Maximilien de Robespierre
Maximilien de Robespierre | |
Fødd | 6. mai 1758 Arras |
Død | 28. juli 1794 |
Yrke | politikar, advokat, journalist, revolusjonær |
Maximilien de Robespierre på Commons |
Maximilien de Robespierre (6. mai 1758–28. juli 1794) var ein fransk jurist og revolusjonær. Han var medlem av stenderforsamlinga i 1788, den franske grunnlovsforsamlinga (1789-91), nasjonalkonventet frå 1792, og av Velferdskomitéen (Comité de salut public), som leidde Frankrike under skrekkveldet, frå 1793.
Robespierre var ein jakobinar som trudde fast på idéane til Rousseau og revolusjonen. Likevel enda han, som så mange andre på denne tida, livet sitt i giljotinen. Skrekkveldet enda nokre månader etter at Robespierre blei arrestert og avretta under Thermidor-reaksjonen i juli 1794.
Kjelder |
- Tønnesson, Kåre, «Maximilien Robespierre» (16. mars 2009) i Store norske leksikon. Henta 9. november 2013.
Denne historieartikkelen som har med Frankrike å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
|