Finland




[endre]






























































Suomen Tasavalta
Republiken Finland

(norsk: Finland, finsk)














Det finske flagget

Det finske riksvåpenet

Flagg

Riksvåpen



Nasjonalsong
«Maamme/Vårt land»
Motto
Ikkje noko

Geografisk plassering av Finland

Offisielle språk

Finsk og svensk

Hovudstad

Helsingfors (finsk: Helsinki)

Styresett

President
Statsminister


Republikk
Sauli Niinistö
Juha Sipilä

Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
338 145 km² (64.)
9,4 %

Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
5 518 371 (115.)
16,3 /km² (169.)

Sjølvstende
  - Erklært
  - Sannkjent
Frå Russland
6. desember 1917
4. januar 1918

Nasjonaldag

6. desember

BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
224 700 mill. USD (61.)
43 000 USD (28.)

Valuta

Euro

Tidssone

UTC +2

Telefonkode
+358

Toppnivådomene
.fi





Republikken Finland eller berre Finland (finsk: Suomen Tasavalta eller Suomi) er eit land i Norden. Finland har sidan 1995 vore medlem av EU og er det fyrste og einaste nordiske landet som har innført euro som valuta.




Innhaldsliste






  • 1 Historie


  • 2 Politikk


  • 3 Demografi


  • 4 Geografi


    • 4.1 Len




  • 5 Klima


  • 6 Økonomi


  • 7 Sjå au


  • 8 Fotnotar


  • 9 Bakgrunnsstoff





Historie |


Finland sitt nesten 700 år lange fellesskap med det svenske kongedømet byrja i 1154 då kristendomen vart innførd av den svenske kong Erik. I denne perioden vart svensk det dominerande språket. Etter at det finske nasjonale eposet Kalevala vart utgjeve og med etterfylgjande finsk nasjonalisme på 1800-talet, vart finsk på nytt dominerande.


I 1809 vart Finland erobra av tsar Aleksander I av Russland og var etter det eit autonomt fyrstedøme, med den russiske tsaren som fyrste av Finland, knytt til det russiske imperiet fram til slutten av 1917. Landet fekk for fyrste gongen eigne pengar (finske mark, i 1860) og eigne frimerke (1856) og eige parlament (1906). Den 6. desember 1917, kort tid etter den russiske revolusjonen, sa Finland seg uavhengig. I 1918 opplevde landet ein kort og svært bitter borgarkrig mellom «raude» kommunistar og «kvite» borgarlege som kom til å prege landet i åra etter. Dei kvite vann. Den tyske prins Fredrik Karl av Hessen vart vald til finsk konge under namnet Väinö 1., men han kom aldri til Finland, då Tyskland tapte krigen. I 1939 stilte Sovjetunionen territoriale krav på Finland, noko som vart avvist og Finland vart difor angripen i den finske vinterkrigen.


Under den 2. verdskrigen kjempa Finland mot Sovjetunionen to gonger: Fyrste gong i Vinterkrigen frå 1939–1940 og igjen i den finske framhaldskrigen 1941–1944. Den sistnemnde krigen vart fylgd av Lapplandskrigen i 1944–1945 der Finland kjempa mot Nazityskland etter at tyskarane trekte attende troppane sine frå Nord-Finland.


Traktatar underskrivne i 1944, 1947 og 1948 med Sovjetunionen inneheldt sterke forpliktingar for landet, samt ei rekkje krav for landet sine territorialgrenser. Etter at Sovjetunionen vart oppløyst vart det råd for Finland å føre ein annleis utanrikspolitikk, og landet vart medlem av EU i 1995.



Politikk |


Finland er ein republikk. Republikken blir leia av presidenten som blir vald i to omgangar for ein seksårsperiode.
Presidenten har mellom anna som oppgåve å stadfeste lover og å leie utanriks- og tryggingspolitikken saman med regjeringa.


Finland er eit semipresidentielt demokrati med ein folkevald riksdag. Val blir haldne kvart fjerde år i mars. Regjeringa i Finland blir kalla statsrådet (valtionneuvosto på finsk) og blir leia av ein statsminister. Etter riksdagsvalet utnemner presidenten ein statsministerkandidat til riksdagen som anten godkjenner kandidaten eller forkastar framlegget. Etter dette blir statsministeren utnemnd av presidenten, og saman utnemner dei regjeringa som riksdagen må godkjenne seinare.



Demografi |


Det er to offisielle språk i Finland: Finsk, som blir snakka av 91,2 % av finnane, og svensk, snakka av finlandssvenskane, som utgjer 5,46 % av folkesetnaden. Dei samiske språka har vore offisielle språk i heimtraktene til samane sidan 1992. I Finland var det i fylgje Tilastokeskus 1 900 samiskspråklege personar i 2012[1].


Dei fleste finnane (70,9 %) er medlem av den evangelisk-lutherske kyrkja. 1,1 % er medlem av den ortodokse kyrkja. 26,3 % er ikkje medlem i noko trussamfunn. Resten inkluderer andre protestantiske kyrkjesamfunn, katolikkar, muslimar og jødar (1,6 %).[2]


Etter Vinterkrigen der Sovjetunionen okkuperte og annekterte viktige delar av Finland, måtte 12 % av folkesetnaden i Finland finne seg ein ny stad å bu. Krigsskadeerstatningar landet vart pålagde, arbeidsløyse, og utryggleik om landet ville klare å vere fritt, førte til omfattande utvandring som fyrst byrja minke på 1970-talet. Inntil då hadde ein halv million finnar emigrert, fyrst og fremst til Sverige. Halvparten av desse har seinare drege tilbake til Finland.[treng kjelde]



Geografi |



For meir om dette emnet, sjå Finsk geografi.


Finland grensar i vest til Bottenvika/Ålands hav og i sør til Finskebukta. Landet grensar i nord til Sverige, Russland og Noreg. I sør over Finskebukta ligg grannelandet Estland. Finland har ein 1 250 kilometer lang kyst mot Austersjøen som strekkjer seg frå Finskebukta i sør til Botnvika i nord.


Finland blir kalla «dei tusen sjøars land», noko som stemmer godt, sidan det er meir enn 60 000 sjøar i landet. Det meste av Finland ligg under 200 moh. og det høgaste fjellet er Háldičohkka (finsk Halti) på 1 328 moh.



Len |


Finland var delt inn i seks len til og med året 2009 (svensk län, finsk lääni).








Åland har sjølvstyre, utanom i militære og utanrikspolitiske saker. Åland er ei demilitarisert sone.


Finland er delt inn i 19 landskap og 311 kommunar.




Kart over Finland



Klima |


Med alle innsjøane sine har Finland nesten eit maritimt klima, men dei store luftmassane frå grannelandet Russland i aust er aldri langt borte. Både dei høge breiddegradane og Atlanterhavet gjer at det aldri vert særleg varmt om sumaren, og temperaturen går sjeldan over 26 °C. Temperaturskilnadene mellom nord og sør er etter måten små, og varmerekorden i Lappland er like høg som i Helsingfors. Det går gjerne to-tre dagar mellom kvar regnskur i snitt, og i sumarmånadene er ikkje torevêr uvanleg, men ein har òg mykje sol. Om hausten tek nedbøren seg litt opp, men hausten varer ikkje spesielt lenge, og regnet går raskt over til snø, spesielt i nord. Frå januar av klarer den kalde sibirlufta å halde atlanterhavslufta borte, og Bottenvika og sjøane i Finland frys til. Sjølv sørvestlege kystområde av Finland, som midtvinters ligg nærast ope hav, har om lag dei same temperaturtilhøva som Moskva om vinteren. Det snør ofte gjennom vintermånadene, men snøen er som regel lett, medan temperaturane sjeldan kjem over frysepunktet. Kaldast er det i nord, og det snør lettare her. Men snødekket er djupare på grunn av mindre tining og lenger snøsesong. Lappland er det kaldaste området, sjølv om dei fleste stadene i Finland har vore under -30 °C. Våren er den tørraste tida på året, med ein god del sol. Snøen smeltar frå nord til sør i laupet av april og mai, og temperaturen byrjar å bli såpass høg at ein ikkje treng tjukke klede for å nyte sola utandørs. Finland har større sjanse for skodde enn nabolanda, særleg langs kysten, og i nokre byar er det skodde opp til åtte dagar i månaden. Om våren er det derimot færre dagar med skodde. Helsingfors har ein årleg nedbørsnormal på 688 mm.



Økonomi |


Finland har ein høgt industrialisert marknadsøkonomi med eit bruttonasjonalprodukt per innbyggjar på nivå med England, Frankrike, Tyskland eller Italia. Hovudnæringane er tre- og papirindustri, telekommunikasjon, maskin og elektronikkindustri. Eksport utgjer nesten ein tredel av bruttonasjonalproduktet. Utanom tømmer og ein del mineral så er Finland avhengig av råvareimport. Finland har eit underskot på energikjelder og importerer mykje olje.


Med bakgrunn i klimaet er landbruket konsentrert om å vere sjølvforsynt i dei grunnleggjande matvarene. Skogsdrift som er ei viktig eksportnæring er eit alternativ til landbruk for folk i distrikta.


Ein sterk auke i integrasjonen mellom landa i Vest-Europa har ført til at Finland var eit av dei elleve landa som innførte Euro som valuta den 1. januar 1999. Det er venta at denne integrasjonen vil halde fram dei neste åra og dominere det økonomiske biletet i landet.



Sjå au |


  • President i Finland


Grand duchy of finland 1662.jpg



Fotnotar |





  1. Tilastokeskus (finsk statistisk sentralbyrå) sitt oversyn over samiskspråklege i Finland i 2012


  2. Finland population structure «Population» Sjekk |url=-verdien (hjelp). Statistics Finland. 04.04.2018. Henta 8. april 2018. 




Bakgrunnsstoff |



  • Svenska ortnamn i Finland

  • Forskningscentralens för de inhemska språken rekommendation

  • Virtual Finland




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Finland












































Popular posts from this blog

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Slayer Innehåll Historia | Stil, komposition och lyrik | Bandets betydelse och framgångar | Sidoprojekt och samarbeten | Kontroverser | Medlemmar | Utmärkelser och nomineringar | Turnéer och festivaler | Diskografi | Referenser | Externa länkar | Navigeringsmenywww.slayer.net”Metal Massacre vol. 1””Metal Massacre vol. 3””Metal Massacre Volume III””Show No Mercy””Haunting the Chapel””Live Undead””Hell Awaits””Reign in Blood””Reign in Blood””Gold & Platinum – Reign in Blood””Golden Gods Awards Winners”originalet”Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Looks Back On 37-Year Career In New Video Series: Part Two””South of Heaven””Gold & Platinum – South of Heaven””Seasons in the Abyss””Gold & Platinum - Seasons in the Abyss””Divine Intervention””Divine Intervention - Release group by Slayer””Gold & Platinum - Divine Intervention””Live Intrusion””Undisputed Attitude””Abolish Government/Superficial Love””Release “Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer” by Various Artists””Diabolus in Musica””Soundtrack to the Apocalypse””God Hates Us All””Systematic - Relationships””War at the Warfield””Gold & Platinum - War at the Warfield””Soundtrack to the Apocalypse””Gold & Platinum - Still Reigning””Metallica, Slayer, Iron Mauden Among Winners At Metal Hammer Awards””Eternal Pyre””Eternal Pyre - Slayer release group””Eternal Pyre””Metal Storm Awards 2006””Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Bullet-For My Valentine booed at Metal Hammer Golden Gods Awards””Unholy Aliance””The End Of Slayer?””Slayer: We Could Thrash Out Two More Albums If We're Fast Enough...””'The Unholy Alliance: Chapter III' UK Dates Added”originalet”Megadeth And Slayer To Co-Headline 'Canadian Carnage' Trek”originalet”World Painted Blood””Release “World Painted Blood” by Slayer””Metallica Heading To Cinemas””Slayer, Megadeth To Join Forces For 'European Carnage' Tour - Dec. 18, 2010”originalet”Slayer's Hanneman Contracts Acute Infection; Band To Bring In Guest Guitarist””Cannibal Corpse's Pat O'Brien Will Step In As Slayer's Guest Guitarist”originalet”Slayer’s Jeff Hanneman Dead at 49””Dave Lombardo Says He Made Only $67,000 In 2011 While Touring With Slayer””Slayer: We Do Not Agree With Dave Lombardo's Substance Or Timeline Of Events””Slayer Welcomes Drummer Paul Bostaph Back To The Fold””Slayer Hope to Unveil Never-Before-Heard Jeff Hanneman Material on Next Album””Slayer Debut New Song 'Implode' During Surprise Golden Gods Appearance””Release group Repentless by Slayer””Repentless - Slayer - Credits””Slayer””Metal Storm Awards 2015””Slayer - to release comic book "Repentless #1"””Slayer To Release 'Repentless' 6.66" Vinyl Box Set””BREAKING NEWS: Slayer Announce Farewell Tour””Slayer Recruit Lamb of God, Anthrax, Behemoth + Testament for Final Tour””Slayer lägger ner efter 37 år””Slayer Announces Second North American Leg Of 'Final' Tour””Final World Tour””Slayer Announces Final European Tour With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Tour Europe With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Play 'Last French Show Ever' At Next Year's Hellfst””Slayer's Final World Tour Will Extend Into 2019””Death Angel's Rob Cavestany On Slayer's 'Farewell' Tour: 'Some Of Us Could See This Coming'””Testament Has No Plans To Retire Anytime Soon, Says Chuck Billy””Anthrax's Scott Ian On Slayer's 'Farewell' Tour Plans: 'I Was Surprised And I Wasn't Surprised'””Slayer””Slayer's Morbid Schlock””Review/Rock; For Slayer, the Mania Is the Message””Slayer - Biography””Slayer - Reign In Blood”originalet”Dave Lombardo””An exclusive oral history of Slayer”originalet”Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Jeff Hanneman”originalet”Thinking Out Loud: Slayer's Kerry King on hair metal, Satan and being polite””Slayer Lyrics””Slayer - Biography””Most influential artists for extreme metal music””Slayer - Reign in Blood””Slayer guitarist Jeff Hanneman dies aged 49””Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer””Gateway to Hell: A Tribute to Slayer””Covered In Blood””Slayer: The Origins of Thrash in San Francisco, CA.””Why They Rule - #6 Slayer”originalet”Guitar World's 100 Greatest Heavy Metal Guitarists Of All Time”originalet”The fans have spoken: Slayer comes out on top in readers' polls”originalet”Tribute to Jeff Hanneman (1964-2013)””Lamb Of God Frontman: We Sound Like A Slayer Rip-Off””BEHEMOTH Frontman Pays Tribute To SLAYER's JEFF HANNEMAN””Slayer, Hatebreed Doing Double Duty On This Year's Ozzfest””System of a Down””Lacuna Coil’s Andrea Ferro Talks Influences, Skateboarding, Band Origins + More””Slayer - Reign in Blood””Into The Lungs of Hell””Slayer rules - en utställning om fans””Slayer and Their Fans Slashed Through a No-Holds-Barred Night at Gas Monkey””Home””Slayer””Gold & Platinum - The Big 4 Live from Sofia, Bulgaria””Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Kerry King””2008-02-23: Wiltern, Los Angeles, CA, USA””Slayer's Kerry King To Perform With Megadeth Tonight! - Oct. 21, 2010”originalet”Dave Lombardo - Biography”Slayer Case DismissedArkiveradUltimate Classic Rock: Slayer guitarist Jeff Hanneman dead at 49.”Slayer: "We could never do any thing like Some Kind Of Monster..."””Cannibal Corpse'S Pat O'Brien Will Step In As Slayer'S Guest Guitarist | The Official Slayer Site”originalet”Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Kerrang! Awards 2006 Blog: Kerrang! Hall Of Fame””Kerrang! Awards 2013: Kerrang! Legend”originalet”Metallica, Slayer, Iron Maien Among Winners At Metal Hammer Awards””Metal Hammer Golden Gods Awards””Bullet For My Valentine Booed At Metal Hammer Golden Gods Awards””Metal Storm Awards 2006””Metal Storm Awards 2015””Slayer's Concert History””Slayer - Relationships””Slayer - Releases”Slayers officiella webbplatsSlayer på MusicBrainzOfficiell webbplatsSlayerSlayerr1373445760000 0001 1540 47353068615-5086262726cb13906545x(data)6033143kn20030215029