Ikaría




















































Ikaría
Lokalt namn: Ικαρία

Landsbyen Armenisthís nord på øya
Landsbyen Armenisthís nord på øya
Geografi

2011 Dimos Ikarias.png
Stad
Egearhavet
Koordinatar
37°35′N 26°10′EKoordinatar: 37°35′N 26°10′E
Øygruppe
Dei nordegeiske øyane




Areal 254,4 km²





Høgaste punkt Athéras (1 033 moh.)



Administrasjon
Land
Hellas
Periferi
Periferieining

Dei nordlege egeiske øyane
Ikaría
Største busetnad
Ájos Kírykos (2 218 innb.)




Demografi
Folketal 8 423 (2011[1])
Folketettleik 33,0 /km²

Ikaría (gresk Ικαρία), òg kalla Icaria og lokalt kalla Nikaria eller Nicaria, er ei øy i Hellas som høyrer til Dei nordegeiske øyane i Egearhavet. Ho ligg om lag 19 km sørvest for Sámos. Ho har fått namnet sitt frå Ikaros, son til Daedalos, som fall i sjøen like i nærleiken.


Tidlegare hadde øya tre kommunar, men frå 2011 er Ikaría ein kommune, og øya høyrer administrativt til under periferieininga Ikaría i periferien Dei nordlege egeiske øyane.[2]




Innhaldsliste






  • 1 Administrativ inndeling


  • 2 Geografi


  • 3 Historie


    • 3.1 Den genuesiske perioden


    • 3.2 Den osmanske perioden


    • 3.3 Fristaten Ikaría




  • 4 Byar og tettstader


  • 5 Referansar


  • 6 Bakgrunnsstoff


  • 7 Kjelde





Administrativ inndeling |


Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane



  • Ájos Kírykos

  • Évdilos

  • Rákhes


Dei tre tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]



Geografi |


Øya har eit areal på 660 km² og 160 km kystlinje. Det bur litt over 7 000 innbyggjarar på øya. Topografien varierer frå frodige skråningar til berre og bratte klipper. Øya er stort sett dekt av fjell, og fjellkjeda Athéras går over heile øya og det høgaste punktet er 1 033 moh. Dei fleste landsbyane ligg på slettene nær kysten, men eit par av dei ligg òg i fjella.


Ikaría har lang tradisjon i å produsere sterk raudvin. Store delar av øya er dekke av store buskar som gjer landskapet frodig og grønt. Ikaría har eit typisk middelhavsklima.



Historie |


Ikaría har vore busett sidan minst 7000 fvt. då eit steinalderfolk grekarane kalla pelasgianarar kom til øya. Rundt år 750 fvt. koloniserte grekarar frå Milet Ikaría og oppretta ein busetnad der Kámbos i dag ligg som dei kalla Oenoe. Ikaría vart ein del av Sámos og Polykrates sitt rike. På denne tida vart tempelet til Artemis bygd ved Nas, som ligg nordaust på øya. Nas var ein heilag stad for dei førgreske innbyggjarane og ei viktig hamn på øya i antikken. Ho var ein passande stad for sjømenn å gjere ofringar til Artemis, som mellom anna var ein slags vernehelgen for sjøfararar. Tempelet stod framleis på midten av 1800-talet, då det vart plyndra for marmor av innbyggjarane i Khristós som nytta steinen til kyrkja si. I 1939 vart det greve ut av den greske arkeologen Leon Politis. Under den tyske og italienske okkupasjonen av Ikaría under den andre verdskrigen forsvann mange av gjenstandane som Politis fann. Lokale segner seier at det framleis står marmorstatuer under sanden ved kysten.



Den genuesiske perioden |


På 1300-talet evt. vart Ikaría ein del av Genova sitt egeiske rike. På eit tidspunkt øydela faktisk innbyggjarane på øya hamna si for å hindre genuesarane å gå i land. Dei bygde sju vakttårn rundt kysten. Så snart dei såg eit fiendtleg eller ukjend skip tende vaktene eit bål og sprang så til ein cisterne, som alltid var full av vatn. Dei opna eit hòl i botn av cisterna og lét vatnet strøyme ut og nedover røyr i fjellsida. I kvar cisterne var det rissa inn identiske linjer som hadde forskjellige tydingar, som t.d. «sjørøvarar» , «ukjend skip nærmar seg» osv. Ved å stenge vatnet ved rett linje kunne ein dermed gje melding til dei andre vakttårna om kva fare som nærma seg.



Den osmanske perioden |


Maltesarordenen, som hadde base på Ródos, hadde noko kontroll over Ikaría fram til 1521 då Det osmanske riket tok over øya. Øybuarane hengde først den tyrkiske skatteinnkrevjaren, men klarte å kome seg unna utan straff.


Tyrkarane sende ingen leiarar til øya i fleire hundreår, så ho fekk stort sett vere for seg sjølv. Ein veit lite om øya i desse åra, bortsett frå at innbyggjarane skal ha vore av dei fattigaste i heile Egearhavet. I 1827 braut Ikaría ut av Det osmanske riket, men etter at den greske sjølvstendekrigen vart ho gjeve tilbake til Tyrkia. Ho vart verande ein del av Det osmanske riket fram til 17. juli 1912 då øybuarane kasta ut ein tyrkisk garnison og oppnådde sjølvstyre.


George Spanos (1872 - 1912) frå Évdilos vart drepen i eit tyrkisk bakhald den 17. juli, og vert æra som ein helt under den ikariske revolusjonen.



Fristaten Ikaría |


18. juli 1912 vart Fristaten Ikaría oppretta. Naboøyane Foúrni vart òg frigjeve og ein del av fristaten. Ioannis Malakhias var den første og einaste presidenten av den kortvarige nasjonen. I fem månader var øya ein sjølvstendig stat med sin eigen væpna styrke, flagg, frimerke og nasjonalsong. Dei fem månadane var derimot vanskelege med matmangel, dårlege transportforhold og ingen posttenester, og dei var nær ved å verte ein del av Italia sitt egeiske rike. I november 1912, etter forseinkingar på grunn av balkankrigane, vart Ikaría derimot ein del av Hellas.


Øya vart hardt råka av den italienske og seinare tyske invasjonen under den andre verdskrigen og mista mange bygningar og menneskeliv, dei fleste som følgje av svolt. Verdskrigen vart etterfølgt av den greske borgarkrigen (1945-1947) mellom nasjonalistar og kommunistar. Den greske regjeringa nytta øya som eksil for om lag 13 000 kommunistar. Sjølv den dag i dag støttar mange (men langt frå alle) kommunismen, og Ikaría vert derfor stundom kalla Kókkino Nisí (gresk Κόκκινο νησί) (Raud øy) eller Kókkinos Vrákhos (gresk Κόκκινος Βράχος) (Raud stein). Livskvaliteten til innbyggjarane betra seg etter 1960 då den greske regjeringa betra infrastrukturen på øya og hjelpte til med å få i gang turistindustrien her.




Kloster sentralt på Ikaría



Byar og tettstader |


Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

































Tettstad Kommunaleining Folketal 2011[1]
Ájos Kírykos Ájos Kírykos 2 218
Évdilos Évdilos 501
Karavóstamo Évdilos 499
Khristós Rákhes 359
Xylosýrtis Ájos Kírykos 265

Andre busetnader på øya er:











  • Ájos Polýkarpos (234)

  • Kámbos (223)

  • Jaliskári (206)

  • Profítis Ilías (194)

  • Karkinágri (193)

  • Akamátra (193)





  • Ájos Dimítrios (191)

  • Manganítis (165)

  • Perdíki (157)

  • Kastaniés (152)

  • Frandáto (136)

  • Armenistís (132)





  • Dáfni (125)

  • Thérma (122)

  • Khrystóstomos (121)

  • Avláki (119)

  • Aréthousa (109)











Referansar |





  1. 1,01,1 Folketeljing 2011, revidert


  2. 2,02,1 Kallikratis-reforma




Bakgrunnsstoff |


  • Offisiell nettside


Kjelde |



  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Icaria frå Engelsk Wikipedia .









































Popular posts from this blog

Bruad Bilen | Luke uk diar | NawigatsjuunCommonskategorii: BruadCommonskategorii: RunstükenWikiquote: Bruad

What is the offset in a seaplane's hull?

Slayer Innehåll Historia | Stil, komposition och lyrik | Bandets betydelse och framgångar | Sidoprojekt och samarbeten | Kontroverser | Medlemmar | Utmärkelser och nomineringar | Turnéer och festivaler | Diskografi | Referenser | Externa länkar | Navigeringsmenywww.slayer.net”Metal Massacre vol. 1””Metal Massacre vol. 3””Metal Massacre Volume III””Show No Mercy””Haunting the Chapel””Live Undead””Hell Awaits””Reign in Blood””Reign in Blood””Gold & Platinum – Reign in Blood””Golden Gods Awards Winners”originalet”Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Looks Back On 37-Year Career In New Video Series: Part Two””South of Heaven””Gold & Platinum – South of Heaven””Seasons in the Abyss””Gold & Platinum - Seasons in the Abyss””Divine Intervention””Divine Intervention - Release group by Slayer””Gold & Platinum - Divine Intervention””Live Intrusion””Undisputed Attitude””Abolish Government/Superficial Love””Release “Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer” by Various Artists””Diabolus in Musica””Soundtrack to the Apocalypse””God Hates Us All””Systematic - Relationships””War at the Warfield””Gold & Platinum - War at the Warfield””Soundtrack to the Apocalypse””Gold & Platinum - Still Reigning””Metallica, Slayer, Iron Mauden Among Winners At Metal Hammer Awards””Eternal Pyre””Eternal Pyre - Slayer release group””Eternal Pyre””Metal Storm Awards 2006””Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Bullet-For My Valentine booed at Metal Hammer Golden Gods Awards””Unholy Aliance””The End Of Slayer?””Slayer: We Could Thrash Out Two More Albums If We're Fast Enough...””'The Unholy Alliance: Chapter III' UK Dates Added”originalet”Megadeth And Slayer To Co-Headline 'Canadian Carnage' Trek”originalet”World Painted Blood””Release “World Painted Blood” by Slayer””Metallica Heading To Cinemas””Slayer, Megadeth To Join Forces For 'European Carnage' Tour - Dec. 18, 2010”originalet”Slayer's Hanneman Contracts Acute Infection; Band To Bring In Guest Guitarist””Cannibal Corpse's Pat O'Brien Will Step In As Slayer's Guest Guitarist”originalet”Slayer’s Jeff Hanneman Dead at 49””Dave Lombardo Says He Made Only $67,000 In 2011 While Touring With Slayer””Slayer: We Do Not Agree With Dave Lombardo's Substance Or Timeline Of Events””Slayer Welcomes Drummer Paul Bostaph Back To The Fold””Slayer Hope to Unveil Never-Before-Heard Jeff Hanneman Material on Next Album””Slayer Debut New Song 'Implode' During Surprise Golden Gods Appearance””Release group Repentless by Slayer””Repentless - Slayer - Credits””Slayer””Metal Storm Awards 2015””Slayer - to release comic book "Repentless #1"””Slayer To Release 'Repentless' 6.66" Vinyl Box Set””BREAKING NEWS: Slayer Announce Farewell Tour””Slayer Recruit Lamb of God, Anthrax, Behemoth + Testament for Final Tour””Slayer lägger ner efter 37 år””Slayer Announces Second North American Leg Of 'Final' Tour””Final World Tour””Slayer Announces Final European Tour With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Tour Europe With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Play 'Last French Show Ever' At Next Year's Hellfst””Slayer's Final World Tour Will Extend Into 2019””Death Angel's Rob Cavestany On Slayer's 'Farewell' Tour: 'Some Of Us Could See This Coming'””Testament Has No Plans To Retire Anytime Soon, Says Chuck Billy””Anthrax's Scott Ian On Slayer's 'Farewell' Tour Plans: 'I Was Surprised And I Wasn't Surprised'””Slayer””Slayer's Morbid Schlock””Review/Rock; For Slayer, the Mania Is the Message””Slayer - Biography””Slayer - Reign In Blood”originalet”Dave Lombardo””An exclusive oral history of Slayer”originalet”Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Jeff Hanneman”originalet”Thinking Out Loud: Slayer's Kerry King on hair metal, Satan and being polite””Slayer Lyrics””Slayer - Biography””Most influential artists for extreme metal music””Slayer - Reign in Blood””Slayer guitarist Jeff Hanneman dies aged 49””Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer””Gateway to Hell: A Tribute to Slayer””Covered In Blood””Slayer: The Origins of Thrash in San Francisco, CA.””Why They Rule - #6 Slayer”originalet”Guitar World's 100 Greatest Heavy Metal Guitarists Of All Time”originalet”The fans have spoken: Slayer comes out on top in readers' polls”originalet”Tribute to Jeff Hanneman (1964-2013)””Lamb Of God Frontman: We Sound Like A Slayer Rip-Off””BEHEMOTH Frontman Pays Tribute To SLAYER's JEFF HANNEMAN””Slayer, Hatebreed Doing Double Duty On This Year's Ozzfest””System of a Down””Lacuna Coil’s Andrea Ferro Talks Influences, Skateboarding, Band Origins + More””Slayer - Reign in Blood””Into The Lungs of Hell””Slayer rules - en utställning om fans””Slayer and Their Fans Slashed Through a No-Holds-Barred Night at Gas Monkey””Home””Slayer””Gold & Platinum - The Big 4 Live from Sofia, Bulgaria””Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Kerry King””2008-02-23: Wiltern, Los Angeles, CA, USA””Slayer's Kerry King To Perform With Megadeth Tonight! - Oct. 21, 2010”originalet”Dave Lombardo - Biography”Slayer Case DismissedArkiveradUltimate Classic Rock: Slayer guitarist Jeff Hanneman dead at 49.”Slayer: "We could never do any thing like Some Kind Of Monster..."””Cannibal Corpse'S Pat O'Brien Will Step In As Slayer'S Guest Guitarist | The Official Slayer Site”originalet”Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Kerrang! Awards 2006 Blog: Kerrang! Hall Of Fame””Kerrang! Awards 2013: Kerrang! Legend”originalet”Metallica, Slayer, Iron Maien Among Winners At Metal Hammer Awards””Metal Hammer Golden Gods Awards””Bullet For My Valentine Booed At Metal Hammer Golden Gods Awards””Metal Storm Awards 2006””Metal Storm Awards 2015””Slayer's Concert History””Slayer - Relationships””Slayer - Releases”Slayers officiella webbplatsSlayer på MusicBrainzOfficiell webbplatsSlayerSlayerr1373445760000 0001 1540 47353068615-5086262726cb13906545x(data)6033143kn20030215029