Det norske sametinget




Sjå også dei finske og svenske sametinga.



Sametinget frå utsida.




Biblioteket i Sametinget.




Sametingsbygningen om vinteren.


Sámediggi, det norske sametinget, er det øvste organet til samane i Noreg, og har som oppgåve å representera interessene deira. Tinget har i 2019 39 representantar, vald frå 7 valkrinsar over heile landet, av veljarar som står oppført i valmanntalet til Sametinget. Sjølve sametingsbygget ligg i Karasjok.


I tillegg til det norske sametinget finst det også eit svensk og eit finsk sameting, som på ulike måtar skil seg frå det norske sametinget. Dei nordiske sametinga samarbeider i Samisk parlamentarisk råd, som vart oppretta i 2000. Dei russiske samane har observatørstatus i Samisk parlamentarisk råd.


Vedtaket om at Sametinget skulle opprettast i Noreg blei gjort i 1987, då Stortinget vedtok Sameloven (Lov om Sametinget og andre samiske rettsforhold). Sametinget erstatta Norsk sameråd. Det blei første gong opna den 7. oktober 1989 av kong Olav, etter at representantar var blitt valde parallelt med stortingsrepresentantane.


Alle som står på samemanntalslista kan veljast inn på tinget, som samlar seg fire gonger i året. Det blir leia av Sametingsrådet, sett saman av ein president, visepresident og tre andre medlemmer som er valde frå sametingsrepresentantane.




Innhaldsliste






  • 1 Oppgåver


  • 2 Fagkomitéar


  • 3 Sametingsval


    • 3.1 Parti


    • 3.2 Valkrinsar


      • 3.2.1 1989-2005






  • 4 Sametingspresidentane


  • 5 Lenkjer til heimesidene til alle sametinga





Oppgåver |


Tinget har lita reell makt, men skal få uttala seg om saker som gjeld samane. Det er meint å skulla ha ein leiande rolle i den politiske utviklinga av framtida til minoritetsgruppa. Det skal òg fungera som ein representant for det samiske folket ovanfor styresmaktene og den ikkje-samiske majoriteten i Noreg. Sametinget distribuerer årleg ei støtte på 83,4 millionar kroner til samisk kultur-, språk-, utdannings- og næringsføretak.



Fagkomitéar |


Sametinget har fire fagkomitéar.



  • Kontroll- og konstitusjonskomiteen

  • Plan- og finanskomiteen

  • Oppvekst- og utdanningskomiteen

  • Nærings- og kulturkomiteen



Sametingsval |


Valet til tinget foregår same dagen som Stortingsvalet, som eit direkte val utført av dei som står i Valmanntalet til Sametinget. For å stå der må nokon rekna seg som same, og i tillegg anten snakka samisk heime, stamma frå minst ein som snakka samisk heime (forelder, besteforelder eller oldeforelder), eller ha foreldre som står eller har stått i manntalet. Alle som står i manntalet kan bli velde inn på Sametinget, og dei er plikta til å stilla på møte dersom dei ikkje ber seg fritekne på grunn av alder (over 60 år) eller stor ulempe i høve til arbeidet sitt.



Parti |





Sven-Roald Nystø, Aili Keskitalo og Ole Henrik Magga, tre sametingspresidentar frå NSR


Ved sametingsvalet 2017 stilte desse partia med lister i ein eller fleire valkrinsar:[1]



  • Arbeidarpartiet

  • Árja

  • Fastboendes liste på Sametinget

  • Flyttsamelista

  • Framstegspartiet

  • Høgre

  • Jiehkkevárri

  • Kautokeino fastboendes liste

  • Nordkalottfolket

  • Norske Samers Riksforbund

  • Samefolkets parti

  • Samenes Folkeforbund

  • Sámieana

  • Senterpartiet

  • Sosialistisk Venstreparti

  • Šiella

  • Åarjel-Saemiej Gielh



Valkrinsar |


Til Sametingsvalet i 2009 er det innførd nytt valkrinssystem.




  1. Austre valkrins (Nuortaguovllu válgabiire / Østre valgkrets) femner Sør-Varanger, Nesseby, Vadsø, Vardø, Båtsfjord, Tana, Berlevåg, Lebesby og Gamvik kommunar. Seks representantar skal veljast frå kretsen.


  2. Ávjovárri valkrins (Ávjovári válgabiire / Ávjovárri valgkrets) femner Karasjok, Kautokeino og Porsanger kommunar. Ni representantar skal veljast frå kretsen.


  3. Nordre valkrins (Davveguovllu válgabiire / Nordre valgkrets) femner Nordkapp, Måsøy, Kvalsund, Hammerfest, Hasvik, Alta, Loppa, Skjervøy, Kvænangen og Nordreisa kommunar. Seks representantar skal veljast frå kretsen.


  4. Gáisi valkrins (Gáiseguovllu válgabiire / Gáisi valgkrets) femner Kåfjord , Storfjord, Lyngen, Karlsøy, Tromsø, Balsfjord, Målselv, Bardu, Lenvik, Berg, Torsken, Tranøy og Sørreisa kommunar. Seks representantar skal veljast frå kretsen.


  5. Vesthavet valkrins (Viestarmera válggabijrra / Viesttarmeara válgabiire / Vesthavet valgkrets) femner Dyrøy, Salangen, Lavangen, Gratangen, Skånland, Ibestad, Harstad, Kvæfjord, Andøy, Øksnes, Bø, Sortland, Hadsel, Vågan, Vestvågøy, Flakstad, Moskenes, Værøy, Røst, Lødingen, Tjeldsund, Evenes, Narvik, Ballangen, Tysfjord, Hamarøy, Steigen, Sørfold, Bodø, Fauske, Saltdal, Gildeskål, Beiarn og Meløy. Fem representantar skal veljast frå kretsen.


  6. Sørsamisk valkrins (Åarjel-Saepmie veeljemegievlie / Sørsamisk valgkrets) femner Nordlandskommunane frå og med Rana og Rødøy og sørover, alle kommunane i Trøndelag fylke, Sunndal og Surnadal kommunar i Møre og Romsdal fylke, og Engerdal, Rendalen, Os, Tolga, Tynset og Folldal kommunar i Hedmark fylke. Tre representantar skal veljast inn frå kretsen.


  7. Sør-Noreg valkrins (Lulli-Norgga válgabiire / Sør-Norge valgkrets) femner dei delane av Sør-Noreg som ikkje høyrer til den Sørsamiske valkrinsen, det vil seie fylka Møre og Romsdal utom Surnadal og Sunndal, Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland, Vest-Agder, Aust-Agder, Telemark, Vestfold, Buskerud, Akershus, Oslo, Østfold, Oppland og Hedmark utom Engerdal, Rendalen, Os, Tolga, Tynset og Folldal kommunar. Fire representantar skal veljast frå kretsen.



1989-2005 |


Ved vala i 1989, 1993, 1997, 2001 og 2005 vart det vald inn tre medlemmer frå kvar av desse valkrinsane:



  1. Varanger (Sør-Varanger, Nesseby, Vadsø, Vardø og Båtsfjord kommunar)

  2. Tana (Tana, Berlevåg og Gamvik kommunar)

  3. Karasjok (Karasjok kommune)

  4. Kautokeino (Kautokeino kommune),

  5. Porsanger (Porsanger, Lebesby, Nordkapp og Måsøy kommunar)

  6. Alta/Kvalsund (Kvalsund, Hammerfest, Alta, Hasvik og Loppa kommunar)

  7. Nord-Troms (Kvænangen, Nordreisa, Skjervøy, Kåfjord, Storfjord og Lyngen kommunar)

  8. Midt-Troms (Karlsøy, Tromsø, Balsfjord, Målselv, Bardu, Lenvik, Berg, Torsken og Tranøy kommunar)

  9. Sør-Troms (Sørreisa, Dyrøy, Salangen, Lavangen, Gratangen, Skånland, Ibestad, Harstad, Bjarkøy og Kvæfjord kommunar)

  10. Nordre Nordland (Andøy, Øksnes, Bø, Sortland, Hadsel, Vågan, Vestvågøy, Flakstad, Moskenes, Værøy, Røst, Lødingen, Tjeldsund, Evenes og Narvik kommunar)

  11. Midtre Nordland (Ballangen, Tysfjord, Hamarøy, Steigen, Sørfold, Bodø, Fauske, Skjerstad, Saltdal, Gildeskål, Beiarn, og Meløy kommunar)

  12. Sørsameområdet (kommunane i Nordland fylke frå og med Rana og Rødøy og sørover, Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag fylke og Engerdal kommune i Hedmark fylke)

  13. Sør-Noreg (fylka Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland, Vest-Agder, Aust-Agder, Telemark, Buskerud, Vestfold, Akershus, Østfold, Oppland, Hedmark (bortsett frå Engerdal kommune) og Oslo.



Sametingspresidentane |


Her er ei oversikt over sametingspresidentane sidan 1989.
























































Sameting
Periode President Parti
1989-1993
Ole Henrik Magga
Norske Samers Riksforbund
1993-1997
Ole Henrik Magga
Norske Samers Riksforbund
1997-2001
Sven-Roald Nystø
Norske Samers Riksforbund
2001-2005
Sven-Roald Nystø
Norske Samers Riksforbund
2005-2007
Aili Keskitalo
Norske Samers Riksforbund
2007-2013
Egil Olli
Arbeidarpartiet
2013-2016
Aili Keskitalo
Norske Samers Riksforbund
2016-2017
Vibeke Larsen
Arbeidarpartiet, deretter uavhengig
2017-
Aili Keskitalo
Norske Samers Riksforbund


Lenkjer til heimesidene til alle sametinga |



  • Sametinget i Noreg (nordsamisk)

  • Sametinget i Noreg (norsk)

  • Sametinget i Sverige

  • Sametinget i Finland






















































































































































































































































































































































































































  1. «Godkjente valglister til sametingsvalget 2017», sametinget.no, henta 10. juli 2019 




Popular posts from this blog

Bruad Bilen | Luke uk diar | NawigatsjuunCommonskategorii: BruadCommonskategorii: RunstükenWikiquote: Bruad

What is the offset in a seaplane's hull?

Slayer Innehåll Historia | Stil, komposition och lyrik | Bandets betydelse och framgångar | Sidoprojekt och samarbeten | Kontroverser | Medlemmar | Utmärkelser och nomineringar | Turnéer och festivaler | Diskografi | Referenser | Externa länkar | Navigeringsmenywww.slayer.net”Metal Massacre vol. 1””Metal Massacre vol. 3””Metal Massacre Volume III””Show No Mercy””Haunting the Chapel””Live Undead””Hell Awaits””Reign in Blood””Reign in Blood””Gold & Platinum – Reign in Blood””Golden Gods Awards Winners”originalet”Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Looks Back On 37-Year Career In New Video Series: Part Two””South of Heaven””Gold & Platinum – South of Heaven””Seasons in the Abyss””Gold & Platinum - Seasons in the Abyss””Divine Intervention””Divine Intervention - Release group by Slayer””Gold & Platinum - Divine Intervention””Live Intrusion””Undisputed Attitude””Abolish Government/Superficial Love””Release “Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer” by Various Artists””Diabolus in Musica””Soundtrack to the Apocalypse””God Hates Us All””Systematic - Relationships””War at the Warfield””Gold & Platinum - War at the Warfield””Soundtrack to the Apocalypse””Gold & Platinum - Still Reigning””Metallica, Slayer, Iron Mauden Among Winners At Metal Hammer Awards””Eternal Pyre””Eternal Pyre - Slayer release group””Eternal Pyre””Metal Storm Awards 2006””Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Bullet-For My Valentine booed at Metal Hammer Golden Gods Awards””Unholy Aliance””The End Of Slayer?””Slayer: We Could Thrash Out Two More Albums If We're Fast Enough...””'The Unholy Alliance: Chapter III' UK Dates Added”originalet”Megadeth And Slayer To Co-Headline 'Canadian Carnage' Trek”originalet”World Painted Blood””Release “World Painted Blood” by Slayer””Metallica Heading To Cinemas””Slayer, Megadeth To Join Forces For 'European Carnage' Tour - Dec. 18, 2010”originalet”Slayer's Hanneman Contracts Acute Infection; Band To Bring In Guest Guitarist””Cannibal Corpse's Pat O'Brien Will Step In As Slayer's Guest Guitarist”originalet”Slayer’s Jeff Hanneman Dead at 49””Dave Lombardo Says He Made Only $67,000 In 2011 While Touring With Slayer””Slayer: We Do Not Agree With Dave Lombardo's Substance Or Timeline Of Events””Slayer Welcomes Drummer Paul Bostaph Back To The Fold””Slayer Hope to Unveil Never-Before-Heard Jeff Hanneman Material on Next Album””Slayer Debut New Song 'Implode' During Surprise Golden Gods Appearance””Release group Repentless by Slayer””Repentless - Slayer - Credits””Slayer””Metal Storm Awards 2015””Slayer - to release comic book "Repentless #1"””Slayer To Release 'Repentless' 6.66" Vinyl Box Set””BREAKING NEWS: Slayer Announce Farewell Tour””Slayer Recruit Lamb of God, Anthrax, Behemoth + Testament for Final Tour””Slayer lägger ner efter 37 år””Slayer Announces Second North American Leg Of 'Final' Tour””Final World Tour””Slayer Announces Final European Tour With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Tour Europe With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Play 'Last French Show Ever' At Next Year's Hellfst””Slayer's Final World Tour Will Extend Into 2019””Death Angel's Rob Cavestany On Slayer's 'Farewell' Tour: 'Some Of Us Could See This Coming'””Testament Has No Plans To Retire Anytime Soon, Says Chuck Billy””Anthrax's Scott Ian On Slayer's 'Farewell' Tour Plans: 'I Was Surprised And I Wasn't Surprised'””Slayer””Slayer's Morbid Schlock””Review/Rock; For Slayer, the Mania Is the Message””Slayer - Biography””Slayer - Reign In Blood”originalet”Dave Lombardo””An exclusive oral history of Slayer”originalet”Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Jeff Hanneman”originalet”Thinking Out Loud: Slayer's Kerry King on hair metal, Satan and being polite””Slayer Lyrics””Slayer - Biography””Most influential artists for extreme metal music””Slayer - Reign in Blood””Slayer guitarist Jeff Hanneman dies aged 49””Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer””Gateway to Hell: A Tribute to Slayer””Covered In Blood””Slayer: The Origins of Thrash in San Francisco, CA.””Why They Rule - #6 Slayer”originalet”Guitar World's 100 Greatest Heavy Metal Guitarists Of All Time”originalet”The fans have spoken: Slayer comes out on top in readers' polls”originalet”Tribute to Jeff Hanneman (1964-2013)””Lamb Of God Frontman: We Sound Like A Slayer Rip-Off””BEHEMOTH Frontman Pays Tribute To SLAYER's JEFF HANNEMAN””Slayer, Hatebreed Doing Double Duty On This Year's Ozzfest””System of a Down””Lacuna Coil’s Andrea Ferro Talks Influences, Skateboarding, Band Origins + More””Slayer - Reign in Blood””Into The Lungs of Hell””Slayer rules - en utställning om fans””Slayer and Their Fans Slashed Through a No-Holds-Barred Night at Gas Monkey””Home””Slayer””Gold & Platinum - The Big 4 Live from Sofia, Bulgaria””Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Kerry King””2008-02-23: Wiltern, Los Angeles, CA, USA””Slayer's Kerry King To Perform With Megadeth Tonight! - Oct. 21, 2010”originalet”Dave Lombardo - Biography”Slayer Case DismissedArkiveradUltimate Classic Rock: Slayer guitarist Jeff Hanneman dead at 49.”Slayer: "We could never do any thing like Some Kind Of Monster..."””Cannibal Corpse'S Pat O'Brien Will Step In As Slayer'S Guest Guitarist | The Official Slayer Site”originalet”Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Kerrang! Awards 2006 Blog: Kerrang! Hall Of Fame””Kerrang! Awards 2013: Kerrang! Legend”originalet”Metallica, Slayer, Iron Maien Among Winners At Metal Hammer Awards””Metal Hammer Golden Gods Awards””Bullet For My Valentine Booed At Metal Hammer Golden Gods Awards””Metal Storm Awards 2006””Metal Storm Awards 2015””Slayer's Concert History””Slayer - Relationships””Slayer - Releases”Slayers officiella webbplatsSlayer på MusicBrainzOfficiell webbplatsSlayerSlayerr1373445760000 0001 1540 47353068615-5086262726cb13906545x(data)6033143kn20030215029