Nordre Land kommune


































































Nordre Land kommune

kommune





kommunevåpen


Land

Flag of Norway.svg Noreg

Fylke

Oppland


Adm.senter

Dokka

Areal
955 km²
 - land
925 km²
 - vatn
30 km²

Folketal
6 750 (1. januar 2018)
Folketettleik

7 / km²



Målform
bokmål

Ordførar
Ola Tore Dokken (Sp)


Kommunenr.
0538




NO 0538 Nordre Land.svg




Wikimedia Commons: Nordre Land

Nettstad: www.nordre-land.kommune.no


Nordre Land kommune er ein kommune i Oppland fylke. Kommunen grensar i nord til Nord-Aurdal og Gausdal, i nordaust mot Lillehammer, i aust mot Gjøvik, i sør mot Søndre Land, i sørvest mot Sør-Aurdal, og i vest mot Etnedal. Kommunen høyrer til landskapet Land.




Innhaldsliste






  • 1 Areal og befolkning


  • 2 Historie


  • 3 Geografi


  • 4 Kommunevåpen


  • 5 Kjelde


  • 6 Bakgrunnsstoff





Areal og befolkning |




Dokka er kommunesenter i Nordre Land





Åmot kyrkje (Torpa i Nordre Land)


Per 2007 var 41 % av innbyggjarane busett i tettbygde strøk. Dei fleste nordrelendingar bur i og rundt kommunesenteret Dokka med 2 964 innbyggjarar per 1. januar 2017. Elles er det spreidd busetnad i Vest-Torpa, Nord-Torpa og Aust-Torpa.


Nordre Land kommune svarar til området for Nordre Land prestegjeld, i Hamar bispedømme.



Historie |


Frå 1837 låg Nordre Land i Land formannskapsdistrikt. I 1847 vart dette delt i Nordre og Søndre Land formannskapsdistrikt. Land hadde 9199 innbyggjarar da distriktet vart delt. 1. januar 1914 vart Nordre Land delt ved at Torpa vart skilt ut som eigen kommune.


1. januar 1962 vart kommunane Torpa og Nordre Land, i tillegg til krinsen Tranlia og eigedomen Store Røen frå gamle Fluberg kommune (til saman 196 innbyggjarar i Fluberg-områda) slegne saman til dagens Nordre Land kommune.



Geografi |


Innsjøane Randsfjorden, Dokkfløyvatnet og Akksjøen ligg i kommunen. Dokkaelva renn frå Dokkfløyvatnet i nord og ned gjennom Torpa og mot tettstaden Dokka, og vidare ut i Randsfjorden. Denne elva er regulert. Elva Etna renn frå nabokommunen Etnedal i vest, gjennom Nordsinni, før ho også renner ut i Randsfjorden. Denne elva er ikkje regulert.



Kommunevåpen |


Kommunevåpenet vart vedtatt i 1986. Det viser to gule tømmerfløytarhaker på blå grunn. Reiskapen vart valt som symbol på kommunevåpenet sidan han speglar den lange historia med tømmerfløyting i Randsfjordsvassdraget. Grafikaren Dag Magne Staurheim designa motivet.[1]



Kjelde |




  • Denne artikkelen bygger på «Nordre Land» frå Wikipedia på bokmål, den 7. juni 2011.

    • Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:





  1. Kommunevåpen for Nordre Land - nordre-land.kommune.no







Bakgrunnsstoff |


  • Nordre Land kommune









Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.




Popular posts from this blog

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad