Rasulukka på Nese




Rasulukka på Nese var ei steinskrede som tok 45 menneskeliv på Nese i Arnafjorden i Vik i Sogn og Fjordane 2. desember 1811. Skreda gjekk i totida på natta og trefte klyngjetunet på Nese og knuste mest alle husa der og førte det med seg ned på fjorden. Før ulukka budde det kring 60 personar på Nese, etter skreda var dei berre 16 att og mange av desse var born. Dei hadde hatt soveplassen sin på lemmen, og difor vorte førte oppå skreda i større grad enn dei som sov i fyrste etasje på husa. Berre elleve av dei 45 omkomne vart attfunne slik at dei kunne gravleggjast. Dagen etter var Arnafjorden full av restar av husa på Nese og anna som raset hadde sopt med seg. Somt rak langt av stad og ein fjosvegg med ei fasttjora kyr skal ha vorte funnen att inne i sjølve Sognefjorden ved Vangsnes.


Kyrkja på Nese, Arnafjord kyrkje, vart ikkje råka av skreda.


I 2008 vart det innvigd eit minnesmerke på Nese over dei som omkom i skreda [1]



Kjelder |



  • Arne Inge Sæbø: «Storskreda på Nese i 1811» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

  • «Skredet i 1811 tok 45 menneskeliv» på NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon



Referansar |





  1. «Storskreda på Nese - og andre ras» på nettstaden til Vik kommune








Popular posts from this blog

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad