Sandstein





























Sandstein
Piskowiec.JPG

Kjenneteikn
Gruppe sedimentær
Hovudmineral
kvarts, feltspat, kalk
Identifikasjon
Bruksområde
Byggjemateriale, heller, kvernstein, slipestein, bryn
Tettleik 2,4-2,6
Anna Viktig reservoarbergart for petroleumsutvinning

Sandstein er ein sedimentær bergart hovudsakleg danna av sandkorn som er bundne saman med eit mineralsk bindemiddel. Han finst i ulike fargar, vanlegvis i eit spekter frå gråkvit til raudbrun.


Som med vanleg sand er hovudbestanddelen i bergarten kvarts og feltspat, sidan dette er dei vanlegaste minerala i jordskorpa. Bindemiddelet er som regel utfelt kvarts, kalk, leire eller jernsambindingar. Visse sandsteinar har holrom mellom korna som ikkje er heilt fylt av mineralavsettingar. Desse kan innehalda vatn eller petroleum.




Ulike sandsteinar.




Innhaldsliste






  • 1 Typar


  • 2 Eigenskapar


  • 3 Bruk


  • 4 Sjå òg


  • 5 Kjelder





Typar |


Sandstein med mykje feltspat kallar ein arkose om han er grovkorna og raudleg og gråvakke om han er finkorna og grågrøn.


Sandstein finst fleire stader i Noreg, mellom anna i Oslofeltet (til dømes brumundsandstein), Trysil (trysilsandstein), på Ringerike (ringerikssandstein), i ytre Sogn og Fjordane og Sør-Trøndelag (frå devon) og Oppland/Hedmarksområdet og Finnmark («sparagmitt», ei eldre nemning på arkoser og gråvakker)


Omdanna (metamorfe) sandsteinar blir kalla kvartsittar.




Sandsteinformasjonar i Monument Valley i Utah.




Forvitra sandstein på Pebble Beach i San Mateo County i California.



Eigenskapar |


Nokre typar sandstein er svært hardføre, men andre kan lett bli nedslitne av vind og vatn. Sandsteinar med kalk som bindemiddel forvitrar lett når dei blir utsette for sur nedbør. Forvitra sandstein har skapt naturlege bogar, hòler og andre steinformasjonar ei rekkje stader i verda.




Bygging med utskoren sandstein ved Qutub minar i Delhi.





Døypefont i sandstein i Hamra kyrka på Gotland.



Bruk |


Sandstein er lett å skjera ut og er mykje brukt som bygningsstein og inventar.


Porøs sandstein som inneheld petroleum er viktige reservoarbergartar ved olje- og gassutvinning, mellom anna ved Statfjord og Trollfeltet i Nordsjøen.



Sjå òg |


  • Siltstein


Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Sandstein» frå Wikipedia på bokmål, den 19. oktober 2011.



  • «sandstein» i Store norske leksikon. Henta 2011-10-19.




Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum