Highland
The Highland Council Sgire Comhairle na Gàidhealtachd | |
---|---|
Geografi | |
Areal | 30 659 km² |
Administrasjonsstad | Inverness |
Demografi | |
Folketal - Totalt (2008) - Folketettleik | 219 400 7,2 /km² |
Highland (Sgìre Comhairle na Gàidhealtachd på skotsk-gælisk) er ein region i Skottland i Dei skotske høglanda og det største adminsitrative området i både Skottland og heile Storbritannia. Det grensar til regionane Moray, Aberdeenshire, Perth and Kinross og Argyll and Bute. Desse grenseregionane, i tillegg til Angus og Stirling, har òg område i Dei skotske høglanda. Highland omfattar det meste av fastlandet og delane av Dei indre Hebridane som tidlegare låg i grevskapa Inverness-shire og Ross and Cromarty, heile Sutherland, Caithness og Nairnshire og mindre delar av Argyll og Moray.
Området vart skipa som ein todelt region i 1975 inndelt i distrikt. I 1996 vart distrikta avskaffa og funksjonane deira vart flytta til regionsrådet.[1]
Administrasjonsbyen er Inverness.
Kjelder |
↑ «Highland». BBC. Henta 24. februar 2017.
- Denne artikkelen bygger på «Highland (council area)» frå Wikipedia på engelsk, den 14. desember 2009.
Bakgrunnsstoff |
- Offisiell nettstad
Commons har multimedia som gjeld: Highland
- Scottish Highlands og Islands Film Commission
Regionar i Skottland | ||
---|---|---|
Aberdeen | Aberdeenshire | Angus | Argyll and Bute | Clackmannanshire | Dumfries and Galloway | Dundee | East Ayrshire | East Dunbartonshire | East Lothian | East Renfrewshire | Edinburgh | Falkirk | Fife | Glasgow | Highland | Inverclyde | Midlothian | Moray | North Ayrshire | North Lanarkshire | Orkney |Perth and Kinross | Renfrewshire | Scottish Borders | Shetland | South Ayrshire | South Lanarkshire | Stirling | West Dunbartonshire | West Lothian | Ytre Hebridane (na h-Eileanan Siar) |
Koordinatar:
|