Furnessøyane
Furnessøyane eller Islands of Furness er ei øygruppe sørvest og aust for Furnesshalvøya i England. Dei er den tredje største øygruppa i England, men er generelt små, berre totalt 12,99 km². Walney Island er den åttande største øya i England. Av øyane er berre Walney Island, Barrow Island, Roa Island og Piel Island busette. Totalt bur det kring 15 000 innbyggjarar på øyane, og 20 % av dei i Borough of Barrow-in-Furness. Dei er den største øygruppa mellom Anglesey i Wales og Firth of Clyde i Skottland.
Dei største øyane er:
Walney Island - 13 000 innbyggjarar (av busetnader finn ein Biggar, North Scale, North Walney og Vickerstown)
Barrow Island - 2606 innbyggjarar
Sheep Island - ingen innbyggjarar
Roa Island - Kring 100 innbyggjarar.
Piel Island - Kring 10 innbyggjarar.
Foulney Island - ingen innbyggjarar.
Chapel Island - ingen innbyggjarar.
I tillegg til desse finn ein småøyane Dova Haw[1] og Headin Haw[1] i Walneykanalen, medan gamle Ramsey Island i lag med Barrow Island er ein del av hamnesystemet.[1][2]
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Islands of Furness» frå Wikipedia på engelsk, den 26. januar 2010.
Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
↑ 1,01,11,2 The islands of Furness BBC Cumbria. 22-05-08.
↑ Beachcomber The Furness and South Cumbria Beach Clean Group.
Koordinatar: