til å ise. Sleperen rauk, og glideflyet styrta sør for Lysefjorden medan trekkflyet klarte å vende tilbake til England. Det andre trekkflyet kom i vanskar allereie ved innflyginga over norskekysten. Glidaren styrta ved Helleland, lensmannsgården, innanfor Egersund, medan trekkflyet styrta i Hæstadfjellet. Alle som var i trekkflyet omkom, medan dei overlevande i glidaren vart tatt med til Slettebøleiren på Bakkebø, utenfor Egersund, der dei vart avretta. I ettertid er det sett opp minnesmerker på Bakkebø samt ein varde oppi fjellet der glidaren krasja. Av dei ni overlevande frå styrten ved Lysefjorden vart fem frakta til Grini, seinare avretta i Trandumskogen den 18. januar 1943. Fire vart frakta til Lagård fengsel i Stavanger, der dei vart torturert og avretta 24. november. Alle dei 14 overlevande frå styrten ved Helleland vart avretta allereie neste dag. Det var ingen overlevande frå det styrta bombeflyet. Til saman døde 41 i denne mislykka aksjonen.[2]


Den norske Grouse-gjengen måtte deretter tilbringe ei lengre ventetid på skjulested sitt på Hardangervidda. Der overlevde dei i hovudsak på reinsdyr, inkludert mageinnhald som dei varma opp under tilnamnet "gørr". Dette vart supplert med smør, mjøl, sukker og litt potetar etter jul.[3]



Operasjon Gunnerside |


Den britiske overkommandoen var klar over at Grouse hadde overlevd, og avgjorde å bygge vidare på denne gruppa ved å sende inn seks nye norske fallskjermsoldatar fra Norwegian Independent Company no 1. Desse landa i fallskjerm på Hardangervidda i februar 1943. Dei slo seg saman med Grouse. Natt til 28. februar 1943 tok ni av dei seg fram til Våer, forserte juvet med den islagte elva Måna, og tok seg fram til fabrikken langs jernbanesporet, eit område som ikkje var minelagt. Mens dekningspartiet haldt vakt, trengte sprengningspartiet inn i tungtvassanlegget og sprengte tungtvasscellene. 900 kg tungtvann (inklusive produksjonstap) vart øydelagt. Dei to som hadde blitt igjen i fjellet kunne då gje beskjed til leiinga i London om at oppdraget var svært vellykka. Forpartiet vart igjen på vidda, medan sprengningspartiet gjekk på ski til Sverige. Aksjonen vart gjennomført utan at sabotørene løyste skott.[4]


Dette blir av mange rekna som den viktigaste og mest vellykkede sabotasjeaksjonen under heile andre verdenskrig. «Vi hadde flaks. Absolutt flaks, men også svært god etterretning om målet,» sa leiaren Joachim Rønneberg 70 år etter. Rønnberg visste ingenting om tungtvatn då dei utførte oppdraget, først etter nyheita om atombombene over Hiroshima og Nagasaki forsto han kva oppdraget hadde å seie.[5] Professor Olav Njølstad tviler på at tungtvatnet ville hatt noko militær tyding så lenge krigen varte - tyskarane ville neppe klart å utvikle ei atombombe i løpet av krigen, men etteretningsbiletet var uklårt og dei allierte hadde grunn til å vere bekymra.[6]



Senkinga av D/F «Hydro» |





DF «Hydro» ved Mæl ferjekai


Etter eit par månedar vart produksjonen sett igang igjen, og då dei allierte fekk nyss om dette, planla dei eit nytt angrep. I november 1943 gikk 143 B-17 bombefly laus på anlegget, men minst 600 av de totalt 711 bombene bomma radikalt. Dette stoppa likevel produksjonen ei lita stund.


Alt tungtvatn var likevel ikkje tapt for tyskarane. Dette tungtvatnet vart transportert til Mæl fergekai under strengt vakthald for transport med jernbaneferga D/F «Hydro» over Tinnsjøen til jernbanesamband med resten av Noreg. Motstandsfolk frå Heimefronten leita etter eit høve til å hindre at tyskarane fekk sendt resten av tungtvatnet til Tyskland, og dei fann ut at ferja var eit svakt punkt i tryggleiken.


20. februar 1944 vart D/F «Hydro» sabotert ved at dei plassere ei tidsinnstilt bombe i ferja. Ferja sokk og vart liggande på 440 meters djup. 14 nordmenn og fire tyskarar omkom i senkinga av D/F «Hydro».


Det er blitt gjennomført ei stor undersøking av vraket i nyare tid. Man ønsket å sjekke om tønnene som overlevde sprengningen av fergen, framleis inneheldt tungtvatn etter over 60 år på botn av Tinnsjøen. Ein greide å heise opp eit fat, nummer 26, frå lasta på ferga. Det viste seg at innhaldet var kalilut med ein konsentrasjon på 1-2 % tungtvann. Kalilut er utgangspunktet for destilasjonsprosessen som blir brukt for å produsere tungtvann. Det var destilasjonsanlegget som vart øydelagt i sabotasjeaksjonen på Vemork.



Deltakarane i aksjonane |




Rekonstruksjon av sprengningspartiet i aksjon.



Agenten på innsida av tungtvassfabrikken


Einar Skinnarland




Grouse/Swallow




Jens-Anton Poulsson (Leiar av Operasjon Grouse)


Arne Kjelstrup (Nestkommanderende)


Knut Haugland (Radiotelegrafist)

Claus Helberg





Gunnerside




Joachim Rønneberg (Leiar av Operasjon Gunnerside)

Knut Haukelid

Fredrik Kayser

Kasper Idland

Hans Storhaug

Birger Strømsheim

(Leif Tronstad) (i Storbritannia, planleggar)





Tinnsjøaksjonen



«Bonzo» alias Knut Haukelid


Rolf Sørlie (frå den lokale motstandsrørsla)


Einar Skinnarland (radiooperatør)


Gunnar Syverstad (labratorieassistent på fabrikken)


Kjell Nielsen (transportleiar på fabrikken)

(«Larsen») (ingeniør på fabrikken)

(NN) (skaffa bil og var sjåfør)





Filmar |


Det er spelt inn to kinofilmar om tungvassabotasjen på Vemork: den norske, delvis dokumentariske spelefilmen Kampen om tungtvannet frå 1948 og det britiske actioneventyret Heltene fra Telemark (The Heroes of Telemark) fra 1965. I den norske versjonen er det fleire av skodespelarane som speler seg sjølv.


4. januar 2015 viste NRK de to første episodene av «Kampen om tungtvannet», som handler om sprengninga av tungtvassanlegget på Rjukan i Telemark i 1943.
Med et budsjett på 75 millioner kroner er dramaserien mellom NRKs mest kostbare serier noensinne.[treng kjelde]





Referansar |



  • Denne artikkelen bygger på «Vemork-aksjonen» frå Wikipedia på bokmål, den 6. januar 2015.




  1. SNL.no. Sist endret: 16.03.2009. Lest: 22.04.2011.


  2. Forskning.no: Tungtvannsaksjonen som mislyktes


  3. Poulsson, Jens-Anton (2012). «Opptakten». Tungtvannssabotasjen. Oslo: Nova Forlag. s. 114, 116, 120–123, 125. ISBN 978-82-8281-0333-3 Sjekk |isbn=-verdien: length (hjelp). 


  4. Aftenposten, 24.2.2013, s.22-23.


  5. Aftenposten, 24.2.2013, s.22-23.


  6. Aftenposten, 24.2.2013, s.22-23.



Litteratur |



  • Knut Haukelid: Kampen om tungtvannet – Nasjonalforlaget, Oslo, 1953

  • Thomas Gallagher: Assault In Norway: Sabotaging the Nazi Nuclear Program – Harcourt Brace Jovanovich, New York, 1975

  • Jens-Anton Poulsson: Aksjon Vemork : vinterkrig på Hardangervidda – Gyldendal, Oslo, 1982

  • Jomar Brun: Brennpunkt Vemork : 1940 – 1945 – Universitetsforlaget, Oslo, 1985

  • Richard Wiggan: Operation Freshman : The Rjukan heavy water raid 1942 – Kimber, London, 1986

  • Dan Kurzman: Blood and Water – Henry Holt, New York, 1997

  • Ray Mears: The real heroes of Telemark – Hodder & Stoughton, London, 2003

  • Jostein Berglyd: Operasjon Freshman : Forløp og etterspill – Vigmostad & Bjørke, Bergen, 2005

  • Jens-Anton Poulsson: Tungtvannssabotasjen – Orion, Oslo, 2006

  • Rune Borgan Isaksen: I sabotørenes fotspor ESMA Forlag, Lalm, 2010


  • Gunnar Myklebust: Tungtvannssabotøren, Aschehoug, Oslo, 2011

  • Jack Rostøl og Nils Helge Amdal: Kasper Idland, fra krig til kamp Commentum forlag, Sandnes, 2011


  • Asgeir Ueland (2013). Tungtvannsaksjonen : Historien om den største krigsoperasjonen på norsk jord. Gyldendal. ISBN 9788205430372. 



Bakgrunnsstoff |



  • Kort omtale av tungtvannsaksjonen i Norsk krigsleksikon fra 1995

  • Grundig omtale av tungvannsaksjonene

  • Norsk Industriarbeidermuseum, Vemork

  • Operasjon "Freshman" og Eigersundsdistriktet

  • Dokumentar: The Real Heroes Of Telemark




Popular posts from this blog

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Slayer Innehåll Historia | Stil, komposition och lyrik | Bandets betydelse och framgångar | Sidoprojekt och samarbeten | Kontroverser | Medlemmar | Utmärkelser och nomineringar | Turnéer och festivaler | Diskografi | Referenser | Externa länkar | Navigeringsmenywww.slayer.net”Metal Massacre vol. 1””Metal Massacre vol. 3””Metal Massacre Volume III””Show No Mercy””Haunting the Chapel””Live Undead””Hell Awaits””Reign in Blood””Reign in Blood””Gold & Platinum – Reign in Blood””Golden Gods Awards Winners”originalet”Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Looks Back On 37-Year Career In New Video Series: Part Two””South of Heaven””Gold & Platinum – South of Heaven””Seasons in the Abyss””Gold & Platinum - Seasons in the Abyss””Divine Intervention””Divine Intervention - Release group by Slayer””Gold & Platinum - Divine Intervention””Live Intrusion””Undisputed Attitude””Abolish Government/Superficial Love””Release “Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer” by Various Artists””Diabolus in Musica””Soundtrack to the Apocalypse””God Hates Us All””Systematic - Relationships””War at the Warfield””Gold & Platinum - War at the Warfield””Soundtrack to the Apocalypse””Gold & Platinum - Still Reigning””Metallica, Slayer, Iron Mauden Among Winners At Metal Hammer Awards””Eternal Pyre””Eternal Pyre - Slayer release group””Eternal Pyre””Metal Storm Awards 2006””Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Bullet-For My Valentine booed at Metal Hammer Golden Gods Awards””Unholy Aliance””The End Of Slayer?””Slayer: We Could Thrash Out Two More Albums If We're Fast Enough...””'The Unholy Alliance: Chapter III' UK Dates Added”originalet”Megadeth And Slayer To Co-Headline 'Canadian Carnage' Trek”originalet”World Painted Blood””Release “World Painted Blood” by Slayer””Metallica Heading To Cinemas””Slayer, Megadeth To Join Forces For 'European Carnage' Tour - Dec. 18, 2010”originalet”Slayer's Hanneman Contracts Acute Infection; Band To Bring In Guest Guitarist””Cannibal Corpse's Pat O'Brien Will Step In As Slayer's Guest Guitarist”originalet”Slayer’s Jeff Hanneman Dead at 49””Dave Lombardo Says He Made Only $67,000 In 2011 While Touring With Slayer””Slayer: We Do Not Agree With Dave Lombardo's Substance Or Timeline Of Events””Slayer Welcomes Drummer Paul Bostaph Back To The Fold””Slayer Hope to Unveil Never-Before-Heard Jeff Hanneman Material on Next Album””Slayer Debut New Song 'Implode' During Surprise Golden Gods Appearance””Release group Repentless by Slayer””Repentless - Slayer - Credits””Slayer””Metal Storm Awards 2015””Slayer - to release comic book "Repentless #1"””Slayer To Release 'Repentless' 6.66" Vinyl Box Set””BREAKING NEWS: Slayer Announce Farewell Tour””Slayer Recruit Lamb of God, Anthrax, Behemoth + Testament for Final Tour””Slayer lägger ner efter 37 år””Slayer Announces Second North American Leg Of 'Final' Tour””Final World Tour””Slayer Announces Final European Tour With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Tour Europe With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Play 'Last French Show Ever' At Next Year's Hellfst””Slayer's Final World Tour Will Extend Into 2019””Death Angel's Rob Cavestany On Slayer's 'Farewell' Tour: 'Some Of Us Could See This Coming'””Testament Has No Plans To Retire Anytime Soon, Says Chuck Billy””Anthrax's Scott Ian On Slayer's 'Farewell' Tour Plans: 'I Was Surprised And I Wasn't Surprised'””Slayer””Slayer's Morbid Schlock””Review/Rock; For Slayer, the Mania Is the Message””Slayer - Biography””Slayer - Reign In Blood”originalet”Dave Lombardo””An exclusive oral history of Slayer”originalet”Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Jeff Hanneman”originalet”Thinking Out Loud: Slayer's Kerry King on hair metal, Satan and being polite””Slayer Lyrics””Slayer - Biography””Most influential artists for extreme metal music””Slayer - Reign in Blood””Slayer guitarist Jeff Hanneman dies aged 49””Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer””Gateway to Hell: A Tribute to Slayer””Covered In Blood””Slayer: The Origins of Thrash in San Francisco, CA.””Why They Rule - #6 Slayer”originalet”Guitar World's 100 Greatest Heavy Metal Guitarists Of All Time”originalet”The fans have spoken: Slayer comes out on top in readers' polls”originalet”Tribute to Jeff Hanneman (1964-2013)””Lamb Of God Frontman: We Sound Like A Slayer Rip-Off””BEHEMOTH Frontman Pays Tribute To SLAYER's JEFF HANNEMAN””Slayer, Hatebreed Doing Double Duty On This Year's Ozzfest””System of a Down””Lacuna Coil’s Andrea Ferro Talks Influences, Skateboarding, Band Origins + More””Slayer - Reign in Blood””Into The Lungs of Hell””Slayer rules - en utställning om fans””Slayer and Their Fans Slashed Through a No-Holds-Barred Night at Gas Monkey””Home””Slayer””Gold & Platinum - The Big 4 Live from Sofia, Bulgaria””Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Kerry King””2008-02-23: Wiltern, Los Angeles, CA, USA””Slayer's Kerry King To Perform With Megadeth Tonight! - Oct. 21, 2010”originalet”Dave Lombardo - Biography”Slayer Case DismissedArkiveradUltimate Classic Rock: Slayer guitarist Jeff Hanneman dead at 49.”Slayer: "We could never do any thing like Some Kind Of Monster..."””Cannibal Corpse'S Pat O'Brien Will Step In As Slayer'S Guest Guitarist | The Official Slayer Site”originalet”Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Kerrang! Awards 2006 Blog: Kerrang! Hall Of Fame””Kerrang! Awards 2013: Kerrang! Legend”originalet”Metallica, Slayer, Iron Maien Among Winners At Metal Hammer Awards””Metal Hammer Golden Gods Awards””Bullet For My Valentine Booed At Metal Hammer Golden Gods Awards””Metal Storm Awards 2006””Metal Storm Awards 2015””Slayer's Concert History””Slayer - Relationships””Slayer - Releases”Slayers officiella webbplatsSlayer på MusicBrainzOfficiell webbplatsSlayerSlayerr1373445760000 0001 1540 47353068615-5086262726cb13906545x(data)6033143kn20030215029