Barrow-in-Furness
Barrow-in-Furness | ||
---|---|---|
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Cumbria | |
Distrikt | Barrow-in-Furness | |
Grunnlagd | 1867 | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2006) | 71 980 | |
Koordinatar | Koordinatar: | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | LA13-LA16 | |
Telefon-retningsnummer | 01229 | |
Commons har multimedia som gjeld: Barrow-in-Furness |
Barrow-in-Furness eller berre Barrow er ein mellomstor industriby i Cumbria, nordvest i England, kjent for skipsbyggingstradisjonane sine. Byen ligg ytst på Furnesshalvøya sørvest i grevskapet Cumbria.
Barrow er den største byen i distriktet Barrow-in-Furness[1] og det største folkesenteret på Furness.
Han var berre ein liten landsby heilt til midt på 1800-talet, då den industrielle revolusjonen gav startskotet til eksplosiv vekst. Byen vart heimstad for fleire stål- og jernverk, og det verna sundet mellom halvøya og Walney Island gav den perfekte plasseringa for etableringa av skipsverft.
Den opphavlege drivkrafta kom med utbygginga av jarnbana til området, men på slutten av 1800-talet var Barrow heimstad for det største stålverket i verda, omfram at byen alt var det store senteret for skipsbygging han enno er.[2]
Skipsverftet vart ein storskala produsent av marinefartøy og spesialiserte seg i aukande grad på undervassbåtar. Dei siste 60 åra utgjorde atomubåtar størstedelen av produksjonen. Alle Vanguard-klasse ubåtane i Storbritannia, utstyrt med Trident-rakettar, som utgjer hovuddelen av den kjernefysiske slagkrafta til Storbritannia, vart bygd ved skipsverftet i Barrow. Slutten av den kalde krigen, og dei påfølgjande kutta i militære budsjett, medførte stor arbeidsløyse i området.
Barrow-in-Furness er heimbyen til fotballaget Barrow AFC og til rugbylaget Barrow Raiders.
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Barrow-in-Furness» frå Wikipedia på bokmål, den 15. juli 2011.
Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
↑ Cumbria's Population in Urban Areas 2003, 5.mai 2007.
↑ Barrow Museum Mission Statement, Dock Museum website, PR.5.mai 2007.
Bakgrunnsstoff |
- Barrow Borough Council
- NW Evening Mail
- Webbaviation Barrow Gallery
- Gamle og nye bilder fra Barrow
|