Agatunet




Koordinatar: 60°18′0.3744″N 6°36′10.868″E




Agatunet.
Foto: Frode Inge Helland



Agatunet i Hardanger er eit friluftsmuseum med ca 30 freda hus. Tunet ligg på garden Aga i Ullensvang herad i Hordaland fylke. Det eldste bygget er lagmannsstova frå om lag 1250, eit unikt tymrahus på høge kjellarmurar. Agatunet er særskilt av di det er eit originalt klyngjetun, ikkje tilflytta hus. Agatunet ligg under det høge Tveitaberget som vernar tunet mot snøskred. I sommarhalvåret er det omvising i tunet, open kafé, kunstutstillingar i tillegg til konsertar.
Museet vert drive av Stiftinga Agatunet. Stiftinga samarbeider med Hardanger Folkemuseum. Saman er dei frå 2006 del av Hardanger Museum.


Agatunet vart freda i 1938.




Innhaldsliste






  • 1 Historie


  • 2 Planar om jordskiftesenter


  • 3 Biletgalleri


  • 4 Sjå òg


  • 5 Bakgrunnsstoff





Historie |




Agatunet ved Sørfjorden i Hardanger, i Ullensvang herad.
Teikning: Frode Inge Helland



Aga var i gamal tid eit høvdingsete, og fleire gamle gravhaugar tyder på svært tidleg busetnad. Garden var ein av dei største i Hardanger gjennom mellomalderen, og har hatt tett tilknyting til fleire vestlandske adelsætter.


På slutten av 1200-talet var heile Aga ein stormannsgard. Seinare vart han delt opp mellom etterkommarane. Fram til 1940 budde det ni sjølveigande bønder i tunet. Totalt var det 80 – 90 bygningar i tunet.


Garden har tidlegare vore delt i «Øvstatun» og «Nedstatun». Ulik eigedomsrett til desse to delane kan sporast attende til 1300-talet, der Øvstatunet vart pantsett til riddar Gaute Eiriksson Galtung av Greip Ivarsson av Melsætta, og seinare gjekk inn i Losnagodset. Dokument knytte til Aga er blant dei eldste norske skriftlege dokument i offentleg eige.


Gardsnamnet er tidlegast dokumentert i eit diplom frå kring 1220. Fleire teoriar om tydinga av namnet er fremja, mellom anna «stikke seg fram (agge)». Andre teoriar går på at 'Aga' kjem av ordet 'age', som tyder respekt. Det er truleg at førsteleddet Aga peikar på ei anna landskapseining enn dagens tun.


Det eldste bygget som står att er Lagmannsstova frå om lag 1250, eit unikt tømmerhus på høge kjellarmurar. Det er bygd av tømmer frå Varaldsøy i Kvinnherad) av lagmann, riddar og riksråd Sigurd Brynjolfsson – ein av rådgjevarane til kong Eirik Magnusson. Dette er den eldste mellomalderbygningen i landet der det opphavlege framleis står.


Agatunet er også særskilt fordi det er eit originalt klyngetun, ikkje tilflytta hus. Rett opp for tunet ligg den 1506 m høge, bratte Aganuten, som det har gått fleire farlege skred frå.



Planar om jordskiftesenter |


Dagleg leiar Guttorm Rogdaberg vart i 2005 utnemnd til statsstipendiat, mellom anna for å arbeida vidare med planane om eit Jordskiftesenter ved Agatunet.



Biletgalleri |




Sjå òg |



  • Teigblanding

  • Jordskifte



Bakgrunnsstoff |



  • Stiftinga Agatunet

  • Olavsrosa.no om Agatunet

  • Kulturnett.no om Agatunet


  • http://www.norway.com/directories/d_company.asp?id=21037&lang=47 Norway.com om Agatunet]

  • Bilete frå Agatunet

  • Aga-diplomet frå 1293




  • Vis Agatunet i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren





Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum