Bryan Ferry























































Bryan Ferry
Bryan Ferry (6216585713).jpg
Bryan Ferry (2011)
Fødd 26. september 1945
Fødestad
Washington i County Durham i England
Opphav Storbritannia
Aktiv 1971 til i dag
Sjanger
Poprock, glamrock, kunstrock, New Wave, New Romanticism
Instrument vokal, keyboard, munnspel, gitar
Stemmetype baryton
Tilknytte artistar
Roxy Music, Chester Kamen
Plateselskap UK: Island, E.G., Polydor,, Virgin, EMI (US), Reprise, Warner Bros. Records, Atco, Atlantic
Verka som
Låtskrivar, musikar
Gift med Lucy Ferry
Prisar kommandør i den britiske imperieorden

Bryan Ferry (fødd 26. september 1945) er ein engelsk songar, musikar og låtskrivar. Ferry vart kjend tidleg i 1970-åra som frontmann, vokalist og låtskrivar i bandet Roxy Music, og har hatt ein særs suksessrik solokarriere med tre album på toppen av albumlista i Storbritannia og ti singlar på Topp 40. Ferry byrja solokarrieren sin alt i 1973, medan han framleis var medlem i Roxy Music.




Innhaldsliste






  • 1 Biografi


    • 1.1 Før Roxy Music (før 1971)


    • 1.2 Roxy Music og soloåra (1971–1983)


    • 1.3 Etter Roxy Music (1985–2001)


    • 1.4 Roxy Music-gjenforeining (2001 til i dag)




  • 2 Privatliv


  • 3 Diskografi


  • 4 Kjelder


  • 5 Bakgrunnsstoff





Biografi |



Før Roxy Music (før 1971) |


Ferry vart fødd i ein arbeidarklassefamilien[1] Ferry gjekk på Washington Grammar-Technical School (i dag Washington School) på Spout Lane frå 1957 og fekk ni O level, før han studerte kunst ved University of Newcastle upon Tyne under Richard Hamilton.[2]
Av medstudentane hans finn ein Tim Head[3] og Nick de Ville.[4] Han vart keramikklærar ved Holland Park school i London.[5] Ferry danna bandet The Banshees og seinare, i lag med Graham Simpson, bandet The Gas Board.[6]



Roxy Music og soloåra (1971–1983) |



For meir om dette emnet, sjå Roxy Music.


Ferry danna Roxy Music med nokre vener og kjende, først med Graham Simpson, i november 1970. Besetninga vart utvida med saksofonisten/oboisten Andy Mackay og venen hans Brian Eno, som eigde ein lydbandopptakar og spelte på Mackay sin synthesiser. Andre tidlege medlemmar var trommeslagaren Dexter Lloyd og tidlegare Nice-gitarist David O'List, som vart erstatta av Paul Thompson og Phil Manzanera før bandet vart spelte inn det første albumet sitt. [7]


Den første hitten til Roxy Music, «Virginia Plain», nådde akkurat ikkje toppen av lista og vart etterfølgd av fleire hitsinglar og album, med Ferry som vokalist. Han spelte òg stundom piano og synthesiser.


I mange år samarbeidde Ferry med motedesignaren Antony Price for klede og image. Price er kjend for butikken sin i Kings Road i London. Han lagde dressar, som vart respekterte verda over for elegansen sin og vart kjend då kjendisar og rockestjerner byrja å gå i kleda hans.[8]Nicky Haslam sa om Ferry at det var meir truleg at han pussa opp eit hotellrom enn å øydeleggje det.[9]


Etter det andre albumet forlet Eno Roxy Music, og Ferry vart den soleklåre frontmannen i bandet. Ferry hadde alt starta ein parallell solokarriere i 1973, først med coverversjonar av gamle standardlåtar på albumaThese Foolish Things (1973) og Another Time, Another Place (1974), som begge nådde Topp 5 i Storbritannia. Etter turnear etter Siren, tok Roxy Music ein mellombels pause i 1976, sjølv om Paul Thompson, Phil Manzanera og Eddie Jobson alle spelte på soloalbuma til Ferry som følgde. I 1976 spelte Ferry inn Beatles-songen «She's Leaving Home» for musikkdokumentaren All This and World War II. Han gav så ut tre soloalbum i denne perioden, Let's Stick Together (1976), In Your Mind (1977) og The Bride Stripped Bare (1978), men på denne tida byrja karrieren hans å falle.


Roxy Music vart starta opp att i 1979, med Ferry, Manzanera, Thompson og Mackay (Jobson var ikkje lenger medlem). Bandet spelte inn albuma Manifesto (1979), Flesh + Blood (1980) og Avalon (1982), dei to sistnemnde nådde begge toppen av den britiske albumlista.[10] Bandet fekk òg den einaste singelen sin på toppen av lista med «Jealous Guy» 1981, ein hyllest til John Lennon, som vart myrda nokre månader tidlegare. Det var den einaste av singlane til bandet som ikkje var skriven av Ferry.


Etter ein lengre turne etter Avalon i 1982, valte Ferry å legge ned Roxy Music og fortsetje som soloartist.



Etter Roxy Music (1985–2001) |


Ferry heldt fram å spele inn musikk og gav ut det sjette soloalbumet sitt, Boys and Girls, i 1985. Albumet nådde toppen i Storbritannia, det første og einaste soloalbumet hans som klarte dette, og det vart òg det bestseljande albumet hans i USA.


I juli 1985 spelte Ferry på Live Aid i London, med David Gilmour på gitar.[11] Han fekk ein del tekniske problem undervegs, trommeslagaren brekte trommestikka og gitaren til Gilmour virka ikkje, så han måtte byte.[12]


Etter Avalon-turneen, var Ferry heller motvillig til å turnere. Managementet hans klarte derimot å overtale han til å turnere i 1988 etter albumet Bête Noire kom ut året før. Etter denne turneen slo Ferry seg saman med Brian Eno igjen for Mamouna (eit samarbeid med Robin Trower på gitar og som produsent). Album tok meir enn fem år å få ferdig og hadde arbeidstittelen Horoscope. Under produksjonen spelte Ferry samstundes inn og gav ut eit coveralbum, Taxi i 1993, som både selde betre og fekk betre kritikk enn Mamouna då det endeleg kom ut i 1994. I 1996 spelte Ferry songen «Dance With Life» for filmen Phenomenon, som vart skriven av Bernie Taupin og Martin Page. I 1999 spelte Ferry i lag med Alan Partridge (spelt av Steve Coogan) på BBC sitt Comic Relief.


Etter ein pause frå musikken, kom Ferry attende i 1999. Han byrja å blande songar frå 1930-åra med sine eigne, og fleire songar frå Roxy Music-tida. Desse samla han på albumet As Time Goes By, som vart nominert til Grammyprisen.[13]



Roxy Music-gjenforeining (2001 til i dag) |


Ferry, Manzanera, Mackay og Thompson tok opp att Roxy Music i 2001 og turnerte mykje dei neste åra, sjølv om bandet ikkje gav ut nytt materiale. I 2002 gav Ferry ut det neste studioalbumet sitt, Frantic, med hjelp av Manzanera og Thompson, samt Brian Eno. Albumet vart ei blanding av nye songar og coverversjonar, noko Ferry ikkje hadde gjort sidan The Bride Stripped Bare i 1978.


I 2003 underhaldt Ferry for Miss World-konkurransen, eit show sendt til 2 milliardar potensielle sjåarar over heile verda.[14]
I 2004 spelte Ferry i kortfilmen The Porter. I 2005 vart det stadfesta[15] at Roxy Music (Ferry, Eno, Mackay, Manzanera og Thompson) igjen skulle spele på Isle Of Wight-festilvane dette året, samt spele inn eit nytt album med ein ny turne.[16] Brian Eno stadfesta[17] at han arbeidde i studio med Roxy Music igjen og hadde skrive songar for det nye albumet. Ferry nekta seinare for at det var eit nytt Roxy Music-album på gang og at songane mest truleg ville bli ein del av det neste soloalbumet hans,[18] og at han ikkje trudde det ville kome noko nytt Roxy Music-album.[19]


I oktober 2006 var Bryan Ferry modell for kleskjeda Autograph for Marks and Spencer. I 2007 gav Ferry ut albumet Dylanesque, eit hyllestalbum til Bob Dylan. Albumet nådde Topp 10 i Storbritannia og Ferry la ut på turne.


7. oktober 2008 fekk Ferry prisen som eit BMI-ikon på den årlege BMI London Awards. Tidlegare vinnarar var Peter Gabriel, Ray Davies, Steve Winwood, Van Morrison, blant andre.[20]


I 2009 song Ferry på DJ Hell-plata U Can Dance. Ein ny versjon av songen vart spelt inn for studioalbumet til Ferry, Olympia, som kom ut i oktober 2010. Albumet bestod av songar spelt inn med dei tidlegare Roxy Music-medlemmane, samt eit imponerande knippe musikarar som Nile Rodgers, David A. Stewart, Scissor Sisters, Groove Armada, Michael «Flea» Balzary, Johnny Greenwood og David Gilmour og og med modellen Kate Moss på plateomslaget. Albumet fekk glimrande kritikk og nådde Topp 20 i Storbritannia og gjekk inn på lista i USA:



Privatliv |


Fleire av kjærastane til Ferry har vorte avbileta på omslaga til Roxy Music-albuma. Songaren og modellen Amanda Lear var på framsida av For Your Pleasure album. She later went on to date David Bowie.[21]


Ferry var så i eit forhold med modellen Jerry Hall. Hall var med i fleire av musikkvideoane til Ferry, som «Let's Stick Together» og «The Price of Love». Ferry møtte først Hall under fotograferinga av omslaget for Roxy Music-albumet Siren i Wales sommaren 1975. Dei budde ein periode i lag i London, fram til ho forlet han for Mick Jagger seint i 1977.


Ferry slo seg etter kvart til ro og gifta seg med Lucy Helmore, som han har fire søner med.



Diskografi |




  • These Foolish Things (Oktober 1973, UK #5)


  • Another Time, Another Place (Juli 1974, UK #4)


  • Let's Stick Together (September 1976, UK #19, US #160)


  • In Your Mind (Februar 1977, UK #5, US #126, Aust.#1)


  • The Bride Stripped Bare (April 1978, UK #13, US #159)


  • Boys and Girls (Mai 1985, UK #1, US #63)


  • Bête Noire (Oktober 1987, UK #9, US #63)


  • Taxi (13. april 1993, UK #2, US #79)


  • Mamouna (5. september 1994, UK #11, US #94)


  • As Time Goes By (15. oktober 1999, UK #16, US #199)


  • Frantic (18. mai 2002, UK #6, US #189)


  • Dylanesque (5. mars 2007, UK #5, US #117)


  • Olympia (26. oktober 2010, UK #19, US #71)



Kjelder |





  • Denne artikkelen bygger på «Bryan Ferry» frå Wikipedia på engelsk, den 9. april 2011.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:


  • Bracewell, Michael Roxy Music: Bryan Ferry, Brian Eno, Art, Ideas og Fashion (Da Capo Press, 2005) ISBN 0-306-81400-5

  • Buckley, David The Thrill of It All: The Story of Bryan Ferry & Roxy Music (Chicago Review Press, 2005) ISBN 1-55652-574-5

  • Rigby, Jonathan Roxy Music: Both Ends Burning (Reynolds & Hearn, 2005; revised edition 2008) ISBN 1-903111-80-3

  • Stump, Paul Unknown Pleasures: A Cultural Biography of Roxy Music (Quartet Books, 1998) ISBN 0-7043-8074-9






  1. «Bryan Ferry's solo work». www.vivaroxymusic.com. Henta 9. april 2011. 


  2. «Richard Hamilton Biographical chronology». www.infoloop.org. Henta 9. april 2011. 


  3. Hodgkinson, Will (18 mars 2007). «Soundtrack of my life: Bryan Ferry». London: The Observer. Henta 9. april 2011. 


  4. «The best of both worlds?». Interview (Arena Magazine). september 1994. Henta 9. april 2011. 


  5. «Bryan Ferry». vivaroxymusic.com. Arkivert frå originalen 7 juni 2007. Henta 9. april 2011. 


  6. «Look Back In Languor». The Guardian. 14 juni 1997. Arkivert frå originalen 25 juni 2007. Henta 9. april 2011. 


  7. «Getting Roxy Music in with 'The 'In' Crowd' - An Interview With Davy O'List». VivaRoxyMusic.com. 25 april 2004. Arkivert frå originalen 15 mai 2007. Henta 9. april 2011. 


  8. «Peter Yorke on Antony Price». The independent magazine. Henta 9. april 2011. 


  9. Nigel Farndale (11 april 2008). «Bryan Ferry: 'I don't want to be controversial'». Daily Telegraph (London). Henta 9. april 2011. 


  10. «Bryan Ferry & Roxy Music UK chart statistics». www.roxyrama.com. Henta 9. april 2011. 


  11. «Live Aid (13 July 1985): Bryan Ferry». MTV. januar 2002. Henta 9. april 2011. 


  12. Wilkinson, Carl (17 oktober 2004). «Live aid in their own words». London: The Observer. Henta 9. april 2011. 


  13. «Diversity marks Grammy nominations». CNN. 3 januar 2001. Henta 9. april 2011. 


  14. «Irish Eyes Are Smiling». Sky News. 2 desember 2003. Henta 9. april 2011. 


  15. «Roxy Music To Play At The Isle Of Wight Festival». 17 mars 2005. Henta 9. april 2011. 


  16. «Roxy back in the studio». Phil Manzarena. 30 juni 2005. Arkivert frå originalen 17 mars 2007. Henta 17 april 2007. 


  17. «Working with someone is like dating». London: Guardian. 19 mai 2006. Henta 9. april 2011. 


  18. Sanghera, Sathnam (28 november 2009). «Bryan Ferry I lead quite a sheltered life». The Times (London). Henta 9. april 2011. 


  19. Thrills, Adrian (26 november 2009). «'People think I wake up in the morning and put on a tuxedo': Bryan Ferry reveals the truth about his life and career». Daily Mail (London). 


  20. «Bryan Ferry Receives Icon Honours at BMI London Awards». bmi.com. Henta 9. april 2011. 


  21. «Amanda Lear Biography». eurodancehits.com. 1998. Henta 15 juni 2007. 






Bakgrunnsstoff |




Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Bryan Ferry


  • Offisiell heimeside




























Popular posts from this blog

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Slayer Innehåll Historia | Stil, komposition och lyrik | Bandets betydelse och framgångar | Sidoprojekt och samarbeten | Kontroverser | Medlemmar | Utmärkelser och nomineringar | Turnéer och festivaler | Diskografi | Referenser | Externa länkar | Navigeringsmenywww.slayer.net”Metal Massacre vol. 1””Metal Massacre vol. 3””Metal Massacre Volume III””Show No Mercy””Haunting the Chapel””Live Undead””Hell Awaits””Reign in Blood””Reign in Blood””Gold & Platinum – Reign in Blood””Golden Gods Awards Winners”originalet”Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Looks Back On 37-Year Career In New Video Series: Part Two””South of Heaven””Gold & Platinum – South of Heaven””Seasons in the Abyss””Gold & Platinum - Seasons in the Abyss””Divine Intervention””Divine Intervention - Release group by Slayer””Gold & Platinum - Divine Intervention””Live Intrusion””Undisputed Attitude””Abolish Government/Superficial Love””Release “Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer” by Various Artists””Diabolus in Musica””Soundtrack to the Apocalypse””God Hates Us All””Systematic - Relationships””War at the Warfield””Gold & Platinum - War at the Warfield””Soundtrack to the Apocalypse””Gold & Platinum - Still Reigning””Metallica, Slayer, Iron Mauden Among Winners At Metal Hammer Awards””Eternal Pyre””Eternal Pyre - Slayer release group””Eternal Pyre””Metal Storm Awards 2006””Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Bullet-For My Valentine booed at Metal Hammer Golden Gods Awards””Unholy Aliance””The End Of Slayer?””Slayer: We Could Thrash Out Two More Albums If We're Fast Enough...””'The Unholy Alliance: Chapter III' UK Dates Added”originalet”Megadeth And Slayer To Co-Headline 'Canadian Carnage' Trek”originalet”World Painted Blood””Release “World Painted Blood” by Slayer””Metallica Heading To Cinemas””Slayer, Megadeth To Join Forces For 'European Carnage' Tour - Dec. 18, 2010”originalet”Slayer's Hanneman Contracts Acute Infection; Band To Bring In Guest Guitarist””Cannibal Corpse's Pat O'Brien Will Step In As Slayer's Guest Guitarist”originalet”Slayer’s Jeff Hanneman Dead at 49””Dave Lombardo Says He Made Only $67,000 In 2011 While Touring With Slayer””Slayer: We Do Not Agree With Dave Lombardo's Substance Or Timeline Of Events””Slayer Welcomes Drummer Paul Bostaph Back To The Fold””Slayer Hope to Unveil Never-Before-Heard Jeff Hanneman Material on Next Album””Slayer Debut New Song 'Implode' During Surprise Golden Gods Appearance””Release group Repentless by Slayer””Repentless - Slayer - Credits””Slayer””Metal Storm Awards 2015””Slayer - to release comic book "Repentless #1"””Slayer To Release 'Repentless' 6.66" Vinyl Box Set””BREAKING NEWS: Slayer Announce Farewell Tour””Slayer Recruit Lamb of God, Anthrax, Behemoth + Testament for Final Tour””Slayer lägger ner efter 37 år””Slayer Announces Second North American Leg Of 'Final' Tour””Final World Tour””Slayer Announces Final European Tour With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Tour Europe With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Play 'Last French Show Ever' At Next Year's Hellfst””Slayer's Final World Tour Will Extend Into 2019””Death Angel's Rob Cavestany On Slayer's 'Farewell' Tour: 'Some Of Us Could See This Coming'””Testament Has No Plans To Retire Anytime Soon, Says Chuck Billy””Anthrax's Scott Ian On Slayer's 'Farewell' Tour Plans: 'I Was Surprised And I Wasn't Surprised'””Slayer””Slayer's Morbid Schlock””Review/Rock; For Slayer, the Mania Is the Message””Slayer - Biography””Slayer - Reign In Blood”originalet”Dave Lombardo””An exclusive oral history of Slayer”originalet”Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Jeff Hanneman”originalet”Thinking Out Loud: Slayer's Kerry King on hair metal, Satan and being polite””Slayer Lyrics””Slayer - Biography””Most influential artists for extreme metal music””Slayer - Reign in Blood””Slayer guitarist Jeff Hanneman dies aged 49””Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer””Gateway to Hell: A Tribute to Slayer””Covered In Blood””Slayer: The Origins of Thrash in San Francisco, CA.””Why They Rule - #6 Slayer”originalet”Guitar World's 100 Greatest Heavy Metal Guitarists Of All Time”originalet”The fans have spoken: Slayer comes out on top in readers' polls”originalet”Tribute to Jeff Hanneman (1964-2013)””Lamb Of God Frontman: We Sound Like A Slayer Rip-Off””BEHEMOTH Frontman Pays Tribute To SLAYER's JEFF HANNEMAN””Slayer, Hatebreed Doing Double Duty On This Year's Ozzfest””System of a Down””Lacuna Coil’s Andrea Ferro Talks Influences, Skateboarding, Band Origins + More””Slayer - Reign in Blood””Into The Lungs of Hell””Slayer rules - en utställning om fans””Slayer and Their Fans Slashed Through a No-Holds-Barred Night at Gas Monkey””Home””Slayer””Gold & Platinum - The Big 4 Live from Sofia, Bulgaria””Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Kerry King””2008-02-23: Wiltern, Los Angeles, CA, USA””Slayer's Kerry King To Perform With Megadeth Tonight! - Oct. 21, 2010”originalet”Dave Lombardo - Biography”Slayer Case DismissedArkiveradUltimate Classic Rock: Slayer guitarist Jeff Hanneman dead at 49.”Slayer: "We could never do any thing like Some Kind Of Monster..."””Cannibal Corpse'S Pat O'Brien Will Step In As Slayer'S Guest Guitarist | The Official Slayer Site”originalet”Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Kerrang! Awards 2006 Blog: Kerrang! Hall Of Fame””Kerrang! Awards 2013: Kerrang! Legend”originalet”Metallica, Slayer, Iron Maien Among Winners At Metal Hammer Awards””Metal Hammer Golden Gods Awards””Bullet For My Valentine Booed At Metal Hammer Golden Gods Awards””Metal Storm Awards 2006””Metal Storm Awards 2015””Slayer's Concert History””Slayer - Relationships””Slayer - Releases”Slayers officiella webbplatsSlayer på MusicBrainzOfficiell webbplatsSlayerSlayerr1373445760000 0001 1540 47353068615-5086262726cb13906545x(data)6033143kn20030215029