Langøya i Re
Langøya | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Ytre Oslofjord |
Koordinatar | Koordinatar:
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Vestfold
|
Demografi | |
Folketal | 0
|
Langøya er ei øy i Holmestrandfjorden som er ein del av Ytre Oslofjord. Øya høyrer til Re kommune i Vestfold og ligg utanfor Holmestrand.
Kalksteinsbrot |
På Langøya er det to tidlegare dagbrot der det frå 1899 vart teke ut kalkstein. Dagbrota er på til saman nesten 10 millionar kubikkmeter under havnivå. Frantzefoss Bruk tok ut kalk her. Det minste dagbrotet i sør er framleis i drift. Kalksteinen vart levert til sementfabrikken i Slemmestad. Ei kran frå steinbrotet står ved Cementmuseet i Slemmestad sentrum.
Avfallsdeponi |
Norsk Avfallshandtering nyttar det største dagbrotet i nord til deponi av farleg uorganisk avfall. Ein stor del av avfallet er gips. Dessutan finst eit basseng for utreagering av reaktive metall; hovudsakleg magnesiumslam og andre alkali- og jordalkalimetall. Avfallet reagerer kraftig i kontakt med vatn og avgjer varme og ulike gassar (H2, NH3, PH3). Det finst òg ein tank for avgifting av cyanidhaldig avfall. Avgiftinga skjer i alkalisk miljø med natriumhypokloritt. Cyanidsambanda vert omdanna til karbondioksid og nitrogengass.
|