Indre Hebridane
Dei Indre Hebridane (skotsk-gælisk Na h-Eileanan a-staigh) er ei øygruppe på den skotske vestkysten, søraust for Ytre Hebridane. Desse to øygruppene utgjer til saman Hebridane.
Øyane vert tradisjonelt delte inn i dei nordlege og dei sørlege Indre Hebridane. Dei nordlege høyrer til regionen Highland, medan dei sørlege høyrer til Argyll and Bute. Av dei nordlege ligg den største av øyane, Skye, og fleire mindre øyar, mellom anna Rona, Raasay, Scalpay, Soay, Rùm, Eigg, Canna, Sanday og Muck. Dei sørlege øyane inkluderer mellom anna Mull, Coll, Tiree, Ulva, Iona, Staffa, Colonsay, Oronsay, Jura og Islay.
Mellom dei Indre og Ytre Hebridane ligg The Minch i nord og Hebridesjøen i sør. Tidlegare var heile Hebridane ein sterk skotsk-gælisk-talande region og i 1921 talte meir enn 50 % av folkesetnaden dette språket. I dag er det berre på Ytre Hebridane at gælisk framleis står sterkt. Under folketeljinga i 2001 var det berre på Skye (31%) og Tiree (48%) at meir enn 25 % snakka gælisk, og på Mull, Jura, Gigha og Coll var det færre enn 15 %.[1]
Den moderne økonomien er basert på turisme, jordbruk, fiske og whiskyproduksjon. Øygruppa er utsett for vind og tidvatn og her finst mange fyr til å hjelpa sjøfarten. [2]
Sjå òg |
- Øyar i Indre Hebridane
- Hebridane
- Ytre Hebridane
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «List of Inner Hebrides» frå Wikipedia på engelsk, og «Indre Hebridene» frå Wikipedia på bokmål den 11. februar 2010.
Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
↑ Mac an Tàilleir, Iain 1901–2001 Gaelic in the Census Linguae Celticae.
↑ «Lighthouse Library», Northern Lighthouse Board.
Bakgrunnsstoff |
Commons har multimedia som gjeld: Indre Hebridane
Busette øyar i Hebridane | ||
---|---|---|
Indre Hebridane | Canna · Coll · Colonsay · Danna · Eigg · Eilean Bàn · Eilean Donan · Eilean Shona · Erraid · Gigha · Gometra · Iona · Islay · Isle of Ewe · Jura · Kerrera · Lismore · Lunga · Muck · Mull · Oronsay · Raasay · Rona · Rùm · Sanday · Scalpay · Skye · Slate Islands · Soay · Summer Isles · Tiree · Ulva | |
Ytre Hebridane | Baleshare · Barra · Benbecula · Berneray · Eriskay · Flodaigh · Fraoch-Eilean · Great Bernera · Grimsay (nord) · Grimsay (sør) · Lewis og Harris · North Uist · Scalpay · South Uist · Vatersay |
Øyar i Skottland | ||
---|---|---|
Northern Isles | Shetland · Øyar i Shetlandsøyane · Orknøyane · Øyar i Orknøyane | |
Hebridane | Ytre Hebridane · Øyar i Ytre Hebridane · Indre Hebridane · Øyar i Indre Hebridane · St Kilda | |
Andre | Øyar i Firth of Clyde · Øyar i Firth of Forth |
|