Motorsag






Fig. 1 Motorsag av merket Stihl. Brukaren har verneutstyr.


Motorsag er ei sag som fyrst og fremst vert nytta i skogbruket. Ei motorsag vert nytta både til felling, kvisting og kapping. Motorsager som vert nytta i skogen har ein einsylindra bensinmotor, vanlegvis ein totaktsmotor. Det finst òg motorsager med elektrisk motor, som vert nytta til dømes innandørs, på byggplassar og liknande.




Innhaldsliste






  • 1 Motor


  • 2 Sverdet


  • 3 Kjede


  • 4 Verneutstyr


  • 5 Historie


    • 5.1 Tomannsager


    • 5.2 Einmannssager




  • 6 Kjelder


  • 7 Bibliografi


  • 8 Sjå òg





Motor |


Dei fleste motorsager er utstyrte med ein einsylindra luftavkjølt totakts bensinmotor. Som dei fleste andre små totaktsmotorar vert luft-bensinblandinga trekt inn gjennom veivhuset. Smøreolja må difor blandast i bensina før bruk. Forgassaren er av membrantypen, som fungerer like godt uansett arbeidsposisjon. Startproblem kjem ofte av rusk i bensina eller feil på tenningssystemet. Motoren vert dregen i gang med startsnor. For å redusere vibrasjon har veivakselen motvekter. På moderne motorsager er motoren i tillegg opphengt i vibrasjonsdempande feste av gummi eller spiralfjører.


Elektriske motorsager er som regel utstyrte med asynkronmotor, som har aukande dreiemoment ved aukande last.



Sverdet |




Sverd med trinse på ei Druschba.


Sverdet er laga av stål og har eit spor som kjeda går i. Breidda på sporet er som oftast 1.3, 1.5 eller 1.6 mm. Enden på sverdet er forma som ein halvsirkel, slik at kjeda kan gå rundt. Tidlega motorsager hadde ofte breie sverd, slik at diameteren på halvsirkelen vart stor. Med breie sverd har lett for å setta seg fast om stokken klemmer. Dette vart tidlegare løyst med å utstyra sagene med bogesverd, men desse er stor og klumpete og høver best for kapping av tynt virke. Ved å ustyra sverdet med ei trinse i enden kan sverdet gjerast tynnare, slik at ein unngår klemming. Jo-Bu Senior hadde eit slikt sverd, og dette var ein av grunnane til at ho vart rekna som betre enn mange av konkurentane.



Kjede |




Fig. 2: Motorsagkjede.




Fig. 3: Motorsagkjede montert på sverdet.


Skjeringa vert utført av ei sagkjede, utstyrt med kvasse skovltenner, fig. 2. Kjeda har knastar som går i eit spor i sverdet. Fig. 3 syner kjeda montert på sverdet. Mellom skovltennene sit ryttarane, som bestemmer kor djupt skovltennene skal skjera. Det er viktig at skovltennene er kvasse og ein bør kvessa kjeda fleire gong per økt, noko som ikkje treng ta meir enn eit minutt eller to. Kvessinga vert utført med ei rundfil. Med jamne mellomrom må òg ryttarane filast med, slik at ikkje skovltennene går for grunt.


Kjeda vert drive med ein fart på rundt 20 m/s med fartsretning mot sagkroppen i underkant av sverdet. Kjeda vert dreve av eit kjedehjul, som er forbunde med veivakselen med ei sentrifugalkopling. Tidlegare var det vanleg at sverdet hadde ei roterande trinse i framenden, men moderne sverd har ikkje trinse. Kjeda vert smurt av olje som vert tilført av ei pumpe.



Verneutstyr |




Fig. 4: Hjelm med hørselsvern.





Fig. 5: Naudstoppbøyle.




Fig. 6: Kvisting med motorsag.



Bruk av motorsag har ført med seg mange ulykker, spesielt i den fyrste tida då det ikkje fanst verneutstyr. I dag er det vanleg å nytta støvlar og klede som kjeda ikkje kan trenga igjennom, som vist i fig. 1. Kleda vert laga av eit materiale som legg seg i kjeda og hindrar den i å trengja gjennom. Det vert òg nytta hjelm med visir og hørselsvern, Fig. 4.


Når ein arbeider med motorsag hender det av og til at kjeda får tak i ein kvist og kastar sage mot brukaren, noko som kan føra til stygge skadar. For å hindra slik skade har moderne motorsager ei naudstoppbøyle, Fig. 5. Når saga vert kasta oppover skjer dette svært snøgt og brukaren mistar som oftast grepet om handtaket. Handa støyter da mot naudstoppbøyla, som aktiverer ein kjedebrems som får kjeda til å bråstogga. Naudstoppøyla hindrar òg at brukaren får handa ned i kjeda.



Historie |




Hamilton trefellingsmaskin frå ca. 1860.


Dei fyrste eksperimenta med å laga trefellingsmaskinar byrja alt på 1800-talet, lenge før det fanst forbrenningsmotorar. Trefellingsmaskina til Hamilton, frå tidleg på 1860-talet er eit døme på ein tidleg konstruksjon. Denne saga hadde ikkje motor, men er likevel interessant i eit historisk perspektiv. Mot slutten på 1870-talet vart det eksperimentert med dampmaskindrivne trefellingsmaskiner, men dei fekk ikkje praktisk betydning.


Tyskland var eit føregangsland, men Sverige og USA var òg tidleg ute. Frå 1910 og utover vart det i Sverige eksperimentert med motorsager. I 1916 var det importert ei tysk motorsag til Bergen, men ho viste seg å vera lite brukbar i praktisk arbeid [1]. Desse tidlege sagene var store og tunge og hadde lite til felles med moderne motorsager. Nokre nytta sirkelsagblad og andre eit svansliknande sagblad med att og fram-gåande rørsle. Det var vanleg med mekanisk overføring frå motoren, som stod på bakken, til skjereapparatet.



Tomannsager |




Fig. 7 Soldatar med Dolmar tomannsag i Italia i 1943.


Rundt 1925 kom dei fyrste tomannssagene, som hadde motor og skjereapparat bygd saman til ei eining. Desse var framleis store og tunge og vart berre nytta til felling og kapping. Mot slutten av 30-talet freista dei svenske førtaka Billeruds AB og Munksunds AB seg med tomannssager med fram og attendegåande sagblad, men utan særleg hell [1]. Det tyske føretaket Stihl var langt framme og i Sverige vart det tala om «Tvåmans Stihlen» [2]. Westfelt i Sverige var ein annan pioner. Mange føretak utvikla tomannssager på 30- og 40-talet, men dei fleste var store og tunge (40 – 50 kg), lite driftssikre og for kostbare i høve til nytteverdien.



Einmannssager |




Dei to kanadiske einmannsmotorsagene som staten importerte til Noreg i 1947. I framgrunnen PM Universal og i bakgrunneb IEL Beaver.


Det var fyrst då det mot slutten av 40-talet dukka opp einmannssager at bruken av motorsag vart utbreidd. Dei hadde flottørforgassarar, som måtte vriast om når saga vart lagt på sida. Desse sagene vart framleis berre nytta til felling og kapping. Det norske føretaket Jobu var ein av pionerane, med Jobu Senior, med ein masse på berre 17,5 kg.


Utover 50-talet vart det innført mange forbetringar. Ei av dei viktigaste var innføringa av membranforgassar, som fungerte like godt uavhengig av posisjon. Brukaren slapp då å vri forgassaren når saga vart snudd på sida. På grunn av at membranforgassarar òg vart nytta i flymotorar vart dei òg kalla flyforgassarar. Ei anna viktig forbetring var innføringa av sentrifugalkopling, Rundt 1960 var massen kome ned på om lag 10 kg og ein tok til å nytta motorsag til kvisting. Jobu Tiger var ei av dei fyrste sagene som var brukbare for kvisting, men med ei masse på 10,4 kg var ho framleis i tyngste laget. Utover 60-talet kom det lettare sager og det vart vanleg å nytta motorsag til kvisting.



Kjelder |





  1. 1,01,1 Motorsågar - mekanisering för att underlätta avverkningen (Lenka 17/8-2007)


  2. Konttinen, H. og Drushka, K., Skogsmaskinernas historia, Timberjack Group, 1998.




Bibliografi |



  • Faber, C. og Charton, D., Tronçonneuses et taille-haies, Editions S.A.E.P., 2006.

  • FAO, Chainsaws in tropical forests, Food and Agriculture Organization of the United Nations and the International Labor Organization, 1980.

  • Hall, W., Barnacle Parp's chain saw guide, Roland Press, 1977.

  • Hjelm, J., Skogsarbetarna och motorsågen, Jonny Hjelm, 1991,

  • Jachwitz, E., Et yrke i skogen: Hogst med motorsag, Bøndenes forlag, 1967.

  • Jensen, A., Motorsager i Norge, Arnulf Jensen, 2010.

  • Kestel, B.R., Chainsaw operator's manual, ForestWorks, 2009.

  • Larsen, Ø.R. (red.), Jo-Bu: Skogen og folket, Follo museum, 2013.

  • Lee, D., Chainsaws: A history, Harbour Publ., 2006.

  • Meisingset, H-E- og Gilhuus, J.T., Riktig og sikker hogst, Skogbrukets HMS-utvalg.

  • Ouellette, R.A., Chain saws: Buying, using, maintaining, reparing, TAB Books, 1981.

  • Picard, B., Les tronçonneuses: Tome II "Les japonaises", 2. utg., ETAI, 2000.

  • Samset, I., Fra muskler til maskiner i skogen, Norsk skogmuseum, 2008.

  • Sporrong, B., Från yxa till enmansmotorsåg - mekanisering i nordiska skogar 1850 till 1950, Habo, 2013.

  • Stephens, R., Axes & chainsaws: Use and maintenance, Story Communications, 1977.

  • Vevstad, A., Motorsaga - fra tømmerfellingsmaskin til håndredskap, i (red.) Fossum, T., Årbok for Norsk skogbruksmuseum nr 9, 1978 - 1981, Norsk skogbruksmuseum, 1981.


  • Die Geschichte der Motorsäge, Waldwissen.net (Vitja 17/8-2007)



Sjå òg |



  • Motorsagprodusentar

  • Bogesverd

  • Tomannsmotorsag











Popular posts from this blog

Bruad Bilen | Luke uk diar | NawigatsjuunCommonskategorii: BruadCommonskategorii: RunstükenWikiquote: Bruad

What is the offset in a seaplane's hull?

Slayer Innehåll Historia | Stil, komposition och lyrik | Bandets betydelse och framgångar | Sidoprojekt och samarbeten | Kontroverser | Medlemmar | Utmärkelser och nomineringar | Turnéer och festivaler | Diskografi | Referenser | Externa länkar | Navigeringsmenywww.slayer.net”Metal Massacre vol. 1””Metal Massacre vol. 3””Metal Massacre Volume III””Show No Mercy””Haunting the Chapel””Live Undead””Hell Awaits””Reign in Blood””Reign in Blood””Gold & Platinum – Reign in Blood””Golden Gods Awards Winners”originalet”Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Looks Back On 37-Year Career In New Video Series: Part Two””South of Heaven””Gold & Platinum – South of Heaven””Seasons in the Abyss””Gold & Platinum - Seasons in the Abyss””Divine Intervention””Divine Intervention - Release group by Slayer””Gold & Platinum - Divine Intervention””Live Intrusion””Undisputed Attitude””Abolish Government/Superficial Love””Release “Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer” by Various Artists””Diabolus in Musica””Soundtrack to the Apocalypse””God Hates Us All””Systematic - Relationships””War at the Warfield””Gold & Platinum - War at the Warfield””Soundtrack to the Apocalypse””Gold & Platinum - Still Reigning””Metallica, Slayer, Iron Mauden Among Winners At Metal Hammer Awards””Eternal Pyre””Eternal Pyre - Slayer release group””Eternal Pyre””Metal Storm Awards 2006””Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Bullet-For My Valentine booed at Metal Hammer Golden Gods Awards””Unholy Aliance””The End Of Slayer?””Slayer: We Could Thrash Out Two More Albums If We're Fast Enough...””'The Unholy Alliance: Chapter III' UK Dates Added”originalet”Megadeth And Slayer To Co-Headline 'Canadian Carnage' Trek”originalet”World Painted Blood””Release “World Painted Blood” by Slayer””Metallica Heading To Cinemas””Slayer, Megadeth To Join Forces For 'European Carnage' Tour - Dec. 18, 2010”originalet”Slayer's Hanneman Contracts Acute Infection; Band To Bring In Guest Guitarist””Cannibal Corpse's Pat O'Brien Will Step In As Slayer's Guest Guitarist”originalet”Slayer’s Jeff Hanneman Dead at 49””Dave Lombardo Says He Made Only $67,000 In 2011 While Touring With Slayer””Slayer: We Do Not Agree With Dave Lombardo's Substance Or Timeline Of Events””Slayer Welcomes Drummer Paul Bostaph Back To The Fold””Slayer Hope to Unveil Never-Before-Heard Jeff Hanneman Material on Next Album””Slayer Debut New Song 'Implode' During Surprise Golden Gods Appearance””Release group Repentless by Slayer””Repentless - Slayer - Credits””Slayer””Metal Storm Awards 2015””Slayer - to release comic book "Repentless #1"””Slayer To Release 'Repentless' 6.66" Vinyl Box Set””BREAKING NEWS: Slayer Announce Farewell Tour””Slayer Recruit Lamb of God, Anthrax, Behemoth + Testament for Final Tour””Slayer lägger ner efter 37 år””Slayer Announces Second North American Leg Of 'Final' Tour””Final World Tour””Slayer Announces Final European Tour With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Tour Europe With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Play 'Last French Show Ever' At Next Year's Hellfst””Slayer's Final World Tour Will Extend Into 2019””Death Angel's Rob Cavestany On Slayer's 'Farewell' Tour: 'Some Of Us Could See This Coming'””Testament Has No Plans To Retire Anytime Soon, Says Chuck Billy””Anthrax's Scott Ian On Slayer's 'Farewell' Tour Plans: 'I Was Surprised And I Wasn't Surprised'””Slayer””Slayer's Morbid Schlock””Review/Rock; For Slayer, the Mania Is the Message””Slayer - Biography””Slayer - Reign In Blood”originalet”Dave Lombardo””An exclusive oral history of Slayer”originalet”Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Jeff Hanneman”originalet”Thinking Out Loud: Slayer's Kerry King on hair metal, Satan and being polite””Slayer Lyrics””Slayer - Biography””Most influential artists for extreme metal music””Slayer - Reign in Blood””Slayer guitarist Jeff Hanneman dies aged 49””Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer””Gateway to Hell: A Tribute to Slayer””Covered In Blood””Slayer: The Origins of Thrash in San Francisco, CA.””Why They Rule - #6 Slayer”originalet”Guitar World's 100 Greatest Heavy Metal Guitarists Of All Time”originalet”The fans have spoken: Slayer comes out on top in readers' polls”originalet”Tribute to Jeff Hanneman (1964-2013)””Lamb Of God Frontman: We Sound Like A Slayer Rip-Off””BEHEMOTH Frontman Pays Tribute To SLAYER's JEFF HANNEMAN””Slayer, Hatebreed Doing Double Duty On This Year's Ozzfest””System of a Down””Lacuna Coil’s Andrea Ferro Talks Influences, Skateboarding, Band Origins + More””Slayer - Reign in Blood””Into The Lungs of Hell””Slayer rules - en utställning om fans””Slayer and Their Fans Slashed Through a No-Holds-Barred Night at Gas Monkey””Home””Slayer””Gold & Platinum - The Big 4 Live from Sofia, Bulgaria””Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Kerry King””2008-02-23: Wiltern, Los Angeles, CA, USA””Slayer's Kerry King To Perform With Megadeth Tonight! - Oct. 21, 2010”originalet”Dave Lombardo - Biography”Slayer Case DismissedArkiveradUltimate Classic Rock: Slayer guitarist Jeff Hanneman dead at 49.”Slayer: "We could never do any thing like Some Kind Of Monster..."””Cannibal Corpse'S Pat O'Brien Will Step In As Slayer'S Guest Guitarist | The Official Slayer Site”originalet”Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Kerrang! Awards 2006 Blog: Kerrang! Hall Of Fame””Kerrang! Awards 2013: Kerrang! Legend”originalet”Metallica, Slayer, Iron Maien Among Winners At Metal Hammer Awards””Metal Hammer Golden Gods Awards””Bullet For My Valentine Booed At Metal Hammer Golden Gods Awards””Metal Storm Awards 2006””Metal Storm Awards 2015””Slayer's Concert History””Slayer - Relationships””Slayer - Releases”Slayers officiella webbplatsSlayer på MusicBrainzOfficiell webbplatsSlayerSlayerr1373445760000 0001 1540 47353068615-5086262726cb13906545x(data)6033143kn20030215029