Odyssevs
Odyssevs er ein helteskikkelse i gresk mytologi, kjent som Ulysses i romersk mytologi. Han er helten i Odysseen, og er ein viktig person i Iliaden. Oddyssevs var son av Laertes (eller, i seinare overleveringar, Sisyfos) og Antiklea.
Odyssevs var konge på øya Ithaka, og den modigaste av grekarane (eller akaiarane) som slost i trojanarkrigen. Han stod bak påfunnet om den trojanske hesten. Han var gift med Penelope og far til Telemakos, yndlingen til Athene.
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Odyssevs» frå Wikipedia på bokmål, den 8. februar 2008.
Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
|