Kristofer Uppdal
Kristofer Uppdal | |
Fødd | 19. februar 1878 Steinkjer |
Død | 26. desember 1961 |
Yrke | forfattar, lyrikar |
Kristofer Uppdal på Commons |
Kristofer Oliver Uppdal (19. februar 1878–26. desember 1961) var ein norsk forfattar. Han skreiv på landsmål, med innslag frå nordtrøndsk dialekt.
Uppdal har etterkvart fått ein sentral plass i skandinavisk lyrikkkanon. Lyrikken til Uppdal er eldfull og krevjande. Frå 1939 fekk han kunstnarløn.
Hovudverket hans, Dansen gjenom skuggeheimen, skildrar rallarlivet og framvoksteren av den norske arbeidarrørsla.
Innhaldsliste
1 Bakgrunn
2 Virke
3 Viktige verk
3.1 Romanar
3.2 Diktsamlingar
3.3 Essay, aforismar og såvore
4 Kjelder
5 Bakgrunnsstoff
Bakgrunn |
Uppdal blei fødd på garden Oppdal i Beitstad utanfor Steinkjer, som blei seld då han var fire år.[1]
Han var den eldste sonen til Sivert Jakobsen Opdahl (1845–etter 1938), ein gardbrukar, vognmann og hestehandlar, og Anna Petrine Paulsdotter Landsem (1856–85).[2]
Seinare fekk han tre sysken og ti halvsysken i faren sitt andre ekteskap. Som tiåring måtte Uppdal ut i arbeid. Han verka som gjetar for ein slektning i Ogndalen.[1] Seinare var han «onnekar, køyrekar, tømmerhoggar og teglverksarbeidar, gruvearbeidar og vegarbeidar», og frå 1899 til 1910 arbeidde han som anleggsarbeidar.[2]
Han var med i Norsk Arbeidsmandsforbund og deltok som sekretær på LO-kongressen i 1910.[2]
Uppdal var elev ved Namdal folkehøgskule i to vintrar frå 1897, og seinare ved Askov Højskole i Danmark.[2]
Uppdal gifta seg med sjukepleiaren og forfattaren Bergljot Isabella Magnusen i 1913.[2]
Etter at Uppdal fekk stipend kunne paret reisa utanlands, og var i Tyskland frå 1913 til 1914.[2]
Seinare busette paret seg i Asker. Dei fekk tre born frå 1917 til 1923.
Den yngste sonen døydde i 1923.[1] Etter dette fekk både Uppdal og kona samanbrot. Dei kom på institusjonar, barna på barneheim, og ekteskapet blei oppløyst.[3]
I tre år, frå 1926 til 1929, var Uppdal innlagt på Gaustad sjukehus. Etter dette flytta han mykje rundt, og gav ikkje ut bøker på fleire år.
I 1947 slo han seg ned på Klettvollen i Oppdal, eit gardspensjonat der han blei buande dei siste femten åra av livet sitt.[4]
Virke |
Kristoffer Uppdal gav ut sine første tekstar i medlemsbladet til ungdomslaget, Ogna. Frå 1898 skreiv han i lokalavisa Mjølner.[1]
I 1905 debuterte han skjønnlitterært med diktsamlingane Kvæde og Ung sorg.[1]
Dette året byrja han også å skriva namnet sitt «Uppdal».[2]
I 1910 gav Uppdal ut Ved Akerselva og andre forteljingar og blei forfattar på fulltid.[2] Han budde i Kristiania med økonomisk støtte frå ein kollega.[2]
Resultatet blei den første romanen hans, Dansen gjenom skuggeheimen (1911), som blei første bandet av ti i ein serie som også blei heitande Dansen gjenom skuggeheimen.[2]
Etter å ha oppdaga ekspresjonismen under tysklandsopphaldet sitt, fekk Uppdal ny form og ny driv i diktinga. Han omarbeidde tidlegare lyrikk og skreiv nye dikt, samtidig som han fullførte romanserien sin. Frå 1915 til 1925 arbeidde han svært hardt. I fleire år etter samanbrotet skreiv han derimot lite.[5] Mykje av det han skreiv frå 1920-talet blei ikkje gjeve ut i hans levetid.[6]
I 1947 kom det 1200 lange diktet Kulten ut. Det var ei religionsfilosofisk og sjølvbiografisk verk som han hadde skrive over lang tid. Delar av det var komnne ut i 1930 og 1939.[1]
Han skreiv også Ævelengdn, «ein slags filosofisk meditasjon over menneskelivet», men verket er kalla «vanskeleg» og er ikkje blitt gjeve ut.[5]
Uppdal var likevel aktiv som som skribent fram til han døydde. Dei siste åra var han hovudsakleg debattant og bokmeldar.[1]
Viktige verk |
Romanar |
- 1911-1924 - Dansen gjenom skuggeheimen (10 band)
Stigeren, 1919
Trolldom i lufta, 1912
Vandringa, 1923
Kongen, 1920
Dansen gjenom skuggeheimen, 1911- Domkyrkjebyggjaren
I skiftet, 1922
Røysingfolke, 1914
Fjellskjeringa , 1924
Herdsla, 1924
Diktsamlingar |
- 1905 - Kvæde
- 1905 - Ung sorg
- 1908 - Sol-laug
- 1909 - Vill-fuglar
- 1918 - Solbløding
- 1919 - Elskhug
- 1920 - Altarelden
- 1947 - Kulten
Essay, aforismar og såvore |
- 1917 - Uversskyer
- 1918 - Andedrag
- 1925 - Jotunbrunnen
Kjelder |
↑ 1,01,11,21,31,41,51,6 Vassenden, Eirik (30. desember 2016), «Kristofer Uppdal», Store norske leksikon, henta 1. april 2017
↑ 2,02,12,22,32,42,52,62,72,82,9 Andersen, Anders M. (13. februar 2009), «Kristofer Uppdal», Norsk biografisk leksikon, henta 1. april 2017
↑ Jo Kristian Kvernland (28.02.2008), «Kristofer Uppdal», NRK Trøndelag (NRK.no
url=https://www.nrk.no/trondelag/kristofer-uppdal-1.4875703) line feed character in|publisher=
at position 7 (hjelp) CS1 maint: Missing pipe (link)
↑ «Uppdal, Kristofer», Steinkjerleksikonet, henta 11. april 2017
↑ 5,05,1 Ottar Fyllingsnes (6. mars 1997), «Diktaren: Fleire Uppdal-bøker i vente», Dag og Tid (10)
↑ Kaja Korsvold (27. november 2005), «Dramatisk dikterliv», Aftenposten.no
Bakgrunnsstoff |
- Litteratur om Kristofer Uppdal
- Eggen, A. (1980). «Kristofer Uppdal som nyskapar i nordisk lyrikk», Profil, nr 3, s. 65-69.
- Vassenden, E. (1996). Om dikt og lesning : Kristofer Uppdals "Isberget", [E. Vassenden], Bergen.
- Ystad, V. (1974). Kosmiske perspektiver i Uppdals lyrikk, Universitetet i Oslo, Oslo.
- Ystad, V. (1970). «Den kosmiske visjon i Kristofer Uppdals lyrikk», Edda, B.70, s. 223-247