Bondeheimen




Koordinatar: 59°54′52.718″N 10°44′23.748″E




Hotell Bondeheimen (Bøndernes Hus) i Rosenkrantz' gate 8, Oslo.


Hotell Bondeheimen er eit hotell i Oslo som er eigd av Bondeungdomslaget i Oslo gjennom Bøndenes Hus AS. Bygningen vart reist under namnet Bøndernes Hus i 1913 med Carl Berner og Jørgen Berner som arkitektar, og har adressa Rosenkrantz' gate 8, men med hovudfasaden mot Kristian IVs gate. Heimen Husflid har sitt butikklokale i bygningen.


I første etasje ligg hotellet sin restaurant, Kaffistova, som er populær fordi det vert servert god og tradisjonell norsk mat. Tidlegare hadde Bondeungdomslaget fleire kaffistover, Torgstova i Karl Johans gate ved Stortorget, Parkstova i Kristian Augusts gate og fleire. Drifta av hotellet og kaffistovene har sidan Bøndenes Hus stod ferdig i 1913 vore viktig for økonomien til Bondeungdomslaget i Oslo. No har hotellet om lag 135 rom og blant det høgaste belegget i Oslo. Hotellet er med i salskjeda Best Western.


Også i andre byer har det vore hotell med namnet "Bondeheimen", mellom dei Tromsø, Arendal, Grimstad, Lyngdal, Flekkefjord, Kristiansand, Mandal og Notodden.



Bakgrunnsstoff |






  • Vis Bondeheimen i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren




Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum