Sula kommune




«Sula» omdirigerer hit. For andre tydingar av ordet, sjå Sula (fleirtyding).































































Sula kommune

kommune





kommunevåpen


Land

Flag of Norway.svg Noreg

Fylke

Møre og Romsdal


Adm.senter

Langevåg

Areal
261 km²
 - land
254 km²
 - vatn
7 km²

Folketal
9 131 (1. januar 2018)
Folketettleik

36 / km²



Målform
nynorsk

Ordførar
Jim-Arve Røssevoll (Ap)


Kommunenr.
1531




NO 1531 Sula.svg




Wikimedia Commons: Sula, Norway

Nettstad: www.sula.kommune.no




Kommunesenteret Langevåg




Sunde i Sula kommune




Sula sett frå Hareid


Sula er ein øykommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen har grenser til Ålesund, Hareid og Ørsta.


Med flatevidd på 58 km² er Sula ein av dei minste kommunane i Møre og Romsdal. Han er òg ein av dei mest folketette, med 119 innbyggjarar per km². Nord for øya ligg Borgundfjorden og i sør Storfjorden. Det høgaste punktet på øya er Vardane på Sulafjellet, 776 moh. Kring halvparten av innbyggjarane i kommunen bur i administrasjonssenteret Langevåg, men bygdene Mauseidvåg, Solavågen og Fiskarstrand har òg stor busetjing.




Innhaldsliste






  • 1 Historie


  • 2 Næringsliv


    • 2.1 Fiskerstrand verft




  • 3 Kjende sulalendingar


  • 4 Bakgrunnsstoff





Historie |


Frå gamalt av var Sula ein del av tidlegare Borgund kommune. Dei første tankane om å verta eit sjølvstendig herad vart lagde fram i 1919 i Sunnmørsposten. På denne tida hadde øya Sula om lag halvparten så mange innbyggjarar som resten av Borgund herad, som det heitte då. Forslaget førte ikkje fram, men då Borgund vart slegen i hop med Ålesund i 1968, blussa kampen om sjølvstende opp att. Innbyggjarane og politikarane på Sula var redde at øya no ville bli ein gløymd utkant i den nye storkommunen Ålesund. Fram til 1977 gjekk det såleis føre seg ein heftig debatt og utskiljinga var oppe til politisk handsaming fleire gonger. Endeleg i 1976 vedtok Stortinget at Sula skulle skiljast ut frå Ålesund, og det har den såleis vore sidan 1.1.1977.



Næringsliv |


Sula er eit viktig trafikknutepunkt ettersom Europaveg 39, kyststamvegen, går gjennom kommunen. Ei bru og to ferjesamband knyter øysamfunnet til nabokommunane.


Sula var tidlegare eit viktig fiske- og jordbruksområde. I dag er fleire næringsvegar representerte, mellom anna møbel-, tekstil-, transport- og fiskeforedlingsindustri og skipskonstruksjon.



Fiskerstrand verft |


Verftet blei grunnlagt i 1909 som Fiskerstrand Slip & Motorverksted av Peder E. Fiskerstrand. Verftet har i dag godt ry og står for både nybygg og reparasjon av ferjer og fiskebåtar.



Kjende sulalendingar |


Gruppene Ytre Suløens Jass-ensemble og Brazz Brothers kjem frå Sula, og det gjer òg ei rekkje andre kjende personar:




  • Ole Andreas Devold (1829-1892), industrieigar


  • Anton L. Alvestad (1883–1956), politikar og statsråd


  • Inga Tusvik (1914-1992), cand. phil., stortingsrepresentant (V), rektor


  • Olga Marie Mikalsen (1915–2006), sangar


  • Magne Lerheim (1929-1994), cand. jur., universitetsdirektør ved Universitetet i Bergen


  • Jens Arne Molvær, (1940– ), musikar


  • Tor-Johan Ekeland (1949–), psykolog


  • Stein Erik Tafjord (1953–), musikar


  • Runar Tafjord (1957–), musikar


  • Helge Førde (1957–), musikar


  • Jarle Førde (1956–), musikar


  • Jan Magne Førde (1962–), musikar


  • Nils Petter Molvær (1960– ), musikar


  • Harald Devold (1964–), musikar


  • Gry Molvær Hivju (1970–), journalist


  • Annbjørg Lien (1971– ), felespelar


  • Kåre Nymark (1972–), trompetist


  • Hild Sofie Tafjord (1974– ), musikar


  • Robert Post (1979– ), musikar


  • Tricia Boutté, tilflytta jazzvokalist


  • Lena Nymark (1980– ), musikar



Bakgrunnsstoff |


  • Sula kommune




















Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum