Hulda Garborg





























Hulda Garborg

Portrett av Hulda Garborg (1862-1934) (5180708385).jpg

Fødd
22. februar 1862
Stange
Død

5. november 1934
Asker


Yrke
dansar, skribent
Ektefelle
Arne Garborg
Born
Arne Olaus Fjørtoft Garborg

Hulda Garborg på Commons

Karen Hulda Garborg f. Bergersen (22. februar 1862–5. november 1934) var ein norsk forfattar og kulturarbeidar, gift med Arne Garborg.




Innhaldsliste






  • 1 Liv


  • 2 Virke


  • 3 Arven etter Hulda


  • 4 Verkliste


    • 4.1 Skjønnlitteratur


    • 4.2 Sakprosa




  • 5 Prisar og utmerkingar


  • 6 Litteratur


  • 7 Bakgrunnsstoff





Liv |


Hulda Bergersen var frå Stange på Hedmarka. Faren dreiv storgarden Såstad, men hadde store alkoholproblem, og mora flytta etterkvart ut med Hulda og dei to søstrene hennar. Dei busette seg på Hamar.




Portrett av Arne og Hulda Garborg, ca.1890
Foto: August Haraldsson/Nasjonalbiblioteket





Portrett av Hulda Garborg i bunad, som var eit av emna ho arbeidde med.
Foto: Borgens Atelier/Nasjonalbiblioteket



Som ung jente flytta Hulda til Kristiania, der ho blei oppteken av arbeidarrørsla og norsk nasjonsreising, mellom anna målsaka. Ho var òg interessert i skodespel, og ville bli skodespelar. Men familien mangla pengar, og ho fekk seg butikkjobb i staden. Staden ho arbeidde var eigd av brørne Dobloug, som var radikale for den tida - nasjonalistiske venstretilhengjarar. Butikken deira var dei første som selde reine norske flagg, utan unionsmerke.


Hulda gifta seg borgarleg med Arne Garborg i 1887, og brende samstundes det ho hadde skrive av dikt og småstykke. Seinare tok ho likevel pennen fram att, og gav ut si første bok i 1892, romanen Et frit Forhold. Etter dette skreiv ho mange bøker, sakprosa, romanar og skodespel, og ho veksla mellom å skrive på bokmål og nynorsk. Eit av skodespela hennar, Rasjonelt fjøsstell, er blitt så ofte sett opp av bygdeungdomslag over heile landet at det er eit av dei mest spelte stykka i norsk teaterhistorie.


Etter at dei hadde gifta seg hadde Hulda og Arne busett seg i Kolbotn i Østerdalen. I 1897 flytta dei til Labråten, som blei hovudheimen deira i fleire tiår. Hulda budde her resten av livet, også då Arne drog tilbake til Jæren. Labråten vart ein sentral møtestad for den såkalla «Askerkretsen», eit intellektuelt og kulturpolitisk miljø.


Arne og Hulda Garborg fekk ein son, Arne Olaus Fjørtoft Garborg. Han var oppkalla etter faren og sosialisten Olaus Fjørtoft, men vart oftast tiltalt som «Tuften».



Virke |


Hulda Garborg skreiv fleire romanar, dikt, skodespel, artiklar og faktabøker. Ho var særleg opptatt av kvinna si stilling i samfunnet og av den tradisjonelle norske kulturen.


Ho var mellom anna engasjert i å verna den norske folkedansen, og dreiv kurs i dette samstundes som ho utvikla drakter ein kunne dansa i, inspirert av gamle folkedrakter. Dette blei opphavet til mange moderne bunader, og Garborg har fått mykje av æra for den fortsette bruken av dei norske folkedraktene. Tradisjonelt norsk matstell var eit anna emne ho interesserte seg for.


I 1910 starta ho Det norske spellaget, som seinare blei til Det Norske Teatret, med Hulda som styreformann. Ei byste av henne står nå på teateret.


Hulda Garborg var òg kommunepolitikar for Det frisinnede Venstre og blei den første kvinna som sat i formannskapet i Asker kommune.



Arven etter Hulda |


Fleire hus står igjen etter diktarparet, der særleg husa i Kolbotn og Labråten kan knytast til begge. I september 2012 opna kulturministeren Nasjonalt Garborgsenter på Bryne, ein formidlingsarena for å fremja interessa for deira tankar og visjonar. Målet skal vera å inspirera til samfunnsengasjement, å lesa og skapa, samt vera ein sosial møteplass.


Både Johs. A. Dahle, Tor Obrestad og Arnhild Skre har skrive biografiar om Hulda Garborg. Sistnemnde fekk Brageprisen for boka i 2011.


Lesesenteret ved Universitetet i Stavanger held til i Hulda Garborgs hus, og ho har fått veg oppkalla etter seg både i Asker og på Bryne. Norsk amatørteaterfestival deler ut Huldaprisen.



Verkliste |



Skjønnlitteratur |




  • Et frit Forhold, roman, 1892


  • Mødre, skodespel, 1895


  • Rasjonelt fjøsstell, skodespel, 1896


  • Kvinden skabt af manden, 1904


  • Mann av guds naade, 1908


  • Fru Evas dagbog, 1915


  • Grågubben, 1925


  • Hildring, 1931



Sakprosa |




  • Fra Kolbotnen og andetsteds, 1903


  • Norsk klædebunad, 1903, utvida utgåve 1917



Prisar og utmerkingar |


  • 1932: Riddarkrossen av 1. klasse av St. Olavs-ordenen


Litteratur |


  • Fidjestøl, Alfred. 2014. Frå Asker til Eden : historia om askerkretsen 1897-1924. Oslo: Samlaget. ISBN 978-82-521-8459-4


Bakgrunnsstoff |



  • Livsskildring av Anton Aure frå 1916

  • Samandrag av nokre av Hulda Garborg sine bøker


  • Eit nasjonalt idol, biografi i Dag og Tid


  • Hulda Garborg som nasjonal og internasjonal i Dag og Tid




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Hulda Garborg




  • Digitaliserte bøker i Nasjonalbiblioteket.

  • Digitalt Tilgjengeleg arkivmateriale etter Hulda Garborg i Nasjonalbiblioteket





Popular posts from this blog

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Slayer Innehåll Historia | Stil, komposition och lyrik | Bandets betydelse och framgångar | Sidoprojekt och samarbeten | Kontroverser | Medlemmar | Utmärkelser och nomineringar | Turnéer och festivaler | Diskografi | Referenser | Externa länkar | Navigeringsmenywww.slayer.net”Metal Massacre vol. 1””Metal Massacre vol. 3””Metal Massacre Volume III””Show No Mercy””Haunting the Chapel””Live Undead””Hell Awaits””Reign in Blood””Reign in Blood””Gold & Platinum – Reign in Blood””Golden Gods Awards Winners”originalet”Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Looks Back On 37-Year Career In New Video Series: Part Two””South of Heaven””Gold & Platinum – South of Heaven””Seasons in the Abyss””Gold & Platinum - Seasons in the Abyss””Divine Intervention””Divine Intervention - Release group by Slayer””Gold & Platinum - Divine Intervention””Live Intrusion””Undisputed Attitude””Abolish Government/Superficial Love””Release “Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer” by Various Artists””Diabolus in Musica””Soundtrack to the Apocalypse””God Hates Us All””Systematic - Relationships””War at the Warfield””Gold & Platinum - War at the Warfield””Soundtrack to the Apocalypse””Gold & Platinum - Still Reigning””Metallica, Slayer, Iron Mauden Among Winners At Metal Hammer Awards””Eternal Pyre””Eternal Pyre - Slayer release group””Eternal Pyre””Metal Storm Awards 2006””Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Bullet-For My Valentine booed at Metal Hammer Golden Gods Awards””Unholy Aliance””The End Of Slayer?””Slayer: We Could Thrash Out Two More Albums If We're Fast Enough...””'The Unholy Alliance: Chapter III' UK Dates Added”originalet”Megadeth And Slayer To Co-Headline 'Canadian Carnage' Trek”originalet”World Painted Blood””Release “World Painted Blood” by Slayer””Metallica Heading To Cinemas””Slayer, Megadeth To Join Forces For 'European Carnage' Tour - Dec. 18, 2010”originalet”Slayer's Hanneman Contracts Acute Infection; Band To Bring In Guest Guitarist””Cannibal Corpse's Pat O'Brien Will Step In As Slayer's Guest Guitarist”originalet”Slayer’s Jeff Hanneman Dead at 49””Dave Lombardo Says He Made Only $67,000 In 2011 While Touring With Slayer””Slayer: We Do Not Agree With Dave Lombardo's Substance Or Timeline Of Events””Slayer Welcomes Drummer Paul Bostaph Back To The Fold””Slayer Hope to Unveil Never-Before-Heard Jeff Hanneman Material on Next Album””Slayer Debut New Song 'Implode' During Surprise Golden Gods Appearance””Release group Repentless by Slayer””Repentless - Slayer - Credits””Slayer””Metal Storm Awards 2015””Slayer - to release comic book "Repentless #1"””Slayer To Release 'Repentless' 6.66" Vinyl Box Set””BREAKING NEWS: Slayer Announce Farewell Tour””Slayer Recruit Lamb of God, Anthrax, Behemoth + Testament for Final Tour””Slayer lägger ner efter 37 år””Slayer Announces Second North American Leg Of 'Final' Tour””Final World Tour””Slayer Announces Final European Tour With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Tour Europe With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Play 'Last French Show Ever' At Next Year's Hellfst””Slayer's Final World Tour Will Extend Into 2019””Death Angel's Rob Cavestany On Slayer's 'Farewell' Tour: 'Some Of Us Could See This Coming'””Testament Has No Plans To Retire Anytime Soon, Says Chuck Billy””Anthrax's Scott Ian On Slayer's 'Farewell' Tour Plans: 'I Was Surprised And I Wasn't Surprised'””Slayer””Slayer's Morbid Schlock””Review/Rock; For Slayer, the Mania Is the Message””Slayer - Biography””Slayer - Reign In Blood”originalet”Dave Lombardo””An exclusive oral history of Slayer”originalet”Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Jeff Hanneman”originalet”Thinking Out Loud: Slayer's Kerry King on hair metal, Satan and being polite””Slayer Lyrics””Slayer - Biography””Most influential artists for extreme metal music””Slayer - Reign in Blood””Slayer guitarist Jeff Hanneman dies aged 49””Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer””Gateway to Hell: A Tribute to Slayer””Covered In Blood””Slayer: The Origins of Thrash in San Francisco, CA.””Why They Rule - #6 Slayer”originalet”Guitar World's 100 Greatest Heavy Metal Guitarists Of All Time”originalet”The fans have spoken: Slayer comes out on top in readers' polls”originalet”Tribute to Jeff Hanneman (1964-2013)””Lamb Of God Frontman: We Sound Like A Slayer Rip-Off””BEHEMOTH Frontman Pays Tribute To SLAYER's JEFF HANNEMAN””Slayer, Hatebreed Doing Double Duty On This Year's Ozzfest””System of a Down””Lacuna Coil’s Andrea Ferro Talks Influences, Skateboarding, Band Origins + More””Slayer - Reign in Blood””Into The Lungs of Hell””Slayer rules - en utställning om fans””Slayer and Their Fans Slashed Through a No-Holds-Barred Night at Gas Monkey””Home””Slayer””Gold & Platinum - The Big 4 Live from Sofia, Bulgaria””Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Kerry King””2008-02-23: Wiltern, Los Angeles, CA, USA””Slayer's Kerry King To Perform With Megadeth Tonight! - Oct. 21, 2010”originalet”Dave Lombardo - Biography”Slayer Case DismissedArkiveradUltimate Classic Rock: Slayer guitarist Jeff Hanneman dead at 49.”Slayer: "We could never do any thing like Some Kind Of Monster..."””Cannibal Corpse'S Pat O'Brien Will Step In As Slayer'S Guest Guitarist | The Official Slayer Site”originalet”Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Kerrang! Awards 2006 Blog: Kerrang! Hall Of Fame””Kerrang! Awards 2013: Kerrang! Legend”originalet”Metallica, Slayer, Iron Maien Among Winners At Metal Hammer Awards””Metal Hammer Golden Gods Awards””Bullet For My Valentine Booed At Metal Hammer Golden Gods Awards””Metal Storm Awards 2006””Metal Storm Awards 2015””Slayer's Concert History””Slayer - Relationships””Slayer - Releases”Slayers officiella webbplatsSlayer på MusicBrainzOfficiell webbplatsSlayerSlayerr1373445760000 0001 1540 47353068615-5086262726cb13906545x(data)6033143kn20030215029