Achill




































Achill Island
Lokalt namn: Acaill, Oileán Acla

Fjellet Slievemore er dominerande på Achill Island
Fjellet Slievemore er dominerande på Achill Island
Geografi

Achill Island.png
Stad
Atlanterhavet
Koordinatar
53°58′N 10°00′WKoordinatar: 53°58′N 10°00′W





Areal 148 km²







Administrasjon
Land
Republikken Irland
Grevskap
Mayo





Demografi
Folketal 2 700






Keem Bay på Achill


Achill (irsk Acaill, Oileán Acla) er den største øya i Republikken Irland. Ho ligg i County Mayo på vestkysten av Irland. Ho har om lag 2 700 innbyggjarar og eit areal på 148 km². Achill er forbunde til fastlandet via Michael Davitt-brua mellom landsbyane Achill Sound og Polranny. Brua er ein kombinasjon av ei vegfylling og ei svingbru, slik at små båtar kan passere forbi. Den første brua over sundet vart bygd i 1887, men denne vart erstatta av den noverande brua i 1949. Andre landsbyar på øya er Keel, Dooagh, Dooega og Dugort. Ein meiner det har budd folk på Achill i 5000 år. Ei padleåre frå denne perioden vart funn ved ein crannog nær Dookinella.


87 % av øya består av torvmyr. Kommunen Achill inkluderer òg Corraunhalvøya. Folket på Corraun reknar seg sjølv som ein del av Achill-folket.




Innhaldsliste






  • 1 Historie


  • 2 Litteratur


  • 3 Bakgrunnsstoff


  • 4 Kjelde





Historie |


Øya har vore busett i 5000 år og ein meiner at det budde 500-1000 menneske her på slutten av steinalderen. Øya var stort sett skogkledd fram til steinalderfolket byrja å dyrke avlingar. Folketalet auka gjennom jernalderen og restar av små fort langs kysten indikerer at det var ei krigersk tid. Grace O'Malley hadde i borg ved Kildownet på 1500-talet.


På 1600- og 1700-talet flytta mange frå Achill til andre delar av Irland, særleg til Ulster, på grunn av den politiske og religiøse uroa på den tida. Ei stund vart det snakka to dialektar av irsk på Achill. Dette førte til at mange distrikt hadde to namn under den geografiske oppmålinga i 1824, og enkelte kart i dag gjev òg to namn for same stad. Ein kan i dag finne spor av Achill-irsk i ulster-irsk.



Litteratur |




  • Heinrich Böll: Irisches Tagebuch, Berlin 1957

  • Kingston, Bob: The Deserted Village at Slievemore, Castlebar 1990

  • McDonald, Theresa: Achill: 5000 B.C. to 1900 A.D. Acheology History Folklore, I.A.S. Publications [1992]

  • Meehan, Rosa: The Story of Mayo, Castlebar 2003



Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Achill



  • Martim arkeologi ved Achill Island

  • achill-island.com

  • visitachill.com



Kjelde |



  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Achill Island frå Engelsk Wikipedia .





Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum