David Monrad Johansen



































David Monrad Johansen
Portrett av David Monrad Johansen (1888-1974).jpg

Fødd
8. november 1888
Fødestad Mosjøen
Død
20. februar 1974
Opphav Noreg
Instrument piano
Verka som
komponist, pianist
Born Johan Kvandal

David Monrad Johansen (8. november 1888–20. februar 1974) var ein norsk komponist.



Biografi |


Johansen vart fødd i Mosjøen i Nordland. Etter å ha mist faren og to sysken i sjukdom flytte han i 1904 med mora og dei andre syskena til Oslo. Der tok han i 1905 til å studere musikk ved Oslo musikkonservatorium hjå Karl Nissen, Catharinus Elling og Iver Holter. I 1912 gav han ut sin første komposisjon, Kvern-slaatt. I åra 1915-16 studerte han i Berlin, der han blant andre studerte under Engelbert Humperdinck. I åra 1925-45 arbeidde han som musikkmeldar i Aftenposten. Samstundes var han formann i Tono. Monrad Johansen skreiv òg ein omfattande biografi om Edvard Grieg, utgjeven i 1932. Som medlem av Nasjonal Samling vart han dømd i landssvikoppgjeret i 1946.


Dei første komposisjonane høyrer klårt heime i den norske seinromantiske tradisjonen. Etter studietida i Berlin reiste han attende til Noreg, der han blant anna nytta tida til å studere dei franske impresjonistane. Våren 1920 reiste han fyrste gongen til Paris, der ballettruppen åt russaren Sergej Djagilev framførde verk av Igor Stravinskij i operaen. I føreordet til ei seinare utgåve av Syv sange frå 1921 skriv han: "Så overveldende var inntrykkene av denne kunst at da jeg vel var hjemme og skulle ta fatt på arbeidet igjen var det liksom det ikke ville lykkes". Løysinga var, som Stravinskij sjølv hadde gjort, å vende blikket attende. Han fekk augo opp for Magnus Brostrup Landstads Norske folkeviser frå 1853, og frå denne samlinga henta han tekstane til bl.a. Syv sange. I løpet av 1920-åra komponerte han fleire verk med tekster frå norrøn litteratur og norsk mellomalderlitteratur, blant dei mannskorverket Draumkvædet og Voluspaa for soli, kor og orkester.


Seinare fekk han interesse for sveitsaren Arthur Honeggers musikk og vart av landsmannen Fartein Valen rådd til å studere atonalt kontrapunkt. Han tok Valens råd, og kompletterte dette med vidare studium i klassisk kontrapunkt hjå Herman Grabner i Leipzig. Etter dette pensa han inn på ei meir neoklassisk retning, som han i sin eigenarta stil kombinerte med element frå impresjonisme og nyare polyfoni, samstundes som han heldt fast på nasjonale trekk. Eit døme på dette er orkesterverket Pan som han skreiv i høve Knut Hamsuns 80-årsdag i 1939.


David Monrad Johansen var far til komponisten Johan Kvandal.



Komposisjonar |




  • Kvernslaat for piano (1912)


  • Mor syng og andre dikt av Idar Handagard op. 1


  • Tre sange til tekstar av Knut Hamsun op. 2


  • Sonate for violin og piano i A-dur op. 3


  • Suite for orkester op. 4


  • Nordlandsbilleder. Suite nr. 1 for piano op. 5


  • Syv sange op. 6 (1921)


  • Draumkvædet for mannskor op. 7 (1921)


  • To portrætter fra middelalderen for piano op. 8


  • Fra Gudbrandsdalen Suite nr. 2 for piano op. 9


  • Tre mandskor op. 10


  • Jo Gjende. Drama av Tore Ørjasæter op. 11


  • Prillar-Guri Suite nr. 3 for piano op. 12


  • Nordlands Trompet. Dikting av Petter Dass for sang og piano op. 13


  • Ti norske barnerim op. 14


  • Voluspaa op. 15 (1926)


  • Sigvat Skald op. 16


  • Symfoniske variasjoner og fuge op. 23


  • Suite for cello og klaver op. 24


  • Kvartett for piano, fiolin, bratsj og cello op. 26


  • Nordlandske danser for piano op. 30. Variasjonar over Drevjapols.


  • Epigrammer over norske motiver op. 31


  • Lamento for strykere op. 34


  • Kvintett for fløyte, 2 fiolinar, bratsj og cello op. 35


  • Gamle Norig for mannskor.


  • Ignis Ardens, kantate

  • Symfonisk fantasi


  • Pan (1939, i høve Knut Hamsuns 80-årsdag)



Litteratur |




  • Kristian Halse 1988: David Monrad Johansen 100 år

  • Kristian Halse: «David Monrad Johansen - Vefsningen som gav det nasjonale ny tonedrakt» i Årbok for Helgeland 2007 ISBN 978-82-90148-67-1





Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum