Nordre valkrins




Nordre valkrins (nordsamisk: Davveguovllu válgabiire, bokmål: Nordre valgkrets) er ein valkrins ved Sametingsvala i Noreg frå og med valet i 2009.[1] Krinsen vert også kalla valkrins 3. Stemmerett i krinsen har dei som er busette der og er innførde i manntalet til Sametingsvalet. I 2017 var det 2540 personar som var registrerte i manntalet i området.[2]


Krinsen femner kommunane Nordkapp, Måsøy, Kvalsund, Hammerfest, Hasvik, Alta og Loppa i Finnmark fylke, og Skjervøy, Kvænangen og Nordreisa i Troms fylke.[1]


Det skal ved valet i 2015 veljast inn seks sametingsrepresentantar frå krinsen.[3] Sametinget skal til saman ha 39 representantar.


Krinsordninga ved Sametingsvala vart endra framfor valet i 2009. I staden for dei 13 krinsane ein nytta ved Sametingsvala i 1989, 1993, 1997, 2001 og 2005, er det frå 2009 sju krinsar.[4] Nordre valkrins tilsvarar den tidlegare krinsen Alta/Kvalsund valkrins i tillegg til Nordkapp og Måsøy kommunar som tidlegare var del av Porsanger valkrins, og Skjervøy, Kvænangen og Nordreisa kommunar som høyrde til Nord-Troms valkrins.[5]



Parti og vallister som stilte til Sametingsvalet i 2017 i Nordre valkrins |


Desse partia og vallistene stilte til Sametingsvalet i 2017 i krinsen.[6]



  • Árja

  • Arbeidarpartiet

  • Framstegspartiet

  • Høgre

  • Nordkalottfolket

  • Norske Samers Riksforbund

  • Senterpartiet

  • Šiella



Referansar |





  1. 1,01,1 Lov om Sametinget og andre samiske rettsforhold (sameloven). på nettstaden lovdata.no


  2. «Sametingets valgmanntall 2017», www.sametinget.no, henta 26. februar 2019 


  3. Mandatfordelingen. Sametinget. Henta frå https://www.sametinget.no/Valg/Valgordningen-og-valgkretsene den 25.2.2019.


  4. «Ny valgordning» på nettstaden til Det norske sametinget


  5. Sametingsvalget 2009: «3. Davveguovllu válgabiire/Nordre valgkrets» på nettstaden til NRK Sameradioen


  6. «Valgkrets 3 Nordre», www.sametinget.no, henta 26. februar 2019 




Bakgrunnsstoff |




  • FOR 2008-12-19 nr 1480: Forskrift om valg til Sametinget på nettstaden lovdata.no


  • Sametingsvalget 2009 – Rundskriv om endringer i valgbestemmelsene i sameloven og forskrift om valg til Sametinget på nettstaden til Den norske regjeringa











Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum