Maurarar




Maurarane var i oldtida namnet på dei berbiske stammane i Mauretania, som no er Marokko. Seinare vart det namn på arabarane som styrte i Spania og Portugal, og er tydinga ordet gjerne har i dag.



Historie |




Scene frå gjenerobringa, der kristne styrkar møtte muslimske.


Maurarar invaderte først dei visigotiske landa på Iberiahalvøya i 711. Dei fekk herredøme over det meste av landet, men blei stoppa av Karl Martel i 732 då dei prøvde å ta seg over Pyreneane. I 1212 byrja den europeiske gjenerobringa av området, sjølv om det muslimske kongedømet Granada skulle vara to hundreår til, og skapa meisterverk i byggjekunst som Alhambra. Den 2. januar 1492 måtte den siste muslimske leiaren, Boabdil, gje opp Granada til hæren frå det nyleg sameinte spanske kongedømet. Dei gjenverande muslimane måtte konvertera til kristendommen eller forlata riket.


Dei utviste maurarane drog i hovudregel til Marokko, Algerie eller Tunisia, og sette sitt preg på kulturen der. Dei som blei igjen, såkalla moriscos, haldt særleg til i Aragon, Valencia og Andalusia. Desse blei systematisk utviste frå landet på 1610-talet.



Anna |


Den spanske forma av ordet, moros, fekk seinare tydinga afrikanar, det vil seia neger.





Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum