Tyrkia




[endre]






























































Türkiye Cumhuriyeti

(norsk: Tyrkia, tyrkisk)














Det tyrkiske flagget

Det tyrkiske riksvåpenet

Flagg

Riksvåpen



Nasjonalsong
«Istiklâl Marsi»
Motto
Yurtta Sulh, Cihanda Sulh (tyrkisk: Fred heime, fred i verda)

Geografisk plassering av Tyrkia

Offisielle språk

Tyrkisk

Hovudstad

Ankara

Styresett

President
Statsminister


Republikk
Recep Tayyip Erdoğan
Ahmet Davutoğlu

Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
783 562 km² (36.)
1,3 %

Folketal
 – Estimert (2017)
 – Folketeljing (2000)
 – Tettleik
 
80 845 215 (18.)
67 844 000
103,2 /km² (80.)

Erklæring
av republikken


29. oktober 1923

Nasjonaldag

29. oktober

BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
1 576 000 mill. USD (17.)
21 700 USD (65.)

Valuta

Tyrkisk lira

Tidssone

UTC +2

Telefonkode
+90

Toppnivådomene
.tr




Tyrkia (tyrkisk Türkiye), offisielt Republikken Tyrkia, er ein stat i det søraustlege Europa og vest i Asia. Han grensar til Bulgaria og Hellas i vest, Georgia, Armenia og Aserbajdsjan (eksklaven Nakhtsjivan) i nordaust, Iran i aust, og Irak og Syria i søraust. Middelhavet og Kypros ligg i sør, Egearhavet i vest og Svartehavet i nord. Marmarahavet, Dardanellane og Bosporos skil den europeiske og asiatiske delen av Tyrkia frå kvarandre.


Det offisielle språket er tyrkisk, og landet har i lang tid undertrykt minoritetsspråket kurdisk. Innbyggjarane i landet er stort sett muslimar, og det finst sterke spenningar mellom det sekulære styret og islamistar.


Landet ligg i eit møtepunkt mellom fleire kulturar, og har historisk blitt påverka både frå Europa (til dømes gjennom Hellas i antikken) og Asia (gjennom Persia). Landet var òg ein del av Silkevegen. Oghuz-tyrkarar starta å flytte til området ein i dag kallar Tyrkia på 1000-talet. Denne prosessen auka då seldsjukkane vann over Austromarriket i slaget ved Manzikert.[1] Fleire mindre beylikar og seldsjukk-sultanatet Rûm styrte Anatolia fram til den mongolske invasjonen. Frå 1200-talet samla den osmanske beyliken Anatolia og skapte eit rike som dekte det meste av Søraust-Europa, Vest-Asia og Nord-Afrika. Det osmanske riket kollapsa etter nederlaget deira i fyrste verdskrigen, og delar av det vart okkupert av dei allierte. Ein kader av unge offiserar, leia av Mustafa Kemal Atatürk og kollegaene hans, organiserte ein suksessrik motstand mot dei allierte, og i 1923 grunnla dei den moderne Republikken Tyrkia med Atatürk som den fyrste presidenten.


Hæren har mykje makt i Tyrkia, og militære offiserar har ved to høve (i 1960 og 1980) starta kupp mot styresmaktene. Dette har samanheng med den sterke posisjonen som Atatürk enno har i tyrkisk kultur.


Tyrkia har i aukande grad vorte integrert i Vesten gjennom medlemskap i organisasjonar som Europarådet, NATO, OECD, OSCE og G-20-landa. Tyrkia byrja tingingar om fullt EU-medlemskap i 2005. Tyrkia har òg hatt nære kulturelle, politiske, økonomiske og industrielle band til Midtausten og dei tyrkiske statane i Sentral-Asia, samt afrikanske land, gjennom medlemskap i organisasjonar som Det tyrkiske rådet, TÜRKSOY, Organisasjonen for islamsk samarbeid og Economic Cooperation Organisation.


Plasseringa til Tyrkia mellom Europa og Asia har gjeve landet ei viktig strategisk plassering.[2][3][4] På grunn av den strategiske plasseringa, den sterke økonomien og militærstyrken, er Tyrkia ei stor makt i regionen.[4][5]




Innhaldsliste






  • 1 Geografi


    • 1.1 Klima




  • 2 Historie


  • 3 Økonomi


  • 4 Utanrikspolitikk


  • 5 Tyrkia i dag


  • 6 Kjelder


  • 7 Bakgrunnsstoff





Geografi |



For meir om dette emnet, sjå Tyrkisk geografi.




Topografisk kart over Tyrkia


Tyrkia er eit transkontinentalt[6] eurasiatisk land. Det asiatiske Tyrkia (som hovudsakleg består av Anatolia) utgjer 97 % av landet og er skild frå det europeiske Tyrkia med Bosporos, Marmarahavet og Dardanellane (som i lag dannar vassvegen mellom Middelhavet og Svartehavet). Europeisk Tyrkia (aust Thrakí eller Rumelia på Balkanhalvøya) utgjer 3% av landet.[7]




Skorsteinane i Kappadokia


Tyrkia måler 1600 km frå vest til aust og 800 km frå nord til sør og har ei grov rektangulær form.[8] Det ligg mellom 35° og 43 °N og 25° og 45 °E. Med innsjøar har Tyrkia eit areal på 783 562[9] kvadratkilometer med 755 688 kvadratkilometer i Sørvest-Asia og 23 764 kvadratkilometer i Europa.[8] Tyrkia er det 37. største landet i verda etter areal.





Istanbul og Bosporos


Anatolia, består av eit høgtliggande sentralt platå med smale kystsletter mellom Köroğlu og Dei pontiske fjella i nord og Taurusfjella i sør. Aust-Tyrkia er meir dominert av fjell og kjeldene til elvane Eufrat, Tigris og Aras ligg her, og det same gjer Ararat, det høgaste punktet i Tyrkia med 5137 meter over havet,[10][11] og Vansjøen, den største innsjøen i landet.


Tyrkia er delt inn i sju regionar: Marmararegionen, Egearregionen, Svartehavsregionen, Sentral-Anatolia, Aust-Anatolia, Søraust-Anatolia og Middelhavsregionen. Den kuperte terrenget nord i Anatolia går langs Svartehavet i elt langt, smalt belte. Denne regionen utgjer omtrent ein sjettedel av det totale landområdet til Tyrkia.




Ararat frå Iğdır i Tyrkia.


Det varierte landskapet til Tyrkia kjem av komplekse rørsler i jorda som har forma regionen over tusenvis av år. Ein merkar framleis desse kreftene i form av mange jordskjelv og stundom vulkanutbrot. Bosporos og Dardenallane har oppstått som fylgje av forkastingar som går gjennom Tyrkia.



Klima |


Kystområda i Tyrkia mot Egearhavet og Middelhavet har eit temperert middelhavsklima med varme, turre sumrar og kjølige, våte vintrar. Kystområda mot Svartehavet har eit temperert maritimt klima med varme, våte sumrar og kjølige til kalde, våte vintrar. Den tyrkiske svartehavskysten får dei største nedbørmengdene i landet og er den einaste regionen i Tyrkia som får nedbør fordelt over heile året. I austlege kystområde fell det 2500 mm i året, som er det høgaste i landet.


Kystområda av Tyrkia mot Marmarahavet (inkludert Istanbul), som knyt saman Egearhavet og Svartehavet, har eit overgangsklima mellom eit temperert middelhavsklima og eit temperert maritimt klima med varme til heite og moderat turre sumrar og kjølige til kalde, våte vintrar. Ein kan få snø i kystområda av Marmarahavet og Svartehavet nesten kvar vinter, men han ligg sjeldan meir enn nokre få dagar. Snø er derimot sjeldan i kystområda ved Egearhavet og særs sjeldan i kystområda ved Middelhavet.


Tilhøva er mykje hardare i det turre indre. Fjella nær kysten hindrar Middelhavslufta frå å påverke det store innlandsområdet, slik at det sentrale Anatolia i Tyrkia har eit kontinentalklima med store variasjonar mellom årstidene.


Vintrane på platået er harde. Temperaturar på −30 til −40 °C skjer stundom aust i Anatolia, og snøen kan liggje på bakken minst 120 dagar i året. I vest er vintertemperaturane i snitt under 1 °C. Sumrane er heite og turre, med temperaturar vanlegvis over 30 °C på dagtid. Den normale årsnedbøren er kring 400 millimeter, men dette varierer med høgda. Dei turraste områda er Konyasletta og Malatyasletta, der det kjem mindre enn 300 millimeter i året. Mai er generelt den våtaste månaden, medan juli og august er dei turraste.[12]



Historie |


Gjennom det fyrste tusenåret før vår tidsrekning var området møteplass mellom den greske kulturen langs kysten og persarane, som gjorde stadige innfall i Litleasia frå aust, og i lange periodar herska over innlandet.


Etter Alexander den store vart store delar av Litleasia hellenisert, heilt fram til romerske keisarar underla seg området i laupet av dei to fyrste hundreåra f.v.t. Ved den kristne keisaren Konstantin den store si flytting av den romerske hovudstaden til Konstantinopel i 330 e.v.t. vart området sentrum både for det austromerske (bysantinske) riket og for heile den kristne verda.


I det 11. hundreåret melde det sentralasiatiske ryttarfolket tyrkarane seg, og i dei fylgjande hundreåra vart området ei slagmark mellom det kristne Bysants og dei muslimske arabarane og tyrkarane. Omkring år 1300 vart det muslimske osmanske riket grunnlagd, eit rike som skulle herske over territoriet i sju hundreår, og som i glansdagane sine på 1500-talet strekte seg frå Donau til Arabiabukta og Nord-Afrika.


Det osmanske riket høyrde til taparane etter den fyrste verdskrigen, og stod i fare for å bli stykkja opp av sigerherrane, då Mustafa Kemal Atatürk reiste ei nasjonal rørsle og fekk oppretta den moderne republikken Tyrkia i 1923. Under krigen skjedde det eit omfattande massedrap på den armenske delen av folkesetnaden i området.


Trass i periodar med tilbakeslag i form av militærstyre og diktatur på 1970- og 1980-talet, har Tyrkia hatt ei økonomisk og demokratisk utvikling som gjer at landet kan vere aktuelt som medlemsland i EU. Men det er framleis problem, til dømes med korleis den kurdiske minoriteten i landet blir behandla.



Økonomi |


Næringslivet i Tyrkia er ei innvikla blanding av moderne handel og industri og ein tradisjonell jordbrukssektor, som i 2001 framleis sysselsette 40 % av arbeidstakarane. Landet har ein sterk privat sektor i vekst, men staten speler òg ei viktig rolle i grunnleggjande industriar, kommunikasjonar og bankvesen.


Utrekningar har estimert at halvparten av folket lever under det internasjonale fattigdomsnivået, særleg i dei krigsherja kurdiske områda i søraust.



Utanrikspolitikk |


Sidan slutten av 1800-talet har Tyrkia særleg orientert seg mot vest. På eit toppmøte i EU i desember 2004 vart det opna for tingingar med sikte på medlemskap for Tyrkia. EU krev mellom anna at Tyrkia utviklar demokratiet og at ein finn fram til ei løysing på problemet med Kypros, der det i dag finst éin internasjonalt anerkjend stat (den «greske» delen av øya), som Tyrkia nektar å anerkjenna som sjølvstendig stat, og éin tyrkisk del, kalla Nord-Kypros, som ingen andre nasjonar enn Tyrkia anerkjenner som ein eigen stat.
-............-...................-..........



Tyrkia i dag |


Etter at AKP (Adalet ve Kalkinma Partisi-Rettferd og Velferdspartiet) kom til regjeringsmakta i 2003 har landet hatt ein økonomisk vekst utanom det vanlege. Inflasjonen har gått attende, og AKP, kjend for å ha muslimske røter, har ført landet nærare EU. EU-tingingane starta formelt i 2005, men det er enno ikkje kjent om Tyrkia kjem til å bli medlem. Mange i EU er skeptiske til Tyrkia, mellom anna fordi landet har ein bakgrunn som inneheld systematiske brot på menneskerettane (sjå Utanrikspolitikk).



Kjelder |




  • Delar av denne artikkelen bygger på «Turkey» frå Wikipedia på engelsk, den 17. august 2012.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:





  1. «Turkey – Turkish Origins». Countrystudies.us. Henta 2011-05-16. 


  2. Mango, Andrew (2000). Atatürk. Overlook. ISBN 1-58567-011-1. 


  3. Shaw, Stanford Jay; Shaw, Ezel Kural (1977). History of the Ottoman Empire and Modern Turkey; Vol.1, Empire of the Gazis. the rise and decline of the Ottoman Empire, 1280–1808. Cambridge University Press. ISBN 0-521-29163-1.  Cite uses deprecated parameter |coauthors= (hjelp)


  4. 4,04,1 «Turkey and Russia on the Rise». Stratfor. 2009-03-17. Henta 17. august 2012. 


  5. «Can Turkey Be a Source of Stability in the Middle East?». heptagonpost.com. 2010-12-18. Henta 17. august 2012. 


  6. Immerfall, Stefan (2009-08-01). Handbook of European Societies: Social Transformations in the 21st Century. Springer. s. 417–. ISBN 978-0-387-88198-0. Henta 17. august 2012. 


  7. «Turkey». Turkish Odyssey. 2000-02-02. Henta 17. august 2012. 


  8. 8,08,1 US Library of Congress. «Geography of Turkey». US Library of Congress. Henta 17. august 2012. 


  9. «UN Demographic Yearbook, accessed April 16, 2007» (PDF). Henta 17. august 2012. 


  10. Turkish Ministry of Tourism (2005). «Geography of Turkey». Turkish Ministry of Tourism. Henta 17. august 2012. 


  11. NASA – Earth Observatory (2001). «Mount Ararat (Ağrı Dağı), Turkey». NASA. Henta 17. august 2012. 


  12. Turkish State Meteorological Service (2006). «Climate of Turkey». Turkish State Meteorological Service. Arkivert frå originalen 2007-01-10. Henta 17. august 2012. 






Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Tyrkia



















































Popular posts from this blog

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Slayer Innehåll Historia | Stil, komposition och lyrik | Bandets betydelse och framgångar | Sidoprojekt och samarbeten | Kontroverser | Medlemmar | Utmärkelser och nomineringar | Turnéer och festivaler | Diskografi | Referenser | Externa länkar | Navigeringsmenywww.slayer.net”Metal Massacre vol. 1””Metal Massacre vol. 3””Metal Massacre Volume III””Show No Mercy””Haunting the Chapel””Live Undead””Hell Awaits””Reign in Blood””Reign in Blood””Gold & Platinum – Reign in Blood””Golden Gods Awards Winners”originalet”Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Looks Back On 37-Year Career In New Video Series: Part Two””South of Heaven””Gold & Platinum – South of Heaven””Seasons in the Abyss””Gold & Platinum - Seasons in the Abyss””Divine Intervention””Divine Intervention - Release group by Slayer””Gold & Platinum - Divine Intervention””Live Intrusion””Undisputed Attitude””Abolish Government/Superficial Love””Release “Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer” by Various Artists””Diabolus in Musica””Soundtrack to the Apocalypse””God Hates Us All””Systematic - Relationships””War at the Warfield””Gold & Platinum - War at the Warfield””Soundtrack to the Apocalypse””Gold & Platinum - Still Reigning””Metallica, Slayer, Iron Mauden Among Winners At Metal Hammer Awards””Eternal Pyre””Eternal Pyre - Slayer release group””Eternal Pyre””Metal Storm Awards 2006””Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Bullet-For My Valentine booed at Metal Hammer Golden Gods Awards””Unholy Aliance””The End Of Slayer?””Slayer: We Could Thrash Out Two More Albums If We're Fast Enough...””'The Unholy Alliance: Chapter III' UK Dates Added”originalet”Megadeth And Slayer To Co-Headline 'Canadian Carnage' Trek”originalet”World Painted Blood””Release “World Painted Blood” by Slayer””Metallica Heading To Cinemas””Slayer, Megadeth To Join Forces For 'European Carnage' Tour - Dec. 18, 2010”originalet”Slayer's Hanneman Contracts Acute Infection; Band To Bring In Guest Guitarist””Cannibal Corpse's Pat O'Brien Will Step In As Slayer's Guest Guitarist”originalet”Slayer’s Jeff Hanneman Dead at 49””Dave Lombardo Says He Made Only $67,000 In 2011 While Touring With Slayer””Slayer: We Do Not Agree With Dave Lombardo's Substance Or Timeline Of Events””Slayer Welcomes Drummer Paul Bostaph Back To The Fold””Slayer Hope to Unveil Never-Before-Heard Jeff Hanneman Material on Next Album””Slayer Debut New Song 'Implode' During Surprise Golden Gods Appearance””Release group Repentless by Slayer””Repentless - Slayer - Credits””Slayer””Metal Storm Awards 2015””Slayer - to release comic book "Repentless #1"””Slayer To Release 'Repentless' 6.66" Vinyl Box Set””BREAKING NEWS: Slayer Announce Farewell Tour””Slayer Recruit Lamb of God, Anthrax, Behemoth + Testament for Final Tour””Slayer lägger ner efter 37 år””Slayer Announces Second North American Leg Of 'Final' Tour””Final World Tour””Slayer Announces Final European Tour With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Tour Europe With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Play 'Last French Show Ever' At Next Year's Hellfst””Slayer's Final World Tour Will Extend Into 2019””Death Angel's Rob Cavestany On Slayer's 'Farewell' Tour: 'Some Of Us Could See This Coming'””Testament Has No Plans To Retire Anytime Soon, Says Chuck Billy””Anthrax's Scott Ian On Slayer's 'Farewell' Tour Plans: 'I Was Surprised And I Wasn't Surprised'””Slayer””Slayer's Morbid Schlock””Review/Rock; For Slayer, the Mania Is the Message””Slayer - Biography””Slayer - Reign In Blood”originalet”Dave Lombardo””An exclusive oral history of Slayer”originalet”Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Jeff Hanneman”originalet”Thinking Out Loud: Slayer's Kerry King on hair metal, Satan and being polite””Slayer Lyrics””Slayer - Biography””Most influential artists for extreme metal music””Slayer - Reign in Blood””Slayer guitarist Jeff Hanneman dies aged 49””Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer””Gateway to Hell: A Tribute to Slayer””Covered In Blood””Slayer: The Origins of Thrash in San Francisco, CA.””Why They Rule - #6 Slayer”originalet”Guitar World's 100 Greatest Heavy Metal Guitarists Of All Time”originalet”The fans have spoken: Slayer comes out on top in readers' polls”originalet”Tribute to Jeff Hanneman (1964-2013)””Lamb Of God Frontman: We Sound Like A Slayer Rip-Off””BEHEMOTH Frontman Pays Tribute To SLAYER's JEFF HANNEMAN””Slayer, Hatebreed Doing Double Duty On This Year's Ozzfest””System of a Down””Lacuna Coil’s Andrea Ferro Talks Influences, Skateboarding, Band Origins + More””Slayer - Reign in Blood””Into The Lungs of Hell””Slayer rules - en utställning om fans””Slayer and Their Fans Slashed Through a No-Holds-Barred Night at Gas Monkey””Home””Slayer””Gold & Platinum - The Big 4 Live from Sofia, Bulgaria””Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Kerry King””2008-02-23: Wiltern, Los Angeles, CA, USA””Slayer's Kerry King To Perform With Megadeth Tonight! - Oct. 21, 2010”originalet”Dave Lombardo - Biography”Slayer Case DismissedArkiveradUltimate Classic Rock: Slayer guitarist Jeff Hanneman dead at 49.”Slayer: "We could never do any thing like Some Kind Of Monster..."””Cannibal Corpse'S Pat O'Brien Will Step In As Slayer'S Guest Guitarist | The Official Slayer Site”originalet”Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Kerrang! Awards 2006 Blog: Kerrang! Hall Of Fame””Kerrang! Awards 2013: Kerrang! Legend”originalet”Metallica, Slayer, Iron Maien Among Winners At Metal Hammer Awards””Metal Hammer Golden Gods Awards””Bullet For My Valentine Booed At Metal Hammer Golden Gods Awards””Metal Storm Awards 2006””Metal Storm Awards 2015””Slayer's Concert History””Slayer - Relationships””Slayer - Releases”Slayers officiella webbplatsSlayer på MusicBrainzOfficiell webbplatsSlayerSlayerr1373445760000 0001 1540 47353068615-5086262726cb13906545x(data)6033143kn20030215029