Nedbør






Regnbye i Danmark


Nedbør er eit meteorologisk samnamn for ulike former av vatn som fell ned frå himmelen. Det kan koma i form av regn, snø, hagl, underkjølt regn, virga og sludd. Nedbør er ein svært viktig del av vasskrinslaupet, og er kjelda til mesteparten av ferskvatnet på jorda. Kondensering som dogg eller skodde blir ikkje rekna som nedbør.




Innhaldsliste






  • 1 Korleis nedbør blir danna


    • 1.1 Kondensasjon


    • 1.2 Koalesens


    • 1.3 Bergeronprosessen




  • 2 Nedbør


  • 3 Nedbørsformar


    • 3.1 Konvektiv nedbør


    • 3.2 Stratiform nedbør


    • 3.3 Orografisk nedbør




  • 4 Måling av nedbør


  • 5 Nedbør i Noreg


    • 5.1 Årlege nedbørnormalar




  • 6 Sjå òg


  • 7 Referansar


  • 8 Bakgrunnsstoff





Korleis nedbør blir danna |




Kondensasjon og koalesens er ein viktig del av vasskrinslaupet



Kondensasjon |


Nedbør blir danna i samband med at relativ varm og fuktig luft stig. Når lufta blir avkjølt byrjar vassdamp å kondensere på kondensasjonskjerner og dannar skyer. Når skydropane har blitt store nok kan to prosessar føre til nedbør, koalesens og bergeronprosessen.



Koalesens |


Koalesens skjer når vassdropar kolliderer og smeltar saman til større dropar, eller når vassdropar frys på ein iskrystall. På grunn av luftmotstanden er vassdropane i ei sky meir eller mindre stasjonær. I samband med luftturbulens kolliderer vassdropane og dannar større dropar. Koalesensprosessen held fram til dropane er blitt så store at luftmotstanden ikkje kan halde på dei lenger og dei fell ut av skya som regn.



Bergeronprosessen |


Bergeronprosessen er ein prosess der underkjølte vassdropar frys på iskrystallar. Når desse iskrystallane veks og blir tunge nok, vil dei byrje å falle og få auka masse ved koalesens med andre iskrystallar og vassdropar. Denne prosessen er avhengig av temperatur, sidan underkjølte dropar berre eksisterer i skyer som er under frysepunktet. På grunn av den store temperaturskilnaden mellom sky og jordoverflate, kan iskrystallane smelte og bli regn på vegen mot bakken.



Nedbør |


Nedbør er eit produkt av vassdamp som har kondensert i atmosfæren og fall tilbake att på jordoverflata. Nedbør blir delt inn i tre kategoriar:


Flytande nedbør,
Underkjølt nedbør og
Frosen nedbør


  • Flytande nedbør:


    • Yr (DZ)


    • Regn (RA)



  • Underkjølt nedbør:


    • Underkjølt yr (FZDZ)


    • Underkjølt regn (FZRA)



  • Frosen nedbør:


    • Snø (SN)


    • Snøkorn (SHGS)


    • Kornsnø (SG)


    • Isnåler (PL)


    • Hagl (SHGR)


    • Iskrystallar (IC)



Koden i parentes er METAR kode for nedbørtypen.



Nedbørsformar |



Konvektiv nedbør |




Konvektiv nedbør


Konvektiv nedbør oppstår frå konvektive skyer, t.d. cumulonimbus eller cumulus congestus, som byer. Sidan konvektive skyer ikkje har så stor horisontal utstrekking vil ikkje ei enkelt bye dekke eit stort område, men dei kan til gjengjeld ha svært kraftig intensitet. Konvektiv nedbør er mest viktig i tropane. Hagl er alltid eit teikn på konveksjon. På midlare breidder er konvektiv nedbør assosiert med kaldfrontar (ofte bak fronten), byelinjer og varmfrontar med store mengder fukt.



Stratiform nedbør |


Stratiform eller storskala nedbør oppstår ved at lufta sakte (cm/s) stig i samband med synoptiske system som kaldfrontar eller føre varmfrontar.



Orografisk nedbør |




Orografisk nedbør


Orografisk nedbør oppstår på losida av fjell i samband med at storskala luftstraumar mot ei fjellkjede hevar lufta oppover i høgda. Lufta blir adiabatisk avkjølt og kondenserer. I område av verden med forholdsvis vedvarande vindretning vil klimaet på vindsida av fjellet ofte vere vesentleg forskjellig frå klimaet på lesida av fjellet. På vindsida vil fjella føre til orografisk nedbør, medan lesida ofte blir liggande i ein regnskugge med fønvind i tillegg. Ein treng ikkje sjå lenger enn til Sør-Noreg for å finne eit godt døme på dette, der Vestlandet har vesentleg våtare klima enn Austlandet.



Måling av nedbør |




Utsida av ein nedbørsmålar.


Nedbørmålingar blir gjort i spesiallaga nedbørsmålarar med vindskjerm som til dels tar høgde for at kraftig vind kan føre til at nedbøren treffer målaren i ein for liten horisontal vinkel, slik at lite nedbør kjem opp i nedbørmålaren.


Ein måler ofte nedbør i millimeter, som viser til kor høgt vatnet i flytande form ville stått over bakken om det ikkje sokk i jorda eller rann vekk. Ein millimeter nedbør er det same som ein liter/m2.


Nedbøren blir vanlegvis målt ein eller to gonger i døgeret, medan enkelte stasjoner måler fire gonger. Nedbøren blir målt til same tid over heile verda, kl. 06 UTC og kl. 18 UTC. Stasjonar som berre måler nedbør ein gong i døgeret måler den kl. 06 UTC. Tidsperioden frå kl. 06 UTC til kl. 06 UTC neste dag blir kalla eit nedbørsdøgn.



Nedbør i Noreg |


I Noreg er det mest nedbør på Vestlandet. Det er to årsaker til det. Sør-Noreg ligg midt i vestavindsbeltet, og mange av lågtrykka som kjem inn mot Europa passerer i nærleiken av Sør-Noreg. Frontsystema desse bringar med seg kjem ofte inn mot Vestlandet. I tillegg vil Langfjella som deler Sør-Noreg på langs føre til orografisk nedbør i vest. Frå september til januar regnar det om lag to av tre dagar på Vestlandet og i løpet av eit år får enkelte stader over 3000 mm. Nordover i landet er det derimot mykje mindre nedbør. Hovudårsaka til dette er at kaldare luft ikkje kan halde på like mykje vassdamp og fukt som varmare luft. Sidan det er kaldare i nord kan derfor ikkje lufta her innehalde like mykje fukt som lenger sør.


Austlandet har òg mykje mindre nedbør enn i vest, mest fordi Langfjella fører til ein regnskuggeeffekt på austsida. Dei nordlege dalstrøka på Austlandet er blant dei tørraste områda i landet på grunn av fjell både i vest og i nord. Skjåk har til dømes ein årleg nedbørsnormal på berre 278 mm i året, som er lågare enn til dømes mange stader i Sahara.



Årlege nedbørnormalar |




  • Brekke i Sogn 3575 mm


  • Bergen 2250 mm


  • Tromsø 1031 mm


  • Oslo - Blindern 763 mm


  • Alta 400 mm


  • Skjåk 278 mm


Ein meiner derimot at enkelte område av landet, der ein ikkje har faste nedbørsstasjonar, kan ha vesentleg høgare nedbørsnormal. Til dømes kan Ålfotbreen ha så mykje som rundt 5 600 mm i året[1], medan Gullfjellet like aust for Bergen ofte får dobbelt så mykje nedbør som Bergen/Florida i sentrum av Bergen [2]



Sjå òg |



  • Monsun

  • Paraply



Referansar |




  1. PDF-dokument, orografisk nedbør på Vestlandet, side 13


  2. Nedbørmålingar av Storm Weather Center i november 2006



Bakgrunnsstoff |



  • Oppdaterte nedbørsdata frå heile verda

  • Regnsjekken





Popular posts from this blog

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Slayer Innehåll Historia | Stil, komposition och lyrik | Bandets betydelse och framgångar | Sidoprojekt och samarbeten | Kontroverser | Medlemmar | Utmärkelser och nomineringar | Turnéer och festivaler | Diskografi | Referenser | Externa länkar | Navigeringsmenywww.slayer.net”Metal Massacre vol. 1””Metal Massacre vol. 3””Metal Massacre Volume III””Show No Mercy””Haunting the Chapel””Live Undead””Hell Awaits””Reign in Blood””Reign in Blood””Gold & Platinum – Reign in Blood””Golden Gods Awards Winners”originalet”Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Looks Back On 37-Year Career In New Video Series: Part Two””South of Heaven””Gold & Platinum – South of Heaven””Seasons in the Abyss””Gold & Platinum - Seasons in the Abyss””Divine Intervention””Divine Intervention - Release group by Slayer””Gold & Platinum - Divine Intervention””Live Intrusion””Undisputed Attitude””Abolish Government/Superficial Love””Release “Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer” by Various Artists””Diabolus in Musica””Soundtrack to the Apocalypse””God Hates Us All””Systematic - Relationships””War at the Warfield””Gold & Platinum - War at the Warfield””Soundtrack to the Apocalypse””Gold & Platinum - Still Reigning””Metallica, Slayer, Iron Mauden Among Winners At Metal Hammer Awards””Eternal Pyre””Eternal Pyre - Slayer release group””Eternal Pyre””Metal Storm Awards 2006””Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Bullet-For My Valentine booed at Metal Hammer Golden Gods Awards””Unholy Aliance””The End Of Slayer?””Slayer: We Could Thrash Out Two More Albums If We're Fast Enough...””'The Unholy Alliance: Chapter III' UK Dates Added”originalet”Megadeth And Slayer To Co-Headline 'Canadian Carnage' Trek”originalet”World Painted Blood””Release “World Painted Blood” by Slayer””Metallica Heading To Cinemas””Slayer, Megadeth To Join Forces For 'European Carnage' Tour - Dec. 18, 2010”originalet”Slayer's Hanneman Contracts Acute Infection; Band To Bring In Guest Guitarist””Cannibal Corpse's Pat O'Brien Will Step In As Slayer's Guest Guitarist”originalet”Slayer’s Jeff Hanneman Dead at 49””Dave Lombardo Says He Made Only $67,000 In 2011 While Touring With Slayer””Slayer: We Do Not Agree With Dave Lombardo's Substance Or Timeline Of Events””Slayer Welcomes Drummer Paul Bostaph Back To The Fold””Slayer Hope to Unveil Never-Before-Heard Jeff Hanneman Material on Next Album””Slayer Debut New Song 'Implode' During Surprise Golden Gods Appearance””Release group Repentless by Slayer””Repentless - Slayer - Credits””Slayer””Metal Storm Awards 2015””Slayer - to release comic book "Repentless #1"””Slayer To Release 'Repentless' 6.66" Vinyl Box Set””BREAKING NEWS: Slayer Announce Farewell Tour””Slayer Recruit Lamb of God, Anthrax, Behemoth + Testament for Final Tour””Slayer lägger ner efter 37 år””Slayer Announces Second North American Leg Of 'Final' Tour””Final World Tour””Slayer Announces Final European Tour With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Tour Europe With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Play 'Last French Show Ever' At Next Year's Hellfst””Slayer's Final World Tour Will Extend Into 2019””Death Angel's Rob Cavestany On Slayer's 'Farewell' Tour: 'Some Of Us Could See This Coming'””Testament Has No Plans To Retire Anytime Soon, Says Chuck Billy””Anthrax's Scott Ian On Slayer's 'Farewell' Tour Plans: 'I Was Surprised And I Wasn't Surprised'””Slayer””Slayer's Morbid Schlock””Review/Rock; For Slayer, the Mania Is the Message””Slayer - Biography””Slayer - Reign In Blood”originalet”Dave Lombardo””An exclusive oral history of Slayer”originalet”Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Jeff Hanneman”originalet”Thinking Out Loud: Slayer's Kerry King on hair metal, Satan and being polite””Slayer Lyrics””Slayer - Biography””Most influential artists for extreme metal music””Slayer - Reign in Blood””Slayer guitarist Jeff Hanneman dies aged 49””Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer””Gateway to Hell: A Tribute to Slayer””Covered In Blood””Slayer: The Origins of Thrash in San Francisco, CA.””Why They Rule - #6 Slayer”originalet”Guitar World's 100 Greatest Heavy Metal Guitarists Of All Time”originalet”The fans have spoken: Slayer comes out on top in readers' polls”originalet”Tribute to Jeff Hanneman (1964-2013)””Lamb Of God Frontman: We Sound Like A Slayer Rip-Off””BEHEMOTH Frontman Pays Tribute To SLAYER's JEFF HANNEMAN””Slayer, Hatebreed Doing Double Duty On This Year's Ozzfest””System of a Down””Lacuna Coil’s Andrea Ferro Talks Influences, Skateboarding, Band Origins + More””Slayer - Reign in Blood””Into The Lungs of Hell””Slayer rules - en utställning om fans””Slayer and Their Fans Slashed Through a No-Holds-Barred Night at Gas Monkey””Home””Slayer””Gold & Platinum - The Big 4 Live from Sofia, Bulgaria””Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Kerry King””2008-02-23: Wiltern, Los Angeles, CA, USA””Slayer's Kerry King To Perform With Megadeth Tonight! - Oct. 21, 2010”originalet”Dave Lombardo - Biography”Slayer Case DismissedArkiveradUltimate Classic Rock: Slayer guitarist Jeff Hanneman dead at 49.”Slayer: "We could never do any thing like Some Kind Of Monster..."””Cannibal Corpse'S Pat O'Brien Will Step In As Slayer'S Guest Guitarist | The Official Slayer Site”originalet”Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Kerrang! Awards 2006 Blog: Kerrang! Hall Of Fame””Kerrang! Awards 2013: Kerrang! Legend”originalet”Metallica, Slayer, Iron Maien Among Winners At Metal Hammer Awards””Metal Hammer Golden Gods Awards””Bullet For My Valentine Booed At Metal Hammer Golden Gods Awards””Metal Storm Awards 2006””Metal Storm Awards 2015””Slayer's Concert History””Slayer - Relationships””Slayer - Releases”Slayers officiella webbplatsSlayer på MusicBrainzOfficiell webbplatsSlayerSlayerr1373445760000 0001 1540 47353068615-5086262726cb13906545x(data)6033143kn20030215029