Frankrike




[endre]


























































République française

(norsk: Frankrike, fransk)














Det franske flagget

Det franske riksvåpenet

Flagg

Riksvåpen



Nasjonalsong
«La Marseillaise»
Motto
Liberté, égalité, fraternité (Fridom, likskap og brorskap)

Geografisk plassering av Frankrike

Offisielle språk

Fransk

Hovudstad

Paris

Styresett

President
Statsminister


Parlamentarisk republikk
Emmanuel Macron
Édouard Philippe

Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
643 801 km² (42.)
0,26 %

Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
67 106 161 (21.)
104,2 /km² (77.)

Nasjonaldag

14. juli

BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
2 647 000 mill. USD (10.)
43 800 USD (27.)

Valuta

Euro

Tidssone

UTC +1

Telefonkode
+33

Toppnivådomene
.fr




Republikken Frankrike eller berre Frankrike (fransk: République française eller France) er eit land i Vest-Europa med fleire territorium i Karibia, Sør-Amerika, Indiahavet, Stillehavet og Nord-Atlanteren. Fastlandet i den europeiske delen blir på fransk kalla l'Hexagone, «sekskanten»: Den eine kanten blir då kysten mot Atlanterhavet i vest, den andre kanten kysten mot Den engelske kanalen i nordvest, den tredje kanten grensa mot Belgia, Luxemburg og Tyskland i nordaust, den fjerde kanten grensa mot Tyskland, Sveits og Italia i aust, den femte kanten kysten mot Middelhavet og grensa mot Monaco i søraust og den sjette kanten grensa mot Spania og Andorra i sørvest. Den søramerikanske delen av Frankrike, Fransk Guyana, grensar til Brasil og Surinam, og det franske Saint-Martin i Karibia grensar til det nederlandske St. Maarten.


Landet har hatt stor innverknad på historia til både Vest-Europa og resten av verda. Den franske revolusjonen inspirerte til opprør og politisk endring i andre land, og innførte nye ordningar, som menneskerettane og SI-systemet, som skulle bli verdsomspennande. Frankrike har òg vore ei stor kolonimakt, og styrer framleis nokre fjerntliggjande territorium. I denne samanhengen har landet hatt ord på seg for å gjera mykje vondt mot dei det herska over.




Innhaldsliste






  • 1 Historie


  • 2 Regionar


  • 3 Geografi


    • 3.1 Klima




  • 4 Kultur


  • 5 Kjelder


  • 6 Bakgrunnsstoff





Historie |



For meir om dette emnet, sjå Fransk historie.


Grensene til Frankrike i dag ligg stort sett ved dei same grensene som oldtidas Gallia, slik dei keltiske gallarne rådde over landet. Gallia vart erobra av Romarriket i det første århundret f.v.t., og gallarane tok til seg latinsk språk og kultur. Kristendomen slo røter i det andre og tredje hundreåret av vår tidsrekning. I folkevandringstida på 300-talet kom germanske stammar frå aust inn i Gallia. Fremst av desse var frankarane som namnet «Frankrike» kjem frå. Bruken av namnet «Frankrike» for den moderne republikken kjem frå eit føydalsk domene rundt Paris. Karl den stores frankiske keisarrike vart i 843 delt i ein austre, ein sentral og ein vestre del. Den austre delen (som snart vart omgjort til Det heilage romerske rike) var starten på det som seinare har blitt Tyskland, den vestre delen vart kongedømet Frankrike.


Etterfølgarane til Karl den store regjerte over Frankrike til 988, då Hugo Capet, hertug av Frankrike og greve av Paris, vart krona til konge av Frankrike. Hans etterfølgarar (som utgjorde dynastia Capetian, Valois og Bourbon.) styrte landet til 1792. Den franske revolusjonen starta i 1789 og førte til at Frankrike vart ein republikk i 1792.


Napoleon Bonaparte tok kontroll over republikken i 1799 og gjorde seg sjølv til første konsul. Fleire blodige krigar herja då over heile Europa, Naploeon erobra fleire land og etablerte nye kongedømer med sine eigne familiemedlemer som overhovud. Etter Napoleons endelege nederlag i 1815 vart det franske monarkiet gjeninnført, men vart så avskaffa og følgt av ein ny republikk i 1848. Den andre republikken varte til Napoleons nevø Louis-Napoléon Bonaparte vart valt til president og erklærte seg sjølv som keisar i 1852. Keisar Napoleon III vart avsett og ein tredje republikk innført i 1870.


Frankrike var på den sigrande sida i begge verdskrigane på 1900-talet. Frankrike leid likevel store tap både økonomisk og menneskeleg. Særleg den første verdskrigen gjorde stor skade i Frankrike. Det franske verdsimperiet mista store landområde, og statusen som ein dominerande verdsmakt forsvann. Etter den andre verdskrigen vart den fjerde republikken danna. I 1958 vart det utarbeida eit semipresidensielt demokrati, kjent som den femte republikken.
I 1968 fann det stad generalstreikar og studenturo i landet, der Paris blei ei kamspone og styresmaktene frykta ein ny revolusjon eller borgarkrig.[1]


Etter siste verdskrigen har Frankrike si forsoning og samarbeid med Tyskland vist seg å vera sentralt i spørsmålet om politisk og økonomisk integrasjon av Europa, mellom anna med innføring av felles valuta (euro) i januar 1999.


Frankrike har stått i spissen av europeiske statar som ønskjer å nytta den monetære unionen til å fremme eit meir samla og handlekraftig europeisk politisk-, forsvars- og tryggleiksapparat. Men det er teikn på at dette har gått for fort for folket i Frankrike. I ei folkeomrøysting i mai 2005 vart det fleirtal mot ratifiseringa av traktaten om ei forfatning for Europa.




Kart over Frankrike



Regionar |


Frankrike er delt inn i 13 regionar. Regionane er igjen delt inn i departement, som igjen er delt inn i arrondissement og kommunar.


Dei franske regionane er:



  • Alsace-Champagne-Ardenne-Lorraine

  • Aquitaine-Limousin-Poitou-Charentes

  • Auvergne-Rhône-Alpes

  • Bourgogne-Franche-Comté

  • Bretagne

  • Centre-Val de Loire

  • Korsika

  • Normandie

  • Île-de-France

  • Languedoc-Roussillon-Midi-Pyrénées

  • Nord-Pas-de-Calais-Picardie

  • Pays de la Loire

  • Provence-Alpes-Côte d'Azur



Geografi |



For meir om dette emnet, sjå Fransk geografi.


Medan France métropolitaine ligg i Vest-Europa, har Frankrike òg mange andre territorium i Nord-Amerika, Karibia, Sør-Amerika, Indiahavet, Stillehavet og Antarktis (sjølv om Antarktis vert styrt av Antarktistraktaten).




Den franske republikken, inkluder oversjøiske departement og territorium outre-mer


Det metropolitanske Frankrike dekkjer eit areal på 551 695 kvadratkilometer, og har eit svært variert landskap, frå kystsletter i nord og vest til fjellkjedene Alpane i søraust, Massif Central sentralt i sør og Pyreneane i sørvest. Det høgaste punktet i Frankrike, Mont Blanc på 4 807 meter over havet, er òg det høgaste fjellet i Alpane og i Vest-Europa. Det ligg på grensa mellom Frankrike og Italia. Det metropolitanske Frankrike har òg eit omfattande elvesystemet med store elvar som Loire, Garonne, Seinen og Rhône, som skil Massif Central frå Alpane og munnar ut i Middelhavet ved Camargue, det lågaste punktet i Frankrike (2 meter under havnivå). Korsika ligg utanfor Den franske rivieraen.




Satellittbilete av Metropolitan-Frankrike, august 2002


Det totale landarealet til Frankrike med oversjøiske departement og territorium (utanom Adélie Land) er 674 843 km², 0,45 % av det totale landarealet på Jorda. Frankrike har derimot den nest største økonomiske sona med eit areal på 11 035 000 km², om lag 8 % av det totale arealet til alle økonomiske soner i verda. Berre USA har større (11 351 000 km²).



Klima |



For meir om dette emnet, sjå Fransk geografi#Klima.


Metropolitan-Frankrike ligg mellom 41º og 52º Nord, i den vestlege delen av Europa, og derfor i den tempererte sona. Dei nordlege og nordvestlege områda har temperert klima, medan avstand frå havet, breiddegrad og høgd påverkar klimaet i resten av landet. I søraust har Frankrike middelhavsklima. I vest er det maritimt klima med meir nedbør, milde vintrar og kjøligare somrar. Dei indre områda har varme og stundom steikande somrar med torevêr, og kaldare vintrar og mindre regn. Klimaet i Alpane og andre fjellområdet er alpint, med 150 frostdagar i året og snødekke som varer opp til seks månadar.



Kultur |


Frankrike har ofte fungert som opphavsstad for ei rekkje nye idear og kulturuttrykk. Fransk biletkunst er mellom anna kjend for Parissalongen og akademisk kunst og for nyskapingar som impresjonisme og ulike moderne retningar som pointilisme, fauvisme og kubisme.[2]Fransk mote gjennom haute couture og motehus har hatt stor påverknad på resten av verda.


Fransk litteratur har ein ubroten tradisjon tilbake til 1100-talet. Ei rekkje ulike sjangerar er representert, som eventyr, fablar, romanar, tragediar, komediar og lyrikk. Fransk åndsliv har hatt avgjerande tyding for resten av verda med Descartes sin rasjonalisme, revolusjonerande tankar om menneske og samfunn frå opplysingstida, surrealisme og eksistensialisme på 1900-talet. Nokre kjende forfattarar er Madame La Fayette Victor Hugo, Gustave Flaubert, Albert Camus, Jean-Paul Sartre, Simone de Beauvoir og J.M.G. Le Clézio.[2]


Innan musikk er fransk visetradisjon verdskjend, mellom anna gjennom artistar som Edith Piaf, Charles Aznavour, Gilbert Bécaud, Leo Ferré, Yves Montand og Juliette Gréco. Jazzmusikk vann tidleg innpass i Frankrike, og Paris har lenge vore eit sentrum for jazz. Paris er også eit senter for afrikansk populærmusikk etter at mange framståande afrikanske artistar, særleg frå tidlegare franske koloniar, har slått seg ned i byen og/eller gjer innspillingar her.[2]



Kjelder |





  1. Linda Næsfeldt (19.05.2018). «Bildespesial: 50 år siden studentopprøret. Frankrike fryktet borgerkrig og revolusjon». Dagens Næringsliv. 



  2. 2,02,12,2 Løkeland-Stai, Espen (7. mai 2018). «Frankrike». Store norske leksikon. Henta 31. august 2018. 



Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Frankrike











































Popular posts from this blog

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Slayer Innehåll Historia | Stil, komposition och lyrik | Bandets betydelse och framgångar | Sidoprojekt och samarbeten | Kontroverser | Medlemmar | Utmärkelser och nomineringar | Turnéer och festivaler | Diskografi | Referenser | Externa länkar | Navigeringsmenywww.slayer.net”Metal Massacre vol. 1””Metal Massacre vol. 3””Metal Massacre Volume III””Show No Mercy””Haunting the Chapel””Live Undead””Hell Awaits””Reign in Blood””Reign in Blood””Gold & Platinum – Reign in Blood””Golden Gods Awards Winners”originalet”Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Looks Back On 37-Year Career In New Video Series: Part Two””South of Heaven””Gold & Platinum – South of Heaven””Seasons in the Abyss””Gold & Platinum - Seasons in the Abyss””Divine Intervention””Divine Intervention - Release group by Slayer””Gold & Platinum - Divine Intervention””Live Intrusion””Undisputed Attitude””Abolish Government/Superficial Love””Release “Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer” by Various Artists””Diabolus in Musica””Soundtrack to the Apocalypse””God Hates Us All””Systematic - Relationships””War at the Warfield””Gold & Platinum - War at the Warfield””Soundtrack to the Apocalypse””Gold & Platinum - Still Reigning””Metallica, Slayer, Iron Mauden Among Winners At Metal Hammer Awards””Eternal Pyre””Eternal Pyre - Slayer release group””Eternal Pyre””Metal Storm Awards 2006””Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Bullet-For My Valentine booed at Metal Hammer Golden Gods Awards””Unholy Aliance””The End Of Slayer?””Slayer: We Could Thrash Out Two More Albums If We're Fast Enough...””'The Unholy Alliance: Chapter III' UK Dates Added”originalet”Megadeth And Slayer To Co-Headline 'Canadian Carnage' Trek”originalet”World Painted Blood””Release “World Painted Blood” by Slayer””Metallica Heading To Cinemas””Slayer, Megadeth To Join Forces For 'European Carnage' Tour - Dec. 18, 2010”originalet”Slayer's Hanneman Contracts Acute Infection; Band To Bring In Guest Guitarist””Cannibal Corpse's Pat O'Brien Will Step In As Slayer's Guest Guitarist”originalet”Slayer’s Jeff Hanneman Dead at 49””Dave Lombardo Says He Made Only $67,000 In 2011 While Touring With Slayer””Slayer: We Do Not Agree With Dave Lombardo's Substance Or Timeline Of Events””Slayer Welcomes Drummer Paul Bostaph Back To The Fold””Slayer Hope to Unveil Never-Before-Heard Jeff Hanneman Material on Next Album””Slayer Debut New Song 'Implode' During Surprise Golden Gods Appearance””Release group Repentless by Slayer””Repentless - Slayer - Credits””Slayer””Metal Storm Awards 2015””Slayer - to release comic book "Repentless #1"””Slayer To Release 'Repentless' 6.66" Vinyl Box Set””BREAKING NEWS: Slayer Announce Farewell Tour””Slayer Recruit Lamb of God, Anthrax, Behemoth + Testament for Final Tour””Slayer lägger ner efter 37 år””Slayer Announces Second North American Leg Of 'Final' Tour””Final World Tour””Slayer Announces Final European Tour With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Tour Europe With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Play 'Last French Show Ever' At Next Year's Hellfst””Slayer's Final World Tour Will Extend Into 2019””Death Angel's Rob Cavestany On Slayer's 'Farewell' Tour: 'Some Of Us Could See This Coming'””Testament Has No Plans To Retire Anytime Soon, Says Chuck Billy””Anthrax's Scott Ian On Slayer's 'Farewell' Tour Plans: 'I Was Surprised And I Wasn't Surprised'””Slayer””Slayer's Morbid Schlock””Review/Rock; For Slayer, the Mania Is the Message””Slayer - Biography””Slayer - Reign In Blood”originalet”Dave Lombardo””An exclusive oral history of Slayer”originalet”Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Jeff Hanneman”originalet”Thinking Out Loud: Slayer's Kerry King on hair metal, Satan and being polite””Slayer Lyrics””Slayer - Biography””Most influential artists for extreme metal music””Slayer - Reign in Blood””Slayer guitarist Jeff Hanneman dies aged 49””Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer””Gateway to Hell: A Tribute to Slayer””Covered In Blood””Slayer: The Origins of Thrash in San Francisco, CA.””Why They Rule - #6 Slayer”originalet”Guitar World's 100 Greatest Heavy Metal Guitarists Of All Time”originalet”The fans have spoken: Slayer comes out on top in readers' polls”originalet”Tribute to Jeff Hanneman (1964-2013)””Lamb Of God Frontman: We Sound Like A Slayer Rip-Off””BEHEMOTH Frontman Pays Tribute To SLAYER's JEFF HANNEMAN””Slayer, Hatebreed Doing Double Duty On This Year's Ozzfest””System of a Down””Lacuna Coil’s Andrea Ferro Talks Influences, Skateboarding, Band Origins + More””Slayer - Reign in Blood””Into The Lungs of Hell””Slayer rules - en utställning om fans””Slayer and Their Fans Slashed Through a No-Holds-Barred Night at Gas Monkey””Home””Slayer””Gold & Platinum - The Big 4 Live from Sofia, Bulgaria””Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Kerry King””2008-02-23: Wiltern, Los Angeles, CA, USA””Slayer's Kerry King To Perform With Megadeth Tonight! - Oct. 21, 2010”originalet”Dave Lombardo - Biography”Slayer Case DismissedArkiveradUltimate Classic Rock: Slayer guitarist Jeff Hanneman dead at 49.”Slayer: "We could never do any thing like Some Kind Of Monster..."””Cannibal Corpse'S Pat O'Brien Will Step In As Slayer'S Guest Guitarist | The Official Slayer Site”originalet”Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Kerrang! Awards 2006 Blog: Kerrang! Hall Of Fame””Kerrang! Awards 2013: Kerrang! Legend”originalet”Metallica, Slayer, Iron Maien Among Winners At Metal Hammer Awards””Metal Hammer Golden Gods Awards””Bullet For My Valentine Booed At Metal Hammer Golden Gods Awards””Metal Storm Awards 2006””Metal Storm Awards 2015””Slayer's Concert History””Slayer - Relationships””Slayer - Releases”Slayers officiella webbplatsSlayer på MusicBrainzOfficiell webbplatsSlayerSlayerr1373445760000 0001 1540 47353068615-5086262726cb13906545x(data)6033143kn20030215029