Handball-VM 1986 for menn




Verdsmeisterskapen i handball 1986 for menn vart avvikla i tida 25. februar til 8. mars 1986 i Sveits. Til saman 16 land deltok i turneringa. Jugoslavia vart verdsmeister for fyrste (og siste) gong etter siger 24-22 over Ungarn.




Innhaldsliste






  • 1 VM-finalen


  • 2 Plasseringskampar


  • 3 Notar


  • 4 Kjelder





VM-finalen |


Finalen mellom gruppevinnarane i mellomspelet, Jugoslavia og Ungarn, vart spelt i Zürich framfor 12 000 tilskodarar. Ved pause stod det 12-12, men i «løpet av en sju minutters periode i begynnelsen av 2. omgang gikk jugoslavene opp ... til ledelse 15-12»[1], eit forsprang Ungarn ikkje tok att.


Jovica Cvetković vart toppskårar for Jugoslavia med seks mål, saman med straffeskytaren Mile Isaković. Elles skåra Veselin Vujović fire mål, Jasmin Mrkonja tre og Zlatan Saračević to gongar, medan Momir Rnić, Veselin Vuković og Caslav Grubić fekk ei nettkjenning. Mirko Bašić vakta det jugoslaviske målet i fyrste omgang, etter pause stod Zlatan Arnautović. Ungarn sine toppskårarar var Mihaly Kovács og Mihály Iváncsik, begge med fem mål.



Plasseringskampar |



  • Bronsekamp: Aust-Tyskland - Sverige 24-23

  • Femteplass: Spania - Island 24-22

  • Sjuandeplass: Vest-Tyskland - Danmark 25-18

  • Niandeplass: Romania - Sovjetunionen 25-21

  • Ellevteplass: Sveits - Sør-Korea 27-22


Laga som ikkje nådde mellomspelet var rangert slik: 13. Tsjekkoslovakia, 14. Polen, 15. Cuba, 16. Algerie.



Notar |





  1. Sunnmørsposten 10. mars 1986




Kjelder |



  • NTB/Sunnmørsposten 10. mars 1986.



Popular posts from this blog

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad